< שופטים 11 >

ויפתח הגלעדי היה גבור חיל והוא בן אשה זונה ויולד גלעד את יפתח 1
Jefta frå Gilead var ei gjæv kjempa. Han var son åt ei skjøkja, men Gilead var far hans.
ותלד אשת גלעד לו בנים ויגדלו בני האשה ויגרשו את יפתח ויאמרו לו לא תנחל בבית אבינו--כי בן אשה אחרת אתה 2
Med kona si hadde Gilead og søner; då dei vart vaksne, jaga dei Jefta burt, og sagde til honom: «Du fær ingen lut i arven etter far vår; for du er son åt ei framand kvinna.»
ויברח יפתח מפני אחיו וישב בארץ טוב ויתלקטו אל יפתח אנשים ריקים ויצאו עמו 3
Då rømde Jefta for brørne sine, og sette seg ned i Tob-land, og det samla seg mange lause karar ikring honom, og var med honom på ferderne hans.
ויהי מימים וילחמו בני עמון עם ישראל 4
So leid det av ei tid; då var det ammonitarne gjorde åtak på Israel,
ויהי כאשר נלחמו בני עמון עם ישראל וילכו זקני גלעד לקחת את יפתח מארץ טוב 5
og då ammonitarne bar våpn mot Israel, tok styresmennerne i Gilead ut, og vilde henta Jefta heim frå Tob-land.
ויאמרו ליפתח--לכה והייתה לנו לקצין ונלחמה בבני עמון 6
«Kom og ver føraren vår, » sagde dei med honom, «so vil me strida mot ammonitarne!»
ויאמר יפתח לזקני גלעד הלא אתם שנאתם אותי ותגרשוני מבית אבי ומדוע באתם אלי עתה כאשר צר לכם 7
«Var det’kje de som hata meg, og dreiv meg burt frå heimen min?» svara Jefta; «kvi kjem de då til meg no som de er i naud?»
ויאמרו זקני גלעד אל יפתח לכן עתה שבנו אליך והלכת עמנו ונלחמת בבני עמון והיית לנו לראש לכל ישבי גלעד 8
«Difor er det me no kjem att til deg, » svara styresmennerne: «Gjeng du med oss og strider mot ammonitarne, so skal du vera hovdingen vår og styra alle Gileads-buarne.»
ויאמר יפתח אל זקני גלעד אם משיבים אתם אותי להלחם בבני עמון ונתן יהוה אותם לפני--אנכי אהיה לכם לראש 9
Då sagde Jefta til styresmennerne i Gilead: «Vert eg med dykk heim, og strider mot ammonitarne, og Herren gjev deim i mi magt, skal eg so vera hovdingen dykkar?»
ויאמרו זקני גלעד אל יפתח יהוה יהיה שמע בינותינו--אם לא כדברך כן נעשה 10
Og dei svara: «Herren skal vera vårt vitne at me i eit og alt vil gjera som du segjer!»
וילך יפתח עם זקני גלעד וישימו העם אותו עליהם לראש ולקצין וידבר יפתח את כל דבריו לפני יהוה במצפה 11
Då gjekk Jefta med styresmennerne; folket sette honom til sin hovding og førar, og i Mispa tok han upp att alle ordi sine for Herrens åsyn.
וישלח יפתח מלאכים אל מלך בני עמון לאמר מה לי ולך כי באת אלי להלחם בארצי 12
So sende han bod til ammonitarkongen, og sagde: «Hev me noko ubytt, eg og du, sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»
ויאמר מלך בני עמון אל מלאכי יפתח כי לקח ישראל את ארצי בעלותו ממצרים מארנון ועד היבק ועד הירדן ועתה השיבה אתהן בשלום 13
Då sagde ammonitarkongen til sendemennerne åt Jefta: «Då Israel kom frå Egyptarland, tok dei landet mitt, frå Arnon til Jabbok og til Jordan. Gjev det no att med godo!»
ויוסף עוד יפתח וישלח מלאכים אל מלך בני עמון 14
Og Jefta sende endå ein gong bod til ammonitarkongen
ויאמר לו כה אמר יפתח לא לקח ישראל את ארץ מואב ואת ארץ בני עמון 15
med dei ordi: «So segjer Jefta: «Israel hev ikkje teke land frå Moab eller frå Ammon.
