< لۆقا 8 >

دوای ئەمە عیسا بە هەموو شار و گوندێکدا دەگەڕا و مزگێنی پاشایەتی خودای ڕادەگەیاند، دوازدە قوتابییەکەشی لەگەڵ بوو. 1
I den tidi som no fylgde på, for han kring i landet, frå by til by og frå grend til grend, og tala for folket og bar ut fagnadbodet um Gudsriket. Dei tolv var med honom,
چەند ئافرەتێکیش کە لە ڕۆحی پیس و نەخۆشی چاکببوونەوە: مریەم کە بە مەجدەلی ناودەبردرا و حەوت ڕۆحی پیسی لێ دەرکردبوو، 2
og like eins nokre kvinnor som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar; det var Maria, Magdalena dei kalla, som sju djevlar hadde fare utor,
یوەنای ژنی خوزای بریکاری هێرۆدس، سەوسەن و زۆری دیکەش، بە ماڵی خۆیان یارمەتییان دەدان. 3
og Johanna, kona åt Kuzas, ein av futarne åt Herodes, og Susanna, og mange andre, som var deim til hjelp med det dei hadde.
کاتێک خەڵکێکی ئێجگار زۆر لە هەموو شارەکانەوە هاتن بۆ لای عیسا و کۆبوونەوە، بە نموونە قسەی بۆ کردن: 4
Som det no samla seg mykje folk, og dei kom til honom frå byarne rundt ikring, sagde han i ei likning:
«جوتیارێک چووە دەرەوە تۆو بکات. کە تۆوی دەوەشاند، هەندێکی کەوتنە سەر ڕێگا و پێشێل بوون، باڵندەی ئاسمان خواردیانن. 5
«Ein såmann gjekk ut og skulde så sædet sitt. Og då han sådde, fall noko frammed vegen og vart nedtrakka, og fuglarne i lufti åt det upp.
هەندێکیش کەوتنە سەر زەوییەکی بەردەڵان، سەریان دەرکرد و وشک بوون، چونکە خاکەکە شێی نەبوو. 6
Sumt fall på berg, og då det voks upp, skein det burt, av di det ikkje hadde væta.
هەندێکیش کەوتنە نێو دڕکان، دڕکەکان لەگەڵیان گەشەیان کرد و خنکاندیانن. 7
Sumt fall millom klunger, og klungeren voks med og kjøvde det.
هەندێکیش کەوتنە سەر زەوییەکی باش، ڕوان و سەد ئەوەندە بەرهەمیان دا.» ئەمانەی فەرموو و هاواری کرد: «ئەوەی گوێی هەیە بۆ بیستن، با ببیستێت!» 8
Sumt fall i god jord, og då det voks upp, gav det grøda i hundrad foll.» Som han sagde det, ropa han: «Høyr etter, kvar som høyra kann!»
قوتابییەکانی لێیان پرسی کە مەبەست لەم نموونەیە چی بوو؟ 9
Læresveinarne spurde honom kva den likningi skulde tyda.
ئەویش فەرمووی: «بە ئێوە دراوە نهێنی شانشینی خودا بزانن، بەڵام بە نموونە قسە بۆ خەڵک دەکەم بۆ ئەوەی «[سەیر بکەن، بەڵام نەبینن و گوێ بگرن، بەڵام تێنەگەن.] 10
Då sagde han: «De fer vita løyndomarne i Guds rike, men dei andre fær høyra deim i likningar, so um dei ser, skal dei’kje sjå, og um dei høyrer, skal dei ikkje håtta.
«ئەمە مەبەستی نموونەکەیە: تۆوەکە پەیامی خودایە. 11
Men likningi er so å tyda: Sædet er Guds ord.
ئەوانەی سەر ڕێگاکە ئەوانەن کە گوێیان لێبوو، ئینجا ئیبلیس دێت و پەیامەکە لە دڵیان دەبات، نەوەک باوەڕ بهێنن و ڕزگاریان بێت. 12
Dei frammed vegen er dei som høyrer ordet; so kjem djevelen og tek det burt or hjarta deira, so dei ikkje skal tru og verta frelste.
