< ירמיה 17 >

חטאת יהודה כתובה בעט ברזל--בצפרן שמיר חרושה על לוח לבם ולקרנות מזבחותיכם 1
Judas synd er skrivi med jarngriffel, med demant-odd; ho er innrita på deira hjartans tavlor og på deira altarhorn,
כזכר בניהם מזבחותם ואשריהם על עץ רענן על גבעות הגבהות 2
likeins som borni deira kjem i hug altari deira og Astarte-bilæti deira attmed dei grøne tre på dei høge haugarne.
הררי בשדה--חילך כל אוצרותיך לבז אתן במתיך בחטאת בכל גבוליך 3
Du fjellet mitt på vollen! Godset ditt, alle skattarne dine vil eg gjeva til herfang, likeins offerhaugarne dine, for synderne innan alle dine landskil.
ושמטתה ובך מנחלתך אשר נתתי לך והעבדתיך את איביך בארץ אשר לא ידעת כי אש קדחתם באפי עד עולם תוקד 4
Då lyt du - og det er di eigi skuld - lata frå deg odelen din, som eg gav deg, og eg vil lata deg træla for fiendarne dine i eit land du ikkje kjenner. For ein eld hev de kveikt i min vreide, æveleg skal han loga.
כה אמר יהוה ארור הגבר אשר יבטח באדם ושם בשר זרעו ומן יהוה יסור לבו 5
So segjer Herren: Forbanna er den mann som lit på menneskja og gjer kjøt til sin arm og med sitt hjarta vik frå Herren!
והיה כערער בערבה ולא יראה כי יבוא טוב ושכן חררים במדבר ארץ מלחה ולא תשב 6
Han skal verta som ein einekrake i heidi og ikkje få sjå at det kjem noko godt; men han skal bu på avsvidne stader i øydemarki, i eit saltlende der ingen annan bur.
ברוך הגבר אשר יבטח ביהוה והיה יהוה מבטחו 7
Velsigna er den mann som lit på Herren, og hev Herren å lita på.
והיה כעץ שתול על מים ועל יובל ישלח שרשיו ולא ירא (יראה) כי יבא חם והיה עלהו רענן ובשנת בצרת לא ידאג ולא ימיש מעשות פרי 8
Han er lik eit tre som er planta attmed vatn, og som tøygjer røterne sine burt åt ein bekk, og som ikkje ræddast når hiten kjem, men hev sigrønt lauv, og som i turkår ikkje syrgjer og ikkje held upp med å bera frukt.
עקב הלב מכל ואנש הוא מי ידענו 9
Svikfullt er hjarta framfor alt anna, og låkt, kven kjenner det?
אני יהוה חקר לב בחן כליות ולתת לאיש כדרכו כפרי מעלליו 10
Eg, Herren, ransakar hjarta og røyner nyro, og gjev so kvar og ein etter hans veg, etter frukti av hans gjerning.
קרא דגר ולא ילד עשה עשר ולא במשפט בחצי ימו יעזבנו ובאחריתו יהיה נבל 11
Lik ei rapphøna som ligg på egg ho ikkje sjølv hev vorpe, er den som samlar rikdom som ikkje er rettkomen; midt i sine dagar skal han lata honom frå seg, og når han ligg på sitt siste, er han ein dåre.
כסא כבוד מרום מראשון--מקום מקדשנו 12
Eit herlegdomssæte, høgreist frå gamalt, er staden åt heilagdomen vår.
מקוה ישראל יהוה כל עזביך יבשו יסורי (וסורי) בארץ יכתבו כי עזבו מקור מים חיים את יהוה 13
Herre, du Israels von! Alle som vender seg frå deg, skal verta til skammar. Ja, dei som hev vike frå meg, skal verta skrivne i moldi, for dei hev vendt seg frå Herren, kjelda med det livande vatnet.
רפאני יהוה וארפא הושיעני ואושעה כי תהלתי אתה 14
Læk meg, Herre, so vert eg lækt! Frels meg, so vert eg frelst! for du er min lovsong.
הנה המה אמרים אלי איה דבר יהוה יבוא נא 15
Sjå, dei segjer med meg: «Kvar vart det av Herrens ord? Lat det koma!»
