< 出エジプト記 32 >

1 民はモーセが山を下ることのおそいのを見て、アロンのもとに集まって彼に言った、「さあ、わたしたちに先立って行く神を、わたしたちのために造ってください。わたしたちをエジプトの国から導きのぼった人、あのモーセはどうなったのかわからないからです」。
Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, so flokka dei seg um Aron, og sagde med han: «Kom, gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, som fylgde oss ut or Egyptarland.»
2 アロンは彼らに言った、「あなたがたの妻、むすこ、娘らの金の耳輪をはずしてわたしに持ってきなさい」。
Då sagde Aron til deim: «Tak gullringarne som konorne og sønerne og døtterne dykkar hev i øyro, og kom til meg med deim!»
3 そこで民は皆その金の耳輪をはずしてアロンのもとに持ってきた。
Då reiv alt folket gullringarne or øyro sine, og kom til Aron med deim.
4 アロンがこれを彼らの手から受け取り、工具で型を造り、鋳て子牛としたので、彼らは言った、「イスラエルよ、これはあなたをエジプトの国から導きのぼったあなたの神である」。
Og Aron tok imot gullet, og støypte det um, og laga det med beitelen, so det vart som ein kalv. Då ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som fylgde deg ut or Egyptarland!»
5 アロンはこれを見て、その前に祭壇を築いた。そしてアロンは布告して言った、「あすは主の祭である」。
Då Aron såg det, bygde han eit altar for honom, og ropa ut: «I morgon er det høgtid for Herren!»
6 そこで人々はあくる朝早く起きて燔祭をささげ、酬恩祭を供えた。民は座して食い飲みし、立って戯れた。
Dagen etter reis folket upp i otta, og ofra brennoffer, og bar fram takkoffer; sidan sette dei seg til å eta og drikka, og stod so upp att og gav seg til å leika.
7 主はモーセに言われた、「急いで下りなさい。あなたがエジプトの国から導きのぼったあなたの民は悪いことをした。
Då sagde Herren til Moses: «Skunda deg og gakk ned att! Folket ditt, som du fylgde ut or Egyptarland, hev fare stygt åt.
8 彼らは早くもわたしが命じた道を離れ、自分のために鋳物の子牛を造り、これを拝み、これに犠牲をささげて、『イスラエルよ、これはあなたをエジプトの国から導きのぼったあなたの神である』と言っている」。
Dei var snøgge til å taka utav den vegen eg sagde dei skulde fylgja. No hev dei støypt seg ein gullkalv; den legg dei seg på kne for og ofrar til honom og ropar: «Dette er guden din, Israel, han som førde deg ut or Egyptarland!»
9 主はまたモーセに言われた、「わたしはこの民を見た。これはかたくなな民である。
«Eg hev havt auga med dette folket, » sagde Herren til Moses, «og set at det er eit hardkyndt folk.
10 それで、わたしをとめるな。わたしの怒りは彼らにむかって燃え、彼らを滅ぼしつくすであろう。しかし、わたしはあなたを大いなる国民とするであろう」。
Lat meg no få råda, so vil eg sleppa harmen min laus, og gjera ende på deim, og sidan vil eg gjera deg til eit stort folk.»
11 モーセはその神、主をなだめて言った、「主よ、大いなる力と強き手をもって、エジプトの国から導き出されたあなたの民にむかって、なぜあなたの怒りが燃えるのでしょうか。
Men Moses freista å blidka Herren sin Gud og sagde: «Herre, kvi vil du sleppa harmen din laus imot folket ditt, som du hev henta ut or Egyptarlandet med di store magt og di sterke hand?»
12 どうしてエジプトびとに『彼は悪意をもって彼らを導き出し、彼らを山地で殺し、地の面から断ち滅ぼすのだ』と言わせてよいでしょうか。どうかあなたの激しい怒りをやめ、あなたの民に下そうとされるこの災を思い直し、
Skal då egyptarane få det å segja: «Det var ikkje for det gode han fylgde deim ut or landet; han vilde drepa deim i fjelli og rydja deim or verdi»? Døyv harmen som brenn i deg, og legg ned hemntankarne mot folket ditt.
13 あなたのしもべアブラハム、イサク、イスラエルに、あなたが御自身をさして誓い、『わたしは天の星のように、あなたがたの子孫を増し、わたしが約束したこの地を皆あなたがたの子孫に与えて、長くこれを所有させるであろう』と彼らに仰せられたことを覚えてください」。
Kom i hug det du lova Abraham og Isak og Israel, tenarane dine, då du svor ved deg sjølv: «Eg vil auka ætti dykkar, so ho vert som stjernorne på himmelen, og heile dette landet som eg hev tala um, det vil eg gjeva etterkomarane dykkar; og dei skal eiga det i all æva.»»
14 それで、主はその民に下すと言われた災について思い直された。
Då angra Herren at han hadde lova folket sitt vondt.
15 モーセは身を転じて山を下った。彼の手には、かの二枚のあかしの板があった。板はその両面に文字があった。すなわち、この面にも、かの面にも文字があった。
So gjekk Moses ned att av fjellet, og i handi hadde han dei tvo lovtavlorne, tavlor som var fullskrivne på båe sidor; alle stader var det skrive på deim.
16 その板は神の作、その文字は神の文字であって、板に彫ったものである。
Og tavlorne dei var Guds eige arbeid, og skrifti ho var Guds eigi skrift, som var inngravi på tavlorne.
17 ヨシュアは民の呼ばわる声を聞いて、モーセに言った、「宿営の中に戦いの声がします」。
Då Josva høyrde omen av folket som stima og ståka, so sagde han med Moses: «Eg høyrer stridsljod i lægret.»