ئەوانەش کە کەوتنە سەر زەوییە بەردەڵانەکە، ئەوانەن کە پەیامەکە بە خۆشییەوە وەردەگرن کاتێک دەیبیستن، بەڵام ڕەگیان نییە و تاکو ماوەیەک باوەڕ دەهێنن، بەڵام کاتێک تاقی دەکرێنەوە، دەکەون. 13
Dei på berget er dei som tek imot ordet med gleda når dei høyrer det; men dei hev ikkje rot; dei trur for eit bil, men i freistingsstundi fell dei frå.
ئەوانەی کەوتنە ناو دڕکەکان، ئەوانەن کە دەیبیستن، بە خەفەت و سامان و خۆشییەکانی ژیان دەخنکێن، بەرهەمی پێگەیشتوو نادەن. 14
Det som fall millom klungeren, det er dei som høyrer det, men so gjeng burt og vert kjøvde i suter og rikdom og verdsleg lyst, so dei ikkje ber fullmogi grøda.
بەڵام ئەوانەی کەوتنە سەر زەوییە چاکەکە، ئەوانەن کە بە دڵێکی چاک و باشەوە دەبیستن، پەیامەکە لە دڵیاندا دەپارێزن و بە خۆڕاگرییەوە بەرهەم دەدەن. 15
Men det i den gode jordi, det er dei som høyrer ordet og gøymer det i eit vænt og godt hjarta, og ber grøda i tolmod.
«کەس چرا هەڵناکات و بە تەشت دایپۆشێت، یان لەژێر نوێن دایبنێت، بەڵکو لەسەر چرادانی دادەنێت، تاکو ئەوانەی دێنە ژوورەوە ڕووناکییەکە ببینن، 16
Ingen kveikjer eit ljos og gøymer det under eit kjer eller set det under ei seng; alle set det i ein stake, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken.
چونکە هیچ شتێکی شاردراوە نییە ئاشکرا نەبێت و نهێنی نییە نەزانرێت و دەرنەکەوێت. 17
For det finst ingen ting som er løynt og ikkje ein gong vert berrsynt, og ingen ting som er dult og ikkje ein gong vert kunnigt og kjem fram i dagen.
کەواتە ئاگاداربن چۆن گوێ دەگرن، چونکە ئەوەی هەیەتی پێی دەدرێت، ئەوەش کە نییەتی، تەنانەت ئەوەشی کە ئەو بە هی خۆی دەزانێت لێی دەسەنرێتەوە.» 18
Sjå då til korleis de høyrer! For den som hev, han skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han tykkjest hava.»
ئینجا دایک و براکانی عیسا هاتنە لای، بەڵام لەبەر خەڵکەکە نەیانتوانی بگەنە لای. 19
Mor hans og brørne hans kom ein gong og vilde finna honom, men kunde ikkje koma innåt honom for folkestimen.
پێی گوترا: «دایک و براکانت لە دەرەوە ڕاوەستاون، دەیانەوێ بتبینن.» 20
Då fekk han det bodet: «Mor di og brørne dine stend utanfor og vil sjå deg.»
وەڵامی دانەوە: «دایک و براکانم ئەوانەن کە گوێ لە پەیامی خودا دەگرن و کاری پێدەکەن.» 21
Han svara: «Mor mi og brørne mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.»
ڕۆژێکیان عیسا لەگەڵ قوتابییەکانی سواری بەلەمێک بوو، پێی فەرموون: «با بپەڕینەوە ئەوبەری دەریاچەکە.» جا بەڕێ کەوتن. 22
Ein dag bar det so til at han steig ut i ein båt. Læresveinarne var med, og han sagde til deim: «Lat oss fara yver til hi sida av vatnet!» So lagde dei utpå,
کاتێک دەڕۆیشتن ئەو نوست. ڕەشەبایەکیش هەڵیکردە سەر دەریاچەکە، بەلەمەکە خەریک بوو پڕدەبوو لە ئاو و کەوتنە مەترسییەوە. 23
og med dei siglde, sovna han. Og det for ein kvervelvind ned på vatnet, so båten gjekk full, og dei var i fåre.
