< דניאל 3 >

נבוכדנצר מלכא עבד צלם די דהב רומה אמין שתין פתיה אמין שת אקימה בבקעת דורא במדינת בבל 1
Kong Nebukadnessar let gjera eit bilæte av gull, seksti alner høgt og seks alner breidt; det fekk han sett upp på Durasletta i Babelsfylket.
ונבוכדנצר מלכא שלח למכנש לאחשדרפניא סגניא ופחותא אדרגזריא גדבריא דתבריא תפתיא וכל שלטני מדינתא--למתא לחנכת צלמא די הקים נבוכדנצר מלכא 2
Og kong Nebukadnessar sende ut menner som skulde stemna saman satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsmennerne og skattmeistrarne og dei lovkunnige og domarane og alle andre embætsmenner i fylki, at dei skulde koma til vigsla av det bilætet som kong Nebukadnessar hadde fenge reist.
באדין מתכנשין אחשדרפניא סגניא ופחותא אדרגזריא גדבריא דתבריא תפתיא וכל שלטני מדינתא לחנכת צלמא די הקים נבוכדנצר מלכא וקאמין (וקימין) לקבל צלמא די הקים נבכדנצר 3
Då samla dei seg, satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsmennerne og skattmeistrarne og dei lovkunnige og domararne og alle andre embetsmenner i fylki og skulde vigsla det bilætet som Nebukadnessar hadde fenge reist; og då dei so stod framfor det bilætet som Nebukadnessar hadde fenge reist,
וכרוזא קרא בחיל לכון אמרין עממיא אמיא ולשניא 4
ropa ein herold med høg røyst: «Det vere dykk sagt, de folk og ætter og tungemål:
בעדנא די תשמעון קל קרנא משרוקיתא קיתרס (קתרס) שבכא פסנתרין סומפניא וכל זני זמרא--תפלון ותסגדון לצלם דהבא די הקים נבוכדנצר מלכא 5
Når de høyrer ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter, sekkjepipa og alle slags andre spel, då skal de falla ned og tilbeda det gull-bilætet som kong Nebukadnessar hev fenge reist.
ומן די לא יפל ויסגד--בה שעתא יתרמא לגוא אתון נורא יקדתא 6
Men den som ikkje fell ned og tilbed, skal i same stundi verta kasta i ein brennande omn.»
כל קבל דנה בה זמנא כדי שמעין כל עממיא קל קרנא משרוקיתא קיתרס (קתרס) שבכא פסנטרין וכל זני זמרא--נפלין כל עממיא אמיא ולשניא סגדין לצלם דהבא די הקים נבוכדנצר מלכא 7
So snart alt folket no høyrde ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter og alle andre slags spel, fall dei difor ned, alle folk og ættar og tungemål, og tilbed det gull-bilætet som kong Nebukadnessar hadde fenge reist.
כל קבל דנה בה זמנא קרבו גברין כשדאין ואכלו קרציהון די יהודיא 8
Men straks etter stod nokre kaldæiske menner fram og klaga jødarne.
ענו ואמרין לנבוכדנצר מלכא מלכא לעלמין חיי 9
Dei tok til ords og sagde til kong Nebukadnessar: «Kongen live æveleg!
אנתה (אנת) מלכא שמת טעם די כל אנש די ישמע קל קרנא משרקיתא קיתרס (קתרס) שבכא פסנתרין וסיפניה (וסופניה) וכל זני זמרא--יפל ויסגד לצלם דהבא 10
Konge, du hev gjeve bod um at alle menneskje skulde falla ned og tilbeda gull-bilætet når dei høyrde ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter, sekkjepipa og alle andre spel,
ומן די לא יפל ויסגד--יתרמא לגוא אתון נורא יקדתא 11
og at kvar og ein som ikkje fell ned og tilbed, skal verta kasta i ein brennande omn.
