< נחמיה 9 >

וביום עשרים וארבעה לחדש הזה נאספו בני ישראל בצום ובשקים ואדמה עליהם 1
Den fire og tjugande dagen i same månaden kom Israels-borni saman og heldt fasta. Dei hadde klædt seg i sorg og hadde mold på hovudi sine.
ויבדלו זרע ישראל מכל בני נכר ויעמדו ויתודו על חטאתיהם ועונות אבתיהם 2
Israels-ætti skilde seg ut frå alle framandfolket, steig fram og sanna synderne sine og syndeskuldi åt federne sine.
ויקומו על עמדם ויקראו בספר תורת יהוה אלהיהם רבעית היום ורבעית מתודים ומשתחוים ליהוה אלהיהם 3
So reis dei upp kvar på sin stad medan det vart fyrelese or lovboki åt Herren, deira Gud. Det var ei øykt. Ei onnor øykt sanna dei synderne og kasta seg ned for Herren, sin Gud.
ויקם על מעלה הלוים ישוע ובני קדמיאל שבניה בני שרביה--בני כנני ויזעקו בקול גדול אל יהוה אלהיהם 4
Jesua og Bani, Kadmiel, Sebanja, Bunni, Serebja, Bani og Kenani steig upp på levittramen og ropa med høg røyst til Herren, sin Gud.
ויאמרו הלוים ישוע וקדמיאל בני חשבניה שרביה הודיה שבניה פתחיה קומו ברכו את יהוה אלהיכם מן העולם עד העולם ויברכו שם כבדך ומרומם על כל ברכה ותהלה 5
Og levitarne Jesua og Kadmiel, Bani, Hasabneja, Serebja, Hodia, Sebanja og Petahja sagde: «Ris upp og lova Herren, dykkar Gud, han som er frå æva og til æva! Ja, lova vere ditt heilage namn, som er upphøgt yver alt lov og pris!
אתה הוא יהוה לבדך--את (אתה) עשית את השמים שמי השמים וכל צבאם הארץ וכל אשר עליה הימים וכל אשר בהם ואתה מחיה את כלם וצבא השמים לך משתחוים 6
Einast du er Herren. Du hev skapt himmelen, ja, himle-himlarne og all deira her, jordi og alt som på henne er, havi og alt som i deim er. Det er du som held liv i deim alle. Og himmelheren kastar seg ned for deg.
אתה הוא יהוה האלהים אשר בחרת באברם והוצאתו מאור כשדים ושמת שמו אברהם 7
Det var du, Herre Gud, som valde ut Abram og førde honom frå Ur i Kaldæa og gav honom namnet Abraham.
ומצאת את לבבו נאמן לפניך וכרות עמו הברית לתת את ארץ הכנעני החתי האמרי והפרזי והיבוסי והגרגשי לתת לזרעו ותקם את דבריך כי צדיק אתה 8
Og du fann hjarta hans trufast for di åsyn då du gjorde du den pakti med honom at du vilde gjeva ætti hans landet åt kananiten, hetiten, amoriten, periziten, jebusiten og girgasiten. Og du heldt det du lova. For du er rettferdig.
ותרא את עני אבתינו במצרים ואת זעקתם שמעת על ים סוף 9
Du såg kor vondt federne våre hadde det i Egyptarland, og du høyrde ropet deira ved Raudehavet.
ותתן אתת ומפתים בפרעה ובכל עבדיו ובכל עם ארצו--כי ידעת כי הזידו עליהם ותעש לך שם כהיום הזה 10
Du gjorde teikn og under med Farao og alle tenarane hans og heile landslyden hans; for du visste at dei hadde fare ovmodigt åt med deim. Og soleis vann du deg eit namn som vert nemnt heilt til i dag.
והים בקעת לפניהם ויעברו בתוך הים ביבשה ואת רדפיהם השלכת במצולת כמו אבן--במים עזים 11
Du kløyvde havet for deim, sog dei gjekk turrskodde gjenom havet. Men dei som elte deim, deim let du søkka i djupet som stein i velduge vatn.
ובעמוד ענן הנחיתם יומם ובעמוד אש לילה להאיר להם את הדרך אשר ילכו בה 12
Du leidde deim um dagen med ein skystopul, og um natti med ein eldstopul til å lysa for deim på den vegen dei skulde fara.
ועל הר סיני ירדת ודבר עמהם משמים ותתן להם משפטים ישרים ותורות אמת--חקים ומצות טובים 13
Du steig ned på Sinaifjellet og tala med deim frå himmelen. Du gav deim rettferdige rettar, pålitande lover, gode fyreskrifter og bod.
