< מיכה 5 >

עתה תתגדדי בת גדוד מצור שם עלינו בשבט יכו על הלחי את שפט ישראל 1
No flokkar du deg saman, du dotter «flokk». Skansar hev dei kasta upp imot oss. Med staven slær dei Israels domar på kinnbeinet.
ואתה בית לחם אפרתה צעיר להיות באלפי יהודה--ממך לי יצא להיות מושל בישראל ומוצאתיו מקדם מימי עולם 2
Men du Betlehem, Efrata, som er so liten til å vera millom bygderne i Juda, frå deg skal eg få meg ein mann som skal vera herre yver Israel. Hans upphav er frå fordom, frå ævordoms dagar.
לכן יתנם עד עת יולדה ילדה ויתר אחיו ישובון על בני ישראל 3
Difor gjev han deim yver i ulukka til den tid då ho som skal føda, hev født. Då skal leivningen av brørne hans snu heim att til Israels søner.
ועמד ורעה בעז יהוה--בגאון שם יהוה אלהיו וישבו כי עתה יגדל עד אפסי ארץ 4
Og han skal standa og gjæta i Herrens kraft, i Herrens, sin Guds, høge namn; og dei skal sitja trygt; for no skal han vera stor, til endarne av jordi.
והיה זה שלום אשור כי יבוא בארצנו וכי ידרך בארמנותינו והקמנו עליו שבעה רעים ושמנה נסיכי אדם 5
Og han skal vera fred. Kjem Assur inn i landet vårt, stig han inn i borgerne våre, so reiser me imot honom sju hyrdingar, ja, åtte menneskje-hovdingar.
ורעו את ארץ אשור בחרב ואת ארץ נמרד בפתחיה והציל מאשור--כי יבוא בארצנו וכי ידרך בגבולנו 6
Og dei skal herja Assurs land med sverd, og Nimrods land alt inn i portarne; og han skal frelsa frå Assur når han kjem inn i landet vårt, og når han stig yver landskilet vårt.
והיה שארית יעקב בקרב עמים רבים כטל מאת יהוה כרביבים עלי עשב--אשר לא יקוה לאיש ולא ייחל לבני אדם 7
Og leivningen av Jakob skal vera midt millom mange folkeslag liksom dogg frå Herren, liksom regnskurer på gras, som ikkje biar på mann eller ventar på menneskjeborn.
והיה שארית יעקב בגוים בקרב עמים רבים כאריה בבהמות יער ככפיר בעדרי צאן--אשר אם עבר ורמס וטרף ואין מציל 8
Og leivningen av Jakob skal vera millom heidningarne, midt imillom mange folk, liksom ei løva millom dyr i skogen, liksom ei ungløva inne i saueflokkar. Ho slær ned når ho fer fram, og riv sund, og det er ingen som bergar.
תרם ידך על צריך וכל איביך יכרתו 9
Høg vere di hand yver uvenerne dine! Må alle fiendarne dine ryddjast ut!
והיה ביום ההוא נאם יהוה והכרתי סוסיך מקרבך והאבדתי מרכבתיך 10
Og det skal ganga soleis på den dagen, segjer Herren, då vil eg rydja ut alle hestarne du hev hjå deg, og øyda vognerne dine.
והכרתי ערי ארצך והרסתי כל מבצריך 11
Og eg vil rydja ut byarne i landet ditt og riva ned alle borgerne dine.
והכרתי כשפים מידך ומעוננים לא יהיו לך 12
Og eg vil rydja alle trolldomskunster utor henderne på deg; og spåmenner skal ikkje lenger finnast hjå deg.
והכרתי פסיליך ומצבותיך מקרבך ולא תשתחוה עוד למעשה ידיך 13
Eg vil rydja ut dei utskorne gudebilæti dine og minnesteinarne dine, som du hev hjå deg, so du ikkje meir skal bøygja kne for det som henderne dine hev laga.
ונתשתי אשיריך מקרבך והשמדתי עריך 14
Og eg vil riva upp Astarte-stolparne dine or landet ditt, og byarne dine vil eg øyda.
ועשיתי באף ובחמה נקם--את הגוים אשר לא שמעו 15
Og i vreide og harm tek eg hemn yver dei heidningfolk som ikkje vilde høyra.

< מיכה 5 >