< 申命記 10 >

1 その時、主はわたしに言われた、『おまえは、前のような石の板二枚を切って作り、山に登って、わたしのもとにきなさい。また木の箱一つを作りなさい。
Då var det Herren sagde til meg: «Hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og gjer deg ei trekista, og kom upp på fjellet til meg,
2 さきにおまえが砕いた二枚の板に書いてあった言葉を、わたしはその板に書きしるそう。おまえはそれをその箱におさめなければならない』。
so skal eg skriva dei same ordi på dei tavlorne som på dei fyrste, dei du slo sund, og du skal leggja deim ned i kista.»
3 そこでわたしはアカシヤ材の箱一つを作り、また前のような石の板二枚を切って作り、その二枚の板を手に持って山に登った。
Då gjorde eg ei kista av akazietre, og hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og gjekk upp på fjellet med båe tavlorne i handi,
4 主はかつて、かの集会の日に山で火の中からあなたがたに告げられた十誡を書きしるされたように、その板に書きしるし、それを主はわたしに授けられた。
og Herren skreiv på deim det same som han hadde skrive fyrre gongen: dei ti bodordi som han hadde tala til dykk på fjellet midt utor elden, samkomedagen, og han gav deim til meg.
5 それでわたしは身をめぐらして山から降り、その板を、わたしが作った箱におさめた。今なおその中にある。主がわたしに命じられたとおりである。
So snudde eg meg, og gjekk ned av fjellet, og lagde tavlorne i den kista eg hadde gjort, og der vart dei liggjande, soleis som Herren hadde sagt.
6 (こうしてイスラエルの人々はベエロテ・ベネ・ヤカンを出立してモセラに着いた。アロンはその所で死んでそこに葬られ、その子エレアザルが彼に代って祭司となった。
Sidan tok Israels-sønerne ut frå Bene-Ja’akan-brunnarne, og kom til Mosera; der døydde Aron, og der vart han gravlagd, og Eleazar, son hans, vart prest etter honom.
7 またそこを出立してグデゴダに至り、グデゴダを出立してヨテバタに着いた。この地には多くの水の流れがあった。
Derifrå for dei til Gudgoda, og frå Gudgoda til Jotbata, eit land med mange bekkjer.
8 その時、主はレビの部族を選んで、主の契約の箱をかつぎ、主の前に立って仕え、また主の名をもって祝福することをさせられた。この事は今日に及んでいる。
I den tidi skilde Herren ut Levi-ætti so dei skulde bera sambandskista åt Herren, og standa framfor Herrens andlit og tena honom, og lysa velsigning i hans namn, og so hev dei gjort til denne dag.
9 そのためレビは兄弟たちと一緒には分け前がなく、嗣業もない。あなたの神、主が彼に言われたとおり、主みずからが彼の嗣業であった。)
Difor fekk ikkje Levi nokon arvlut tilliks med brørne sine; Herren skal vera hans arv, soleis som han sjølv hev sagt med honom.
10 わたしは前の時のように四十日四十夜、山におったが、主はその時にもわたしの願いを聞かれた。主はあなたを滅ぼすことを望まれなかった。
«So var eg då på fjellet i fyrti jamdøger, liksom fyrre venda, og Herren høyrde bøni mi den gongen og; han vilde ikkje tyna deg.
11 そして主はわたしに『おまえは立ちあがり、民に先立って進み行き、わたしが彼らに与えると、その先祖に誓った地に彼らをはいらせ、それを取らせよ』と言われた。
So sagde Herren til meg: «Tak i vegen, og før folket lenger fram, so dei kann koma til det landet eg hev lova federne deira å gjeva deim!»»
12 イスラエルよ、今、あなたの神、主があなたに求められる事はなんであるか。ただこれだけである。すなわちあなたの神、主を恐れ、そのすべての道に歩んで、彼を愛し、心をつくし、精神をつくしてあなたの神、主に仕え、
Og no, Israel, kva er det Herren, din Gud, krev av deg, anna enn det at du skal ottast Herren, din Gud, og allstødt ganga på hans vegar, og elska og tena honom av heile ditt hjarta og heile din hug,
13 また、わたしがきょうあなたに命じる主の命令と定めとを守って、さいわいを得ることである。
og halda bodi og loverne hans, som eg ber fram for deg no, so det kann ganga deg vel!
14 見よ、天と、もろもろの天の天、および地と、地にあるものとはみな、あなたの神、主のものである。
Sjå, himmelen og alle himlar i himmelen, jordi og alt det som på henne er, høyrer Herren, din Gud, til.
15 そうであるのに、主はただあなたの先祖たちを喜び愛し、その後の子孫であるあなたがたを万民のうちから選ばれた。今日見るとおりである。
Men endå var det berre federne dine han lagde hug til og elska, og sidan kåra han ut dykk, ætti deira, framum alle andre folkeslag, soleis som me ser det i dag.
16 それゆえ、あなたがたは心に割礼をおこない、もはや強情であってはならない。
So bøyg då den stride hugen dykkar, og ver ikkje lenger so hardnakka!
17 あなたがたの神である主は、神の神、主の主、大いにして力ある恐るべき神にましまし、人をかたより見ず、また、まいないを取らず、
For Herren, dykkar Gud, han er Gud yver alle gudar og Herre yver alle herrar, den store, velduge, agelege Gud! Han gjer ikkje mannemun, og tek ikkje mutor;
18 みなし子とやもめのために正しいさばきを行い、また寄留の他国人を愛して、食物と着物を与えられるからである。
han hjelper den farlause og enkja til retten sin, og syter for dei framande so dei fær mat og klæde.
19 それゆえ、あなたがたは寄留の他国人を愛しなさい。あなたがたもエジプトの国で寄留の他国人であった。
Difor skal de og vera gode med dei framande; de var sjølve framande i Egyptarlandet.
20 あなたの神、主を恐れ、彼に仕え、彼に従い、その名をさして誓わなければならない。
Herren, din Gud, skal du ottast; honom skal du tena, og honom skal du halda deg til, og ved hans namn skal du sverja.
21 彼はあなたのさんびすべきもの、またあなたの神であって、あなたが目に見たこれらの大いなる恐るべき事を、あなたのために行われた。
Han skal vera det gildaste du veit; han er din Gud som for di skuld hev gjort alt dette store og agelege som du hev set for augo dine.
22 あなたの先祖たちは、わずか七十人でエジプトに下ったが、いま、あなたの神、主はあなたを天の星のように多くされた。
Sytti i talet for federne dine ned til Egyptarland, men no hev Herren, din Gud, auka dykk so de er mange som stjernorne på himmelen.

< 申命記 10 >