< ויקרא 6 >

וידבר יהוה אל משה לאמר 1
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
נפש כי תחטא ומעלה מעל ביהוה וכחש בעמיתו בפקדון או בתשומת יד או בגזל או עשק את עמיתו 2
«Når nokon syndar og gjer svik imot Herren og dyl burt noko som grannen hev gjeve honom i varveitsla eller sett i vissa hjå honom, eller som han hev teke eller truga til seg av grannen,
או מצא אבדה וכחש בה ונשבע על שקר על אחת מכל אשר יעשה האדם--לחטא בהנה 3
eller han finn noko som ein annan hev mist og so dyl det, eller når han gjer rang eid um eitt eller anna som han eller andre kann ha synda med,
והיה כי יחטא ואשם--והשיב את הגזלה אשר גזל או את העשק אשר עשק או את הפקדון אשר הפקד אתו או את האבדה אשר מצא 4
so skal den som soleis hev synda og ført skuld yver seg, gjeva att det han hev teke, eller truga til seg, eller fenge i varveitsla eller funne,
או מכל אשר ישבע עליו לשקר--ושלם אתו בראשו וחמשתיו יסף עליו לאשר הוא לו יתננו ביום אשמתו 5
og det han hev gjort rang eid um, kva det no kann vera. Han skal gjeva det att med fullt verd, og leggja femteparten attåt; til eigarmannen skal han gjeva det, og det same dagen som han ber fram skuldofferet sitt.
ואת אשמו יביא ליהוה איל תמים מן הצאן בערכך לאשם אל הכהן 6
Og til bot for si skuld skal han koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer, og gjeva honom til presten; det skal vera skuldofferet hans.
וכפר עליו הכהן לפני יהוה ונסלח לו על אחת מכל אשר יעשה לאשמה בה 7
So skal presten gjera soning for honom for Herrens åsyn, og då skal han få tilgjeving for alle gjerningar som han kann ha ført skuld yver seg med.»
וידבר יהוה אל משה לאמר 8
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
צו את אהרן ואת בניו לאמר זאת תורת העלה הוא העלה על מוקדה על המזבח כל הלילה עד הבקר ואש המזבח תוקד בו 9
«Seg til Aron og sønerne hans: «So er lovi um brennofferet: Brennofferet det skal liggja på eldstaden sin, på altaret, heile natti, til morgons, og der skal altarelden nørast.
ולבש הכהן מדו בד ומכנסי בד ילבש על בשרו והרים את הדשן אשר תאכל האש את העלה על המזבח ושמו אצל המזבח 10
Og presten skal klæda seg i linkjolen sin, og ei linbrok skal han hava på seg næst kroppen, og han skal taka burt oska etter brennofferet, som elden hev tært upp på altaret, og leggja henne attmed altaret.
ופשט את בגדיו ולבש בגדים אחרים והוציא את הדשן אל מחוץ למחנה אל מקום טהור 11
So skal han hava av seg klædebunaden sin, og taka på seg andre klæde, og bera oska ut or lægret, til ein rein stad.
והאש על המזבח תוקד בו לא תכבה ובער עליה הכהן עצים בבקר בבקר וערך עליה העלה והקטיר עליה חלבי השלמים 12
Men elden skal haldast vaken på altaret; han må ikkje slokna. Kvar morgon skal presten nøra elden med ved, og leggja brennofferet uppå veden, og saman med det brenna takkofferfeittet, so røyken stig upp mot himmelen.
אש תמיד תוקד על המזבח--לא תכבה 13
Elden skal allstødt brenna på altaret, og må aldri slokna.
וזאת תורת המנחה הקרב אתה בני אהרן לפני יהוה אל פני המזבח 14
So er lovi um grjonofferet: Ein av Arons-sønerne skal bera det fram for Herren, på altaret.
והרים ממנו בקמצו מסלת המנחה ומשמנה ואת כל הלבנה אשר על המנחה והקטיר המזבח ריח ניחח אזכרתה--ליהוה 15
Han skal taka ein neve av det fine mjølet og oljen i grjonofferet, og all røykjelsen som fylgjer med grjonofferet, og brenna det på altaret, so røykjen stig upp mot himmelen; det er eit minningsoffer åt Herren, eit som gjev god ange.