כי בעלותם ממצרים וילך ישראל במדבר עד ים סוף ויבא קדשה 16
På vegen frå Egyptarland for Israel igjenom øydemarki til Sevhavet og kom til Kades.
וישלח ישראל מלאכים אל מלך אדום לאמר אעברה נא בארצך ולא שמע מלך אדום וגם אל מלך מואב שלח ולא אבה וישב ישראל בקדש 17
Då sende dei bod til kongen i Edom, og sagde: «Kjære, lat oss få fara gjenom landet ditt!» Men Edom-kongen høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei og bod; men han vilde ikkje heller. So gav dei seg til i Kades.
וילך במדבר ויסב את ארץ אדום ואת ארץ מואב ויבא ממזרח שמש לארץ מואב ויחנון בעבר ארנון ולא באו בגבול מואב כי ארנון גבול מואב 18
Sidan heldt dei fram gjenom øydemarki. Dei for utanikring Edomitarlandet og Moabitarlandet, til dei kom austanum Moab, og lægra seg på hi sida Arnon; dei kom ikkje inn på Moabs grunn; for Arnon er landskilet åt Moab.
וישלח ישראל מלאכים אל סיחון מלך האמרי מלך חשבון ויאמר לו ישראל נעברה נא בארצך עד מקומי 19
So sende Israel bod til Sihon, amoritarkongen, kongen i Hesbon, og sagde: «Kjære, lat oss få fara gjenom landet ditt, so me kjem dit me skal!»
ולא האמין סיחון את ישראל עבר בגבלו ויאסף סיחון את כל עמו ויחנו ביהצה וילחם עם ישראל 20
Men Sihon trudde ikkje Israel so vel at han torde lata dei fara gjenom riket sitt; han samla heile heren sin, og dei lægra seg i Jahsa, og gav seg i strid med Israel.
ויתן יהוה אלהי ישראל את סיחון ואת כל עמו ביד ישראל--ויכום ויירש ישראל את כל ארץ האמרי יושב הארץ ההיא 21
Og Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile heren hans i Israels hender; Israel slo deim, og lagde under seg alle amoritarbygderne der i landet;
ויירשו את כל גבול האמרי--מארנון ועד היבק ומן המדבר ועד הירדן 22
heile Amoritarriket lagde dei under seg, frå Arnon til Jabbok, og frå øydemarki til Jordan.
ועתה יהוה אלהי ישראל הוריש את האמרי מפני עמו ישראל ואתה תירשנו 23
So hev då Herren, Israels Gud, teke landet frå amoritarne og gjeve det til folket sitt, til Israel, og no vil du eigna det til deg!
הלא את אשר יורישך כמוש אלהיך--אותו תירש ואת כל אשר הוריש יהוה אלהינו מפנינו--אותו נירש 24
Er det’kje so at det som Kamos, guden din, let deg vinna, det eignar du til deg, og alt det som Herren, vår Gud, gjer rydigt for oss, det eignar me til oss?
ועתה הטוב טוב אתה מבלק בן צפור מלך מואב הרוב רב עם ישראל אם נלחם נלחם בם 25
Er då du so mykje betre enn Balak Sipporsson, Moabs-kongen? Trætta han med Israel, eller tok på deim?
בשבת ישראל בחשבון ובבנותיה ובערעור ובבנותיה ובכל הערים אשר על ידי ארנון שלש מאות שנה--ומדוע לא הצלתם בעת ההיא 26
No er det tri hundrad år sidan Israel busette seg i Hesbon og dei bygderne som ligg umkring, og i Aroer, og bygdarne der umkring og i alle byarne langsmed Arnon; kvi hev de’kje teke deim att i all den tidi?
ואנכי לא חטאתי לך ואתה עשה אתי רעה להלחם בי ישפט יהוה השפט היום בין בני ישראל ובין בני עמון 27
Eg hev ikkje gjort deg noko vondt; men du gjer meg stor urett med di du tek på meg. Herren, som er den øvste domaren, skal i dag døma millom Israel og Ammon.»»
ולא שמע מלך בני עמון אל דברי יפתח אשר שלח אליו 28
Men ammonitarkongen vilde ikkje høyra på det bodet Jefta sende honom.