جا هاتنە لای، خەبەریان کردەوە و گوتیان: «گەورەم، گەورەم، وا لەناودەچین!» ئەویش هەستا، لە ڕەشەبا و شەپۆلەکانی ڕاخوڕی، کۆتاییان هات و هێمن بوونەوە. 24
Då gjekk dei burt til honom og vekte honom og sagde: «Meister, meister, me gjeng under!» Jesus reis upp og aga vinden og bårorne, so dei lagde seg, og det vart blikende stilt.
ئینجا پێی فەرموون: «کوا باوەڕتان؟» ئەوانیش سەرسام بوون و ترسان، بە یەکتریان دەگوت: «باشە ئەمە کێیە؟ فەرمان بە با و ئاویش دەکات و گوێڕایەڵی دەبن.» 25
So sagde han til deim: «Kvar er trui dykkar?» Men dei var fulle av otte og undring, og sagde seg imillom: «Kven tru han er, denne mannen som jamvel vindarne og vatnet lyder når han talar til deim?»
ئینجا بەرەو هەرێمی گەراسین ڕۆیشتن، کە بەرامبەر جەلیلە. 26
So sigla dei fram til Gerasenar-bygdi, som ligg midt imot Galilæa.
کاتێک عیسا دابەزیە سەر وشکانی، پیاوێکی ئەو شارەی تووش بوو کە ڕۆحی پیسی تێدابوو، دەمێک بوو جلی لەبەر نەدەکرد و لە ماڵدا نەدەژیا، بەڵکو لە گۆڕستان دەژیا. 27
Då han steig i land, kom ein mann frå byen imot honom. Mannen var forgjord; det var vonde ånder i honom. Han hadde ikkje på lenge havt klæde på seg, og bia ikkje i hus, men heldt seg i gravholorne.
کە عیسای بینی، هاواری کرد و لەبەردەمی کەوت، بە دەنگی بەرز گوتی: «چیت لە من دەوێت، ئەی عیسای کوڕی خودای هەرەبەرز؟ لێت دەپاڕێمەوە ئەشکەنجەم نەدەی!» 28
Då han såg Jesus, sette han i og hua; so kasta han seg ned for føterne hans og sagde med høg røyst: «Kva vil du meg, Jesus, son åt den høgste Gud? Eg bed deg at du ikkje vil pina meg!»
چونکە عیسا فەرمانی بە ڕۆحە پیسەکە دابوو لە پیاوەکە بێتە دەرەوە. زۆر جار ڕۆحە پیسەکە دەیگرت، هەرچەندە بە کۆت و زنجیر دەبەسترایەوە و چاودێری دەکرا، بەڵام کۆتەکانی دەشکاند و ڕۆحی پیس بەرەو چۆڵەوانی دەیبرد. 29
For Jesus sagde til den ureine åndi at ho skulde fara ut or mannen; for ho hadde gripe honom mange vendor - då batt dei honom med lekkjor og fotjarn, og heldt vakt yver honom; men han reiv sund bandi, og den vonde åndi dreiv honom ut i øydemarkerne -.
عیسا لێی پرسی: «ناوت چییە؟» گوتی: «لێگیۆن،» چونکە زۆر ڕۆحی پیسی تێچووبوو. 30
«Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion, » svara han; for det hadde fare mange ånder i honom,
لێی دەپاڕانەوە نەوەک فەرمانیان پێ بکات بەرەو بیری بێ بن بڕۆن. (Abyssos g12) 31
og dei bad at han ikkje vilde lata deim fara ned i avgrunnen. (Abyssos g12)
لەوێ ڕانە بەرازێکی زۆر لە شاخ دەلەوەڕان، لێی پاڕانەوە کە ڕێیان بدات بچنە ناویانەوە، ئەویش ڕێی پێدان. 32
No var det der ein stor flokk med svin som gjekk og beitte i fjellet; so bad ånderne at han vilde gjeva deim lov til å fara inn i svini, og det gav han deim lov til.
