< תְהִלִּים 106 >
הַֽלְלוּיָ֨הּ ׀ הֹוד֣וּ לַיהוָ֣ה כִּי־טֹ֑וב כִּ֖י לְעֹולָ֣ם חַסְדֹּֽו׃ | 1 |
Halleluja! Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
מִ֗י יְ֭מַלֵּל גְּבוּרֹ֣ות יְהוָ֑ה יַ֝שְׁמִ֗יעַ כָּל־תְּהִלָּתֹֽו׃ | 2 |
Kven kann fullt ut nemna Herrens velduge verk, forkynna all hans lov?
אַ֭שְׁרֵי שֹׁמְרֵ֣י מִשְׁפָּ֑ט עֹשֵׂ֖ה צְדָקָ֣ה בְכָל־עֵֽת׃ | 3 |
Sæle er dei som tek vare på det som rett er, den som gjer rettferd til kvar tid!
זָכְרֵ֣נִי יְ֭הוָה בִּרְצֹ֣ון עַמֶּ֑ךָ פָּ֝קְדֵ֗נִי בִּישׁוּעָתֶֽךָ׃ | 4 |
Herre, kom meg i hug med den godhug du hev for ditt folk, gjesta meg med di frelsa!
לִרְאֹ֤ות ׀ בְּטֹ֘ובַ֤ת בְּחִירֶ֗יךָ לִ֭שְׂמֹחַ בְּשִׂמְחַ֣ת גֹּויֶ֑ךָ לְ֝הִתְהַלֵּ֗ל עִם־נַחֲלָתֶֽךָ׃ | 5 |
so eg kann skoda lukka åt dine utvalde, gleda meg med ditt folks gleda, rosa meg med din arv.
חָטָ֥אנוּ עִם־אֲבֹותֵ֗ינוּ הֶעֱוִ֥ינוּ הִרְשָֽׁעְנוּ׃ | 6 |
Me hev synda med våre feder, me hev gjort ille, me hev vore ugudlege.
אֲבֹ֘ותֵ֤ינוּ בְמִצְרַ֨יִם ׀ לֹא־הִשְׂכִּ֬ילוּ נִפְלְאֹותֶ֗יךָ לֹ֣א זָ֭כְרוּ אֶת־רֹ֣ב חֲסָדֶ֑יךָ וַיַּמְר֖וּ עַל־יָ֣ם בְּיַם־סֽוּף׃ | 7 |
Våre feder i Egyptarland agta ikkje på dine under, dei kom ikkje i hug dine mange nådegjerningar, men dei var tråssuge ved havet, ved Raudehavet.
וַֽ֭יֹּושִׁיעֵם לְמַ֣עַן שְׁמֹ֑ו לְ֝הֹודִ֗יעַ אֶת־גְּבוּרָתֹֽו׃ | 8 |
Men endå frelste han deim for sitt namn skuld, av di han vilde kunngjera si magt,
וַיִּגְעַ֣ר בְּיַם־ס֭וּף וֽ͏ַיֶּחֱרָ֑ב וַיֹּולִיכֵ֥ם בַּ֝תְּהֹמֹ֗ות כַּמִּדְבָּֽר׃ | 9 |
og han truga Raudehavet so det vart turt, og han let deim ganga gjenom djupi som på slette marki,
וַֽ֭יֹּושִׁיעֵם מִיַּ֣ד שֹׂונֵ֑א וַ֝יִּגְאָלֵ֗ם מִיַּ֥ד אֹויֵֽב׃ | 10 |
og han frelste deim frå hans hand som hata deim, og løyste deim ut or fiendehand,
וַיְכַסּוּ־מַ֥יִם צָרֵיהֶ֑ם אֶחָ֥ד מֵ֝הֶ֗ם לֹ֣א נֹותָֽר׃ | 11 |
og vatn gøymde deira motstandarar, ikkje ein vart att av deim.