והנותרת ממנה יאכלו אהרן ובניו מצות תאכל במקום קדש בחצר אהל מועד יאכלוה 16
Og det som er att av offeret, skal Aron og sønerne hans eta; det skal etast usyrt på ein heilag stad: i tunet åt møtetjeldet skal dei eta det;
לא תאפה חמץ חלקם נתתי אתה מאשי קדש קדשים הוא כחטאת וכאשם 17
med surdeig må det ikkje bakast. Det er den luten eg gjev deim av offerretterne mine; høgheilagt er det, liksom syndofferet og skuldofferet.
כל זכר בבני אהרן יאכלנה--חק עולם לדרתיכם מאשי יהוה כל אשר יגע בהם יקדש 18
Alle menner som er ætta frå Aron, må eta av det; gjenom alle tider og ætter skal det vera dykkar rett av offergåvorne åt Herren; den som rører deim, lyt vera vigd.»»
וידבר יהוה אל משה לאמר 19
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
זה קרבן אהרן ובניו אשר יקריבו ליהוה ביום המשח אתו--עשירת האפה סלת מנחה תמיד מחציתה בבקר ומחציתה בערב 20
«Den offergåva som Aron og sønerne hans skal bera fram for Herren den dagen dei vert salva, det er ei kanna fint mjøl; det skal vera det dagvisse grjonofferet, helvti um morgonen og helvti um kvelden.
על מחבת בשמן תעשה--מרבכת תביאנה תפיני מנחת פתים תקריב ריח ניחח ליהוה 21
Med olje skal det lagast til på ei takka; godt knoda skal det vera når du kjem med det; eit grjonoffer som er sundbytt i småstykke, skal du bera fram til godange for Herren.
והכהן המשיח תחתיו מבניו יעשה אתה חק עולם ליהוה כליל תקטר 22
Den av sønerne åt Aron som vert salva til prest i staden hans, skal laga det til. Ei æveleg reidda åt Herren skal det vera, og heile offeret skal brennast.
וכל מנחת כהן כליל תהיה לא תאכל 23
Alle prestegrjonoffer skal vera heiloffer; dei må ikkje etast.»
וידבר יהוה אל משה לאמר 24
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
דבר אל אהרן ואל בניו לאמר זאת תורת החטאת במקום אשר תשחט העלה תשחט החטאת לפני יהוה--קדש קדשים הוא 25
«Tala til Aron og sønerne hans og seg: «So er lovi um syndofferet: På same staden som dei slagtar brennofferet, skal syndofferet og slagtast for Herrens åsyn; høgheilagt er det.
הכהן המחטא אתה יאכלנה במקום קדש תאכל בחצר אהל מועד 26
Presten som ber fram syndofferet, må eta det; på ein heilag stad skal det etast, i møtetjeldtunet.
כל אשר יגע בבשרה יקדש ואשר יזה מדמה על הבגד--אשר יזה עליה תכבס במקום קדש 27
Den som rører offerkjøtet, lyt vera vigd. Kjem det noko av blodet på klædi, so skal du taka det plagget som blodet hev kome på og två det på ein heilag stad.
וכלי חרש אשר תבשל בו ישבר ואם בכלי נחשת בשלה ומרק ושטף במים 28
Er det ei leirgryta kjøtet vert koka i, so skal ho slåast sund; men er det ein koparkjel, so skal han skurast og skyljast med vatn.
כל זכר בכהנים יאכל אתה קדש קדשים הוא 29
Alle menner som er prestar, må eta av dette offeret; det er høgheilagt.
וכל חטאת אשר יובא מדמה אל אהל מועד לכפר בקדש--לא תאכל באש תשרף 30
Men dei syndofferi som det vert bore blod av inn i møtetjeldet til å sona med i heilagdomen, dei må aldri etast; dei skal brennast i elden.

< ויקרא 6 >