< ישעה 30 >

הוי בנים סוררים נאם יהוה לעשות עצה ולא מני ולנסך מסכה ולא רוחי--למען ספות חטאת על חטאת 1
Usæle dei tråssuge born, segjer Herren, som fullfører råd som ikkje er frå meg, og gjer samband utan min ande, so dei legg synd til synd,
ההלכים לרדת מצרים ופי לא שאלו לעוז במעוז פרעה ולחסות בצל מצרים 2
som fer av stad til Egyptarland, og hev ikkje spurt etter mitt ord - dei vil verna seg med Faraos vern og finna livd i skuggen av Egyptarland!
והיה לכם מעוז פרעה לבשת והחסות בצל מצרים לכלמה 3
Men Faraos vern skal verta dykk til skam, og livdi i skuggen av Egyptarland til skjemd.
כי היו בצען שריו ומלאכיו חנס יגיעו 4
For fyrstarne deira er komne til Soan, og sendebodi hans når til Hanes;
כל הבאיש על עם לא יועילו למו לא לעזר ולא להועיל כי לבשת וגם לחרפה 5
alle vert dei til skammar ved eit folk som ikkje gagnar deim, ikkje er til hjelp og til bate, men både til skam og skjemd.
משא בהמות נגב בארץ צרה וצוקה לביא וליש מהם אפעה ושרף מעופף ישאו על כתף עירים חילהם ועל דבשת גמלים אוצרתם על עם לא יועילו 6
Framsegn um udyret i Sudlandet. Gjenom eit land med naud og trengsla, der løvemor og løva, hoggorm og fljugande eiterorm hev heimen sin, fører dei eigedomen sin på asenrygg og på kamelrugg skattarne sine til eit folk som ikkje gagnar.
ומצרים הבל וריק יעזרו לכן קראתי לזאת רהב הם שבת 7
Slett ikkje og aldri vil Egyptarland hjelpa; difor kallar eg det: «Storskrytaren som sit still».
עתה בוא כתבה על לוח אתם--ועל ספר חקה ותהי ליום אחרון לעד עד עולם 8
Gakk no inn, skriv det på ei tavla medan dei ser på, og teikna det inn i ei bok, so det kann vera for komande dagar, for alltid, til æveleg tid!
כי עם מרי הוא בנים כחשים בנים לא אבו שמוע תורת יהוה 9
For det er eit tråssugt folk, ljugarborn, born som ikkje vil høyra Herrens lov,
אשר אמרו לראים לא תראו ולחזים לא תחזו לנו נכחות דברו לנו חלקות חזו מהתלות 10
som segjer til sjåarane: «De skal ikkje sjå, » og til deim som skodar: «De skal ikkje skoda for oss det som rett er. Tala smeikjande til oss, skoda synkvervingar,
סורו מני דרך הטו מני ארח השביתו מפנינו את קדוש ישראל 11
vik burt frå vegen, bøyg av frå råsi, få Israels Heilage burt frå augo våre!»
לכן כה אמר קדוש ישראל יען מאסכם בדבר הזה ותבטחו בעשק ונלוז ותשענו עליו 12
Difor, so segjer Israels Heilage: «Etter di de vandar dette ordet, og lit på vald og krokvegar og styd dykk på det,
לכן יהיה לכם העון הזה כפרץ נפל נבעה בחומה נשגבה--אשר פתאם לפתע יבוא שברה 13
difor skal denne misgjerdi verta dykk som ein falleferdig mole, som hev rivna ut or ein høg mur, og som brått kann verta nedbroten i ein augneblink.
ושברה כשבר נבל יוצרים כתות--לא יחמל ולא ימצא במכתתו חרש לחתות אש מיקוד ולחשף מים מגבא 14
Han vert krasa, liksom ein krasar krusty, som ein utan skonsel slær sund, so det millom molarne ikkje finst eit brot til å henta eld med frå gruva eller ausa vatn med av brunnen.
כי כה אמר אדני יהוה קדוש ישראל בשובה ונחת תושעון--בהשקט ובבטחה תהיה גבורתכם ולא אביתם 15
For so segjer Herren, Herren, Israels Heilage: Dersom de vender um og held dykk stille, skal de verta frelste, i stilla og i tillit skal dykkar styrke vera. Men de vilde ikkje.
ותאמרו לא כי על סוס ננוס על כן תנוסון ועל קל נרכב על כן יקלו רדפיכם 16
De sagde: Nei, men på hestar vil me fljuga» - difor skal de fly - «og på snøggføtte vil me rida» - difor skal forfylgjararne dykkar verta snøgge -.
אלף אחד מפני גערת אחד--מפני גערת חמשה תנסו עד אם נותרתם כתרן על ראש ההר וכנס על הגבעה 17
Eit tusund skal røma for trugsmål frå ein; og for trugsmål frå fem skal de røma, til dess dykkar leivning er lik ei flaggstong på toppen av eit fjell og eit merke på ein haug.
