< ירמיה 11 >

הדבר אשר היה אל ירמיהו מאת יהוה לאמר 1
Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
שמעו את דברי הברית הזאת ודברתם אל איש יהודה ועל ישבי ירושלם 2
Høyr ordi i denne pakti, og tala til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne!
ואמרת אליהם כה אמר יהוה אלהי ישראל ארור האיש--אשר לא ישמע את דברי הברית הזאת 3
Og du skal segja med deim: So segjer Herren, Israels Gud: Forbanna vere den mann som ikkje lyder på ordi i denne pakti,
אשר צויתי את אבותיכם ביום הוציאי אותם מארץ מצרים מכור הברזל לאמר שמעו בקולי ועשיתם אותם ככל אשר אצוה אתכם והייתם לי לעם ואנכי אהיה לכם לאלהים 4
som eg baud federne dykkar den dagen eg let deim koma ut or Egyptarlandet, ut or jarnomnen, og sagde: Høyr på mi røyst og gjer alt dette, so som eg bed dykk, då skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud,
למען הקים את השבועה אשר נשבעתי לאבותיכם לתת להם ארץ זבת חלב ודבש--כיום הזה ואען ואמר אמן יהוה 5
so eg kann få halda den eiden som eg svor federne dykkar: å gjeva deim eit land som fløymer med mjølk og honning, so som det er enn i dag. Og eg svara og sagde: «Amen, Herre!»
ויאמר יהוה אלי קרא את כל הדברים האלה בערי יהודה ובחצות ירושלם לאמר שמעו את דברי הברית הזאת ועשיתם אותם 6
Og Herren sagde med meg: Ropa ut alle desse ordi i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne og seg: Lyd på ordi i denne pakti og gjer etter deim!
כי העד העדתי באבותיכם ביום העלותי אותם מארץ מצרים ועד היום הזה השכם והעד לאמר שמעו בקולי 7
For eg hev ålvorleg vara federne dykkar, då eg let deim koma ut or Egyptarlandet, og alt til denne dag, jamt og samt, og sagt: «Høyr på mi røyst!»
ולא שמעו ולא הטו את אזנם וילכו איש בשרירות לבם הרע ואביא עליהם את כל דברי הברית הזאת אשר צויתי לעשות--ולא עשו 8
Men dei lydde ikkje og lagde ikkje øyra sitt til, men kvar og ein ferdast etter sitt vonde, harde hjarta. So let eg då koma yver deim alt det eg hadde sagt i denne pakti, som eg baud deim å halda, men som dei ikkje heldt.
ויאמר יהוה אלי נמצא קשר באיש יהודה ובישבי ירושלם 9
Og Herren sagde med meg: Det er kome upp at Juda-mennerne og Jerusalems-buarne hev vore med kvarandre i ei samansverjing.
שבו על עונת אבותם הראשנים אשר מאנו לשמוע את דברי והמה הלכו אחרי אלהים אחרים לעבדם הפרו בית ישראל ובית יהודה את בריתי אשר כרתי את אבותם 10
Dei hev snutt tilbake til misgjerningarne åt forfederne sine, som ikkje vilde høyra på ordi mine, og dei fer etter andre gudar, for å tena deim. Israels hus og Judas hus hev brote pakti mi, som eg gjorde med federne deira.
לכן כה אמר יהוה הנני מביא אליהם רעה אשר לא יוכלו לצאת ממנה וזעקו אלי ולא אשמע אליהם 11
Difor, so segjer Herren: Sjå, eg let koma yver deim ei ulukka som dei ikkje kann koma seg undan. Då skal dei ropa på meg, men eg vil ikkje høyra på deim.
והלכו ערי יהודה וישבי ירושלם וזעקו אל האלהים אשר הם מקטרים להם והושע לא יושיעו להם בעת רעתם 12
So skal Juda-byarne og Jerusalems-buarne ganga og ropa på gudarne som dei plar brenna røykjelse for; men dei skal ikkje frelsa deim i deira trengsletid.
כי מספר עריך היו אלהיך יהודה ומספר חצות ירושלם שמתם מזבחות לבשת--מזבחות לקטר לבעל 13
For gudarne dine, Juda, er vortne like mange som byarne dine, og du hev reist like mange altar for skjemdi, altar til å brenna røykjelse på for Ba’al, som det er gator i Jerusalem.
ואתה אל תתפלל בעד העם הזה ואל תשא בעדם רנה ותפלה כי אינני שמע בעת קראם אלי--בעד רעתם 14
Og du, ikkje skal du beda for dette folket og ikkje koma med klagerop eller bøn for deim. For eg vil ikkje høyra når dei ropar til meg i si naud.
מה לידידי בביתי עשותה המזמתה הרבים ובשר קדש יעברו מעליך כי רעתכי אז תעלזי 15
Kva hev ho som eg elskar å gjera i mitt hus, ho som med mange gjer skjemdarverk? Kann heilagt offerkjøt fria deg? Når du gjer vondt, då fagnar du deg.
זית רענן יפה פרי תאר קרא יהוה שמך--לקול המולה גדלה הצית אש עליה ורעו דליותיו 16
«Eit sigrønt oljetre, prydt med fager frukt, » so kalla Herren deg; medan eit veldugt glam ljomar, kveikjer han eld på det, og greinerne brotnar av det.
ויהוה צבאות הנוטע אותך דבר עליך רעה בגלל רעת בית ישראל ובית יהודה אשר עשו להם להכעסני--לקטר לבעל 17
Og Herren, allhers drott, som planta deg, hev sagt illsegn imot deg for illgjerningi som Israels hus og Judas hus hev gjort til å harma meg upp, med å brenna røykjelse for Ba’al.
ויהוה הודיעני ואדעה אז הראיתני מעלליהם 18
Og Herren let meg få vita det, so no veit eg det; då synte du meg deira framferd.
ואני ככבש אלוף יובל לטבוח ולא ידעתי כי עלי חשבו מחשבות נשחיתה עץ בלחמו ונכרתנו מארץ חיים--ושמו לא יזכר עוד 19
Men eg var som eit spakt lamb, som vert leidt til slagting, og eg visste ikkje at dei lagde løynderåder mot meg: «Lat oss øydeleggja treet og frukti og rydja honom ut or landet åt dei livande, so ein ikkje lenger kjem namnet hans i hug!»
ויהוה צבאות שפט צדק בחן כליות ולב אראה נקמתך מהם כי אליך גליתי את ריבי 20
Men Herren, allhers drott, er ein rettferdig domar, han ransakar nyro og hjarta. Eg fær sjå at du hemner deg på deim, for eg hev lagt saki mi fram for deg.
לכן כה אמר יהוה על אנשי ענתות המבקשים את נפשך לאמר לא תנבא בשם יהוה ולא תמות בידנו 21
Difor, so segjer Herren um mennerne i Anatot, dei som ligg deg etter livet og segjer: «Du skal ikkje tala profetord i Herrens namn, annars skal du døy for vår hand, »
לכן כה אמר יהוה צבאות הנני פקד עליהם הבחורים ימתו בחרב בניהם ובנותיהם ימתו ברעב 22
- difor, so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg vil heimsøkja deim dei unge menner skal falla for sverd, deira søner og døtter skal døy av svolt.
ושארית לא תהיה להם כי אביא רעה אל אנשי ענתות שנת פקדתם 23
Og ikkje noko skal verta leivt åt deim; for eg sender ulukka på mennerne i Anatot det året dei vert heimsøkte.

< ירמיה 11 >