וַיַּאֲמִ֥ינוּ בִדְבָרָ֑יו יָ֝שִׁ֗ירוּ תְּהִלָּתֹֽו׃ | 12 |
Då trudde dei på ordi hans, då song dei hans lov.
מִֽ֭הֲרוּ שָׁכְח֣וּ מַעֲשָׂ֑יו לֹֽא־חִ֝כּ֗וּ לַעֲצָתֹֽו׃ | 13 |
Men snart gløymde dei hans gjerningar, dei bia ikkje på hans råd;
וַיִּתְאַוּ֣וּ תַ֭אֲוָה בַּמִּדְבָּ֑ר וַיְנַסּוּ־אֵ֝֗ל בִּֽישִׁימֹֽון׃ | 14 |
men dei fekk ein gir i seg i øydemarki, og dei freista Gud på den ubygde stad.
וַיִּתֵּ֣ן לָ֭הֶם שֶׁאֱלָתָ֑ם וַיְשַׁלַּ֖ח רָזֹ֣ון בְּנַפְשָֽׁם׃ | 15 |
Då gav han deim det dei vilde hava, men sende tærande sjukdom yver deira liv.
וַיְקַנְא֣וּ לְ֭מֹשֶׁה בַּֽמַּחֲנֶ֑ה לְ֝אַהֲרֹ֗ן קְדֹ֣ושׁ יְהוָֽה׃ | 16 |
Og dei vart ovundsjuke på Moses i lægret, på Aron, Herrens heilage.
תִּפְתַּח־אֶ֭רֶץ וַתִּבְלַ֣ע דָּתָ֑ן וַ֝תְּכַ֗ס עַל־עֲדַ֥ת אֲבִירָֽם׃ | 17 |
Då opna jordi seg og slukte Datan, og ho let seg att yver flokken åt Abiram,
וַתִּבְעַר־אֵ֥שׁ בַּעֲדָתָ֑ם לֶ֝הָבָ֗ה תְּלַהֵ֥ט רְשָׁעִֽים׃ | 18 |
og det kveiktest eld på flokken deira, ein loge brende upp dei ugudlege.
יַעֲשׂוּ־עֵ֥גֶל בְּחֹרֵ֑ב וַ֝יִּשְׁתַּחֲו֗וּ לְמַסֵּכָֽה׃ | 19 |
Dei gjorde ein kalv ved Horeb og tilbad eit støypt bilæte,
וַיָּמִ֥ירוּ אֶת־כְּבֹודָ֑ם בְּתַבְנִ֥ית שֹׁ֝֗ור אֹכֵ֥ל עֵֽשֶׂב׃ | 20 |
og dei bytte burt si æra for bilætet av ein ukse som et gras.
שָׁ֭כְחוּ אֵ֣ל מֹושִׁיעָ֑ם עֹשֶׂ֖ה גְדֹלֹ֣ות בְּמִצְרָֽיִם׃ | 21 |
Dei gløymde Gud, sin frelsar, som hadde gjort store ting i Egyptarland,
נִ֭פְלָאֹות בְּאֶ֣רֶץ חָ֑ם נֹ֝ורָאֹ֗ות עַל־יַם־סֽוּף׃ | 22 |
undergjerningar i Khams land, skræmelege ting ved Raudehavet.
וַיֹּ֗אמֶר לְֽהַשְׁמִ֫ידָ֥ם לוּלֵ֡י מֹ֘שֶׁ֤ה בְחִירֹ֗ו עָמַ֣ד בַּפֶּ֣רֶץ לְפָנָ֑יו לְהָשִׁ֥יב חֲ֝מָתֹ֗ו מֵֽהַשְׁחִֽית׃ | 23 |
Og han tenktest til å tyna deim, dersom ikkje Moses, hans utvalde, hadde kasta seg imillom for hans åsyn til å avvenda hans vreide, at han ikkje skulde øydeleggja.