איתי גברין יהודאין די מנית יתהון על עבידת מדינת בבל שדרך מישך ועבד נגו--גבריא אלך לא שמו עליך (עלך) מלכא טעם לאלהיך (לאלהך) לא פלחין ולצלם דהבא די הקימת לא סגדין 12
Men no er her nokre jødiske menner, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som du sette til å styra Babelsfylket. Desse mennerne hev ikkje agta på deg, konge. Dei dyrkar ikkje dine gudar, og ikkje tilbed dei gull-bilætet som du hev fenge reist.»
באדין נבוכדנצר ברגז וחמא אמר להיתיה לשדרך מישך ועבד נגו באדין גבריא אלך היתיו קדם מלכא 13
Då baud Nebukadnessar i vreide og harm at dei skulde føra fram Sadrak, Mesak og Abed-Nego. Og dei førde mennerne fram for kongen.
ענה נבוכדנצר ואמר להון הצדא שדרך מישך ועבד נגו לאלהי לא איתיכון פלחין ולצלם דהבא די הקימת לא סגדין 14
Nebukadnessar tala til deim og sagde: «Er det med vilje at de, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, ikkje dyrkar mine gudar og ikkje tilbed det gull-bilætet som eg hev fenge reist?
כען הן איתיכון עתידין די בעדנא די תשמעון קל קרנא משרוקיתא קיתרס (קתרס) שבכא פסנתרין וסומפניה וכל זני זמרא תפלון ותסגדון לצלמא די עבדת והן לא תסגדון בה שעתא תתרמון לגוא אתון נורא יקדתא ומן הוא אלה די ישיזבנכון מן ידי 15
Ja, ja, alt skal verta godt att, so framt de er viljuge til å falla ned og tilbeda det bilætet som eg hev fenge gjort, når de høyrer ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter og sekkjepipa og alle slag andre spel. Men dersom de ikkje tilbed, so skal de i same stundi verta kasta i den brennande omn; og kven er den gud som då kann frelsa dykk or mi hand?»
ענו שדרך מישך ועבד נגו ואמרין למלכא נבוכדנצר--לא חשחין אנחנא על דנה פתגם להתבותך 16
Då svara Sadrak, Mesak og Abed-Nego og sagde til kongen: «Nebukadnessar, me tarv ikkje gjeva deg noko svar på dette.
הן איתי אלהנא די אנחנא פלחין--יכל לשיזבותנא מן אתון נורא יקדתא ומן ידך מלכא ישיזב 17
Um vår Gud, han som me dyrkar, magtar å frelsa oss, so skal han og frelsa oss or den brennande omnen og or di hand, konge.
והן לא ידיע להוא לך מלכא די לאלהיך (לאלהך) לא איתינא (איתנא) פלחין ולצלם דהבא די הקימת לא נסגד 18
Men um han ikkje det vil, so skal du vita, konge, at me dyrkar ikkje dine gudar kor som er, og at me ikkje vil tilbeda det gull-bilætet som du hev fenge reist.»
באדין נבוכדנצר התמלי חמא וצלם אנפוהי אשתנו (אשתני) על שדרך מישך ועבד נגו ענה ואמר למזא לאתונא חד שבעה על די חזה למזיה 19
Då rann det slikt sinne i Nebukadnessar mot Sadrak, Mesak og Abed-Nego, at han skifte liter i andlitet. Og han tok til ords og baud at dei skulde gjera omnen sju gonger so heit som elles var turvande.
ולגברין גברי חיל די בחילה אמר לכפתה לשדרך מישך ועבד נגו--למרמא לאתון נורא יקדתא 20
Og nokre handfaste karar i heren hans fekk fyresegn um å binda Sadrak, Mesak og Abed-Nego og kasta deim i den brennande omnen.
באדין גבריא אלך כפתו בסרבליהון פטישיהון (פטשיהון) וכרבלתהון ולבשיהון ורמיו לגוא אתון נורא יקדתא 21
So vart mennerne bundne i underklædi, kjolarne, kapporne og dei andre klædi sine og kasta i den brennande omnen.