ותהי על יפתח רוח יהוה ויעבר את הגלעד ואת מנשה ויעבר את מצפה גלעד וממצפה גלעד עבר בני עמון 29
Då kom Herrens Ande yver Jefta, og han for gjenom Gilead og Manasse; so for han fram til Gileadvarden, og Gileadvarden for han fram imot ammonitarne.
וידר יפתח נדר ליהוה ויאמר אם נתון תתן את בני עמון בידי 30
Og Jefta gjorde ein lovnad til Herren, og sagde: «Gjev du ammonitarne i henderne mine,
והיה היוצא אשר יצא מדלתי ביתי לקראתי בשובי בשלום מבני עמון--והיה ליהוה והעליתיהו עלה 31
då skal den som gjeng ut or husdøri mi og møter meg når eg kjem vel heim att frå ammonitarne, då skal den høyra Herren til; eg skal ofra honom til eit brennoffer.»
ויעבר יפתח אל בני עמון להלחם בם ויתנם יהוה בידו 32
So for han fram imot ammonitarne, og stridde mot deim, og Herren gav deim i henderne hans.
ויכם מערוער ועד באך מנית עשרים עיר ועד אבל כרמים מכה גדולה מאד ויכנעו בני עמון מפני בני ישראל 33
Han slo deim, og elte deim frå Aroer til burtimot Minnit, og tok tjuge byar ifrå deim; sidan elte han deim alt til Abel-Keramim, det vart eit stort mannefall på deim. Då laut Ammons-sønerne bøygja seg under Israel.
ויבא יפתח המצפה אל ביתו והנה בתו יצאת לקראתו בתפים ובמחלות ורק היא יחידה אין לו ממנו בן או בת 34
Då Jefta kom heim att til garden sin i Mispa, gjekk dotter hans ut imot honom, og fagna honom med trummor og dans; ho var einaste barnet hans; umfram henne hadde han’kje anten son eller dotter.
ויהי כראותו אותה ויקרע את בגדיו ויאמר אהה בתי הכרע הכרעתני ואת היית בעכרי ואנכי פציתי פי אל יהוה ולא אוכל לשוב 35
Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund klædi sine, og ropa: «Gud trøyste oss, mi dotter! for ei sorg du veld meg! for ei ulukke du fører meg i! Eg hev gjort so dyr ein lovnad til Herren, og eg kann ikkje taka att ordet mitt.»
ותאמר אליו אבי פציתה את פיך אל יהוה--עשה לי כאשר יצא מפיך אחרי אשר עשה לך יהוה נקמות מאיביך--מבני עמון 36
Då sagde ho til honom: «Far, hev du gjort so dyr ein lovnad til Herren, so gjer det med meg som du gav ordet ditt på, sidan Herren let deg få hemn yver ammonitarne, uvenerne dine!
ותאמר אל אביה יעשה לי הדבר הזה הרפה ממני שנים חדשים ואלכה וירדתי על ההרים ואבכה על בתולי אנכי ורעיתי (ורעותי) 37
Men ein ting vilde eg gjerne skulde gjerast for meg, » sagde ho med far sin: «Lat meg vera fri tvo månader, so vil eg ganga ned på heidarne med venorne mine og gråta yver mitt unge liv, eg som lyt fara burt møy!»
ויאמר לכי וישלח אותה שני חדשים ותלך היא ורעותיה ותבך על בתוליה על ההרים 38
«Gjer so!» svara han, og sagde ho kunde vera burte tvo månader. So gjekk ho med venorne sine, og gret på heidarne yver sitt unge liv.
ויהי מקץ שנים חדשים ותשב אל אביה ויעש לה את נדרו אשר נדר והיא לא ידעה איש ותהי חק בישראל 39
Men då tvo månader var lidne, kom ho att til far sin, og då gjorde han med henne det som han hadde lova; og ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan vart det sed i Israel
מימים ימימה תלכנה בנות ישראל לתנות לבת יפתח הגלעדי--ארבעת ימים בשנה 40
at Israels-døtterne år for år gjeng av og syng minnekvede um dotter åt Jefta frå Gilead, fire dagar um året.

< שופטים 11 >