< ヨハネの福音書 4 >

1 イエスがヨハネよりも弟子を多くつくって、バプテスマを授けていることがパリサイ人の耳にはいった。それを主が知られたとき、
Då no Jesus fekk vita at farisæarane hadde høyrt han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes
2 ――イエスご自身はバプテスマを授けておられたのではなく、弟子たちであったが、――
- endå det var ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinarne hans -
3 主はユダヤを去って、またガリラヤへ行かれた。
so tok han ut frå Judæa og for til Galilæa att.
4 しかし、サマリヤを通って行かなければならなかった。
Han laut fara gjenom Samaria,
5 それで主は、ヤコブがその子ヨセフに与えた地所に近いスカルというサマリヤの町に来られた。
og kom då til ein by i Samaria som heiter Sykar og ligg tett ved den marki som Jakob gav Josef, son sin.
6 そこにはヤコブの井戸があった。イエスは旅の疲れで、井戸のかたわらに腰をおろしておられた。時は六時ごろであった。
Der var Jakobs-kjelda. Jesus var trøytt etter ferdi, og sette seg beint ned der innmed kjelda; det var ikring den sette timen.
7 ひとりのサマリヤの女が水をくみに来た。イエスは「わたしに水を飲ませてください。」と言われた。
Då kjem det ei kvinna frå Samaria og vil draga upp vatn. Jesus segjer til henne: «Lat meg få drikka!»
8 弟子たちは食物を買いに、町へ出かけていた。
For læresveinarne hans hadde gjenge inn til byen og skulde kjøpa mat.
9 そこで、そのサマリヤの女は言った。「あなたはユダヤ人なのに、どうしてサマリヤの女の私に、飲み水をお求めになるのですか。」――ユダヤ人はサマリヤ人とつきあいをしなかったからである。――
«Korleis hev det seg, » segjer den samaritanske kvinna, «at du, som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinna, um drikka?» - for jødarne hev ikkje nokoslag samlag med samaritanarne.
10 イエスは答えて言われた。「もしあなたが神の賜物を知り、また、あなたに水を飲ませてくれと言う者がだれであるかを知っていたなら、あなたのほうでその人に求めたことでしょう。そしてその人はあなたに生ける水を与えたことでしょう。」
Jesus svara: «Dersom du kjende Guds gåva, og visste kven han er, han som bed deg um drikka, so bad du honom, og han gav deg livande vatn.»
11 彼女は言った。「先生。あなたはくむ物を持っておいでにならず、この井戸は深いのです。その生ける水をどこから手にお入れになるのですか。
«Herre, » segjer kvinna, «du hev ingen ting å draga upp med, og brunnen er djup! Kvar hev du då det livande vatnet frå?
12 あなたは、私たちの先祖ヤコブよりも偉いのでしょうか。ヤコブは私たちにこの井戸を与え、彼自身も、彼の子たちも家畜も、この井戸から飲んだのです。」
Er då du større enn Jakob, ættfaren vår, som hev gjeve oss brunnen? han hev sjølv drukke av honom, og sønerne og feet hans med.»
13 イエスは答えて言われた。「この水を飲む者はだれでも、また渇きます。
Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att,
14 しかし、わたしが与える水を飲む者はだれでも、決して渇くことがありません。わたしが与える水は、その人のうちで泉となり、永遠のいのちへの水がわき出ます。」 (aiōn g165, aiōnios g166)
men den som drikk av det vatnet eg vil gjeva honom, vert aldri tyrst meir; for det vatnet eg gjev honom, vert i honom til ei kjelda med vatn som vell upp til ævelegt liv.» (aiōn g165, aiōnios g166)
15 女はイエスに言った。「先生。私が渇くことがなく、もうここまでくみに来なくてもよいように、その水を私に下さい。」
«Herre, » sagde kvinna, «gjev meg det vatnet, so eg ikkje vert tyrst meir, og ikkje treng koma alt hit og draga upp vatn!»
16 イエスは彼女に言われた。「行って、あなたの夫をここに呼んで来なさい。」
Han segjer til henne: «Gakk og henta mannen din, og kom hit att!»
17 女は答えて言った。「私には夫はありません。」イエスは言われた。「私には夫がないというのは、もっともです。
«Eg hev ingen mann, » svara kvinna. «Det er rett som du segjer, at du ikkje hev nokon mann, » sagde Jesus;
18 あなたには夫が五人あったが、今あなたといっしょにいるのは、あなたの夫ではないからです。あなたが言ったことはほんとうです。」
«for du hev havt fem menner, og den du hev no, er ikkje din mann. No sagde du sant.»
