< न्यायियों 18 >

1 उन दिनों में इस्राएलियों का कोई राजा न था। और उन्हीं दिनों में दानियों के गोत्र के लोग रहने के लिये कोई भाग ढूँढ़ रहे थे; क्योंकि इस्राएली गोत्रों के बीच उनका भाग उस समय तक न मिला था।
I den tidi fanst det ingen konge i Israel. Og i den tidi leita Dans-ætti etter eit odelsland til å busetja seg i; for det hadde ikkje til den dag falle nokon arvlut på deim, som på dei andre Israels-ætterne.
2 तब दानियों ने अपने समस्त कुल में से पाँच शूरवीरों को सोरा और एश्ताओल से देश का भेद लेने और उसमें छानबीन करने के लिये यह कहकर भेज दिया, “जाकर देश में छानबीन करो।” इसलिए वे एप्रैम के पहाड़ी देश में मीका के घर तक जाकर वहाँ टिक गए।
Dans-sønerne sende ut fem mann av heile si ætt, djerve karar frå Sora og Estaol, som skulde endefara landet og sjå det vel yver. «Far no i veg, » sagde dei til deim, «og sjå dykk vel um i landet!» Mennerne kom til garden hans Mika i Efraimsheidi, og vart der um natti.
3 जब वे मीका के घर के पास आए, तब उस जवान लेवीय का बोल पहचाना; इसलिए वहाँ मुड़कर उससे पूछा, “तुझे यहाँ कौन ले आया? और तू यहाँ क्या करता है? और यहाँ तेरे पास क्या है?”
For då dei for frammed husi hans Mika, kjende dei att målet åt den unge leviten, og so tok dei av vegen, og spurde honom: «Kven hev ført deg hit? Kva gjer du her, og korleis hev du det?»
4 उसने उनसे कहा, “मीका ने मुझसे ऐसा-ऐसा व्यवहार किया है, और मुझे नौकर रखा है, और मैं उसका पुरोहित हो गया हूँ।”
So sagde han deim kva Mika hadde gjort for honom, og at han hadde leigt honom til prest for seg.
5 उन्होंने उससे कहा, “परमेश्वर से सलाह ले, कि हम जान लें कि जो यात्रा हम करते हैं वह सफल होगी या नहीं।”
«Kjære deg, » sagde dei då, «spør Gud for oss um den ferdi me hev fyre oss, skal lukkast!»
6 पुरोहित ने उनसे कहा, “कुशल से चले जाओ। जो यात्रा तुम करते हो उस पर यहोवा की कृपादृष्टि है।”
«Det kann fara trygt!» svara presten «Herren hev augo med dykk på ferdi dykkar.»
7 तब वे पाँच मनुष्य चल निकले, और लैश को जाकर वहाँ के लोगों को देखा कि सीदोनियों के समान निडर, बेखटके, और शान्ति से रहते हैं; और इस देश का कोई अधिकारी नहीं है, जो उन्हें किसी काम में रोके, और ये सीदोनियों से दूर रहते हैं, और दूसरे मनुष्यों से कोई व्यवहार नहीं रखते।
Då for dei sin veg, dei fem mennerne, og kom til La’is; og dei såg at folket der i bygdi livde sutlaust, på same vis som sidonarane, roleg og sutlaust; det fanst ingen i landet som gjekk deim for nær i nokon ting, ingen einvaldsherre; langt var dei frå sidonarane, og hadde ikkje noko å gjera med anna folk.
8 तब वे सोरा और एश्ताओल को अपने भाइयों के पास गए, और उनके भाइयों ने उनसे पूछा, “तुम क्या समाचार ले आए हो?”
So kom dei heim att til frendarna sine i Sora og Estaol, og frendarne deira spurde: «Kva tidender kjem de med?»
9 उन्होंने कहा, “आओ, हम उन लोगों पर चढ़ाई करें; क्योंकि हमने उस देश को देखा कि वह बहुत अच्छा है। तुम क्यों चुपचाप रहते हो? वहाँ चलकर उस देश को अपने वश में कर लेने में आलस न करो।
«Kom, lat oss fara i veg og taka på La’is-buarne!» svara dei; «me hev skoda landet; det er eit ovgodt land. Og de sit berre og tegjer? Dryg ikkje med å taka på vegen til det landet og eigna det til dykk!
