< ויקרא 13 >

וידבר יהוה אל משה ואל אהרן לאמר 1
Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
אדם כי יהיה בעור בשרו שאת או ספחת או בהרת והיה בעור בשרו לנגע צרעת--והובא אל אהרן הכהן או אל אחד מבניו הכהנים 2
«Når nokon fær notror eller utbrot eller ein ljos flekk på hudi, og det synest laga seg til spillsykja på likamen hans, so skal dei koma til Aron, øvstepresten, med honom, eller til ein av dei hine prestarne, Arons-sønerne.
וראה הכהן את הנגע בעור הבשר ושער בנגע הפך לבן ומראה הנגע עמק מעור בשרו--נגע צרעת הוא וראהו הכהן וטמא אתו 3
Presten skal skoda dei såre flekkjerne på hudi, og dersom det synest liggja djupare enn skinnet, og håri på dei hev kvitna, so er det spillsykja, og med same presten ser det, skal han segja mannen urein.
ואם בהרת לבנה הוא בעור בשרו ועמק אין מראה מן העור ושערה לא הפך לבן--והסגיר הכהן את הנגע שבעת ימים 4
Er det ein kvit sårkeflekk han hev fenge på hudi, og flekken ikkje synest liggja djupare enn skinnet, og håri på honom ikkje hev kvitna, so skal presten halda den sjuke innestengd i sju dagar.
וראהו הכהן ביום השביעי והנה הנגע עמד בעיניו לא פשה הנגע בעור--והסגירו הכהן שבעת ימים שנית 5
Den sjuande dagen skal han sjå honom yver; tykkjer han då at sårken hev stana og ikkje breidt seg vidare ut yver hudi, so skal han halda mannen innestengd i sju dagar til.
וראה הכהן אתו ביום השביעי שנית והנה כהה הנגע ולא פשה הנגע בעור--וטהרו הכהן מספחת הוא וכבס בגדיו וטהר 6
Når dei er lidne, skal presten sjå honom yver ein gong til, og dersom den såre flekken hev vorte dim, og ikkje hev ete um seg på hudi, so skal han segja mannen rein; for då er det berre eit meinlaust utbrot; han skal två klædi sine, so er han rein.
ואם פשה תפשה המספחת בעור אחרי הראתו אל הכהן לטהרתו ונראה שנית אל הכהן 7
Men et utbrotet meir og meir um seg på hudi hans etter han synte seg fram for presten og bad at han vilde segja honom rein -
וראה הכהן והנה פשתה המספחת בעור--וטמאו הכהן צרעת הוא 8
ser presten, når den sjuke synar seg fram for honom andre venda, at utbrotet på hudi hev auka, so skal han segja honom urein; for då er det spillsykja.
נגע צרעת כי תהיה באדם והובא אל הכהן 9
Når ein hev fenge spillsykja, so skal dei koma til presten med honom.
וראה הכהן והנה שאת לבנה בעור והיא הפכה שער לבן ומחית בשר חי בשאת 10
Ser då presten kvite notror på hudi, som håri hev kvitna på, og som det gror villkjøt i,
צרעת נושנת הוא בעור בשרו וטמאו הכהן לא יסגרנו כי טמא הוא 11
So er det gamall spillsykja i hudi på likamen hans, og då skal presten segja honom urein; han treng ikkje fyrst stengja honom inne; for han er alt urein.
ואם פרוח תפרח הצרעת בעור וכסתה הצרעת את כל עור הנגע מראשו ועד רגליו--לכל מראה עיני הכהן 12
Bryt spillsykja ut so sterk at ho dekkjer heile hudi, frå hovud til fot, på den som er sjuk, kvar so presten fester augo sine -
וראה הכהן והנה כסתה הצרעת את כל בשרו--וטהר את הנגע כלו הפך לבן טהור הוא 13
ser presten, når han skodar den sjuke, at spillsykja hev breidt seg ut yver heile likamen hans, so skal han segja honom rein; er han heiltupp kvit vorten, so er han rein.
וביום הראות בו בשר חי יטמא 14
Men so snøgt det syner seg villkjøt på honom, er han urein,
וראה הכהן את הבשר החי וטמאו הבשר החי טמא הוא צרעת הוא 15
og når presten ser villkjøtet, skal han segja honom urein; for villkjøtet er ureint; det er spillsykja i det.
