< निर्गमन 35 >

1 मूसा ने इस्राएलियों की सारी मण्डली इकट्ठा करके उनसे कहा, “जिन कामों के करने की आज्ञा यहोवा ने दी है वे ये हैं।
Og Moses kalla i hop heile Israels lyden, og sagde med deim: «Høyr no kva Herren vil de skal gjera:
2 छः दिन तो काम-काज किया जाए, परन्तु सातवाँ दिन तुम्हारे लिये पवित्र और यहोवा के लिये पवित्र विश्राम का दिन ठहरे; उसमें जो कोई काम-काज करे वह मार डाला जाए;
Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal de halda heilag; han skal vera ein kviledag, vigd åt Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet.
3 वरन् विश्राम के दिन तुम अपने-अपने घरों में आग तक न जलाना।”
Ingen av dykk må kveikja upp eld i huset sitt på kviledagen.»
4 फिर मूसा ने इस्राएलियों की सारी मण्डली से कहा, “जिस बात की आज्ञा यहोवा ने दी है वह यह है।
Og endå sagde Moses med heile Israels-lyden: «Høyr no kva Herren segjer og vil:
5 तुम्हारे पास से यहोवा के लिये भेंट ली जाए, अर्थात् जितने अपनी इच्छा से देना चाहें वे यहोवा की भेंट करके ये वस्तुएँ ले आएँ; अर्थात् सोना, रुपा, पीतल;
«Tak ut ei reide til Herren av det som de eig! Alle som hev hjartelag til å gjeva noko, lyt koma med det, med reida til Herren: gull og sylv og kopar
6 नीले, बैंगनी और लाल रंग का कपड़ा, सूक्ष्म सनी का कपड़ा; बकरी का बाल,
og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn og geiteragg
7 लाल रंग से रंगी हुई मेढ़ों की खालें, सुइसों की खालें; बबूल की लकड़ी,
og raudlita verskinn og markuskinn og akazietre
8 उजियाला देने के लिये तेल, अभिषेक का तेल, और धूप के लिये सुगन्ध-द्रव्य,
og olje til ljosestaken og kryddor til salvingsoljen og til den angande røykjelsen
9 फिर एपोद और चपरास के लिये सुलैमानी मणि और जड़ने के लिये मणि।
og sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.
10 १० “तुम में से जितनों के हृदय में बुद्धि का प्रकाश है वे सब आकर जिस-जिस वस्तु की आज्ञा यहोवा ने दी है वे सब बनाएँ।
Og dei av dykk som hev kunstgivnad, skal koma og gjera alt det som Herren hev sagt:
11 ११ अर्थात् तम्बू, और आवरण समेत निवास, और उसकी घुंडी, तख्ते, बेंड़े, खम्भे और कुर्सियाँ;
huset med raggetæpi og taket og krokarne og plankarne og tverstokkarne og stolparne og stabbarne,
12 १२ फिर डंडों समेत सन्दूक, और प्रायश्चित का ढकना, और बीचवाला परदा;
kista og stengerne som ho skal berast etter, og kisteloket og forhengtæpet,
13 १३ डंडों और सब सामान समेत मेज, और भेंट की रोटियाँ;
bordet med berestengerne og alt anna som til høyrer, og skodebrødi,
14 १४ सामान और दीपकों समेत उजियाला देनेवाला दीवट, और उजियाला देने के लिये तेल;
den skinande ljosestaken med det som høyrer til, og lamporne og oljen til ljosestaken,
15 १५ डंडों समेत धूपवेदी, अभिषेक का तेल, सुगन्धित धूप, और निवास के द्वार का परदा;
røykjelsealtaret med berestengerne, som høyrer attåt, og salvingsoljen og den angande røykjelsen, og dørtæpet til husdøri,
16 १६ पीतल की झंझरी, डंडों आदि सारे सामान समेत होमवेदी, पाए समेत हौदी;
brennofferaltaret med kopargrindi og berestengerne og alt anna som høyrer til, balja med foten under,
17 १७ खम्भों और उनकी कुर्सियों समेत आँगन के पर्दे, और आँगन के द्वार के पर्दे;
lereftsgarden, som skal vera kring tunet, med stolparne som høyrer attåt, og stabbarne som dei skal standa på, og tæpet til tunporten,
18 १८ निवास और आँगन दोनों के खूँटे, और डोरियाँ;
pålarne til huset og til lereftsgarden og togi som skal bindast i deim,
19 १९ पवित्रस्थान में सेवा टहल करने के लिये काढ़े हुए वस्त्र, और याजक का काम करने के लिये हारून याजक के पवित्र वस्त्र, और उसके पुत्रों के वस्त्र भी।”
embætsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden åt Aron, presten, og presteklædi til sønerne hans.»»
20 २० तब इस्राएलियों की सारी मण्डली मूसा के सामने से लौट गई।
So gjekk heile Israels-lyden burt frå Moses,
21 २१ और जितनों को उत्साह हुआ, और जितनों के मन में ऐसी इच्छा उत्पन्न हुई थी, वे मिलापवाले तम्बू के काम करने और उसकी सारी सेवकाई और पवित्र वस्त्रों के बनाने के लिये यहोवा की भेंट ले आने लगे।
og sidan kom dei, so mange som hjarta mana og hugen dreiv, og bar fram reidor åt Herren til arbeidet på møtetjeldet og til all tenesta der og til dei heilage klædi.