19 女は言った。「先生。あなたは預言者だと思います。
«Herre, eg ser at du er ein profet!» sagde kvinna.
20 私たちの先祖は、この山で礼拝しましたが、あなたがたは、礼拝すべき場所はエルサレムだと言われます。」
«Federne våre tilbad Gud på dette fjellet, og de segjer at det er i Jerusalem ein skal tilbeda honom.»
21 イエスは彼女に言われた。「わたしの言うことを信じなさい。あなたがたが父を礼拝するのは、この山でもなく、エルサレムでもない、そういう時が来ます。
Jesus segjer til henne: «Tru meg, kvinna; det kjem ei tid då de ikkje skal tilbeda Faderen på dette fjellet og ikkje i Jerusalem heller.
22 救いはユダヤ人から出るのですから、わたしたちは知って礼拝していますが、あなたがたは知らないで礼拝しています。
De tilbed det de ikkje kjenner, me tilbed det me kjenner; for frelsa kjem frå jødarne.
23 しかし、真の礼拝者たちが霊とまことによって父を礼拝する時が来ます。今がその時です。父はこのような人々を礼拝者として求めておられるからです。
Men det kjem ei tid, og ho hev alt kome, då dei rette tilbedarane skal tilbeda Faderen i ånd og sanning; for slike tilbedarar er det Faderen vil hava.
24 神は霊ですから、神を礼拝する者は、霊とまことによって礼拝しなければなりません。」
Gud er ånd, og dei som tilbed honom, lyt tilbeda i ånd og sanning.»
25 女はイエスに言った。「私は、キリストと呼ばれるメシヤの来られることを知っています。その方が来られるときには、いっさいのことを私たちに知らせてくださるでしょう。」
Kvinna segjer til honom: «Eg veit at Messias kjem» - Messias er det same som Kristus -; «når han kjem, skal han læra oss alt.»
26 イエスは言われた。「あなたと話しているこのわたしがそれです。」
Jesus segjer til henne: «Det er eg - eg som talar med deg.»
27 このとき、弟子たちが帰って来て、イエスが女の人と話しておられるのを不思議に思った。しかし、だれも、「何を求めておられるのですか。」とも、「なぜ彼女と話しておられるのですか。」とも言わなかった。
I det same kom læresveinarne hans. Dei undra seg yver at han tala med ei kvinna; like vel var det ingen som sagde: «Kva vil du henne?» eller: «Kvi talar du med henne?»
28 女は、自分の水がめを置いて町へ行き、人々に言った。
So let kvinna vatskrukka si standa, og gjekk av stad til byen og sagde til folki:
29 「来て、見てください。私のしたこと全部を私に言った人がいるのです。この方がキリストなのでしょうか。」
«Kom, so skal de sjå ein mann som hev sagt meg alt eg hev gjort! Skal tru han er Messias?»
30 そこで、彼らは町を出て、イエスのほうへやって来た。
Då gjekk dei ut or byen. Med dei var på vegen til honom,
31 そのころ、弟子たちはイエスに、「先生。召し上がってください。」とお願いした。
bad læresveinarne honom: «Et, rabbi!»
32 しかし、イエスは彼らに言われた。「わたしには、あなたがたの知らない食物があります。」
Han svara: «Eg hev ein mat som ikkje de veit um.»
33 そこで、弟子たちは互いに言った。「だれか食べる物を持って来たのだろうか。」
Då sagde læresveinarne seg imillom: «Tru nokon hev bore mat til honom?»
34 イエスは彼らに言われた。「わたしを遣わした方のみこころを行ない、そのみわざを成し遂げることが、わたしの食物です。
Jesus segjer til deim: «Min mat er at eg gjer det han vil som sende meg, og fullfører hans verk.
35 あなたがたは、『刈り入れ時が来るまでに、まだ四か月ある。』と言ってはいませんか。さあ、わたしの言うことを聞きなさい。目を上げて畑を見なさい。色づいて、刈り入れるばかりになっています。
Segjer ikkje de: «Det er endå fire månader fyrr hausten kjem?» Men høyr kva eg segjer dykk: Lyft upp augo dykkar og skoda åkrane, korleis dei alt gulnar mot hausten.
36 すでに、刈る者は報酬を受け、永遠のいのちに入れられる実を集めています。それは蒔く者と刈る者がともに喜ぶためです。 (aiōnios g166)
Den som haustar fær løn, og samlar grøda til ævelegt liv, so dei skal få gleda seg saman både den som sår og den som haustar. (aiōnios g166)
37 こういうわけで、『ひとりが種を蒔き、ほかの者が刈り取る。』ということわざは、ほんとうなのです。
For her høver det ordet: «Det er ein som sår og ein annan som haustar.»
