< イザヤ書 5 >

1 わたしはわが愛する者のために、そのぶどう畑についてのわが愛の歌をうたおう。わが愛する者は土肥えた小山の上に、一つのぶどう畑をもっていた。
Eg vil syngja um min ven, songen åt min ven um hans vinhage, min ven hadde ein vinhage på ein grøderik haug.
2 彼はそれを掘りおこし、石を除き、それに良いぶどうを植え、その中に物見やぐらを建て、またその中に酒ぶねを掘り、良いぶどうの結ぶのを待ち望んだ。ところが結んだものは野ぶどうであった。
Han hakka honom upp, han reinsa honom for stein og sette gode vintre der; han bygde eit vakttårn og hogg attpå ei vinpersa. So venta han seg ein haust av egte druvor, men fekk berre villbær.
3 それで、エルサレムに住む者とユダの人々よ、どうか、わたしとぶどう畑との間をさばけ。
Og no, de Jerusalems-buar og de Juda-menner, døm no millom meg og min vinhage!
4 わたしが、ぶどう畑になした事のほかに、何かなすべきことがあるか。わたしは良いぶどうの結ぶのを待ち望んだのに、どうして野ぶどうを結んだのか。
Kva meir var det å gjera med min vinhage enn eg hev gjort? Kvi bar han villbær, når eg venta meg egte druvor?
5 それで、わたしが、ぶどう畑になそうとすることを、あなたがたに告げる。わたしはそのまがきを取り去って、食い荒されるにまかせ、そのかきをとりこわして、踏み荒されるにまかせる。
So vil eg då kunngjera dykk kva eg etlar meg til å gjera med vinhagen min: Eg vil riva ned gjerdet, so han vert avbeitt, brjota ned muren, so han vert nedtrakka.
6 わたしはこれを荒して、刈り込むことも、耕すこともせず、おどろと、いばらとを生えさせ、また雲に命じて、その上に雨を降らさない。
Eg vil gjera honom til ei øydemark; han skal aldri verta kvista eller graven, men han skal gro full av torn og tistel, og skyerne vil eg bjoda dei skal ikkje senda regn yver honom.
7 万軍の主のぶどう畑はイスラエルの家であり、主が喜んでそこに植えられた物は、ユダの人々である。主はこれに公平を望まれたのに、見よ、流血。正義を望まれたのに、見よ、叫び。
For vinhagen åt Herren, allhers drott, er Israels hus, og Juda-folket er hans kjæraste plantning; men når han venta lov, fann han rov, og når han venta rettferd, fann han uferd.
8 わざわいなるかな、彼らは家に家を建て連ね、田畑に田畑をまし加えて、余地をあまさず、自分ひとり、国のうちに住まおうとする。
Usæle dei som legg hus til hus og åker til åker, til dess det inkje meir rom finst, so de bur åleine midt i landet!
9 万軍の主はわたしの耳に誓って言われた、「必ずや多くの家は荒れすたれ、大きな麗しい家も住む者がないようになる。
Frå Herren, allhers drott, kling det i øyro mine: Sanneleg, dei mange husi skal leggjast i øyde, kor store og gode dei er, skal ingen bu der.
10 十反のぶどう畑もわずかに一バテの実を結び、一ホメルの種もわずかに一エパの実を結ぶ」。
For ein vinhage på ti plogland skal berre gjeva av seg eitt anker, og tri tunnor utsæde berre ei skjeppa.
11 わざわいなるかな、彼らは朝早く起きて、濃き酒をおい求め、夜のふけるまで飲みつづけて、酒にその身を焼かれている。
Usæle dei som årle hastar til sterk drykk og sit utetter natti eldraude av vin!
12 彼らの酒宴には琴あり、立琴あり、鼓あり笛あり、ぶどう酒がある。しかし彼らは主のみわざを顧みず、み手のなされる事に目をとめない。
Cither og harpa og trumma og fløyta og vin hev dei i drikkelagi sine, men Herrens gjerningar ansar dei ikkje, og verket av hans hender ser dei ikkje.
13 それゆえ、わが民は無知のために、とりこにせられ、その尊き者は飢えて死に、そのもろもろの民は、かわきによって衰えはてる。
Difor lyt folket mitt fara i utlægd fyrr det varast, storkararne lida hunger, og dei skrålande skarar ormegtast av torste.
14 また陰府はその欲望を大きくし、その口を限りなく開き、エルサレムの貴族、そのもろもろの民、その群集およびそのうちの喜びたのしめる者はみなその中に落ちこむ。 (Sheol h7585)
Difor vert helheimen dess meir grådig og spilar upp sitt gap umåteleg, og ned sturtar dei som er store i byen, dei som ståkar og bråkar, og dei som hev gaman der. (Sheol h7585)
15 人はかがめられ、人々は低くせられ、高ぶる者の目は低くされる。
Då må menneskja bogna og mannen bøygjast, og dei stolte augo sjå ned.
