< מִשְׁלֵי 21 >
פַּלְגֵי־מַ֣יִם לֶב־מֶ֭לֶךְ בְּיַד־יְהוָ֑ה עַֽל־כָּל־אֲשֶׁ֖ר יַחְפֹּ֣ץ יַטֶּֽנּוּ׃ | 1 |
Konungs hjarta er i Herrens hand som bekkjer, han vender det kvar helst han vil.
כָּֽל־דֶּרֶךְ־אִ֭ישׁ יָשָׁ֣ר בְּעֵינָ֑יו וְתֹכֵ֖ן לִבֹּ֣ות יְהוָֽה׃ | 2 |
Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rett, men det er Herren som prøver hjarto.
עֲ֭שֹׂה צְדָקָ֣ה וּמִשְׁפָּ֑ט נִבְחָ֖ר לַיהוָ֣ה מִזָּֽבַח׃ | 3 |
At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren enn offer.
רוּם־עֵ֭ינַיִם וּרְחַב־לֵ֑ב נִ֖ר רְשָׁעִ֣ים חַטָּֽאת׃ | 4 |
Ovmods augo og sjølvgodt hjarta - lampa åt gudlause folk er synd.
מַחְשְׁבֹ֣ות חָ֭רוּץ אַךְ־לְמֹותָ֑ר וְכָל־אָ֝֗ץ אַךְ־לְמַחְסֹֽור׃ | 5 |
Umtanke hjå den annsame er berre til vinning, men hastverk berre til tap.
פֹּ֣עַל אֹ֭וצָרֹות בִּלְשֹׁ֣ון שָׁ֑קֶר הֶ֥בֶל נִ֝דָּ֗ף מְבַקְשֵׁי־מָֽוֶת׃ | 6 |
Skattevinning med ljugartunga er ein kvervande pust av deim som søkjer dauden.
שֹׁד־רְשָׁעִ֥ים יְגֹורֵ֑ם כִּ֥י מֵ֝אֲנ֗וּ לַעֲשֹׂ֥ות מִשְׁפָּֽט׃ | 7 |
Den vald dei gudlause gjer, skal riva deim sjølve burt, for det som er, vil dei ikkje gjera.
הֲפַכְפַּ֬ךְ דֶּ֣רֶךְ אִ֣ישׁ וָזָ֑ר וְ֝זַ֗ךְ יָשָׁ֥ר פָּעֳלֹֽו׃ | 8 |
Skuldig mann gjeng krokut veg, men den reine - han gjer si gjerning beint fram.
טֹ֗וב לָשֶׁ֥בֶת עַל־פִּנַּת־גָּ֑ג מֵאֵ֥שֶׁת מִ֝דְיָנִ֗ים וּבֵ֥ית חָֽבֶר׃ | 9 |
Betre å bu i ei krå på taket enn å ha sams hus med trettekjær kvinna.
נֶ֣פֶשׁ רָ֭שָׁע אִוְּתָה־רָ֑ע לֹא־יֻחַ֖ן בְּעֵינָ֣יו רֵעֵֽהוּ׃ | 10 |
Ugudleg manns sjæl hev hug til det vonde, hans næste finn ikkje miskunn hjå honom.
בַּעְנָשׁ־לֵ֭ץ יֶחְכַּם־פֶּ֑תִי וּבְהַשְׂכִּ֥יל לְ֝חָכָ֗ם יִקַּח־דָּֽעַת׃ | 11 |
Refser du spottaren, vert uvitingen vis, og lærer du vismannen, tek han mot kunnskap.
מַשְׂכִּ֣יל צַ֭דִּיק לְבֵ֣ית רָשָׁ֑ע מְסַלֵּ֖ף רְשָׁעִ֣ים לָרָֽע׃ | 12 |
Ein rettferdig agtar på gudlause-hus, han støyter dei gudlause ned i ulukka.
אֹטֵ֣ם אָ֭זְנֹו מִזַּעֲקַת־דָּ֑ל גַּֽם־ה֥וּא יִ֝קְרָ֗א וְלֹ֣א יֵעָנֶֽה׃ | 13 |
Dytter du øyra til for armings rop, skal sjølv du ropa og ikkje få svar.
מַתָּ֣ן בַּ֭סֵּתֶר יִכְפֶּה־אָ֑ף וְשֹׁ֥חַד בַּ֝חֵ֗ק חֵמָ֥ה עַזָּֽה׃ | 14 |
Gåva i løyndom stiller vreide, og gjeving i barmen stiller største harmen.
שִׂמְחָ֣ה לַ֭צַּדִּיק עֲשֹׂ֣ות מִשְׁפָּ֑ט וּ֝מְחִתָּ֗ה לְפֹ֣עֲלֵי אָֽוֶן׃ | 15 |
Det er ei gleda for rettferdig mann å gjera rett, men ei rædsla for illgjerningsmenner.
