< דברים 31 >

וילך משה וידבר את הדברים האלה אל כל ישראל 1
Og Moses gjekk fram, og tala til heile Israel,
ויאמר אלהם בן מאה ועשרים שנה אנכי היום--לא אוכל עוד לצאת ולבוא ויהוה אמר אלי לא תעבר את הירדן הזה 2
og sagde desse ordi: «No er eg hundrad og tjuge år gamall; eg er ikkje so nøytug som eg hev vore, og Herren hev sagt meg at eg ikkje skal koma yver Jordanåi.
יהוה אלהיך הוא עבר לפניך הוא ישמיד את הגוים האלה מלפניך--וירשתם יהושע הוא עבר לפניך כאשר דבר יהוה 3
Herren, din Gud, vil sjølv ganga fyre deg; han vil rydja ut desse folki for deg, og du skal leggja under deg landet deira; men Josva skal føra deg yver, soleis som Herren hev sagt.
ועשה יהוה להם כאשר עשה לסיחון ולעוג מלכי האמרי ולארצם--אשר השמיד אתם 4
Og Herren skal gjera med deim som han gjorde med Sihon og Og, amoritarkongarne, då han rudde deim ut, og lagde landet deira i øyde.
ונתנם יהוה לפניכם ועשיתם להם--ככל המצוה אשר צויתי אתכם 5
Han skal gjeva deim i dykkar magt, og de skal fara med deim i eitt og alt soleis som eg hev sagt dykk.
חזקו ואמצו אל תיראו ואל תערצו מפניהם כי יהוה אלהיך הוא ההלך עמך--לא ירפך ולא יעזבך 6
Ver sterke og djerve! Ræddast ikkje, og skjelv ikkje for deim! For Herren, din Gud, gjeng sjølv med deg; han vil ikkje sleppa deg, og ikkje slå handi av deg.»
ויקרא משה ליהושע ויאמר אליו לעיני כל ישראל חזק ואמץ--כי אתה תבוא את העם הזה אל הארץ אשר נשבע יהוה לאבתם לתת להם ואתה תנחילנה אותם 7
Og Moses kalla Josva åt seg, og sagde til honom, medan heile Israel stod ikring: «Ver sterk og stød! for du skal føra dette folket inn i det landet som Herren hev lova federne deira, og du skal hjelpa deim til å vinna det.
ויהוה הוא ההלך לפניך הוא יהיה עמך--לא ירפך ולא יעזבך לא תירא ולא תחת 8
Og Herren skal sjølv ganga fyre deg; han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg, og ikkje slå handi av deg. Du skal ikkje ræddast og ikkje fæla!»
ויכתב משה את התורה הזאת ויתנה אל הכהנים בני לוי הנשאים את ארון ברית יהוה ואל כל זקני ישראל 9
So skreiv Moses upp denne lovi, og gav henne til prestarne, Levi-sønerne, dei som bar Herrens sambandskista, og til alle styresmennerne i Israel,
ויצו משה אותם לאמר מקץ שבע שנים במעד שנת השמטה--בחג הסכות 10
og sagde til deim: «Kvart sjuande år, i ettergjevingsåret, når de held lauvhyttehelg,
בבוא כל ישראל לראות את פני יהוה אלהיך במקום אשר יבחר תקרא את התורה הזאת נגד כל ישראל--באזניהם 11
og heile Israel møter fram for Herrens åsyn på den staden han hev valt seg ut, då skal du lesa upp denne lovi for Israels-lyden.
הקהל את העם האנשים והנשים והטף וגרך אשר בשעריך--למען ישמעו ולמען ילמדו ויראו את יהוה אלהיכם ושמרו לעשות את כל דברי התורה הזאת 12
Heile folket skal de kalla i hop, både menner og kvende og born og dei framande som bur innan portane dykkar, so dei fær høyra lovi og kann læra å ottast Herren, dykkar Gud, og koma i hug å halda alle desse bodi.
ובניהם אשר לא ידעו ישמעו ולמדו--ליראה את יהוה אלהיכם כל הימים אשר אתם חיים על האדמה אשר אתם עברים את הירדן שמה לרשתה 13
Og borni deira, som ikkje kjenner bodi, lyt og få høyra deim, so dei kann læra å ottast Herren, dykkar Gud, so lenge de liver i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.»
ויאמר יהוה אל משה הן קרבו ימיך למות--קרא את יהושע והתיצבו באהל מועד ואצונו וילך משה ויהושע ויתיצבו באהל מועד 14
Og Herren sagde til Moses: «No lid det til at du skal fara or verdi; kalla Josva hit, og stig fram åt møtetjeldet, både du og han, so skal eg segja honom fyre kva han skal gjera.» So gjekk Moses og Josva fram åt møtetjeldet, og vart standande der.
וירא יהוה באהל בעמוד ענן ויעמד עמוד הענן על פתח האהל 15
Då synte Herren seg for deim i ein skystopul, og skystopulen stod i tjelddøri.