22 २२ क्या स्त्री, क्या पुरुष, जितनों के मन में ऐसी इच्छा उत्पन्न हुई थी वे सब जुगनू, नथनी, मुंदरी, और कंगन आदि सोने के गहने ले आने लगे, इस भाँति जितने मनुष्य यहोवा के लिये सोने की भेंट के देनेवाले थे वे सब उनको ले आए।
Dei kom både menner og kvende, alle som hjarta dreiv, og hadde med seg allslags gull: spenne og øyreringar og fingerringar og kulelekkjor; og sameleis kom alle dei som vilde vigja eit gulloffer åt Herren.
23 २३ और जिस-जिस पुरुष के पास नीले, बैंगनी या लाल रंग का कपड़ा या सूक्ष्म सनी का कपड़ा, या बकरी का बाल, या लाल रंग से रंगी हुई मेढ़ों की खालें, या सुइसों की खालें थीं वे उन्हें ले आए।
Og alle som hadde purpur eller skarlak eller karmesin eller kvitt lingarn eller geiteragg eller raudlita verskinn eller markuskinn, dei kom med det.
24 २४ फिर जितने चाँदी, या पीतल की भेंट के देनेवाले थे वे यहोवा के लिये वैसी भेंट ले आए; और जिस जिसके पास सेवकाई के किसी काम के लिये बबूल की लकड़ी थी वे उसे ले आए।
Alle som vilde gjeva ei sylvreida eller ei koparreida, kom til Herren med reida si, og alle som hadde akazietre til noko av det som skulde arbeidast, dei kom med det.
25 २५ और जितनी स्त्रियों के हृदय में बुद्धि का प्रकाश था वे अपने हाथों से सूत कात-कातकर नीले, बैंगनी और लाल रंग के, और सूक्ष्म सनी के काते हुए सूत को ले आईं।
Kvar ei kona som skyna seg på sovore arbeid, spann med sine eigne hender, og kom med spunen: purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn.
26 २६ और जितनी स्त्रियों के मन में ऐसी बुद्धि का प्रकाश था उन्होंने बकरी के बाल भी काते।
Og alle kvende som hadde hug og dug til det, spann geiteragget.
27 २७ और प्रधान लोग एपोद और चपरास के लिये सुलैमानी मणि, और जड़ने के लिये मणि,
Hovdingarne kom med sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken,
28 २८ और उजियाला देने और अभिषेक और धूप के सुगन्ध-द्रव्य और तेल ले आए।
og med kryddor og olje til ljosestaken og til salvingsoljen og den angande røykjelsen.
29 २९ जिस-जिस वस्तु के बनाने की आज्ञा यहोवा ने मूसा के द्वारा दी थी उसके लिये जो कुछ आवश्यक था, उसे वे सब पुरुष और स्त्रियाँ ले आईं, जिनके हृदय में ऐसी इच्छा उत्पन्न हुई थी। इस प्रकार इस्राएली यहोवा के लिये अपनी ही इच्छा से भेंट ले आए।
Kvar mann og kona av Israels-folket som hjarta dreiv til å hjelpa til med det store verket som Herren hadde sett Moses til å gjera, dei kom viljugt med ei gåva til Herren.
30 ३० तब मूसा ने इस्राएलियों से कहा सुनो, “यहोवा ने यहूदा के गोत्रवाले बसलेल को, जो ऊरी का पुत्र और हूर का पोता है, नाम लेकर बुलाया है।
So sagde Moses til Israels-folket: «Høyr her! Herren hev kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti,
31 ३१ और उसने उसको परमेश्वर के आत्मा से ऐसा परिपूर्ण किया है कि सब प्रकार की बनावट के लिये उसको ऐसी बुद्धि, समझ, और ज्ञान मिला है,
og fyllt honom med guddomsånd, med kunstgivnad og vit og kunnskap og godt lag til alt handverk,
32 ३२ कि वह कारीगरी की युक्तियाँ निकालकर सोने, चाँदी, और पीतल में,
so han kann emna til fagre ting og smida deim ut i gull og i sylv og i kopar,
33 ३३ और जड़ने के लिये मणि काटने में और लकड़ी पर नक्काशी करने में, वरन् बुद्धि से सब भाँति की निकाली हुई बनावट में काम कर सके।
og ferda til glimesteinarne som skal setjast på presteskrudet, og skjera ut i tre, og greida allslags kunstarbeid.
34 ३४ फिर यहोवा ने उसके मन में और दान के गोत्रवाले अहीसामाक के पुत्र ओहोलीआब के मन में भी शिक्षा देने की शक्ति दी है।
Og gåva til å læra frå seg hev han lagt både i honom og Åhåliab, son åt Akhisamak, av Dans-ætti.
35 ३५ इन दोनों के हृदय को यहोवा ने ऐसी बुद्धि से परिपूर्ण किया है, कि वे नक्काशी करने और गढ़ने और नीले, बैंगनी और लाल रंग के कपड़े, और सूक्ष्म सनी के कपड़े में काढ़ने और बुनने, वरन् सब प्रकार की बनावट में, और बुद्धि से काम निकालने में सब भाँति के काम करें।
Han hev fyllt deim med kunstnarånd, so dei kann både smida og snikra, og gjera åklæde med innvovne bilæte og rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn, og veva kva dei vil, alt arbeid kann dei greida, og kunstverk kann dei skapa.

< निर्गमन 35 >