< קֹהֶלֶת 6 >

יש רעה אשר ראיתי תחת השמש ורבה היא על האדם 1
Det er ei ulukka som eg hev set under soli, og tung ligg ho på menneskja:
איש אשר יתן לו האלהים עשר ונכסים וכבוד ואיננו חסר לנפשו מכל אשר יתאוה ולא ישליטנו האלהים לאכל ממנו--כי איש נכרי יאכלנו זה הבל וחלי רע הוא 2
Når Gud gjev ein mann rikdom og skattar og æra, so han for sin part ikkje vantar noko av det han ynskjer, men Gud ikkje let honom vera kar til å njota godt av det, men ein framand mann fær njota det, so er det fåfengd og ei vond liding.
אם יוליד איש מאה ושנים רבות יחיה ורב שיהיו ימי שניו ונפשו לא תשבע מן הטובה וגם קבורה לא היתה לו--אמרתי טוב ממנו הנפל 3
Um ein mann fær hundrad born og liver mange år, so talet vert stort på dagarne i hans liveår, men sjæli hans ikkje vert mett av det gode, og han so ikkje fær nokor jordferd, då segjer eg: Eit ufullbore foster er betre fare enn han.
כי בהבל בא ובחשך ילך ובחשך שמו יכסה 4
For til fåfengs kom det, og i myrker gjeng det burt, og i myrker fær det namnet sitt løynt,
גם שמש לא ראה ולא ידע נחת לזה מזה 5
og soli hev det korkje set eller kjent - det hev meir ro enn han.
ואלו חיה אלף שנים פעמים וטובה לא ראה--הלא אל מקום אחד הכל הולך 6
Og um han so livde tusund år tvo gonger, men ikkje fekk njota noko godt - fer ikkje alt til ein stad?
כל עמל האדם לפיהו וגם הנפש לא תמלא 7
All mannsens møda er for munnen hans, og like vel vert hugen aldri nøgd.
כי מה יותר לחכם מן הכסיל מה לעני יודע להלך נגד החיים 8
For kva fyremun hev vismannen framfor dåren? Kva fyremun hev fatigmannen som veit å vandra for augo på dei livande?
טוב מראה עינים מהלך נפש גם זה הבל ורעות רוח 9
Betre augnesyn enn ein urolig hugen. Det er fåfengd og jag etter vind.
מה שהיה כבר נקרא שמו ונודע אשר הוא אדם ולא יוכל לדין עם שהתקיף (שתקיף) ממנו 10
Det som hender, er alt fyrr nemnt med namn, og det er kjent kva ein mann skal verta, og ikkje kann han saksøkja den som er sterkare enn han.
כי יש דברים הרבה מרבים הבל מה יתר לאדם 11
For det finst ein ordrikdom som berre aukar fåfengdi, kva gagn hev mannen av det?
כי מי יודע מה טוב לאדם בחיים מספר ימי חיי הבלו--ויעשם כצל אשר מי יגיד לאדם מה יהיה אחריו תחת השמש 12
For kven veit kva som er godt for mannen i livet, i alle hans fåfengde livedagar som han fer igjenom som ein skugge? Og kven segjer med mannen kva som skal henda under soli etter hans tid?

< קֹהֶלֶת 6 >