10 १० वहाँ पहुँचकर तुम निडर रहते हुए लोगों को, और लम्बा चौड़ा देश पाओगे; और परमेश्वर ने उसे तुम्हारे हाथ में दे दिया है। वह ऐसा स्थान है जिसमें पृथ्वी भर के किसी पदार्थ की घटी नहीं है।”
Når de kjem dit, kjem de til eit folk som ikkje kjem i hug nokon fåre, og landet er vidskått. Gud hev gjeve det i henderne dykkar, eit land der det ikkje vantar nokon verdeleg ting!»
11 ११ तब वहाँ से अर्थात् सोरा और एश्ताओल से दानियों के कुल के छः सौ पुरुषों ने युद्ध के हथियार बाँधकर प्रस्थान किया।
So for dei i vegen, seks hundrad fullvæpna mann av Dans-ætti, frå Sora og Estaol.
12 १२ उन्होंने जाकर यहूदा देश के किर्यत्यारीम नगर में डेरे खड़े किए। इस कारण उस स्थान का नाम महनेदान आज तक पड़ा है, वह तो किर्य्यत्यारीम के पश्चिम की ओर है।
Då dei var komne upp i høgdi, slo dei læger i Kirjat-Jearim i Judafylket; difor hev den staden vore kalla Dans-lægret alt til denne dag; det er vestanfor Kirjat-Jearim.
13 १३ वहाँ से वे आगे बढ़कर एप्रैम के पहाड़ी देश में मीका के घर के पास आए।
Derifrå for dei yver til Efraimsheidi, og kom til garden hans Mika.
14 १४ तब जो पाँच मनुष्य लैश के देश का भेद लेने गए थे, वे अपने भाइयों से कहने लगे, “क्या तुम जानते हो कि इन घरों में एक एपोद, कई एक गृहदेवता, एक खुदी और एक ढली हुई मूरत है? इसलिए अब सोचो, कि क्या करना चाहिये।”
Då tok dei til ords, dei fem mennerne som hadde vore til La’isbygdi og spæja, og dei sagde til landsmennerne sine: «Veit de at i desse husi er det ei gullkåpa og husgudar og eit gudebilæte med eit støypt fotstykke til? so veit de vel kva de lyt gjera!»
15 १५ वे उधर मुड़कर उस जवान लेवीय के घर गए, जो मीका का घर था, और उसका कुशल क्षेम पूछा।
So tok dei av vegen der, og kom til huset åt den unge leviten på garden hans Mika, og helsa på honom.
16 १६ और वे छः सौ दानी पुरुष फाटक में हथियार बाँधे हुए खड़े रहे।
Der stod no i portledet seks hundrad fullvæpna mann av Dans-ætti;
17 १७ और जो पाँच मनुष्य देश का भेद लेने गए थे, उन्होंने वहाँ घुसकर उस खुदी हुई मूरत, और एपोद, और गृहदेवताओं, और ढली हुई मूरत को ले लिया, और वह पुरोहित फाटक में उन हथियार बाँधे हुए छः सौ पुरुषों के संग खड़ा था।
og dei fem mennerne som hadde vore der i landet og spæja, gjekk upp på garden og inn i gudshuset, og tok gudsbilætet og gullkåpa og husgudarne og det støypte fotstykket, med presten stod i portledet hjå dei seks hundrad fullvæpna mennerne.
18 १८ जब वे पाँच मनुष्य मीका के घर में घुसकर खुदी हुई मूरत, एपोद, गृहदेवता, और ढली हुई मूरत को ले आए थे, तब पुरोहित ने उनसे पूछा, “यह तुम क्या करते हो?”
Då no desse kararne hadde vore inn i huset hans Mika og teke gudsbilætet med gullkåpa og husgudarne og det støypte fotstykket, so sagde presten til deim: «Kva er det de gjer!»
19 १९ उन्होंने उससे कहा, “चुप रह, अपने मुँह को हाथ से बन्द कर, और हम लोगों के संग चलकर, हमारे लिये पिता और पुरोहित बन। तेरे लिये क्या अच्छा है? यह, कि एक ही मनुष्य के घराने का पुरोहित हो, या यह, कि इस्राएलियों के एक गोत्र और कुल का पुरोहित हो?”
«Teg deg og agta munnen din!» svara dei. «Kom heller med oss, og ver far og prest for oss! Er det’kje mykje betre for deg å vera prest for ei heil ætt og grein av Israel enn for ein huslyd?»
20 २० तब पुरोहित प्रसन्न हुआ, इसलिए वह एपोद, गृहदेवता, और खुदी हुई मूरत को लेकर उन लोगों के संग चला गया।
Dette lika presten vel. Han tok gullkåpa og husgudarne og gudsbilætet, og gav seg med flokken.
