< 1 राजा 19 >

1 जब अहाब ने ईजेबेल को एलिय्याह के सब काम विस्तार से बताए कि उसने सब नबियों को तलवार से किस प्रकार मार डाला।
Ahab fortalde Jezabel alt det som Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetarne med sverd.
2 तब ईजेबेल ने एलिय्याह के पास एक दूत के द्वारा कहला भेजा, “यदि मैं कल इसी समय तक तेरा प्राण उनका सा न कर डालूँ तो देवता मेरे साथ वैसा ही वरन् उससे भी अधिक करें।”
Då sende Jezabel eit bod til Elia med dei ordi: «Gudarne late meg bøta både no og sidan, um eg ikkje i morgon ved denne tid skal lata ditt liv få same lagnad som kvar av hine.»
3 यह देख एलिय्याह अपना प्राण लेकर भागा, और यहूदा के बेर्शेबा को पहुँचकर अपने सेवक को वहीं छोड़ दिया।
Og då han fekk den greida, tok han ut og rømde for livet, og han kom til Be’erseba, som høyrer til Juda; der let han drengen sin vera att.
4 और आप जंगल में एक दिन के मार्ग पर जाकर एक झाऊ के पेड़ के तले बैठ गया, वहाँ उसने यह कहकर अपनी मृत्यु माँगी, “हे यहोवा बस है, अब मेरा प्राण ले ले, क्योंकि मैं अपने पुरखाओं से अच्छा नहीं हूँ।”
Men sjølv gjekk han ei dagsleid ut i øydemarki. Der sette han seg under ein einerunne, og han ynskte at han måtte få døy, og sagde: «No er det nok; Herre, tak no livet mitt, for eg er ikkje betre enn federne mine.»
5 वह झाऊ के पेड़ तले लेटकर सो गया और देखो एक दूत ने उसे छूकर कहा, “उठकर खा।”
So lagde han seg til å sovna under ein einerunne. Men då tok ein engel i honom og sagde: «Statt upp og et!»
6 उसने दृष्टि करके क्या देखा कि मेरे सिरहाने पत्थरों पर पकी हुई एक रोटी, और एक सुराही पानी रखा है; तब उसने खाया और पिया और फिर लेट गया।
Og då han skulde sjå til, so låg det ved hovudgjerdi hans ei kaka steikt på gloande steinar, og det stod ei krukke med vatn; og han åt og drakk og lagde seg att.
7 दूसरी बार यहोवा का दूत आया और उसे छूकर कहा, “उठकर खा, क्योंकि तुझे बहुत लम्बी यात्रा करनी है।”
Då kom Herrens engel att andre gongen og tok i honom og sagde: «Statt upp og et! For elles vert vegen for lang for deg.»
8 तब उसने उठकर खाया पिया; और उसी भोजन से बल पाकर चालीस दिन-रात चलते-चलते परमेश्वर के पर्वत होरेब को पहुँचा।
Og han stod upp og åt og drakk, og styrkt av denne maten gjekk han i fyrti dagar og fyrti netter alt til Gudsfjellet Horeb.
9 वहाँ वह एक गुफा में जाकर टिका और यहोवा का यह वचन उसके पास पहुँचा, “हे एलिय्याह तेरा यहाँ क्या काम?”
Der gjekk han inn i ein heller og var der um natti. Då kom Herrens ord til honom; han sagde til honom: «Kva vil du her, Elia?»
10 १० उसने उत्तर दिया “सेनाओं के परमेश्वर यहोवा के निमित्त मुझे बड़ी जलन हुई है, क्योंकि इस्राएलियों ने तेरी वाचा टाल दी, तेरी वेदियों को गिरा दिया, और तेरे नबियों को तलवार से घात किया है, और मैं ही अकेला रह गया हूँ; और वे मेरे प्राणों के भी खोजी हैं।”
Og han svara: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, allhers Gud; for Israels-borni hev vendt seg burt ifrå sambandet ditt; altari dine hev dei rive ned, og profetarne dine hev dei drepe med sverd; eg er att åleine, og dei stend meg etter livet.»
11 ११ उसने कहा, “निकलकर यहोवा के सम्मुख पर्वत पर खड़ा हो।” और यहोवा पास से होकर चला, और यहोवा के सामने एक बड़ी प्रचण्ड आँधी से पहाड़ फटने और चट्टानें टूटने लगीं, तो भी यहोवा उस आँधी में न था; फिर आँधी के बाद भूकम्प हुआ, तो भी यहोवा उस भूकम्प में न था।
Då sagde han: «Gakk ut og statt på fjellet for Herrens åsyn!» Og so gjekk Herren framum der. Fyre Herren kom det ein stor og veldug storm, so fjell rivna og klettar klovna; Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det ein jordskjelv; Herren var ikkje i jordskjelven.