או כי ישוב הבשר החי ונהפך ללבן ובא אל הכהן 16
Gjeng villkjøtet burt att, og den sjuke vert kvit, so skal han koma til presten,
וראהו הכהן והנה נהפך הנגע ללבן--וטהר הכהן את הנגע טהור הוא 17
og når presten hev skoda honom, og set at han hev vorte kvit, so skal han segja honom rein; for då er han rein.
ובשר כי יהיה בו בערו שחין ונרפא 18
Fær nokon ein verk, og den vert lækt,
והיה במקום השחין שאת לבנה או בהרת לבנה אדמדמת ונראה אל הכהן 19
men det sidan kjem ei kvit notra eller ein bleikraud flekk der verken hev vore, so skal han syna seg fram for presten.
וראה הכהן והנה מראה שפל מן העור ושערה הפך לבן--וטמאו הכהן נגע צרעת הוא בשחין פרחה 20
Presten skal sjå honom yver, og dersom flekken synest vera lågare enn skinnet, og håri på honom hev kvitna, so skal han segja mannen urein; for då hev det vore spillsykja som braut ut i verken.
ואם יראנה הכהן והנה אין בה שער לבן ושפלה איננה מן העור והיא כהה--והסגירו הכהן שבעת ימים 21
Men ser presten at det ikkje er kvite hår på flekken, og at han ikkje er lågare enn skinnet, og at han hev vorte dim, so skal han halda mannen innestengt i sju dagar.
ואם פשה תפשה בעור--וטמא הכהן אתו נגע הוא 22
Et so flekken vidare og vidare um seg på hudi hans, so skal presten segja honom urein; då er det sjukdom.
ואם תחתיה תעמד הבהרת לא פשתה--צרבת השחין הוא וטהרו הכהן 23
Men held flekken seg på same staden og ikkje et seg utyver, so er det berre æret etter verken, og då skal presten segja honom rein.
או בשר כי יהיה בערו מכות אש והיתה מחית המכוה בהרת לבנה אדמדמת--או לבנה 24
Hev nokon fenge eit brunesår på hudi, og kjøtet som gror i såret ter seg som ein bleikraud eller kvit flekk,
וראה אתה הכהן והנה נהפך שער לבן בבהרת ומראה עמק מן העור--צרעת הוא במכוה פרחה וטמא אתו הכהן נגע צרעת הוא 25
so skal presten skoda såret. Synest då flekken liggja djupare enn skinnet, og hev håri på honom kvitna, so er det spillsykja som hev brote ut i brunesåret, og presten skal segja mannen urein; det er spillsykja, det er’kje til å taka mist av.
ואם יראנה הכהן והנה אין בבהרת שער לבן ושפלה איננה מן העור והוא כהה--והסגירו הכהן שבעת ימים 26
Men ser presten, når han skodar flekken, at det ikkje er kvite hår på honom, og at han ikkje er lågare enn skinnet, og at han er dim, so skal han stengja mannen inne i sju dagar.
וראהו הכהן ביום השביעי אם פשה תפשה בעור--וטמא הכהן אתו נגע צרעת הוא 27
Den sjuande dagen skal han sjå honom yver, og dersom flekken hev ete um seg på skinnet hans, so skal presten segja honom urein; då er det spillsykja.
ואם תחתיה תעמד הבהרת לא פשתה בעור והוא כהה--שאת המכוה הוא וטהרו הכהן--כי צרבת המכוה הוא 28
Men er flekken dim og hev halde seg på same staden og ikkje ete seg utyver, so er det merke etter brunesåret, og presten skal segja mannen rein; for dette er berre æret etter brunesåret.
ואיש או אשה כי יהיה בו נגע בראש או בזקן 29
Fær mann eller kvende ein sårkeflekk på hovudet eller i skjegget,
וראה הכהן את הנגע והנה מראהו עמק מן העור ובו שער צהב דק--וטמא אתו הכהן נתק הוא צרעת הראש או הזקן הוא 30
so skal presten skoda flekken, og dersom flekken synest liggja djupare enn skinnet, og det er tunne, grågule hår på honom, so skal presten segja det menneskjet ureint; då er det skurv, hår- eller skjeggsjuka.
