< דברי הימים ב 24 >

בן שבע שנים יאש במלכו וארבעים שנה מלך בירושלם ושם אמו צביה מבאר שבע 1
Sju år gamall var Joas då han vart konge, og fyrti år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Sibja og var frå Be’erseba.
ויעש יואש הישר בעיני יהוה כל ימי יהוידע הכהן 2
Joas gjorde det som rett var i Herrens augo so lenge presten Jojada livde.
וישא לו יהוידע נשים שתים ויולד בנים ובנות 3
Jojada tok tvo konor åt honom, og han fekk søner og døtter.
ויהי אחרי כן היה עם לב יואש לחדש את בית יהוה 4
Sidan kom Joas på den tanken at han vilde setja i stand Herrens hus.
ויקבץ את הכהנים והלוים ויאמר להם צאו לערי יהודה וקבצו מכל ישראל כסף לחזק את בית אלהיכם מדי שנה בשנה ואתם תמהרו לדבר ולא מהרו הלוים 5
Difor stemde han saman prestarne og levitarne og sagde til deim: «Drag ut til Juda-byarne og samla i inn pengar ifrå heile Israel til å vøla på huset åt dykkar Gud, etter som det krevst år etter år. Og skunda dykk med å gjera dette!» Men levitarne skunda seg ikkje med det.
ויקרא המלך ליהוידע הראש ויאמר לו מדוע לא דרשת על הלוים להביא מיהודה ומירושלם את משאת משה עבד יהוה והקהל לישראל--לאהל העדות 6
Då kalla kongen til seg øvstepresten Jojada og sagde til honom: «Kvifor hev du ikkje sytt for at levitarne koma med den skatten frå Juda og Jerusalem som Moses, Herrens tenar, lagde på Israels-lyden til beste for kunngjeringstjeldet?
כי עתליהו המרשעת בניה פרצו את בית האלהים וגם כל קדשי בית יהוה עשו לבעלים 7
For sønerne åt denne ugudlege Atalja, dei hev brote seg inn i Guds hus, ja, alt som var vigt til Herrens hus, hev dei bruka på Ba’als-gudarne.»
ויאמר המלך ויעשו ארון אחד ויתנהו בשער בית יהוה חוצה 8
Kongen baud difor at dei skulde laga ei kista og setja upp utanfor porten til Herrens hus.
ויתנו קול ביהודה ובירושלם להביא ליהוה משאת משה עבד האלהים על ישראל--במדבר 9
Og det vart lyst ut i Juda og Jerusalem at dei skulde føra den skatten til Herren som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israels-borni i øydemarki.
וישמחו כל השרים וכל העם ויביאו וישליכו לארון עד לכלה 10
Alle hovdingarne og heile folket bar då pengarne fram med gleda, og kasta i kista til dess ho var full.
ויהי בעת יביא את הארון אל פקדת המלך ביד הלוים וכראותם כי רב הכסף ובא סופר המלך ופקיד כהן הראש ויערו את הארון וישאהו וישיבהו אל מקמו כה עשו ליום ביום ויאספו כסף לרב 11
Og når dei såg at det var mykje sylv i henne, tok levitarne kista og førde henne til det kongelege tilsynet, og då kom den kongelege skrivaren og den tilsynsmannen som øvstepresten hadde sett til, kvar gong og tømde kista; og so tok dei henne og førde hende attende på plassen sin. Soleis gjorde dei gong etter gong, og dei samla ei stor mengd med pengar.
ויתנהו המלך ויהוידע אל עושה מלאכת עבודת בית יהוה ויהיו שכרים חצבים וחרשים לחדש בית יהוה וגם לחרשי ברזל ונחשת לחזק את בית יהוה 12
So gav kongen og Jojada deim til arbeidsformennerne ved arbeidet på Herrens hus, og dei leigde steinhoggarar og timbremenner til å setja i stand Herrens hus, og jarn- og koparsmedar til å vøla på Herrens hus.
ויעשו עשי המלאכה ותעל ארוכה למלאכה בידם ויעמידו את בית האלהים על מתכנתו--ויאמצהו 13
Arbeidsformennerne tok fat på arbeidet, so at verket hadde framgang i deira hand, og dei bygde upp Guds hus soleis som det hadde vore planlagt, og fekk det godt i stand.
וככלותם הביאו לפני המלך ויהוידע את שאר הכסף ויעשהו כלים לבית יהוה כלי שרת והעלות וכפות וכלי זהב וכסף ויהיו מעלים עלות בבית יהוה תמיד כל ימי יהוידע 14
Då dei var ferdige med det, bar dei resten av pengarne til kongen og Jojada, og han let gjera gogner av det til Herrens hus, gogner til tenesta og offeri, og skåler og kjerald av gull og sylv. Og dei ofra brennoffer i Herrens hus stødt so lenge Jojada livde.