ואת שבת קדשך הודעת להם ומצוות וחקים ותורה צוית להם ביד משה עבדך 14
Du gav deim kunnskap um den heilage kviledagen din, og bod og fyreskrifter og lov ved Moses, tenaren din.
ולחם משמים נתתה להם לרעבם ומים מסלע הוצאת להם לצמאם ותאמר להם לבוא לרשת את הארץ אשר נשאת את ידך לתת להם 15
Brød frå himmelen gav du deim når dei var svoltne, og vatn or berget let du fløyma når dei var tyrste. Og du baud deim fara av og leggja under seg landet du med handi i veret hadde svore å gjeva deim.
והם ואבתינו הזידו ויקשו את ערפם ולא שמעו אל מצותיך 16
Men federne våre, dei var kante og hardnakka, og lydde ikkje bodi dine.
וימאנו לשמע ולא זכרו נפלאתיך אשר עשית עמהם ויקשו את ערפם ויתנו ראש לשוב לעבדתם במרים ואתה אלוה סליחות חנון ורחום ארך אפים ורב וחסד (חסד)--ולא עזבתם 17
Dei vilde ikkje lyda. Dei agta ikkje på dei underi du hadde gjort med deim, men gjorde nakken stiv, valde seg ein hovding og vilde tråssuge fara attende til trældomen sin. Men du er ein Gud som tilgjev synd, kjærleg og mild, tolug og full av nåde; du slepte deim ikkje.
אף כי עשו להם עגל מסכה ויאמרו זה אלהיך אשר העלך ממצרים ויעשו נאצות גדלות 18
Ja, endå dei støypte seg ein kalv og sagde: «Dette er guden din, som fylgde deg ut or Egyptarland, » endå dei spotta deg so gruvelegt,
ואתה ברחמיך הרבים לא עזבתם במדבר את עמוד הענן לא סר מעליהם ביומם להנחתם בהדרך ואת עמוד האש בלילה להאיר להם ואת הדרך אשר ילכו בה 19
so vilde du i di store miskunn ikkje sleppa deim der i øydemarki. Skystopulen veik ikkje frå deim um dagen, men leidde deim på veg; ikkje heller veik eldstopulen frå deim um natti, men lyste for deim på den vegen dei skulde fara.
ורוחך הטובה נתת להשכילם ומנך לא מנעת מפיהם ומים נתתה להם לצמאם 20
Din gode ande sende du deim til lærar. Du meinka ikkje munnen deira i å få din manna; og når dei var tyste, gav du deim vatn.
וארבעים שנה כלכלתם במדבר לא חסרו שלמתיהם לא בלו ורגליהם לא בצקו 21
Fyrti år bar du umsut for deim i øydemarki, og ingen ting vanta dei. Klædi deira vart ikkje slitne, og føterne deira trutna ikkje.
ותתן להם ממלכות ועממים ותחלקם לפאה ויירשו את ארץ סיחון ואת ארץ מלך חשבון ואת ארץ עוג מלך הבשן 22
Kongerike og folkeslag gav du deim i gåva, og skifte ut landsluter åt deim på alle leider. Dei hertok Sihons land, det landet som høyrde til kongen i Hesbon, og landet som høyrde til Og, kongen i Basan.
ובניהם הרבית כככבי השמים ותביאם אל הארץ אשר אמרת לאבתיהם לבוא לרשת 23
Og du auka ætti deira som stjernorne på himmelen, og du leide deim inn i det landet du lova federne deira til odel og eiga.
ויבאו הבנים ויירשו את הארץ ותכנע לפניהם את ישבי הארץ הכנענים ותתנם בידם ואת מלכיהם ואת עממי הארץ לעשות בהם כרצונם 24
So kom då sønerne og hertok landet. Du kua kananitarne for deim; deim som budde i landet, bøygde du under deim og gav i deira hender, både kongarne og folki der i landet, so dei kunde gjera med deim etter eige tykkje.
וילכדו ערים בצורת ואדמה שמנה ויירשו בתים מלאים כל טוב ברות חצובים כרמים וזיתים ועץ מאכל לרב ויאכלו וישבעו וישמינו ויתעדנו בטובך הגדול 25
Dei hertok borgerne og reiv til seg den feite jordi, eigna til seg hus fulle av alle gode ting, tok gravne brunnar, vinhagar, oljeplantingar og aldetre i mengd. Dei åt og vart mette og feite og gjorde seg glade dagar av din store rikdom.
וימרו וימרדו בך וישלכו את תורתך אחרי גום ואת נביאיך הרגו אשר העידו בם להשיבם אליך ויעשו נאצות גדולת 26
Men dei gjorde seg harde og sette upp imot deg, og kasta di lovi bak ryggen sin. Dei drap profetarne dine, som vitna for deim og vilde venda deim um til deg; dei spotta deg gruveleg.