ולכן יחכה יהוה לחננכם ולכן ירום לרחמכם כי אלהי משפט יהוה אשרי כל חוכי לו 18
Og difor biar Herren med å vera dykk nådig, og difor held han seg langt burte i det høge med si miskunn mot dykk; for Herren er doms Gud, sæle er alle dei som biar på honom.
כי עם בציון ישב בירושלם בכו לא תבכה חנון יחנך לקול זעקך--כשמעתו ענך 19
For du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du må ikkje gråta meir; han vil vera deg nådig når du ropar um hjelp; når han høyrer det, svarar han deg.
ונתן לכם אדני לחם צר ומים לחץ ולא יכנף עוד מוריך והיו עיניך ראות את מוריך 20
Herren skal gjeva dykk trengsels-brød og fengsels-vatn, og då skal lærarane dine ikkje meir løyna seg, men augo dine skal sjå lærarane dine,
ואזניך תשמענה דבר מאחריך לאמר זה הדרך לכו בו כי תאמינו וכי תשמאילו 21
og øyro dine skal høyra eit bak deg, soleis: «Dette er vegen, gakk på den!» - når det vik av til høgre, og når de vik av til vinstre.
וטמאתם את צפוי פסילי כספך ואת אפדת מסכת זהבך תזרם כמו דוה צא תאמר לו 22
Og du skal halda for ureint sylvplatorne på dine utskorne bilæte og gyllingi på ditt støypte bilæte, du skal kasta deim burt som skarn. «Ut med deg!» skal du segja til det.
ונתן מטר זרעך אשר תזרע את האדמה ולחם תבואת האדמה והיה דשן ושמן ירעה מקניך ביום ההוא כר נרחב 23
Då skal han gjeva regn for ditt sæde, som du sår i jordi, og brød av grøda på jordi, og det skal vera både kraftigt og saftigt; den dagen skal bufeet ditt beita på ei vid eng.
והאלפים והעירים עבדי האדמה בליל חמיץ יאכלו--אשר זרה ברחת ובמזרה 24
Og uksarne og asni, som arbeider jordi, skal eta salta blandingsfôr, som vert kasta med skufl og kastegreip.
והיה על כל הר גבה ועל כל גבעה נשאה פלגים יבלי מים--ביום הרג רב בנפל מגדלים 25
Og på kvart høgt fjell og på kvar høg bakke skal det vera bekkjer, straumar av vatn, på den store slagtedagen, når tårn fell.
והיה אור הלבנה כאור החמה ואור החמה יהיה שבעתים כאור שבעת הימים--ביום חבש יהוה את שבר עמו ומחץ מכתו ירפא 26
Og måneljoset skal verta som solljoset, og solljoset skal verta sjufaldt, som ljoset for sju dagar, den dagen då Herren bind um bråtet som folket hans hev fenge, og lækjer såret av slaget det fekk.
הנה שם יהוה בא ממרחק בער אפו וכבד משאה שפתיו מלאו זעם ולשונו כאש אכלת 27
Sjå, Herrens namn kjem langt burtanfrå, brennande er vreiden hans, og svær er røyken som stig upp; lipporne hans svell av harm, og tunga hans er som øydande eld,
ורוחו כנחל שוטף עד צואר יחצה להנפה גוים בנפת שוא ורסן מתעה על לחיי עמים 28
og vreidepusten hans er som ei yverfløymande bekk, som når til halsen; han vil sælda heidningfolki i tyningssåldet og leggja eit vildringsbeisl i munnen åt folki.
השיר יהיה לכם כליל התקדש חג ושמחת לבב כהולך בחליל לבוא בהר יהוה אל צור ישראל 29
Dykkar song skal ljoda som i den natti då høgtidi vert innvigd, og det skal vera hjartans gleda, som når dei gjeng med fløytespel upp til Herrens fjell, til Israels berg.
והשמיע יהוה את הוד קולו ונחת זרועו יראה בזעף אף ולהב אש אוכלה נפץ וזרם ואבן ברד 30
Og Herren skal lata si velduge røyst ljoda og syna sin nedfarande arm i vreid harm og øydande eldsloge, støytregn og sturtregn og hagl.
כי מקול יהוה יחת אשור בשבט יכה 31
For røysti åt Herren skal Assur verta forfærd, han som slær honom med staven.
והיה כל מעבר מטה מוסדה אשר יניח יהוה עליו בתפים ובכנרות ובמלחמות תנופה נלחם בה (בם) 32
Og kvar gong straffestaven som Herren let falla på honom, fer ned, skal det ganga fyre seg med klang av trummor og cithrar, og i stridar mot det med svingande arm.
כי ערוך מאתמול תפתה גם הוא (היא) למלך הוכן העמיק הרחב מדרתה אש ועצים הרבה--נשמת יהוה כנחל גפרית בערה בה 33
For ei brandtuft er tilbudd longe; ogso for kongen er ho tilbudd, djup og vid; bålet hennar hev eld og ved i mengd; anden åt Herren, lik ein svåvelstraum, set det i brand.

< ישעה 30 >