< יהושע 2 >

וישלח יהושע בן נון מן השטים שנים אנשים מרגלים חרש לאמר לכו ראו את הארץ ואת יריחו וילכו ויבאו בית אשה זונה ושמה רחב--וישכבו שמה 1
Josva Nunsson sende i løynd tvo spæjarar ut frå Sittim, og sagde til deim: «Tak av stad, og sjå dykk um i landet, helst i Jeriko!» So for dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkja som heitte Rahab, og der fekk dei hus.
ויאמר למלך יריחו לאמר הנה אנשים באו הנה הלילה מבני ישראל--לחפר את הארץ 2
Då vart det sagt kongen i Jeriko at nokre israelitiske menner var komne der um kvelden og vilde spæja ut landet.
וישלח מלך יריחו אל רחב לאמר הוציאי האנשים הבאים אליך אשר באו לביתך--כי לחפר את כל הארץ באו 3
So sende kongen bod til Rahab, og sagde: «Kom fram med dei mennerne som er komne til deg, og som du hev lånt hus! Dei vil spæja ut heile landet; det er det dei er komne for.»
ותקח האשה את שני האנשים ותצפנו ותאמר כן באו אלי האנשים ולא ידעתי מאין המה 4
Men kvinna tok og løynde båe mennerne, og so sagde ho: «Ja, det er fulla so at det kom nokre menner til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå;
ויהי השער לסגור בחשך והאנשים יצאו--לא ידעתי אנה הלכו האנשים רדפו מהר אחריהם כי תשיגום 5
og i skumingi, då porten skulde stengjast, tok dei ut att; eg veit ikkje kvar dei for av. Nøyt dykk og set etter deim, so tek de deim nok att!»
והיא העלתם הגגה ותטמנם בפשתי העץ הערכות לה על הגג 6
Dette sagde ho; men ho hadde sjølv fylgt deim upp på taket, og løynt deim under noko lin som ho hadde breidt utyver der.
והאנשים רדפו אחריהם דרך הירדן על המעברות והשער סגרו--אחרי כאשר יצאו הרדפים אחריהם 7
So tok kongsmennerne ut, og sette etter deim på vegen til Jordan, burtåt vadi; og porten vart stengd med same dei var farne.
והמה טרם ישכבון והיא עלתה עליהם על הגג 8
Fyrr ferdamennerne hadde lagt seg til å sova, kom Rahab upp på taket
ותאמר אל האנשים--ידעתי כי נתן יהוה לכם את הארץ וכי נפלה אימתכם עלינו וכי נמגו כל ישבי הארץ מפניכם 9
og sagde til deim: «Eg veit at Herren hev gjeve dykk dette landet. For dykkar skuld hev det kome ein otte yver oss, og alle som bur her i landet, er so rædde dykk at dei skjelv.
כי שמענו את אשר הוביש יהוה את מי ים סוף מפניכם בצאתכם ממצרים ואשר עשיתם לשני מלכי האמרי אשר בעבר הירדן לסיחן ולעוג--אשר החרמתם אותם 10
For me hev fenge spurt at Herren turka ut Sevhavet framfyre dykk då de for frå Egyptarland, og me hev høyrt kva de gjorde med båe amoritarkongarne på hi sida Jordan, Sihon og Og, dei som de bannstøytte.
ונשמע וימס לבבנו ולא קמה עוד רוח באיש מפניכם כי יהוה אלהיכם--הוא אלהים בשמים ממעל ועל הארץ מתחת 11
Då me høyrde det, kolna me all igjenom, so rædde vart me, og no finst det ingen meir som hev hug til å møta dykk; for Herren, dykkar Gud, han er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi.