אָדָ֗ם תֹּ֭ועֶה מִדֶּ֣רֶךְ הַשְׂכֵּ֑ל בִּקְהַ֖ל רְפָאִ֣ים יָנֽוּחַ׃ | 16 |
Den som viller seg burt frå klokskaps veg, han skal hamna i skuggeheimen.
אִ֣ישׁ מַ֭חְסֹור אֹהֵ֣ב שִׂמְחָ֑ה אֹהֵ֥ב יַֽיִן־וָ֝שֶׁ֗מֶן לֹ֣א יַעֲשִֽׁיר׃ | 17 |
Ein fatigmann vert den som elskar moro, ei vert han rik som elskar vin og olje.
כֹּ֣פֶר לַצַּדִּ֣יק רָשָׁ֑ע וְתַ֖חַת יְשָׁרִ֣ים בֹּוגֵֽד׃ | 18 |
Den gudlause vert løysepeng for den rettferdige, og utru kjem i staden for den ærlege.
טֹ֗וב שֶׁ֥בֶת בְּאֶֽרֶץ־מִדְבָּ֑ר מֵאֵ֖שֶׁת מְדֹונִים (מִדְיָנִ֣ים) וָכָֽעַס׃ | 19 |
Betre å bu i eit øydeland enn hjå arg og trættekjær kvinna.
אֹוצָ֤ר ׀ נֶחְמָ֣ד וָ֭שֶׁמֶן בִּנְוֵ֣ה חָכָ֑ם וּכְסִ֖יל אָדָ֣ם יְבַלְּעֶֽנּוּ׃ | 20 |
Vismann hev dyre skattar og olje i huset, men uvitingen øyder det upp.
רֹ֭דֵף צְדָקָ֣ה וָחָ֑סֶד יִמְצָ֥א חַ֝יִּ֗ים צְדָקָ֥ה וְכָבֹֽוד׃ | 21 |
Den som strævar etter rettferd og miskunn, han skal finna liv og rettferd og æra.
עִ֣יר גִּ֭בֹּרִים עָלָ֣ה חָכָ֑ם וַ֝יֹּ֗רֶד עֹ֣ז מִבְטֶחָֽה׃ | 22 |
Ein by med kjempor tek vismannen inn, og han bryt ned den borgi som byen lit på.
שֹׁמֵ֣ר פִּ֭יו וּלְשֹׁונֹ֑ו שֹׁמֵ֖ר מִצָּרֹ֣ות נַפְשֹֽׁו׃ | 23 |
Den som varar sin munn og si tunga, han varar si sjæl frå trengslor.
זֵ֣ד יָ֭הִיר לֵ֣ץ שְׁמֹ֑ו עֹ֝ושֶׂ֗ה בְּעֶבְרַ֥ת זָדֹֽון׃ | 24 |
Ein ovmodig og ubljug kallar me spottar, ein som fer fram med ofselegt ovmod.
תַּאֲוַ֣ת עָצֵ֣ל תְּמִיתֶ֑נּוּ כִּֽי־מֵאֲנ֖וּ יָדָ֣יו לַעֲשֹֽׂות׃ | 25 |
Lysti åt letingen drep honom sjølv, for henderne hans vil inkje gjera.
כָּל־הַ֭יֹּום הִתְאַוָּ֣ה תַאֲוָ֑ה וְצַדִּ֥יק יִ֝תֵּ֗ן וְלֹ֣א יַחְשֹֽׂךְ׃ | 26 |
Heile dagen snikjer den snikne, men ein rettferdig gjev og sparer inkje.
זֶ֣בַח רְ֭שָׁעִים תֹּועֵבָ֑ה אַ֝֗ף כִּֽי־בְזִמָּ֥ה יְבִיאֶֽנּוּ׃ | 27 |
Offer frå gudlause er ei gruv, og endå meir når dei samstundes emnar på ilt.
עֵד־כְּזָבִ֥ים יֹאבֵ֑ד וְאִ֥ישׁ שֹׁ֝ומֵ֗עַ לָנֶ֥צַח יְדַבֵּֽר׃ | 28 |
Eit ljugar-vitne skal ganga til grunns, men ein mann som lyder etter, skal få tala alltid.
הֵעֵ֬ז אִ֣ישׁ רָשָׁ֣ע בְּפָנָ֑יו וְ֝יָשָׁ֗ר ה֤וּא ׀ יָכִין (יָבִ֬ין) דְּרָכָיו (דַּרְכֹּֽו)׃ | 29 |
Gudlaus mann ter seg skamlaus, men den ærlege gjeng sine vegar stødigt.
אֵ֣ין חָ֭כְמָה וְאֵ֣ין תְּבוּנָ֑ה וְאֵ֥ין עֵ֝צָ֗ה לְנֶ֣גֶד יְהוָֽה׃ פ | 30 |
Det finst ingen visdom og inkje vit og ingi råd imot Herren.
ס֗וּס מ֭וּכָן לְיֹ֣ום מִלְחָמָ֑ה וְ֝לַֽיהוָ֗ה הַתְּשׁוּעָֽה׃ | 31 |
Hesten vert budd til herferdsdagen, men sigeren kjem ifrå Herren.