< 歴代誌Ⅱ 36 >

1 国の民はヨシヤの子エホアハズを立て、エルサレムでその父に代って王とならせた。
Folket i landet tok Joahaz Josiason og gjorde honom til konge i Jerusalem i staden for far hans.
2 エホアハズは王となった時二十三歳で、エルサレムで三月の間、世を治めたが、
Tri og tjuge år gamall var Joahaz då han vart konge, og tri månader styrde han i Jerusalem.
3 エジプトの王はエルサレムで彼を廃し、かつ銀百タラント、金一タラントの罰金を国に課した。
Men egyptarkongen sette honom av frå styret i Jerusalem og let landet bøta tvo hundrad og femti våger sylv og tvo og ein halv våg gull.
4 そしてエジプト王は彼の兄弟エリアキムをユダとエルサレムの王とし、その名をエホヤキムと改め、その兄弟エホアハズを捕えてエジプトへ引いて行った。
Og egyptarkongen gjorde Eljakim, bror hans, til konge yver Juda og Jerusalem, og han brigda namnet hans til Jojakim, Joahaz, bror hans derimot, tok Neko og førde til Egyptarland.
5 エホヤキムは王となった時二十五歳で、十一年の間エルサレムで世を治めた。彼はその神、主の前に悪を行った。
Fem og tjuge år gamall var Jojakim då han vart konge, og elleve år styrde han i Jerusalem. Han gjorde det som vondt var for Herren, hans Gud.
6 時に、バビロンの王ネブカデネザルが彼の所に攻め上り、彼をバビロンに引いて行こうとして、かせにつないだ。
Nebukadnessar, kongen i Babel, drog upp imot honom, og batt honom med koparlekkjor og vilde føra honom til Babel.
7 ネブカデネザルはまた主の宮の器物をバビロンに運んで行って、バビロンにあるその宮殿にそれをおさめた。
Og Nebukadnessar førde nokre av kjeraldi i Herrens hus til Babel og sette deim upp i templet sitt i Babel.
8 エホヤキムのその他の行為、その行った憎むべき事および彼がひそかに行った事などは、イスラエルとユダの列王の書にしるされている。その子エホヤキンが彼に代って王となった。
Det som elles er å fortelja um Jojakim og dei styggetingi som han gjorde, og anna vondt som fanst hjå honom, det er uppskrive i boki um Israels- og Juda-kongarne; Jojakin, son hans, vart konge i staden hans.
9 エホヤキンは王となった時八歳で、エルサレムで三月と十日の間、世を治め、主の前に悪を行った。
Attan år gamall var Jojakin då han vart konge, og tri månader og ti dagar styrde han i Jerusalem. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo.
10 年が改まり春になって、ネブカデネザル王は人をつかわして、彼を主の宮の尊い器物と共にバビロンに連れて行かせ、その兄弟ゼデキヤをユダとエルサレムの王とした。
Ved årsskiftet sende kong Nebukadnessar folk og førde honom til Babel saman med dei dyraste kjeraldi ifrå Herrens hus; og han gjorde Sidkia, bror hans, til konge yver Juda og Jerusalem.
11 ゼデキヤは王となった時二十一歳で、十一年の間エルサレムで世を治めた。
Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då han vart konge, og elleve år styrde han i Jerusalem.
12 彼はその神、主の前に悪を行い、主の言葉を伝える預言者エレミヤの前に、身をひくくしなかった。
Han gjorde det som var vondt i Herrens, hans Guds, augo; han audmykte seg ikkje for profeten Jeremia som tala ord frå Herrens munn.
13 彼はまた、彼に神をさして誓わせたネブカデネザル王にもそむいた。彼は強情で、その心をかたくなにして、イスラエルの神、主に立ち返らなかった。
Attpå gjorde han uppreist imot kong Nebukadnessar, som hadde teke honom i eid ved Gud; og han var ein stivnakke og gjorde hjarta sitt hardt, so han umvende seg ikkje til Herren, Israels Gud.