38 わたしは、あなたがたに自分で労苦しなかったものを刈り取らせるために、あなたがたを遣わしました。ほかの人々が労苦して、あなたがたはその労苦の実を得ているのです。」
Eg hev sendt dykk ut til å hausta det som de ikkje hev havt noko arbeidt med; andre hev havt arbeidet, og de hev gjenge inn i arbeidet deira.»
39 さて、その町のサマリヤ人のうち多くの者が、「あの方は、私がしたこと全部を私に言った。」と証言したその女のことばによってイエスを信じた。
Det var mange av samaritanarne frå den byen som trudde på honom for det som kvinna hadde sagt då ho vitna: «Han hev sagt meg alt eg hev gjort!»
40 そこで、サマリヤ人たちはイエスのところに来たとき、自分たちのところに滞在してくださるように願った。そこでイエスは二日間そこに滞在された。
Då no samaritanarne kom til honom, bad dei at han vilde vera hjå deim, og han vart verande der tvo dagar.
41 そして、さらに多くの人々が、イエスのことばによって信じた。
Og mange fleire trudde for skuld ordet han tala,
42 そして彼らはその女に言った。「もう私たちは、あなたが話したことによって信じているのではありません。自分で聞いて、この方がほんとうに世の救い主だと知っているのです。」
og dei sagde til kvinna: «No trur me’kje lenger for skuld det du hev tala; for me hev sjølve høyrt honom og veit no for visst at han er den som skal frelsa verdi.»
43 さて、二日の後、イエスはここを去って、ガリラヤへ行かれた。
Då dei tvo dagarne var lidne, tok han ut derifrå og for til Galilæa;
44 イエスご自身が、「預言者は自分の故郷では尊ばれない。」と証言しておられたからである。
for Jesus vitna sjølv at ein profet vert ikkje æra i sitt eige fedreland.
45 そういうわけで、イエスがガリラヤに行かれたとき、ガリラヤ人はイエスを歓迎した。彼らも祭りに行っていたので、イエスが祭りの間にエルサレムでなさったすべてのことを見ていたからである。
Då han no kom til Galilæa, tok galilæarane vel imot honom; dei hadde set alt det han gjorde i Jerusalem på høgtidi; for dei var sjølve komne til høgtidi.
46 イエスは再びガリラヤのカナに行かれた。そこは、かつて水をぶどう酒にされた所である。さて、カペナウムに病気の息子がいる王室の役人がいた。
So kom han då atter til Kana i Galilæa, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongsmann som hadde ein sjuk son.
47 この人は、イエスがユダヤからガリラヤに来られたと聞いて、イエスのところへ行き、下って来て息子をいやしてくださるように願った。息子が死にかかっていたからである。
Då han fekk høyra at Jesus hadde teke ut frå Judæa og var komen til Galilæa, gjekk han til honom og bad at han vilde koma ned og lækja son hans; for han låg på det siste.
48 そこで、イエスは彼に言われた。「あなたがたは、しるしと不思議を見ないかぎり、決して信じない。」
Jesus svara: «Ser de’kje teikn og under, so trur de ikkje.»
49 その王室の役人はイエスに言った。「主よ。どうか私の子どもが死なないうちに下って来てください。」
Kongsmannen segjer til honom: «Herre, kom ned innan barnet mitt døyr!»
50 イエスは彼に言われた。「帰って行きなさい。あなたの息子は直っています。」その人はイエスが言われたことばを信じて、帰途についた。
Jesus segjer til honom: «Gakk heim att! Son din liver.» Mannen trudde det Jesus sagde til honom og gjekk.
51 彼が下って行く途中、そのしもべたちが彼に出会って、彼の息子が直ったことを告げた。
Då han alt var på heimvegen, kom tenarane hans imot honom og sagde at guten hans livde.
52 そこで子どもがよくなった時刻を彼らに尋ねると、「きのう、七時に熱がひきました。」と言った。
So spurde han deim kva tid det hadde vorte betre med honom. «I går den sjuande timen slepte sotti honom, » sagde dei.
53 それで父親は、イエスが「あなたの息子は直っている。」と言われた時刻と同じであることを知った。そして彼自身と彼の家の者がみな信じた。
Då skyna faren at det var i den same timen som Jesus hadde sagt til honom: «Son din liver, » og han trudde, både han og heile hans hus.
54 イエスはユダヤを去ってガリラヤにはいられてから、またこのことを第二のしるしとして行なわれたのである。
Dette var det andre teiknet Jesus gjorde då han no atter kom frå Judæa til Galilæa.

< ヨハネの福音書 4 >