18 しかし、モーセは言った、「勝どきの声でなく、敗北の叫び声でもない。わたしの聞くのは歌の声である」。
«Dette er ikkje fagnadrop frå folk som vinn, og ikkje vådeskrik frå folk som fell; for meg lydest det som mangrøysta song, » svara Moses.
19 モーセが宿営に近づくと、子牛と踊りとを見たので、彼は怒りに燃え、手からかの板を投げうち、これを山のふもとで砕いた。
Då dei kom næmare innåt lægret og fekk sjå gullkalven og dansarflokkarne, då vart Moses so harm, at han kasta tavlorne frå seg nedunder fjellet og slo deim sund.
20 また彼らが造った子牛を取って火に焼き、こなごなに砕き、これを水の上にまいて、イスラエルの人々に飲ませた。
Og han tok kalven som dei hadde gjort, og kasta honom på elden og mulde honom i smått, og strådde dusti på vatnet, og det let han Israels-folket drikka av.
21 モーセはアロンに言った、「この民があなたに何をしたので、あなたは彼らに大いなる罪を犯させたのですか」。
So sagde han med Aron: «Kva vondt hev dette folket gjort deg, sidan du laut føra deim upp i so stor ei synd?»
22 アロンは言った、「わが主よ、激しく怒らないでください。この民の悪いのは、あなたがごぞんじです。
«Ver ikkje vreid på meg, herre bror!» svara Aron. «Du veit kor gjenomvondt det er, dette folket.
23 彼らはわたしに言いました、『わたしたちに先立って行く神を、わたしたちのために造ってください。わたしたちをエジプトの国から導きのぼった人、あのモーセは、どうなったのかわからないからです』。
Dei sagde med meg: «Gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, han som fylgde oss ut or Egyptarland.»
24 そこでわたしは『だれでも、金を持っている者は、それを取りはずしなさい』と彼らに言いました。彼らがそれをわたしに渡したので、わたしがこれを火に投げ入れると、この子牛が出てきたのです」。
Då sagde eg til deim: «Den som hev noko gull på seg, lyt taka det av seg!» So gav dei meg gullet, og eg kasta det i elden; då kom denne kalven fram.»
25 モーセは民がほしいままにふるまったのを見た。アロンは彼らがほしいままにふるまうに任せ、敵の中に物笑いとなったからである。
Då Moses såg at folket var agelaust - for Aron hadde mist agen yver deim, til spott for fiendarne -
26 モーセは宿営の門に立って言った、「すべて主につく者はわたしのもとにきなさい」。レビの子たちはみな彼のもとに集まった。
so gjekk han fram i lægerporten, og ropa: «Hit til meg alle Herrens menner!» Då flokka heile Levi-ætti seg um honom,
27 そこでモーセは彼らに言った、「イスラエルの神、主はこう言われる、『あなたがたは、おのおの腰につるぎを帯び、宿営の中を門から門へ行き巡って、おのおのその兄弟、その友、その隣人を殺せ』」。
og han sagde til deim: «So segjer Herren, Israels Gud: «Spenn sverdet på dykk, alle mann! Gakk att og fram i lægret, frå port til port, og hogg ned for fote, både brør og vener og frendar!»»
28 レビの子たちはモーセの言葉どおりにしたので、その日、民のうち、おおよそ三千人が倒れた。
Levi-sønerne gjorde som Moses sagde, og den dagen fall det av folket ikring tri tusund mann.
29 そこで、モーセは言った、「あなたがたは、おのおのその子、その兄弟に逆らって、きょう、主に身をささげた。それで主は、きょう、あなたがたに祝福を与えられるであろう」。
For Moses sagde: «I dag lyt de vigja dykk åt Herren, um det so er med blodet av sønerne og brørne dykkar; so skal han i dag gjeva dykk si velsigning!»
30 あくる日、モーセは民に言った、「あなたがたは大いなる罪を犯した。それで今、わたしは主のもとに上って行く。あなたがたの罪を償うことが、できるかも知れない」。
Dagen etter sagde Moses med folket: «De hev gjort ei stor synd. No vil eg stiga upp til Herren og beda um nåde for dykk.»
31 モーセは主のもとに帰って、そして言った、「ああ、この民は大いなる罪を犯し、自分のために金の神を造りました。
So gjekk Moses attende til Herren og sagde: «Ai ei, dette folket hev gjort ei stor synd: dei hev laga seg ein gud av gull.
32 今もしあなたが、彼らの罪をゆるされますならば。しかし、もしかなわなければ、どうぞあなたが書きしるされたふみから、わたしの名を消し去ってください」。
Å gjev du kunde gløyma syndi deira! Kann du ikkje, so strjuk meg ut or boki di som du skriv i!»
33 主はモーセに言われた、「すべてわたしに罪を犯した者は、これをわたしのふみから消し去るであろう。
Då sagde Herren til Moses: «Den som syndar mot meg, honom stryk eg ut or boki mi.
34 しかし、今あなたは行って、わたしがあなたに告げたところに民を導きなさい。見よ、わたしの使はあなたに先立って行くであろう。ただし刑罰の日に、わたしは彼らの罪を罰するであろう」。
Gakk no du, og fylg folket dit som eg hev sagt deg! Sjå, engelen min skal ganga framfyre deg. Men når min time kjem, vil eg heimsøkja deim for syndi deira.»
35 そして主は民を撃たれた。彼らが子牛を造ったからである。それはアロンが造ったのである。
Og Herren førde ulukka yver folket for di dei hadde gjort kalven, den som Aron laga åt deim.

< 出エジプト記 32 >