< רות 1 >

ויהי בימי שפט השפטים ויהי רעב בארץ וילך איש מבית לחם יהודה לגור בשדי מואב--הוא ואשתו ושני בניו 1
I den tidi då domarane styrde, vart det uår i landet. Då for ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og båe sønerne sine og vilde bu i Moablandet ei stund.
ושם האיש אלימלך ושם אשתו נעמי ושם שני בניו מחלון וכליון אפרתים--מבית לחם יהודה ויבאו שדי מואב ויהיו שם 2
Mannen heitte Elimelek og kona hans No’omi, og dei tvo sønerne Mahlon og Kiljon; dei var efratitar, frå Betlehem i Juda. No kom dei då til Moablandet og vart veranda der.
וימת אלימלך איש נעמי ותשאר היא ושני בניה 3
Og Elimelek, mannen hennar No’omi, døydde; men ho livde att med dei tvo sønerne sine.
וישאו להם נשים מאביות--שם האחת ערפה ושם השנית רות וישבו שם כעשר שנים 4
Sønerne tok seg konor frå Moablandet; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Og dei budde der på lag ti år.
וימתו גם שניהם מחלון וכליון ותשאר האשה משני ילדיה ומאישה 5
Då døydde både Mahlon og Kiljon, og kvinna livde att etter sønerne sine og mannen sin.
ותקם היא וכלתיה ותשב משדי מואב כי שמעה בשדה מואב--כי פקד יהוה את עמו לתת להם לחם 6
Då budde ho seg til å fara heim att frå Moablandet med sonekonorne sine; for ho hadde høyrt i Moablandet at Herren hadde set um folket sitt og gjeve deim brød.
ותצא מן המקום אשר היתה שמה ושתי כלותיה עמה ותלכנה בדרך לשוב אל ארץ יהודה 7
So gav ho seg i veg frå den staden der ho hadde butt, ho og båe sonekonorne hennar. Då dei var komne eit stykke på vegen heim til Judalandet,
ותאמר נעמי לשתי כלתיה לכנה שבנה אשה לבית אמה יעשה (יעש) יהוה עמכם חסד כאשר עשיתם עם המתים ועמדי 8
då sagde No’omi til sonekonorne sine: «Snu no og gakk heim att kvar til si mor! Herren vere miskunnsam mot dykk, so som de hev vore mot båe dei avlidne og mot meg!
יתן יהוה לכם ומצאן מנוחה אשה בית אישה ותשק להן ותשאנה קולן ותבכינה 9
Herren gjeve at de må finna ro, kvar i huset hjå sin mann!» So kysste ho deim; men dei tok til å gråta,
ותאמרנה לה כי אתך נשוב לעמך 10
og sagde til henne: «Nei, me vil fylgja med deg attende til folket ditt.»
ותאמר נעמי שבנה בנתי למה תלכנה עמי העוד לי בנים במעי והיו לכם לאנשים 11
Men No’omi svara: «Snu att, døtterne mine; kvifor skulde de ganga med meg? Kann eg endå få søner i mitt liv som kunde verta menner åt dykk?
שבנה בנתי לכן כי זקנתי מהיות לאיש כי אמרתי יש לי תקוה--גם הייתי הלילה לאיש וגם ילדתי בנים 12
Snu, døtterne mine, og gakk heim att! for eg er for gamall til å gifta meg att. Og um so var at eg kunde tenkja: «Eg hev endå von, » ja um eg so alt i natt gav meg åt ein mann, og so vart at eg fødde søner,
הלהן תשברנה עד אשר יגדלו הלהן תעגנה לבלתי היות לאיש אל בנתי כי מר לי מאד מכם--כי יצאה בי יד יהוה 13
skulde so de bia til dei vart fullvaksne? skulde so de stengja dykk inne og liva utan menner? Nei, døtterne mine, eg tykkjer synd i dykk, for meg hev Herrens hand råma.»
ותשנה קולן ותבכינה עוד ותשק ערפה לחמותה ורות דבקה בה 14
Då tok dei til å gråta att, og Orpa kysste vermor si til avskil, men Rut vilde ikkje slite seg laus frå henne.
ותאמר הנה שבה יבמתך אל עמה ואל אלהיה שובי אחרי יבמתך 15
Då sagde ho: Sjå, versyster di hev snutt heim att til folket sitt og til sin gud. Snu no du og, og fylg versyster di!»
ותאמר רות אל תפגעי בי לעזבך לשוב מאחריך כי אל אשר תלכי אלך ובאשר תליני אלין--עמך עמי ואלהיך אלהי 16
Men Rut svara: «Ikkje tel meg til å snu att og ganga frå deg! for der du gjeng, vil eg og ganga, og der du stanar, der vil eg og stana. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud.
באשר תמותי אמות ושם אקבר כה יעשה יהוה לי וכה יוסיף--כי המות יפריד ביני ובינך 17
Der du døyr, vil eg og døy, og der vil eg verta jorda. Herren late meg bøta for det no og sidan, um noko anna enn dauden skulde skilja meg frå deg!»
ותרא כי מתאמצת היא ללכת אתה ותחדל לדבר אליה 18
Då ho no såg at ho stod fast på sitt og vilde vera med henne, tala ho ikkje meir med henne um dette.
ותלכנה שתיהם עד בואנה בית לחם ויהי כבואנה בית לחם ותהם כל העיר עליהן ותאמרנה הזאת נעמי 19
So gjekk dei saman til dei kom til Betlehem. Og då dei kom til Betlehem, kom heile byen i rørsla for deira skuld, og kvinnorne sagde: «Er dette No’omi?»
ותאמר אליהן אל תקראנה לי נעמי קראן לי מרא כי המר שדי לי מאד 20
Men ho sagde til deim: «Kalla meg ikkje No’omi, men kalla meg Mara, for Den Allmegtige hev late mykje sorg koma yver meg.
אני מלאה הלכתי וריקם השיבני יהוה למה תקראנה לי נעמי ויהוה ענה בי ושדי הרע לי 21
Rik for eg herifrå, og tomhendt hev Herren late meg koma att. Kvifor kallar de meg No’omi då når Herren hev vitna mot meg, og den Allmegtige hev late det ganga meg so ille?»
ותשב נעמי ורות המואביה כלתה עמה השבה משדי מואב והמה באו בית לחם בתחלת קציר שערים 22
So kom då No’omi heim att frå Moabland med sonekona si, moabitkvinna Rut, og dei kom til Betlehem då dei tok til med skurdonni.

< רות 1 >