21 २१ तब वे मुड़ें, और बाल-बच्चों, पशुओं, और सामान को अपने आगे करके चल दिए।
So snudde dei seg, og for av garde, og let kvinnorne og borni og bufeet og eignaluterne sine vera fremst i ferdi.
22 २२ जब वे मीका के घर से दूर निकल गए थे, तब जो मनुष्य मीका के घर के पासवाले घरों में रहते थे उन्होंने इकट्ठे होकर दानियों को जा लिया।
Dei var alt komne langt ifrå garden fyrr mennerne i grendi hans Mika fekk samla seg og nådde deim att.
23 २३ और दानियों को पुकारा, तब उन्होंने मुँह फेर के मीका से कहा, “तुझे क्या हुआ कि तू इतना बड़ा दल लिए आता है?”
Dei ropa etter Dans-sønerne, og dei vende seg og sagde til Mika: «Kva er tids, med di du hev samla folki dine?»
24 २४ उसने कहा, “तुम तो मेरे बनवाए हुए देवताओं और पुरोहित को ले चले हो; फिर मेरे पास क्या रह गया? तो तुम मुझसे क्यों पूछते हो कि तुझे क्या हुआ है?”
«De hev teke gudarne som eg hev gjort meg, og presten, og fare av garde med, » svara han; «kva hev eg so att? Og endå spør de meg kva er tids!»
25 २५ दानियों ने उससे कहा, “तेरा बोल हम लोगों में सुनाई न दे, कहीं ऐसा न हो कि क्रोधी जन तुम लोगों पर प्रहार करें और तू अपना और अपने घर के लोगों के भी प्राण को खो दे।”
Då sagde dei til honom: «Lat oss ikkje høyra eit ord av deg meir! Elles kunde hug-rame karar rjuka på dykk, og då kom du til å missa livet både du og dine.»
26 २६ तब दानियों ने अपना मार्ग लिया; और मीका यह देखकर कि वे मुझसे अधिक बलवन्त हैं फिरके अपने घर लौट गया।
So for dei sin veg, Dans-sønerne, og då Mika såg at dei var honom for sterke, snudde han um, og for heim att.
27 २७ तब वे मीका के बनवाए हुए पदार्थों और उसके पुरोहित को साथ ले लैश के पास आए, जिसके लोग शान्ति से और बिना खटके रहते थे, और उन्होंने उनको तलवार से मार डाला, और नगर को आग लगाकर फूँक दिया।
Då Dans-sønerne hadde teke alle dei ting som Mika hadde kosta seg, og presten som var hjå honom, kom dei brått yver La’is, yver eit folk som livde roleg og ikkje kom i hug nokon fåre; folket øydde dei med odd og egg, og byen brende dei upp.
28 २८ और कोई बचानेवाला न था, क्योंकि वह सीदोन से दूर था, और वे और मनुष्यों से कोई व्यवहार न रखते थे। और वह बेत्रहोब की तराई में था। तब उन्होंने नगर को दृढ़ किया, और उसमें रहने लगे।
Og det var ingen som hjelpte; for dei budde langt ifrå Sidon, og hadde ikkje noko å gjera med anna folk. Byen låg i Bet-Rehobdalen. Dans-sønerne bygde honom upp att og vart buande der;
29 २९ और उन्होंने उस नगर का नाम इस्राएल के एक पुत्र अपने मूलपुरुष दान के नाम पर दान रखा; परन्तु पहले तो उस नगर का नाम लैश था।
Dei kalla byen Dan etter ættefar sin, son åt Israel; fyrr heitte han La’is.
30 ३० तब दानियों ने उस खुदी हुई मूरत को खड़ा कर लिया; और देश की बँधुआई के समय वह योनातान जो गेर्शोम का पुत्र और मूसा का पोता था, वह और उसके वंश के लोग दान गोत्र के पुरोहित बने रहे।
Der sette dei upp att gudsbilætet, og Jonatan, son åt Gersom, Moses’ son, var prest for Dans-ætti, og so var etterkomarane hans alt til den dagen då landet vart øydt.
31 ३१ और जब तक परमेश्वर का भवन शीलो में बना रहा, तब तक वे मीका की खुदवाई हुई मूरत को स्थापित किए रहे।
Gudsbilætet som Mika hadde gjort seg, vart standande hjå deim so lenge Guds hus var i Silo.

< न्यायियों 18 >