וכי יראה הכהן את נגע הנתק והנה אין מראהו עמק מן העור ושער שחר אין בו--והסגיר הכהן את נגע הנתק שבעת ימים 31
Tykkjer presten som skodar sårkeflekken, at han ikkje ligg djupare enn skinnet, men der ikkje er svarte hår å sjå, so skal han halda den skurvute innestengd i sju dagar.
וראה הכהן את הנגע ביום השביעי והנה לא פשה הנתק ולא היה בו שער צהב ומראה הנתק אין עמק מן העור 32
Den sjuande dagen skal han skoda den såre flekken, og dersom skurvet ikkje hev ete seg utyver, og det ikkje hev kome grågule hår på det, og det ikkje synest liggja djupare enn skinnet,
והתגלח--ואת הנתק לא יגלח והסגיר הכהן את הנתק שבעת ימים שנית 33
so skal den skurvute raka seg, men ikkje på skurveflekken, og presten skal halda honom innestengd i sju dagar til.
וראה הכהן את הנתק ביום השביעי והנה לא פשה הנתק בעור ומראהו איננו עמק מן העור--וטהר אתו הכהן וכבס בגדיו וטהר 34
Når då presten den sjuande dagen skodar sårkeflekken endå ein gong, og skurvet ikkje hev ete um seg, og ikkje synest liggja djupare enn skinnet, so skal han segja den sjuke rein; han skal två klædi sine, so er han rein.
ואם פשה יפשה הנתק בעור אחרי טהרתו 35
Er det likt til at skurvet vil eta um seg på hudi, etter den sjuke var sagd rein,
וראהו הכהן והנה פשה הנתק בעור--לא יבקר הכהן לשער הצהב טמא הוא 36
so skal presten sjå på honom, og ser han at skurvet hev breidt seg ut på skinnet hans, so treng han ikkje leita etter dei grågule håri; mannen er urein kor som er.
ואם בעיניו עמד הנתק ושער שחר צמח בו נרפא הנתק--טהור הוא וטהרו הכהן 37
Men synest det for hans augo som skurvet hev stana, og hev det grott svarte hår på skurveflekken, so er sjukdomen lækt; den skurvute er rein att, og presten skal segja honom rein.
ואיש או אשה כי יהיה בעור בשרם בהרת--בהרת לבנת 38
Fær mann eller kvende mange kvite flekkjer på likamen,
וראה הכהן והנה בעור בשרם בהרת--כהות לבנת בהק הוא פרח בעור טהור הוא 39
so skal presten sjå deim yver. Ser han då dimme, kvite flekker på skinnet deira, so er det bohak, som hev brote ut på deim, og dei er like reine for det.
ואיש כי ימרט ראשו--קרח הוא טהור הוא 40
Um ein misser håret, og vert snaud i hovudet, so er han like rein for det.
ואם מפאת פניו ימרט ראשו--גבח הוא טהור הוא 41
Fer håret av honom framantil, so han vert fleinskalla, so er han og like rein.
וכי יהיה בקרחת או בגבחת נגע לבן אדמדם--צרעת פרחת הוא בקרחתו או בגבחתו 42
Men syner det seg bleikraude sårkeflekkjer der han er snaud, anten det er bak eller framme i hovudet, so er det spillsykja som bryt ut i nakken eller skallen hans.
וראה אתו הכהן והנה שאת הנגע לבנה אדמדמת בקרחתו או בגבחתו--כמראה צרעת עור בשר 43
Då skal presten skoda honom, og dersom han i nakken eller skallen hans finn bleikraude sårkenotror som likjest dei notrone ein spillsjuk kann hava på bulen,
איש צרוע הוא טמא הוא טמא יטמאנו הכהן בראשו נגעו 44
so hev sjukdomen teke honom; han er urein, og presten skal med ein gong segja honom urein; han hev fenge sjuken i hovudet.
והצרוע אשר בו הנגע בגדיו יהיו פרמים וראשו יהיה פרוע ועל שפם יעטה וטמא טמא יקרא 45
Den som spillsykja hev råma, lyt ganga med sundrivne klæde og uflitt hår; han skal sveipa eit plagg kring skjegget og ropa: «Urein, urein!»