ڕۆحە پیسەکان لە پیاوەکە هاتنە دەرەوە و چوونە ناو بەرازەکانەوە، ڕانەکەش لە قەدپاڵەکەوە بۆ ناو دەریاچەکە هەڵدێران و خنکان. 33
Då for dei ut or mannen, og for i svini; og heile flokken sette utyver stupet ned i vatnet og druknast.
کاتێک شوانەکان ئەم ڕووداوەیان بینی، ڕایانکرد و هەواڵیان دا بە شار و کێڵگەکان. 34
Då gjætarane såg kva som hende, rømde dei, og sagde frå um det i byen og på gardarne.
ئینجا خەڵکەکە چوون تاکو ئەوەی ڕوویداوە بیبینن. کاتێک هاتنە لای عیسا و بینییان ئەو پیاوەی ڕۆحە پیسەکانی لێ دەرچووبوو پۆشتەیە و ئاقڵە و لەبەرپێی عیسا دانیشتووە، ئیتر ترسان. 35
Då gjekk folk ut og vilde sjå kva som hendt var. Då dei so kom til Jesus, fekk dei sjå at mannen som dei vonde ånderne hadde fare ut or, sat klædd nedmed føterne hans, og var med sitt fulle vit. Då vart dei forfærde;
ئەوانەی بینیبوویان بۆ خەڵکەکەیان گێڕایەوە، چۆن ئەوەی ڕۆحی پیسی تێدابوو چاک بووەتەوە. 36
og då dei som hadde set det, fortalde korleis den forgjorde hadde vorte berga,
هەموو کۆمەڵانی هەرێمی گەراسین داوایان لە عیسا کرد لەلایان بڕوات، چونکە ترسێکی زۆریان لێ نیشتبوو. ئەویش سواری بەلەمەکە بوو و گەڕایەوە. 37
kom heile ålmugen frå bygderne der ikring, Gerasenar-bygderne, og bad at han vilde fara burt ifrå deim; for dei var so tekne av otte. So gjekk han i båten og for attende.
ئەو پیاوەی ڕۆحە پیسەکانی لێ دەرکرابوو، لێی دەپاڕایەوە کە لەگەڵی بێت، بەڵام عیسا ڕەوانەی کرد و فەرمووی: 38
Mannen som ånderne hadde fare ut or, bad um han måtte vera hjå honom; men Jesus sende honom frå seg og sagde:
«بۆ ماڵی خۆت بگەڕێوە و ئەوەی خودا بۆی کردی، بیگێڕەوە.» ئەویش ڕۆیشت و بە هەموو شارەکەی ڕاگەیاند کە عیسا چی بۆ کردبوو. 39
«Gakk heim att, og fortel kor mykje Gud hev gjort for deg.» So gjekk mannen og tala kring i heile byen um alt det Jesus hadde gjort for honom.
کاتێک عیسا گەڕایەوە خەڵکەکە پێشوازییان لێکرد، چونکە هەموو چاوەڕێیان دەکرد. 40
Då Jesus kom att, bad folket honom vera velkomen; for alle venta på honom.
پیاوێک کە ناوی یایرۆس و پێشەوای کەنیشت بوو، هات و لەبەرپێی عیسادا کەوت، لێی پاڕایەوە تاکو بچێتە ماڵەکەی، 41
Best det var, kom det ein mann som heitte Jairus, og var forstandar for synagoga; han kasta seg ned for Jesu føter og bad honom koma heim til seg;
چونکە کچە تاقانەکەی کە تەمەنی نزیکەی دوازدە ساڵ بوو لە سەرەمەرگدا بوو. کاتێک عیسا دەڕۆیشت خەڵکەکە پاڵەپەستۆیان دەخستە سەری. 42
for han hadde ei dotter som var um lag tolv år; ho var einaste barnet hans, og no låg ho og drogst med dauden. Som no Jesus gjekk i veg, trengde folket seg um honom på alle kanter.