וַֽ֭יִּמְאֲסוּ בְּאֶ֣רֶץ חֶמְדָּ֑ה לֹֽא־הֶ֝אֱמִ֗ינוּ לִדְבָרֹֽו׃ | 24 |
Og dei vanvyrde det herlege landet, dei trudde ikkje ordet hans,
וַיֵּרָגְנ֥וּ בְאָהֳלֵיהֶ֑ם לֹ֥א שָׁ֝מְע֗וּ בְּקֹ֣ול יְהוָֽה׃ | 25 |
og dei knurra i sine tjeld, høyrde ikkje på Herrens røyst.
וַיִּשָּׂ֣א יָדֹ֣ו לָהֶ֑ם לְהַפִּ֥יל אֹ֝ותָ֗ם בַּמִּדְבָּֽר׃ | 26 |
Då lyfte han si hand imot deim til å slå deim ned i øydemarki,
וּלְהַפִּ֣יל זַ֭רְעָם בַּגֹּויִ֑ם וּ֝לְזָרֹותָ֗ם בָּאֲרָצֹֽות׃ | 27 |
og slå deira etterkomarar ned millom heidningarne og spreida deim kring i landi.
וַ֭יִּצָּ֣מְדוּ לְבַ֣עַל פְּעֹ֑ור וַ֝יֹּאכְל֗וּ זִבְחֵ֥י מֵתִֽים׃ | 28 |
Og dei batt seg saman med Ba’al-Peor, og dei åt av offer til dei daude,
וַ֭יַּכְעִיסוּ בְּמַֽעַלְלֵיהֶ֑ם וַתִּפְרָץ־בָּ֝֗ם מַגֵּפָֽה׃ | 29 |
og dei vekte harm ved si åtferd, og ei plåga braut ut millom deim.
וַיַּעֲמֹ֣ד פִּֽ֭ינְחָס וַיְפַלֵּ֑ל וַ֝תֵּעָצַ֗ר הַמַּגֵּפָֽה׃ | 30 |
Då stod Pinehas fram og heldt dom, og plåga stilltest;
וַתֵּחָ֣שֶׁב לֹ֭ו לִצְדָקָ֑ה לְדֹ֥ר וָ֝דֹ֗ר עַד־עֹולָֽם׃ | 31 |
og det vart rekna honom til rettferd frå ætt til ætt æveleg.
וַ֭יַּקְצִיפוּ עַל־מֵ֥י מְרִיבָ֑ה וַיֵּ֥רַע לְ֝מֹשֶׁ֗ה בַּעֲבוּרָֽם׃ | 32 |
Og dei vekte vreide ved Meribavatnet, og det gjekk Moses ille for deira skuld;
כִּֽי־הִמְר֥וּ אֶת־רוּחֹ֑ו וַ֝יְבַטֵּ֗א בִּשְׂפָתָֽיו׃ | 33 |
for dei var tråssuge mot hans ande, og han tala tankelaust med sine lippor.
לֹֽא־הִ֭שְׁמִידוּ אֶת־הָֽעַמִּ֑ים אֲשֶׁ֤ר אָמַ֖ר יְהוָ֣ה לָהֶֽם׃ | 34 |
Dei øydelagde ikkje dei folki som Herren hadde tala med deim um,
וַיִּתְעָרְב֥וּ בַגֹּויִ֑ם וַֽ֝יִּלְמְד֗וּ מַֽעֲשֵׂיהֶֽם׃ | 35 |
men dei blanda seg med heidningarne og lærde deira gjerningar,
וַיַּעַבְד֥וּ אֶת־עֲצַבֵּיהֶ֑ם וַיִּהְי֖וּ לָהֶ֣ם לְמֹוקֵֽשׁ׃ | 36 |
og dei tente deira avgudar, og desse vart deim til ei snara,
וַיִּזְבְּח֣וּ אֶת־בְּ֭נֵיהֶם וְאֶת־בְּנֹֽותֵיהֶ֗ם לַשֵּֽׁדִים׃ | 37 |
og dei ofra sine søner og døtter til magterne,
וַיִּֽשְׁפְּכ֨וּ דָ֪ם נָקִ֡י דַּם־בְּנֵ֘יהֶ֤ם וּֽבְנֹותֵיהֶ֗ם אֲשֶׁ֣ר זִ֭בְּחוּ לַעֲצַבֵּ֣י כְנָ֑עַן וַתֶּחֱנַ֥ף הָ֝אָ֗רֶץ בַּדָּמִֽים׃ | 38 |
og dei rende ut skuldlaust blod, blod av sine søner og døtter som dei ofra til Kana’ans avgudar, og landet vart vanhelga med blodskuld.