12 १२ फिर भूकम्प के बाद आग दिखाई दी, तो भी यहोवा उस आग में न था; फिर आग के बाद एक दबा हुआ धीमा शब्द सुनाई दिया।
Etter jordskjelven kom det eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden høyrdest ei mild susing.
13 १३ यह सुनते ही एलिय्याह ने अपना मुँह चद्दर से ढाँपा, और बाहर जाकर गुफा के द्वार पर खड़ा हुआ। फिर एक शब्द उसे सुनाई दिया, “हे एलिय्याह तेरा यहाँ क्या काम?”
So snart Elia høyrde det, sveipte han andlitet inn i kappa si og gjekk ut og stod ved inngangen til helleren. Då tala ei røyst til honom og sagde: «Kva vil du her, Elia?»
14 १४ उसने कहा, “मुझे सेनाओं के परमेश्वर यहोवा के निमित्त बड़ी जलन हुई, क्योंकि इस्राएलियों ने तेरी वाचा टाल दी, और तेरी वेदियों को गिरा दिया है और तेरे नबियों को तलवार से घात किया है; और मैं ही अकेला रह गया हूँ; और वे मेरे प्राणों के भी खोजी हैं।”
Og han svara: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, Allhers Gud; for Israels-borni hev vendt seg burt frå sambandet ditt; altari dine hev dei rive ned, og profetarne dine hev dei drepe med sverd; eg er att åleine, og dei stend meg etter livet.»
15 १५ यहोवा ने उससे कहा, “लौटकर दमिश्क के जंगल को जा, और वहाँ पहुँचकर अराम का राजा होने के लिये हजाएल का,
Herren sagde til honom: «Far no attende og tak vegen til Damaskusheidi, og gakk inn i byen og salva Hazael til konge yver Syria!
16 १६ और इस्राएल का राजा होने को निमशी के पोते येहू का, और अपने स्थान पर नबी होने के लिये आबेल-महोला के शापात के पुत्र एलीशा का अभिषेक करना।
Og Jehu Nimsison skal du salva til konge yver Israel, og Elisa Safatsson frå Abel-Mehola, skal du salva til profet i din stad.
17 १७ और हजाएल की तलवार से जो कोई बच जाए उसको येहू मार डालेगा; और जो कोई येहू की तलवार से बच जाए उसको एलीशा मार डालेगा।
Då skal det ganga so: Den som slepp undan Hazael-sverdet, honom skal Jehu drepa, og den som slepp undan Jehu-sverdet, skal Elisa drepa.
18 १८ तो भी मैं सात हजार इस्राएलियों को बचा रखूँगा। ये तो वे सब हैं, जिन्होंने न तो बाल के आगे घुटने टेके, और न मुँह से उसे चूमा है।”
Men eg vil lata sju tusund vera att i Israel, alle dei kne som ikkje hev bøygt seg for Ba’al, og kvar munn som ikkje hev gjeve honom hyllingskyss.»
19 १९ तब वह वहाँ से चल दिया, और शापात का पुत्र एलीशा उसे मिला जो बारह जोड़ी बैल अपने आगे किए हुए आप बारहवीं के साथ होकर हल जोत रहा था। उसके पास जाकर एलिय्याह ने अपनी चद्दर उस पर डाल दी।
Då han gjekk derifrå, råka han på Elisa Safatsson, som heldt på og pløgde; tolv par uksar gjekk fyre honom, og sjølv køyrde han det tolvte paret. Og Elia gjekk burt til honom og kasta kappa si på honom.
20 २० तब वह बैलों को छोड़कर एलिय्याह के पीछे दौड़ा, और कहने लगा, “मुझे अपने माता-पिता को चूमने दे, तब मैं तेरे पीछे चलूँगा।” उसने कहा, “लौट जा, मैंने तुझ से क्या किया है?”
Då slepte han uksarne og sprang etter Elia og sagde: «Lat meg få kyssa far min og mor mi, so skal eg fylgja deg!» Han sagde til honom: «Snu heim att då! Men kom i hug kva eg hev gjort med deg!»
21 २१ तब वह उसके पीछे से लौट गया, और एक जोड़ी बैल लेकर बलि किए, और बैलों का सामान जलाकर उनका माँस पका के अपने लोगों को दे दिया, और उन्होंने खाया; तब वह कमर बाँधकर एलिय्याह के पीछे चला, और उसकी सेवा टहल करने लगा।
So gjekk han ifrå honom att og tok dei tvo uksarne og slagta deim, og med oket åt uksarne koka han kjøtet deira og gav folket, og dei åt. Sidan tok han ut og fylgde Elia og vart tenaren hans.

< 1 राजा 19 >