ژنێک لەوێ بوو کە دوازدە ساڵ خوێنبەربوونی هەبوو، هەموو ئەوەی هەیبوو دابووی بە پزیشک، کەسیش نەیتوانیبوو چاکی بکاتەوە. 43
Millom deim var det ei kvinna som hadde havt blodflod i tolv år; ho hadde øydt heile midelen sin på lækjarar, men ingen hadde vore god til å gjera henne frisk;
جا لە دواوە هات و دەستی لە چمکی کراسەکەی عیسا دا، دەستبەجێ خوێن لەبەرڕۆیشتنەکەی وەستا. 44
ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans, og med ein gong stana blodflodi.
عیسا فەرمووی: «کێ بوو دەستی لێدام؟» کە هەموو نکۆڵییان کرد، پەترۆس گوتی: «گەورەم، خەڵکەکە لە دەوروپشتتن و پاڵەپەستۆ دەکەن.» 45
«Kven var det som tok i meg?» spurde Jesus. Alle neitta, og Peter og felagarne hans sagde: «Meister, det er folket som trykkjer og trengjer deg!»
بەڵام عیسا فەرمووی: «یەکێک دەستی لێدام، چونکە هەستم بە هێزێک کرد لێم چووە دەرەوە.» 46
«Det var ein som tok i meg, » sagde Jesus; «for eg kjende at det for ei kraft ut ifrå meg.»
ژنەکە بینی ئەوەی کردی ناشاردرێتەوە، بە لەرزەوە هات و کەوتە بەرپێی، لەبەرچاوی هەمووان ڕایگەیاند کە بۆچی دەستی لێداوە و چۆن دەستبەجێ چاک بووەتەوە. 47
Då kvinna såg at det ikkje var dult det ho hadde gjort, kom ho skjelvande og kasta seg ned for honom og fortalde, so heile folket høyrde det, kvifor ho hadde teke i honom, og korleis ho hadde vorte god att med ein einaste gong.
عیساش پێی فەرموو: «کچم، باوەڕەکەت تۆی چاککردەوە، بڕۆ بە سەلامەت.» 48
Då sagde han til henne: «Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim, og liv sæl!»
هێشتا عیسا قسەی دەکرد، یەکێک لە ماڵی پێشەوای کەنیشتەوە هات و گوتی: «کچەکەت مرد، ئیتر ئەزیەت مەخەرە بەر مامۆستا.» 49
Fyrr han hadde tala ut, kjem det ein frå heimen åt synagoge-forstandaren og segjer: «Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger!»
عیساش ئەمەی بیست و وەڵامی دایەوە: «مەترسە، تەنها باوەڕت هەبێت ئەو چاکدەبێتەوە.» 50
Då Jesus høyrde det, tok han til ords og sagde til honom: «Ottast ikkje! Berre tru, so skal ho verta berga!»
کاتێک گەیشتە ماڵەکە، نەیهێشت کەس لەگەڵی بچێتە ژوورەوە، پەترۆس و یۆحەنا و یاقوب و دایک و باوکی منداڵەکە نەبێت. 51
Då han so kom til huset, let han ingen få ganga inn med seg utan Peter og Johannes og Jakob og far og mor åt barnet.
هەموو دەگریان و شینیان بۆ دەگێڕا، ئەویش فەرمووی: «مەگریێن نەمردووە، بەڵکو نوستووە.» 52
Alle gret og jamra yver henne; men han sagde: «Gråt ikkje! Ho hev ikkje slokna; ho søv.»
خەڵکەکە پێی پێکەنین، چونکە دەیانزانی مردووە. 53
Men dei berre log åt honom; for dei visste at ho var slokna.
بەڵام عیسا دەستی کچەکەی گرت، بانگی کرد و فەرمووی: «کیژۆڵە، هەستە!» 54
So tok han henne i handi og ropa: «Ris upp, barn!»
ئیتر ڕۆحی هاتەوە بەر و دەستبەجێ هەستا، ئەوسا فەرمانی دا نانی بدەنێ. 55
Då kom åndi hennar att, og ho reis upp med ein gong; og han sagde med deim at dei skulde gjeva henne mat.
دایک و باوکی سەریان سوڕما، بەڵام ڕایسپاردن ئەوەی ڕوویداوە بە کەسی نەڵێن. 56
Foreldri hennar var reint frå seg av gleda. Men han forbaud deim å tala til nokon um det som var hendt.

< لۆقا 8 >