וַיִּטְמְא֥וּ בְמַעֲשֵׂיהֶ֑ם וַ֝יִּזְ֗נוּ בְּמַֽעַלְלֵיהֶֽם׃ | 39 |
Og dei vart ureine ved sine gjerningar og dreiv hor ved si åtferd.
וַיִּֽחַר־אַ֣ף יְהוָ֣ה בְּעַמֹּ֑ו וַ֝יְתָעֵ֗ב אֶת־נַחֲלָתֹֽו׃ | 40 |
Då loga Herrens vreide upp imot hans folk, og han stygdest ved sin arv.
וַיִּתְּנֵ֥ם בְּיַד־גֹּויִ֑ם וַֽיִּמְשְׁל֥וּ בָ֝הֶ֗ם שֹׂנְאֵיהֶֽם׃ | 41 |
Og han gav deim i handi på heidningar, og dei som hata deim, vart herrar yver deim,
וַיִּלְחָצ֥וּם אֹויְבֵיהֶ֑ם וַ֝יִּכָּנְע֗וּ תַּ֣חַת יָדָֽם׃ | 42 |
og deira fiendar trengde deim, og dei laut bøygja seg under deira hand.
פְּעָמִ֥ים רַבֹּ֗ות יַצִּ֫ילֵ֥ם וְ֭הֵמָּה יַמְר֣וּ בַעֲצָתָ֑ם וַ֝יָּמֹ֗כּוּ בַּעֲוֹנָֽם׃ | 43 |
Mange gonger fria han deim ut, men dei var tråssuge og sjølvrådige, og dei kom reint i vesaldom for si misgjerning.
וַ֭יַּרְא בַּצַּ֣ר לָהֶ֑ם בְּ֝שָׁמְעֹ֗ו אֶת־רִנָּתָֽם׃ | 44 |
Men han såg til deim då dei var i naud, med di han høyrde deira klagerop.
וַיִּזְכֹּ֣ר לָהֶ֣ם בְּרִיתֹ֑ו וַ֝יִּנָּחֵ֗ם כְּרֹ֣ב חַסְדֹּו (חֲסָדָֽיו)׃ | 45 |
Og han kom i hug si pakt for deim, og han ynkast etter si store miskunn.
וַיִּתֵּ֣ן אֹותָ֣ם לְרַחֲמִ֑ים לִ֝פְנֵ֛י כָּל־שֹׁובֵיהֶֽם׃ | 46 |
Og han let deim finna miskunn hjå alle som hadde fanga deim.
הֹושִׁיעֵ֨נוּ ׀ יְה֘וָ֤ה אֱלֹהֵ֗ינוּ וְקַבְּצֵנוּ֮ מִֽן־הַגֹּ֫ויִ֥ם לְ֭הֹדֹות לְשֵׁ֣ם קָדְשֶׁ֑ךָ לְ֝הִשְׁתַּבֵּ֗חַ בִּתְהִלָּתֶֽךָ׃ | 47 |
Frels oss, Herre vår Gud, og samla oss frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov!
בָּר֤וּךְ־יְהוָ֨ה אֱלֹהֵ֪י יִשְׂרָאֵ֡ל מִן־הָ֤עֹולָ֨ם ׀ וְעַ֬ד הָעֹולָ֗ם וְאָמַ֖ר כָּל־הָעָ֥ם אָמֵ֗ן הַֽלְלוּ־יָֽהּ׃ | 48 |
Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Og alt folket segje: Amen. Halleluja!