ותתנם ביד צריהם ויצרו להם ובעת צרתם יצעקו אליך ואתה משמים תשמע וכרחמיך הרבים תתן להם מושיעים ויושיעום מיד צריהם 27
Då gav du deim i fiendevald, og valdsverk fekk dei røyna. Men når dei var i verste vande, ropa dei til deg, og du høyrde på deim frå himmelen. I di store miskunn sende du deim frelsarar som fria deim ut or fiendevald.
וכנוח להם--ישובו לעשות רע לפניך ותעזבם ביד איביהם וירדו בהם וישובו ויזעקוך ואתה משמים תשמע ותצילם כרחמיך רבות עתים 28
Kom dei so til ro, gjorde dei atter det som vondt var for di åsyn. Då let du deim i fiendevald, so dei vart trælka. Men når dei so ropa til deg att, so høyrde du på deim frå himmelen og fria deim ut, etter di store miskunn gong på gong.
ותעד בהם להשיבם אל תורתך והמה הזידו ולא שמעו למצותיך ובמשפטיך חטאו בם אשר יעשה אדם וחיה בהם ויתנו כתף סוררת וערפם הקשו ולא שמעו 29
Du vitna for deim um at dei skulde venda um til di lov; men dei var kaute og lydde ikkje bodi dine. Og dei synda mot rettarne dine, dei som det gjeld um, at når menneskja held deim, skal ho få liva ved deim. Tråssuge snudde dei ryggen til, gjorde seg hardnakka og vilde ikkje lyda.
ותמשך עליהם שנים רבות ותעד בם ברוחך ביד נביאיך ולא האזינו ותתנם ביד עמי הארצת 30
Mange år tøygde du tolmod med deim, og vitna for deim ved din ande gjenom profetarne dine. Då dei ikkje vilde høyra, gav du deim framande folk i vald.
וברחמיך הרבים לא עשיתם כלה ולא עזבתם כי אל חנון ורחום אתה 31
Men i di store miskunn gjorde du ikkje heilt ende på deim, og gav deim ikkje upp; for du er ein mild og kjærleg Gud.
ועתה אלהינו האל הגדול הגבור והנורא שומר הברית והחסד--אל ימעט לפניך את כל התלאה אשר מצאתנו למלכינו לשרינו ולכהנינו ולנביאינו ולאבתינו ולכל עמך מימי מלכי אשור עד היום הזה 32
Og no, vår Gud, du store, velduge, skræmelege Gud, du som held pakti og held uppe miskunni, no må du ikkje tykkja det er lite alt det vonde me hev lote lida, me og kongarne våre, hovdingarne, prestarne og profetarne våre, federne våre og heile folket ditt, frå assyrarkongarne si tid og alt til i dag.
ואתה צדיק על כל הבא עלינו כי אמת עשית ואנחנו הרשענו 33
Du er rettferdig i alt det som hev kome yver oss. Du hev synt deg trufast. Me hev fare ugudleg åt.
ואת מלכינו שרינו כהנינו ואבתינו לא עשו תורתך ולא הקשיבו אל מצותיך ולעדותיך אשר העידת בהם 34
Kongarne våre, hovdingarne våre, prestarne våre, federne våre hev ikkje halde lovi di og hev ikkje agta på bodi dine og dei åtvaringsordi du gav deim.
והם במלכותם ובטובך הרב אשר נתת להם ובארץ הרחבה והשמנה אשר נתת לפניהם--לא עבדוך ולא שבו ממעלליהם הרעים 35
Jamvel då dei budde i sitt eige rike og i den store rikdomen som du hadde gjeve deim, og i det vide og feite landet som du hadde lagt ope for deim, tente dei deg ikkje, og vende ikkje um frå si vonde åtferd.
הנה אנחנו היום עבדים והארץ אשר נתתה לאבתינו לאכל את פריה ואת טובה--הנה אנחנו עבדים עליה 36
Sjå no um dagen er me trælar. I det landet du gav federne våre til å njota landsens grøda og rikdom, sjå her er me trælar.
ותבואתה מרבה למלכים אשר נתתה עלינו--בחטאותינו ועל גויתנו משלים ובבהמתנו כרצונם ובצרה גדלה אנחנו 37
Si rike grøda ber det til bate for dei kongar som du sette yver oss for våre synder skuld. Og dei råder og rikjer etter eige tykkje yver kropparne våre og buskapen vår. Me er i stor naud.»
ובכל זאת אנחנו כרתים אמנה וכתבים ועל החתום שרינו לוינו כהנינו 38
På grunn av alt dette gjer me eit fast samband, som me skriv upp; og på det forsigla brevet stend: Hovdingarne, levitarne og prestarne våre.

< נחמיה 9 >