ואני לא אצתי מרעה אחריך ויום אנוש לא התאויתי--אתה ידעת מוצא שפתי נכח פניך היה 16
Eg hev då ikkje drege meg undan, men fylgt deg og vore hyrding, og nokon ubøtande ulukke-dag ynskte eg ikkje, du veit det; det som gjekk ut frå lipporne mine, er synbert for di åsyn.
אל תהיה לי למחתה מחסי אתה ביום רעה 17
Ver ikkje til fælske for meg! Du er mi livd på ulukkedagen.
יבשו רדפי ואל אבשה אני--יחתו המה ואל אחתה אני הביא עליהם יום רעה ומשנה שברון שברם 18
Lat deim verta til skammar som forfylgjer meg, og lat ikkje meg verta til skammar! Lat deim fæla, og lat ikkje meg fæla! Lat ein ulukke-dag koma yver deim, og med ei tvifelt sundkrasing krase du deim!
כה אמר יהוה אלי הלך ועמדת בשער בני עם (העם) אשר יבאו בו מלכי יהודה ואשר יצאו בו ובכל שערי ירושלם 19
So sagde Herren med meg: Gakk og statt i Folkeporten, der som Juda-kongarne gjeng inn og der dei gjeng ut, og i alle portarne i Jerusalem!
ואמרת אליהם שמעו דבר יהוה מלכי יהודה וכל יהודה וכל ישבי ירושלם--הבאים בשערים האלה 20
Og du skal segja med deim: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og alt Juda og alle Jerusalems-buar som gjeng inn gjenom desse portarne!
כה אמר יהוה השמרו בנפשותיכם ואל תשאו משא ביום השבת והבאתם בשערי ירושלם 21
So segjer Herren: Vara dykk for dykkar sjæler skuld, so de ikkje um kviledagen ber nokor byrd og kjem inn med gjenom Jerusalems-portarne!
ולא תוציאו משא מבתיכם ביום השבת וכל מלאכה לא תעשו וקדשתם את יום השבת כאשר צויתי את אבותיכם 22
Og de skal ikkje bera nokor byrd ut or husi dykkar på kviledagen og ikkje gjera noko slag arbeid; men de skal halda kviledagen heilag, so som eg baud federne dykkar.
ולא שמעו ולא הטו את אזנם ויקשו את ערפם לבלתי שומע (שמוע) ולבלתי קחת מוסר 23
Men dei høyrde ikkje og lagde ikkje øyra til, men gjorde seg hardnakka, so dei høyrde ikkje og tok ikkje age.
והיה אם שמע תשמעון אלי נאם יהוה לבלתי הביא משא בשערי העיר הזאת ביום השבת ולקדש את יום השבת לבלתי עשות בה כל מלאכה 24
Men um de høyrer på meg, segjer Herren, so de ikkje um kviledagen ber nokor byrd inn gjenom portarne i denne byen, og held kviledagen heilag, so det ikkje gjer noko arbeid,
ובאו בשערי העיר הזאת מלכים ושרים ישבים על כסא דוד רכבים ברכב ובסוסים המה ושריהם--איש יהודה וישבי ירושלם וישבה העיר הזאת לעולם 25
då skal kongar og hovdingar som sit i Davids kongsstol, koma inn gjenom portarne i denne byen på vogner og hestar, dei sjølve og deira hovdingar, Juda-mennerne og Jerusalems-buarne, og det skal æveleg bu folk i denne byen.
ובאו מערי יהודה ומסביבות ירושלם ומארץ בנימן ומן השפלה ומן ההר ומן הנגב מבאים עולה וזבח ומנחה ולבונה--ומבאי תודה בית יהוה 26
Og frå Juda-byarne og frå umkverven kring Jerusalem og frå Benjaminslandet og frå låglandet og frå heiderne og frå Sudlandet, skal dei koma og bera fram brennoffer og slagtoffer og grjonoffer og røykjelse, og bera fram takkoffer i Herrens hus.
ואם לא תשמעו אלי לקדש את יום השבת ולבלתי שאת משא ובא בשערי ירושלם ביום השבת והצתי אש בשעריה ואכלה ארמנות ירושלם--ולא תכבה 27
Men um de ikkje høyrer på meg, so de held kviledagen heilag og ikkje kjem med nokor byrd og ber inn gjenom Jerusalems-portarne på kviledagen, då vil eg kveikja eld på portarne, og han skal øyda slotti i Jerusalem og ikkje slokna.

< ירמיה 17 >