ועתה השבעו נא לי ביהוה כי עשיתי עמכם חסד ועשיתם גם אתם עם בית אבי חסד ונתתם לי אות אמת 12
So sver meg no ved Herren, at sidan eg hev gjort vel imot dykk, so skal de gjera vel mot folket mitt, og gjev med trygd for
והחיתם את אבי ואת אמי ואת אחי ואת אחותי (אחיותי) ואת כל אשר להם והצלתם את נפשתינו ממות 13
at de vil spara foreldri og syskini mine og alt husfolket deira, og berga livet vårt!»
ויאמרו לה האנשים נפשנו תחתיכם למות אם לא תגידו את דברנו זה והיה בתת יהוה לנו את הארץ ועשינו עמך חסד ואמת 14
Då sagde mennerne: «Med vårt eige liv skal me svara for livet dykkar, so sant de ikkje let nokon få vita kva ærend me fer i; og når Herren gjev oss dette landet, so skal me vera trugne og gjera vel mot deg.»
ותורדם בחבל בעד החלון כי ביתה בקיר החומה ובחומה היא יושבת 15
So fira ho deim med eit reip ned frå vindauga; for ho budde attmed bymuren, og huset hennar gjekk i eitt med muren.
ותאמר להם ההרה לכו פן יפגעו בכם הרדפים ונחבתם שמה שלשת ימים עד שוב הרדפים ואחר תלכו לדרככם 16
Og ho sagde til deim: «Far no til fjells, so de ikkje møter deim som leitar etter dykk, og haldt dykk løynde der i tri dagar, til dei kjem att; sidan kann de fara kvar de vil.»
ויאמרו אליה האנשים נקים אנחנו משבעתך הזה אשר השבעתנו 17
Då sagde mennerne til henne: «Gjer du ikkje som me no segjer, so held me oss for løyste frå den eiden du let oss sverja:
הנה אנחנו באים בארץ את תקות חוט השני הזה תקשרי בחלון אשר הורדתנו בו ואת אביך ואת אמך ואת אחיך ואת כל בית אביך תאספי אליך הביתה 18
Når me kjem inn i landet, skal du binda denne raude snori i vindauga som du fira oss ned frå, og so skal du samla foreldri og brørne dine og alt skyldfolket ditt i huset hjå deg.
והיה כל אשר יצא מדלתי ביתך החוצה דמו בראשו--ואנחנו נקים וכל אשר יהיה אתך בבית--דמו בראשנו אם יד תהיה בו 19
Gjeng då nokon ut or husdøri di, so er det hans eigi skuld um han vert drepen, og me er skuldlause; men vert det lagt hand på nokon av deim som er i huset hjå deg, so skal me svara for livet hans.
ואם תגידי את דברנו זה--והיינו נקים משבעתך אשר השבעתנו 20
Og talar du til nokon um ærendi vår, so er me og løyste frå den eiden du tok av oss.»
ותאמר כדבריכם כן הוא ותשלחם וילכו ותקשר את תקות השני בחלון 21
«Det skal vera som de segjer, » svara ho. So bad ho farvel med deim, og dei gjekk. Sidan batt ho den raude snori i vindauga.
וילכו ויבאו ההרה וישבו שם שלשת ימים עד שבו הרדפים ויבקשו הרדפים בכל הדרך ולא מצאו 22
Dei gjekk til dei kom upp i fjellet; der heldt dei seg i tri dagar, til dei som hadde sett etter deim, var attkomne; dei hadde leita etter heile vegen, men ingen funne.
וישבו שני האנשים וירדו מההר ויעברו ויבאו אל יהושע בן נון ויספרו לו--את כל המצאות אותם 23
So tok dei tvo ferdamennerne på heimvegen og gjekk ned frå fjellet, og sette yver elvi, og kom til Josva Nunsson, og sagde frå um alt det som hadde hendt deim.
ויאמרו אל יהושע כי נתן יהוה בידנו את כל הארץ וגם נמגו כל ישבי הארץ מפנינו 24
«Herren hev gjeve heile landet i våre hender, » sagde dei til Josva, «og alle som bur der, er so rædde oss at dei skjelv.»

< יהושע 2 >