14 祭司のかしらたちおよび民らもまた、すべて異邦人のもろもろの憎むべき行為にならって、はなはだしく罪を犯し、主がエルサレムに聖別しておかれた主の宮を汚した。
Alle hovdingarne bland prestarne og folket gjorde mykjen utruskap og for med same styggedomen som heidningarne og sulka til Herrens hus, som han hadde helga i Jerusalem.
15 その先祖の神、主はその民と、すみかをあわれむがゆえに、しきりに、その使者を彼らにつかわされたが、
Herren, deira fedregud, sende fyretolor til deim seint og tidleg med sendebodi sine, av di han tykte synd i folket sitt og bustaden sin.
16 彼らが神の使者たちをあざけり、その言葉を軽んじ、その預言者たちをののしったので、主の怒りがその民に向かって起り、ついに救うことができないようになった。
Men dei spotta sendebodi for Gud, hædde ordi hans og svivyrde profetarne hans til dess Herrens harm reiste seg soleis imot folket hans, at det ikkje lenger var nokor botevon.
17 そこで主はカルデヤびとの王を彼らに攻めこさせられたので、彼はその聖所の家でつるぎをもって若者たちを殺し、若者をも、処女をも、老人をも、しらがの者をもあわれまなかった。主は彼らをことごとく彼の手に渡された。
Han sende kaldæarkongen imot deim, og han drap deira unge mannskap med sverd i det heilage huset deira og sparde korkje unggut eller ungmøy, gamall eller gråhærd. Alt gav han i hans hand.
18 彼は神の宮のもろもろの大小の器物、主の宮の貨財、王とそのつかさたちの貨財など、すべてこれをバビロンに携えて行き、
Alle kjeraldi i Guds hus, både store og små, skattarne i Herrens hus og skatterne åt kongen og hovdingarne hans, alt saman førde han til Babel.
19 神の宮を焼き、エルサレムの城壁をくずし、そのうちの宮殿をことごとく火で焼き、そのうちの尊い器物をことごとくこわした。
Dei brende upp Guds hus og reiv ned Jerusalems-muren, brende upp alle slotti der og øydelagde alle dei dyrverdige tingi som fanst der.
20 彼はまたつるぎをのがれた者どもを、バビロンに捕えて行って、彼とその子らの家来となし、ペルシャの国の興るまで、そうして置いた。
Deim som sverdet hadde leivt, førde han fangar til Babel, og der vert dei trælar for honom og sønerne hans til dess Persarriket kom til magti,
21 これはエレミヤの口によって伝えられた主の言葉の成就するためであった。こうして国はついにその安息をうけた。すなわちこれはその荒れている間、安息して、ついに七十年が満ちた。
so Herrens ord i Jeremias munn skulde verta uppfyllt, til dess landet fekk njota si kvild; alt med det låg i øyde, fekk det kvila til dess sytti år var lidne.
22 ペルシャ王クロスの元年に当り、主はエレミヤの口によって伝えた主の言葉を成就するため、ペルシャ王クロスの霊を感動されたので、王はあまねく国中にふれ示し、またそれを書き示して言った、
Men i det fyrste året åt Kyrus, kongen i Persia, vekte Herren hugen i persarkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike, og sende brev ikring med sovori kunngjering:
23 「ペルシャの王クロスはこう言う、『天の神、主は地上の国々をことごとくわたしに賜わって、主の宮をユダにあるエルサレムに建てることをわたしに命じられた。あなたがたのうち、その民である者は皆、その神、主の助けを得て上って行きなさい』」。
«So segjer Kyrus, kongen i Persia: «Alle kongerike på jordi hev Herren, Gud i himmelen, gjeve meg, og han hev lagt på meg at eg skal byggja honom eit hus i Jerusalem i Juda. Er det nokon millom dykk av alt hans folk, so vere Herren, hans Gud, med honom, og han drage upp dit!»»

< 歴代誌Ⅱ 36 >