16 しかし万軍の主は公平によってあがめられ、聖なる神は正義によって、おのれを聖なる者として示される。
Men Herren, allhers drott, vert høg ved domen, og den heilage Gud syner seg heilag ved rettferd.
17 こうして小羊は自分の牧場におるように草をはみ、肥えた家畜および子やぎは荒れ跡の中で食を得る。
Og lamb gjeng der på beite som på si eigi mark, og aude tufter etter rikmennerne beiter framande av.
18 わざわいなるかな、彼らは偽りのなわをもって悪を引きよせ、車の綱をもってするように罪を引きよせる。
Usæle dei som dreg fram syndestraff med lygnetog og syndebot liksom med vognreip,
19 彼らは言う、「彼を急がせ、そのわざをすみやかにさせよ、それを見せてもらおう。イスラエルの聖者の定める事を近づききたらせよ、それを見せてもらおう」と。
dei som segjer: «Lat honom hasta og skunda seg med verket sitt, so me kann få sjå det! Lat Israels Heilage fullføra si rådgjerd, so me kann få kjenna henne!»
20 わざわいなるかな、彼らは悪を呼んで善といい、善を呼んで悪といい、暗きを光とし、光を暗しとし、苦きを甘しとし、甘きを苦しとする。
Usæle dei som kallar det vonde godt og det gode vondt, dei som gjer myrker til ljos og ljos til myrker, dei som gjer beiskt til søtt og søtt til beiskt!
21 わざわいなるかな、彼らはおのれを見て、賢しとし、みずから顧みて、さとしとする。
Usæle dei som er vise i sine eigne augo og kloke i sine eigne tankar!
22 わざわいなるかな、彼らはぶどう酒を飲むことの英雄であり、濃き酒をまぜ合わせることの勇士である。
Usæle dei som er kjempor til å drikka vin, og djerve karar til å blanda sterk drykk,
23 彼らはまいないによって悪しき者を義とし、義人からその義を奪う。
dei som gjev den skuldige rett for gåvor skuld, og tek retten frå den rettferdige!
24 それゆえ、火の舌が刈り株を食い尽すように、枯れ草が炎の中に消えうせるように、彼らの根は朽ちたものとなり、彼らの花はちりのように飛び去る。彼らは万軍の主の律法を捨て、イスラエルの聖者の言葉を侮ったからである。
Difor, liksom eldslogen øyder strå, og halm skrøkk saman på bålet, soleis skal roti deira rotna og blomen føykjast burt som dust, for di dei vraka lovi åt Herren, allhers drott, og vanvyrde ordet åt Israels Heilage.
25 それゆえ、主はその民にむかって怒りを発し、み手を伸べて彼らを撃たれた。山は震い動き、彼らのしかばねは、ちまたの中で、あくたのようになった。それにもかかわらず、み怒りはやまず、なお、み手を伸ばされる。
Difor hev Herrens vreide loga upp imot folket hans, og han retter handi ut imot det og slær det, so fjelli skjelv, og lik ligg som sorp og saur på gatorne. Men med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg; og endå retter han ut handi.
26 主は旗をあげて遠くから一つの国民を招き、地の果から彼らを呼ばれる。見よ、彼らは走って、すみやかに来る。
Og han reiser eit hermerke for heidningfolki langt burte og blistrar honom hit frå enden av jordi, og sjå, snart og snøgt kjem han.
27 その中には疲れる者も、つまずく者もなく、まどろむ者も、眠る者もない。その腰の帯はとけず、そのくつのひもは切れていない。
Det finst ingen der som er trøytt eller snåvar, ingen som blundar eller søv; på ingen losnar beltet um livet, ikkje ei skoreim slitnar på nokon av deim.
28 その矢は鋭く、その弓はことごとく張り、その馬のひずめは火打石のように、その車の輪はつむじ風のように思われる。
Pilerne hans er kvasse, og bogarne hans er alle spente. Hovarne på hestarne er som flint, og vognhjuli hans likjest kvervelstorm.
29 そのほえることは、ししのように、若いししのようにほえ、うなって獲物を捕え、かすめ去っても救う者がない。
Han burar som løva, han murrar som ungløvorne; burande grip han sitt rov og ber det burt, og det er ingen som bergar.
30 その日、その鳴りどよめくことは、海の鳴りどよめくようだ。もし地をのぞむならば、見よ、暗きと悩みとがあり、光は雲によって暗くなる。
Det durar inn yver honom på den dagen som duren av havet; og skodar han på jordi, so er det myrker og naud, ljoset vert dimt under dei tunge skyer!

< イザヤ書 5 >