< 申命記 5 >

1 さてモーセはイスラエルのすべての人を召し寄せて言った、「イスラエルよ、きょう、わたしがあなたがたの耳に語る定めと、おきてを聞き、これを学び、これを守って行え。
Og Moses kalla i hop heile Israel og sagde til deim: «Høyr, Israel, dei loverne og bodi som eg lyser for dykk i dag, og lær deim, og ber deim i hugen, so de liver etter deim!
2 われわれの神、主はホレブで、われわれと契約を結ばれた。
Herren, vår Gud, gjorde ei pakt med oss på Horeb.
3 主はこの契約をわれわれの先祖たちとは結ばず、きょう、ここに生きながらえているわれわれすべての者と結ばれた。
Ikkje med federne våre gjorde han den pakti, men med oss, alle me her som liver i dag.
4 主は山で火の中から、あなたがたと顔を合わせて語られた。
Åsyn mot åsyn tala Herren med dykk på fjellet midt utor elden.
5 その時、わたしは主とあなたがたとの間に立って主の言葉をあなたがたに伝えた。あなたがたは火のゆえに恐れて山に登ることができなかったからである。主は言われた、
Eg stod millom Herren og dykk den gongen, og bar ordi hans fram for dykk; for de var rædde elden, og våga dykk ikkje upp på fjellet. Han sagde:
6 『わたしはあなたの神、主であって、あなたをエジプトの地、奴隷の家から導き出した者である。
«Eg er Herren, din Gud, som førde deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.
7 あなたはわたしのほかに何ものをも神としてはならない。
Du skal ikkje hava nokon annan gud attåt meg!
8 あなたは自分のために刻んだ像を造ってはならない。上は天にあるもの、下は地にあるもの、また地の下の水の中にあるものの、どのような形をも造ってはならない。
Du skal ikkje gjera deg noko gudebilæte, nokor likning av det som er uppi himmelen eller det som er nedpå jordi eller det som er i vatnet nedanfor landjordi!
9 それを拝んではならない。またそれに仕えてはならない。あなたの神、主であるわたしは、ねたむ神であるから、わたしを憎むものには、父の罪を子に報いて三、四代に及ぼし、
Du skal ikkje bøygja kne for deim, og ikkje beda til deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud; eg hemner broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni av deim som hatar meg,
10 わたしを愛し、わたしの戒めを守る者には恵みを施して千代に至るであろう。
men imot deim som elskar meg og held bodi mine, gjer eg vel i tusund ættleder.
11 あなたの神、主の名をみだりに唱えてはならない。主はその名をみだりに唱える者を罰しないではおかないであろう。
Namnet åt Herren, din Gud, skal du ikkje taka vyrdlaust på tunga! For Herren held ikkje den uskuldig som nemnar namnet hans vyrdlaust.
12 安息日を守ってこれを聖とし、あなたの神、主があなたに命じられたようにせよ。
Du skal koma i hug kviledagen, og halda honom heilag, soleis som Herren, din Gud, hev sagt med deg!
13 六日のあいだ働いて、あなたのすべてのわざをしなければならない。
Seks dagar må du arbeida og gjera alt det du skal.
14 七日目はあなたの神、主の安息であるから、なんのわざをもしてはならない。あなたも、あなたのむすこ、娘、しもべ、はしため、牛、ろば、もろもろの家畜も、あなたの門のうちにおる他国の人も同じである。こうしてあなたのしもべ、はしためを、あなたと同じように休ませなければならない。
Men den sjuande dagen skal vera kviledag og vigd åt Herren, din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, eller drengen din eller tenestgjenta, eller uksen eller asnet eller noko anna av dyri dine, eller den framande som held til innan portarne dine! For tenarane dine lyt kvila dei som du.
15 あなたはかつてエジプトの地で奴隷であったが、あなたの神、主が強い手と、伸ばした腕とをもって、そこからあなたを導き出されたことを覚えなければならない。それゆえ、あなたの神、主は安息日を守ることを命じられるのである。
Kom i hug at du sjølv var tenar i Egyptarlandet, og Herren, din Gud, henta deg ut derifrå med sterk hand og strak arm; difor hev han sagt deg at du skal halda kviledagen heilag.
16 あなたの神、主が命じられたように、あなたの父と母とを敬え。あなたの神、主が賜わる地で、あなたが長く命を保ち、さいわいを得ることのできるためである。
Du skal æra far din og mor di, som Herren, din Gud, hev sagt med deg; då skal du få liva lenge og vel i det landet som Herren, din Gud, gjev deg.
17 あなたは殺してはならない。
Du skal ikkje drepa!
18 あなたは姦淫してはならない。
Og du skal ikkje gjera hor!
19 あなたは盗んではならない。
Og du skal ikkje stela!