כל ימי אשר הנגע בו יטמא--טמא הוא בדד ישב מחוץ למחנה מושבו 46
Alt medan sjukdomen held honom, skal han gjelda for urein; for urein er han. For seg sjølv skal han bu; utanfor lægret skal han hava sitt tilhald.
והבגד כי יהיה בו נגע צרעת בבגד צמר או בבגד פשתים 47
Kjem det åtflekkjer på eit klædeplagg, ullplagg eller linplagg,
או בשתי או בערב לפשתים ולצמר או בעור או בכל מלאכת עור 48
eller på ty som er vove eller bunde av lin- eller ullgarn, eller på ler eller noko som er gjort av ler,
והיה הנגע ירקרק או אדמדם בבגד או בעור או בשתי או בערב או בכל כלי עור--נגע צרעת הוא והראה את הכהן 49
og er flekkjerne som syner seg på klædeplagget eller på leret eller vevnaden eller bundingen, eller på noko som er gjort av ler, ljosgrøne eller raudvorne, so er det spillsykja, og det skal synast for presten.
וראה הכהן את הנגע והסגיר את הנגע שבעת ימים 50
Når presten hev skoda det, skal han halda det som flekkjerne er på, innelæst i sju dagar.
וראה את הנגע ביום השביעי כי פשה הנגע בבגד או בשתי או בערב או בעור לכל אשר יעשה העור למלאכה--צרעת ממארת הנגע טמא הוא 51
Ser han so den sjuande dagen at flekkjerne på klædeplagget eller vevnaden eller bundingen eller leret, kva det so leret er nytta til, hev ete seg vidare utyver, so er det stygg spillsykja i flekkjerne; det som dei hev synt seg på, er ureint,
ושרף את הבגד או את השתי או את הערב בצמר או בפשתים או את כל כלי העור אשר יהיה בו הנגע כי צרעת ממארת הוא באש תשרף 52
og skal brennast upp, anten det er eit klædeplagg eller vevnad eller bunding av ull eller lin, eller noko som er gjort av ler; det fylgjer fårleg sott med det; di skal det brennast upp i elden.
ואם יראה הכהן והנה לא פשה הנגע בבגד או בשתי או בערב או בכל כלי עור 53
Ser presten at flekkjerne på klædeplagget eller vevnaden eller bundingen eller leret ikkje hev ete um seg,
וצוה הכהן וכבסו את אשר בו הנגע והסגירו שבעת ימים שנית 54
so skal han setja folk til å två det som flekkjerne hev synt seg på, og halda det innelæst sju dagar til.
וראה הכהן אחרי הכבס את הנגע והנה לא הפך הנגע את עינו והנגע לא פשה--טמא הוא באש תשרפנו פחתת הוא בקרחתו או בגבחתו 55
Når han so skodar det etter det er tvege, og flekkjerne ikkje er annleis å sjå til enn fyrr, so er det ureint, endå skaden ikkje hev ete seg vidare utyver; det skal brennast upp i elden; for det er åt i det, på ranga eller på retta.
ואם ראה הכהן והנה כהה הנגע אחרי הכבס אתו--וקרע אתו מן הבגד או מן העור או מן השתי או מן הערב 56
Men ser han at flekkjerne på plagget, eller på leret eller vevnaden eller bundingen, hev bleikna etter tvåtten, so skal han skjera deim ut.
ואם תראה עוד בבגד או בשתי או בערב או בכל כלי עור--פרחת הוא באש תשרפנו את אשר בו הנגע 57
Kjem dei att sidan, på klædeplagget eller vevnaden eller bundingen, eller på noko som er gjort av ler, so er det det vonde som bryt ut på nytt lag, og då skal ein brenna upp det som flekkjerne hev synt seg på.
והבגד או השתי או הערב או כל כלי העור אשר תכבס וסר מהם הנגע--וכבס שנית וטהר 58
Men dei klædi og det vovne og bundne tyet, og det leret som flekkjerne gjeng burt av når ein tvær det, det skal tvåast upp att, so er det reint.
זאת תורת נגע צרעת בגד הצמר או הפשתים או השתי או הערב או כל כלי עור--לטהרו או לטמאו 59
Dette er lovi um åtflekkjer på ull- eller linklæde og vevnad og bunding, og allslags ting som er gjorde av ler, so de kann vita når sovore skal haldast for reint, og når det skal haldast for ureint.»

< ויקרא 13 >