כל קבל דנה מן די מלת מלכא מחצפה ואתונא אזה יתירה גבריא אלך די הסקו לשדרך מישך ועבד נגו קטל המון שביבא די נורא 22
Men etter di bodet åt kongen hadde vore so strengt, og omnen difor var vorten so uhorveleg upphita, vart dei mennerne som førde Sadrak, Mesak og Abed-Nego upp dit, sjølv drepne av eldslogarne.
וגבריא אלך תלתהון שדרך מישך ועבד נגו--נפלו לגוא אתון נורא יקדתא מכפתין 23
Men dei tri mennerne, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, vart kasta bundne ned i den brennande omnen.
אדין נבוכדנצר מלכא תוה וקם בהתבהלה ענה ואמר להדברוהי הלא גברין תלתה רמינא לגוא נורא מכפתין ענין ואמרין למלכא יציבא מלכא 24
Då stokk kong Nebukadnessar og stod svint upp og spurde rådsherrarne sine og sagde: «Var det ikkje tri menner me batt og kasta i elden?» Dei svara og sagde til kongen: «Jau visst, konge.»
ענה ואמר הא אנה חזה גברין ארבעה שרין מהלכין בגו נורא וחבל לא איתי בהון ורוה די רביעיא (רביעאה) דמה לבר אלהין 25
Han heldt fram og sagde: «Og endå ser eg no fire menner som gjeng lause og leduge inne i elden, og inkje mein hev dei fenge; og den fjorde ser ut som ein gudeson.
באדין קרב נבוכדנצר לתרע אתון נורא יקדתא ענה ואמר שדרך מישך ועבד נגו עבדוהי די אלהא עליא (עלאה) פקו ואתו באדין נפקין שדרך מישך ועבד נגו--מן גוא נורא 26
Dermed steig Nebukadnessar fram til døri på den brennande omnen, tok til ords og sagde: Sadrak, Mesak og Abed-Nego, de tenarar åt den høgste Gud, kom ut her!» Då gjekk Sadrak, Mesak og Abed-Nego ut or elden.
ומתכנשין אחשדרפניא סגניא ופחותא והדברי מלכא--חזין לגבריא אלך די לא שלט נורא בגשמהון ושער ראשהון לא התחרך וסרבליהון לא שנו וריח נור לא עדת בהון 27
Og satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsherrarne åt kongen samla seg saman der, og fekk sjå at elden ikkje hadde havt nokor magt yver likamen til desse mennerne, og at håret på hovudi deira ikkje var svidt, og at klædi deira ikkje var skadde; ja, ein kunde ikkje ein gong kjenna lukti av noko brent på deim.
ענה נבוכדנצר ואמר בריך אלההון די שדרך מישך ועבד נגו די שלח מלאכה ושיזב לעבדוהי די התרחצו עלוהי ומלת מלכא שניו ויהבו גשמיהון (גשמהון) די לא יפלחון ולא יסגדון לכל אלה להן לאלההון 28
Då tok Nebukadnessar til ords og sagde: «Lova vere Gud åt Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som sende engelen sin og frelsa tenararne sine, som trøysta seg so fast til honom at dei braut ordi åt kongen og våga livet sitt, so dei ikkje skulde nøydast til å dyrka og tilbeda nokon annan gud enn sin eigen Gud!
ומני שים טעם די כל עם אמה ולשן די יאמר שלה (שלו) על אלההון די שדרך מישך ועבד נגוא הדמין יתעבד וביתה נולי ישתוה כל קבל די לא איתי אלה אחרן די יכל להצלה כדנה 29
So gjev eg no det bodet at kven det so er av alle folk og ætter og tungemål som segjer noko usømelegt um Sadrak, Mesak og Abed-Negos Gud, han skal hoggast i sund, og huset hans skal gjerast til ein sorphaug; for det finst ingen gud som kann hjelpa so som han.»
באדין מלכא הצלח לשדרך מישך ועבד נגו--במדינת בבל 30
So let kongen Sadrak, Mesak og Abed-Nego koma til stor æra og magt i Babelsfylket.

< דניאל 3 >