ויאמר יהוה אל משה הנך שכב עם אבתיך וקם העם הזה וזנה אחרי אלהי נכר הארץ אשר הוא בא שמה בקרבו ועזבני והפר את בריתי אשר כרתי אתו 16
Og Herren sagde til Moses: «Når du kviler hjå federne dine, då kjem dette folket til å halda seg med avgudarne i det landet dei skal til; dei kjem til å venda seg ifrå meg, og brjota den pakti eg hev gjort med deim.
וחרה אפי בו ביום ההוא ועזבתים והסתרתי פני מהם והיה לאכל ומצאהו רעות רבות וצרות ואמר ביום ההוא הלא על כי אין אלהי בקרבי מצאוני הרעות האלה 17
Den dagen skal harmen min loga upp; eg skal venda meg frå deim, og løyna andlitet mitt for deim; dei skal tynast burt, og koma i stor naud og ulukka. Då skal dei segja: «Det er visst av di vår Gud ikkje er hjå oss, at desse ulukkorne kjem yver oss.»
ואנכי הסתר אסתיר פני ביום ההוא על כל הרעה אשר עשה כי פנה אל אלהים אחרים 18
Men endå skal eg løyna andlitet mitt, for di dei hev gjort so mykje vondt og vendt seg til andre gudar.
ועתה כתבו לכם את השירה הזאת ולמדה את בני ישראל שימה בפיהם למען תהיה לי השירה הזאת לעד--בבני ישראל 19
Skriv no upp denne songen! Lat Israels-borni læra honom, og legg honom i munnen deira! Han skal vera meg til eit vitnemål imot deim.
כי אביאנו אל האדמה אשר נשבעתי לאבתיו זבת חלב ודבש ואכל ושבע ודשן ופנה אל אלהים אחרים ועבדום ונאצוני והפר את בריתי 20
For no fører eg deim inn i det landet eg lova federne deira, der som mjølki og honningen fløymer; men når dei hev ete seg mette og feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og tena deim, og vanvyrda meg, og brjota sambandet med meg.
והיה כי תמצאן אתו רעות רבות וצרות וענתה השירה הזאת לפניו לעד כי לא תשכח מפי זרעו כי ידעתי את יצרו אשר הוא עשה היום בטרם אביאנו אל הארץ אשר נשבעתי 21
Når då mange ulukkor møter deim, og dei kjem i stor vande og naud, då skal denne songen ljoda som eit vitnemål for øyro deira; han skal ikkje vera gløymd hjå deim som etter kjem, og ikkje døy på munnen deira. For eg veit kva tankar dei gjeng med alt no, fyrr eg hev ført deim inn i det landet eg lova deim.»
ויכתב משה את השירה הזאת ביום ההוא וילמדה את בני ישראל 22
Same dagen skreiv Moses upp denne songen, og let Israels-sønerne læra honom.
ויצו את יהושע בן נון ויאמר חזק ואמץ--כי אתה תביא את בני ישראל אל הארץ אשר נשבעתי להם ואנכי אהיה עמך 23
Og Herren sagde til Josva Nunsson: «Ver sterk og stød! For du skal føra Israels-sønerne inn i det landet eg hev lova deim, og eg skal vera med deg.»
ויהי ככלות משה לכתב את דברי התורה הזאת--על ספר עד תמם 24
Då Moses hadde skrive inn i ei bok alle ordi i denne lovi, heilt til endes,
ויצו משה את הלוים נשאי ארון ברית יהוה לאמר 25
so sagde han til levitarne som bar Herrens sambandskista:
לקח את ספר התורה הזה ושמתם אתו מצד ארון ברית יהוה אלהיכם והיה שם בך לעד 26
«Tak denne lovboki og legg henne ned innmed sambandskista åt Herren, dykkar Gud; der skal ho liggja og vera eit vitne imot dykk.
כי אנכי ידעתי את מריך ואת ערפך הקשה הן בעודני חי עמכם היום ממרים היתם עם יהוה ואף כי אחרי מותי 27
For eg veit kor tråssuge og stride de er. Hev de’kje alt no, medan eg liver og er hjå dykk, vore ulyduge mot Herren! Korleis vil det då verta når eg er burte?
הקהילו אלי את כל זקני שבטיכם ושטריכם ואדברה באזניהם את הדברים האלה ואעידה בם את השמים ואת הארץ 28
Kalla no i hop alle styresmennerne fot ætterne dykkar og alle formennerne, so vil eg kveda desse versi for deim, og taka himmelen og jordi til vitne mot deim.
כי ידעתי אחרי מותי כי השחת תשחתון וסרתם מן הדרך אשר צויתי אתכם וקראת אתכם הרעה באחרית הימים--כי תעשו את הרע בעיני יהוה להכעיסו במעשה ידיכם 29
For eg veit vel at når eg er burte, kjem de til å forsynda dykk storleg, og taka utav den vegen eg hev synt dykk; men ulukka skal koma yver dykk fyrr leidi lyktar, når de gjer det som Herren mislikar og argar honom upp med framferdi dykkar.»
וידבר משה באזני כל קהל ישראל את דברי השירה הזאת--עד תמם 30
So kvad Moses dette kvædet frå ende til annan, for heile Israels-lyden:

< דברים 31 >