20 あなたは隣人について偽証してはならない。
Og du skal ikkje vitna rangt imot grannen din!
21 あなたは隣人の妻をむさぼってはならない。また隣人の家、畑、しもべ、はしため、牛、ろば、またすべて隣人のものをほしがってはならない』。
Og du skal ikkje trå etter kona åt grannen din! Og du skal ikkje trå etter huset åt grannen din, eller garden hans, eller drengen eller tenestgjenta hans, eller uksen eller asnet hans eller noko anna som høyrer grannen din til.»
22 主はこれらの言葉を山で火の中、雲の中、濃い雲の中から、大いなる声をもって、あなたがたの全会衆にお告げになったが、このほかのことは言われず、二枚の石の板にこれを書きしるして、わたしに授けられた。
Desse ordi tala Herren på fjellet med høg røyst til heile lyden dykkar, midt utor elden og skyi og myrkret, og meir sagde han ikkje; og han skreiv dei på tvo steintavlor, og gav deim til meg.
23 時に山は火で燃えていたが、あなたがたが暗黒のうちから聞える声を聞くに及んで、あなたがたの部族のすべてのかしらと長老たちは、わたしに近寄って、
Men då de høyrde røysti midt utor myrkret, og såg fjellet stod i ljos loge, då kom de til meg, alle ættehovdingarne og styresmennerne dykkar,
24 言った、『われわれの神、主がその栄光と、その大いなることとを、われわれに示されて、われわれは火の中から出るその声を聞きました。きょう、われわれは神が人と語られ、しかもなおその人が生きているのを見ました。
og sagde: «No hev Herren, vår Gud, synt oss sin herlegdom og sitt velde, og me hev høyrt røysti hans midt utor elden; i dag hev me set at ein mann kann liva um Gud hev tala med honom.
25 われわれはなぜ死ななければならないでしょうか。この大いなる火はわれわれを焼き滅ぼそうとしています。もしこの上なおわれわれの神、主の声を聞くならば、われわれは死んでしまうでしょう。
Og so lyt me døy like vel! For denne svære elden kjem til å tyna oss. Høyrer me no lenger på røysti åt Herren, vår Gud, so døyr me.
26 およそ肉なる者のうち、だれが、火の中から語られる生ける神の声を、われわれのように聞いてなお生きている者がありましょうか。
For kven finst det på jordi som hev høyrt den livande Gud tala midt utor elden, som me, og endå fenge liva?
27 あなたはどうぞ近く進んで行って、われわれの神、主が言われることをみな聞き、われわれの神、主があなたにお告げになることをすべてわれわれに告げてください。われわれは聞いて行います』。
Gakk du innåt, og høyr kva Herren, vår Gud, segjer! So kann du segja med oss alt det han talar til deg, og me skal høyra og lyda.»
28 あなたがたがわたしに語っている時、主はあなたがたの言葉を聞いて、わたしに言われた、『わたしはこの民がおまえに語っている言葉を聞いた。彼らの言ったことはみな良い。
Då Herren høyrde kva de tala med meg um, sagde han til meg: «Eg høyrde kva folket sagde med deg; det er rett alt det dei hev sagt.
29 ただ願わしいことは、彼らがつねにこのような心をもってわたしを恐れ、わたしのすべての命令を守って、彼らもその子孫も永久にさいわいを得るにいたることである。
Gjev dei all tid måtte hava den same hugen til å ottast meg og halda alle bodi mine, so det kann ganga deim og borni deira vel i all æva!
30 おまえは行って彼らに、「あなたがたはおのおのその天幕に帰れ」と言え。
Gakk burt til deim og seg at dei kann ganga heim att til buderne sine.
31 しかし、おまえはこの所でわたしのそばに立て。わたしはすべての命令と、定めと、おきてとをおまえに告げ示すであろう。おまえはこれを彼らに教え、わたしが彼らに与えて獲させる地において、これを行わせなければならない』。
Men du lyt vera att her hjå meg, so eg kann segja deg alle bodi og loverne og rettarne som du skal læra deim, og som dei skal liva etter i det landet eg gjev deim til eiga.»
32 それゆえ、あなたがたの神、主が命じられたとおりに、慎んで行わなければならない。そして左にも右にも曲ってはならない。
So kom då i hug å gjera som Herren, dykkar Gud, hev sagt dykk! Tak ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre!
33 あなたがたの神、主が命じられた道に歩まなければならない。そうすればあなたがたは生きることができ、かつさいわいを得て、あなたがたの獲る地において、長く命を保つことができるであろう。
Fylg allstødt den vegen som Herren hev synt dykk! Då skal de trivast og liva både vel og lenge i det landet de fær til eiga.

< 申命記 5 >