ויזקן יהוידע וישבע ימים וימת--בן מאה ושלשים שנה במותו 15
Men Jojada vart gamall og mett av dagar og døydde; hundrad og tretti år gamall var han då han døydde.
ויקברהו בעיר דויד עם המלכים כי עשה טובה בישראל ועם האלהים וביתו 16
Dei gravlagde honom i Davidsbyen hjå kongarne, for di han hadde gjort vel imot Israel og mot Gud og hans hus.
ואחרי מות יהוידע באו שרי יהודה וישתחוו למלך אז שמע המלך אליהם 17
Då no Jojada var avliden, kom hovdingarne i Juda og kasta seg ned for kongen; og kongen høyrde viljugt på deim.
ויעזבו את בית יהוה אלהי אבותיהם ויעבדו את האשרים ואת העצבים ויהי קצף על יהודה וירושלם באשמתם זאת 18
Då gjekk dei ifrå huset åt Herren, sin fedregud, og dyrka Astarte-bilæti og dei andre avgudarne. Difor kom det vreide yver Juda og Jerusalem for denne syndi deira.
וישלח בהם נבאים להשיבם אל יהוה ויעידו בם ולא האזינו 19
Og han sende profetar til deim til å føra deim attende til Herren, og dei tala ålvorsamt til deim, men dei høyrde ikkje på deim.
ורוח אלהים לבשה את זכריה בן יהוידע הכהן ויעמד מעל לעם ויאמר להם כה אמר האלהים למה אתם עברים את מצות יהוה ולא תצליחו--כי עזבתם את יהוה ויעזב אתכם 20
Då tok Guds ande presten Zakarja, son åt Jojada, so han stod fram for folket og sagde til deim: «So segjer Gud: «Kvifor gjer det imot Herrens bod og slepper ifrå dykk lukka! For di de hev gjenge ifrå honom, hev han gjenge frå dykk.»»
ויקשרו עליו וירגמהו אבן במצות המלך בחצר בית יהוה 21
Då svor dei seg saman imot honom, og steina honom i fyregarden til Herrens hus etter bod frå kongen.
ולא זכר יואש המלך החסד אשר עשה יהוידע אביו עמו ויהרג את בנו וכמותו אמר ירא יהוה וידרש 22
For kong Joas gløymde den kjærleiken som Jojada, far hans, hadde synt imot honom, og han drap son hans. Men då han døydde, ropa han: «Herren sjå og straffe!»
ויהי לתקופת השנה עלה עליו חיל ארם ויבאו אל יהודה וירושלם וישחיתו את כל שרי העם מעם וכל שללם שלחו למלך דרמשק 23
Då året var ute, drog syrarheren imot honom, og dei kom til Juda og Jerusalem og øydde ut alle hovdingarne i folket og sende heile herfanget sitt til kongen i Damaskus.
כי במצער אנשים באו חיל ארם ויהוה נתן בידם חיל לרב מאד--כי עזבו את יהוה אלהי אבותיהם ואת יואש עשו שפטים 24
Endå syrarheren var fåment då han kom, so gav Herren ein ovstor her i deira vald, for di dei hadde gjenge ifrå Herren, sin fedregud, og soleis sette dei i verk domen yver Joas.
ובלכתם ממנו כי עזבו אתו במחליים רבים התקשרו עליו עבדיו בדמי בני יהוידע הכהן ויהרגהו על מטתו וימת ויקברהו בעיר דויד ולא קברהו בקברות המלכים 25
Og då dei drog burt ifrå honom - for dei let honom etter seg i tunge lidingar - då gjorde hirdmennerne hans ei samansverjing imot honom, for di han hadde drepe sønerne åt presten Jojada, og dei drap honom på lega hans. Soleis døydde han, og dei gravlagde honom i Davidsbyen, men ikkje i kongegraverne.
ואלה המתקשרים עליו זבד בן שמעת העמונית ויהוזבד בן שמרית המואבית 26
Dei som svor seg saman imot honom, var Zabad, son åt ammonitkvinna Simat, og Jozabad, son åt moabitkvinna Simrit.
ובניו ורב (ירב) המשא עליו ויסוד בית האלהים--הנם כתובים על מדרש ספר המלכים וימלך אמציהו בנו תחתיו 27
Um sønerne hans og alle profetordi imot honom og grunnleggjingi av Guds hus, det finst uppskrive i utleggjingi til kongeboki. Amasja, son hans, vart konge i staden hans.

< דברי הימים ב 24 >