< יהושע 17 >

ויהי הגורל למטה מנשה כי הוא בכור יוסף--למכיר בכור מנשה אבי הגלעד כי הוא היה איש מלחמה ויהי לו הגלעד והבשן 1
So fekk Manasse-ætti sin lut; for Manasse var eldste son åt Josef. Makir, eldste son åt Manasse og far åt Gilead, var ein gjæv stridsmann; difor fekk han Gilead og Basanlandet.
ויהי לבני מנשה הנותרים למשפחתם--לבני אביעזר ולבני חלק ולבני אשריאל ולבני שכם ולבני חפר ולבני שמידע אלה בני מנשה בן יוסף הזכרים--למשפחתם 2
Dei andre Manasse-sønerne fekk og land, kvar ættgrein for seg: borni åt Abiezer og sønerne åt Helek og borni åt Asriel og sønerne åt Sekem og sønerne åt Hefer og sønerne åt Semida; det var borni åt Manasse, son åt Josef, og ættgreinerne deira på mannssida.
ולצלפחד בן חפר בן גלעד בן מכיר בן מנשה לא היו לו בנים--כי אם בנות ואלה שמות בנתיו--מחלה ונעה חגלה מלכה ותרצה 3
Men Selofhad, son åt Hefer, som var son åt Gilead og soneson åt Makir, son åt Manasse, hadde ingi søner, berre døtter; og døtterne heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa.
ותקרבנה לפני אלעזר הכהן ולפני יהושע בן נון ולפני הנשיאים לאמר יהוה צוה את משה לתת לנו נחלה בתוך אחינו ויתן להם אל פי יהוה נחלה בתוך אחי אביהן 4
Dei gjekk fram for Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne, og tala so: «Herren sagde til Moses at han skulde gjeva oss odelsjord tilliks med frendarne våre.» So fekk dei odelsjord tilliks med farbrørne sine, soleis som Herren hadde sagt.
ויפלו חבלי מנשה עשרה--לבד מארץ הגלעד והבשן אשר מעבר לירדן 5
Det var ti partar som fall på Manasse, umfram Gilead- og Basanlandet austanfor Jordan;
כי בנות מנשה נחלו נחלה בתוך בניו וארץ הגלעד היתה לבני מנשה הנותרים 6
for døtterne åt Manasse fekk odel tilliks med sønerne hans. Men Gileadlandet hadde dei andre Manasse-ætterne fenge.
ויהי גבול מנשה מאשר המכמתת אשר על פני שכם והלך הגבול אל הימין אל ישבי עין תפוח 7
Fylkesdeilet åt Manasse gjekk frå Aser til Mikmetat, som ligg midt for Sikem; so tok bytestrengen til høgre til En-Tappuahgrenderne.
למנשה היתה ארץ תפוח ותפוח אל גבול מנשה לבני אפרים 8
Manasse fekk Tappuahbygdi; men Efraims-sønerne fekk byen; han låg tett innåt Manasseskiftet.
וירד הגבול נחל קנה נגבה לנחל ערים האלה לאפרים בתוך ערי מנשה וגבול מנשה מצפון לנחל ויהי תצאתיו הימה 9
So gjekk fylkesdeilet ned til Kanabekken, på sudsida av bekken; men byarne der høyrde Efraim til, endå dei låg millom Manassebyarne. Sidan gjekk fylkesdeilet åt Manasse på nordsida av bekken, til det enda utmed havet;
נגבה לאפרים וצפונה למנשה ויהי הים גבולו ובאשר יפגעון מצפון וביששכר ממזרח 10
Efraim fekk det som var sunnanfor, og Manasse det som var nordanfor. So var havet grensa, og sidan skifte dei med Aser i nord og med Issakar i aust.
ויהי למנשה ביששכר ובאשר בית שאן ובנותיה ויבלעם ובנותיה ואת ישבי דאר ובנותיה וישבי עין דר ובנותיה וישבי תענך ובנתיה וישבי מגדו ובנותיה--שלשת הנפת 11
I Issakarsfylket og i Asersfylket fekk Manasse Bet-Sean med bygderne ikring, og Jibleam med bygderne ikring, og Dor med grender og bygder, og En-Dor med grender og bygder, og Ta’anak med grender og bygder, og Megiddo med grender og bygder, alt som låg under dei tri høgderne.
ולא יכלו בני מנשה להוריש את הערים האלה ויואל הכנעני לשבת בארץ הזאת 12
Men Manasse-sønerne vann ikkje taka desse byarne, og kananitarne fekk tak til å halda seg der i landet.
ויהי כי חזקו בני ישראל ויתנו את הכנעני למס והורש לא הורישו 13
Då Israels-sønerne vart sterkare, nøydde dei kananitarne til å træla for seg, men dreiv deim ut gjorde dei ikkje.
וידברו בני יוסף את יהושע לאמר מדוע נתתה לי נחלה גורל אחד וחבל אחד ואני עם רב עד אשר עד כה ברכני יהוה 14
Josefs-sønerne kom til Josva og sagde: «Kvi hev du gjeve oss berre ein lut til odel og eiga? Me er då eit mannsterkt folk, etter di Herren til dessa hev velsigna oss.»
ויאמר אליהם יהושע אם עם רב אתה עלה לך היערה ובראת לך שם בארץ הפרזי והרפאים כי אץ לך הר אפרים 15
«Er de so fjølmente, » sagde Josva, «so gakk upp i skogen, og ryd dykk jord der i Perizit- og Refaitlandet, sidan Efraimsheidi er for trong for dykk.»
ויאמרו בני יוסף לא ימצא לנו ההר ורכב ברזל בכל הכנעני הישב בארץ העמק לאשר בבית שאן ובנותיה ולאשר בעמק יזרעאל 16
«Heidi rekk ikkje til for oss, » svara Josef-sønerne, «og alle kananitarne som bur i dalbygderne, hev jarnvogner, både dei i Bet-Sean og grenderne der ikring, og dei på Jizre’elsletta.»
ויאמר יהושע אל בית יוסף לאפרים ולמנשה לאמר עם רב אתה וכח גדול לך--לא יהיה לך גורל אחד 17
Då sagde Josva til Josefs-ætti, Efraim og Manasse: «Mykje folk hev du, og sterk er du! Du skal få meir enn ein lut.
כי הר יהיה לך כי יער הוא ובראתו והיה לך תצאתיו כי תוריש את הכנעני כי רכב ברזל לו--כי חזק הוא 18
Men det er ei fjellbygd du fær; det er skog der, og den lyt du hogga, og landet skal vera ditt til ytste endarne; for kananitarne skal du driva ut, endå dei hev jarnvogner, og endå dei er sterke.»

< יהושע 17 >