< Πραξεις 18 >

1 Μετὰ ταῦτα χωρισθεὶς ἐκ τῶν Ἀθηνῶν ἦλθεν εἰς Κόρινθον.
So drog han frå Aten og kom til Korint.
2 καὶ εὑρών τινα Ἰουδαῖον ὀνόματι Ἀκύλαν, Ποντικὸν τῷ γένει, προσφάτως ἐληλυθότα ἀπὸ τῆς Ἰταλίας καὶ Πρίσκιλλαν γυναῖκα αὐτοῦ διὰ τὸ τεταχέναι Κλαύδιον χωρίζεσθαι πάντας τοὺς Ἰουδαίους ἀπὸ τῆς Ῥώμης, προσῆλθεν αὐτοῖς,
Der fann han ein jøde med namnet Akvilas, som var fødd i Pontus og nyst var komen frå Italia, og Priskilla, kona hans; for Klaudius hadde påbode at alle jødar skulde hava seg burt frå Rom; og han gjekk til deim,
3 καὶ διὰ τὸ ὁμότεχνον εἶναι ἔμενεν παρ’ αὐτοῖς καὶ ἠργάζοντο· ἦσαν γὰρ σκηνοποιοὶ τῇ τέχνῃ.
og då han dreiv same handverket, budde han hjå deim og arbeidde der; for dei var tjeldmakarar av handverk.
4 διελέγετο δὲ ἐν τῇ συναγωγῇ κατὰ πᾶν σάββατον, ἔπειθέν τε Ἰουδαίους καὶ Ἕλληνας.
Men han heldt samtalar i synagoga kvar kviledag og yvertydde jødar og grækarar.
5 Ὡς δὲ κατῆλθον ἀπὸ τῆς Μακεδονίας ὅ τε Σιλᾶς καὶ ὁ Τιμόθεος, συνείχετο τῷ λόγῳ ὁ Παῦλος, διαμαρτυρόμενος τοῖς Ἰουδαίοις εἶναι τὸν Χριστόν Ἰησοῦν.
Då so Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, var Paulus fullt uppteken med å læra, med di han vitna for jødarne, at Jesus er Messias.
6 ἀντιτασσομένων δὲ αὐτῶν καὶ βλασφημούντων ἐκτιναξάμενος τὰ ἱμάτια εἶπεν πρὸς αὐτούς, τὸ αἷμα ὑμῶν ἐπὶ τὴν κεφαλὴν ὑμῶν· καθαρὸς ἐγώ· ἀπὸ τοῦ νῦν εἰς τὰ ἔθνη πορεύσομαι.
Men då dei stod imot og spotta, riste han dusti av klædi sine og sagde til deim: «Dykkar blod kome yver dykkar hovud! Eg er rein; frå denne stundi gjeng eg til heidningarne.»
7 καὶ μεταβὰς ἐκεῖθεν εἰσῆλθεν εἰς οἰκίαν τινὸς ὀνόματι Τιτίου Ἰούστου σεβομένου τὸν θεόν, οὗ ἡ οἰκία ἦν συνομοροῦσα τῇ συναγωγῇ.
So gjekk han burt derifrå og kom i huset til ein mann med namnet Justus, som dyrka Gud, og hans hus låg vegg i vegg med synagoga.
8 Κρίσπος δὲ ὁ ἀρχισυνάγωγος ἐπίστευσεν τῷ κυρίῳ σὺν ὅλῳ τῷ οἴκῳ αὐτοῦ, καὶ πολλοὶ τῶν Κορινθίων ἀκούοντες ἐπίστευον καὶ ἐβαπτίζοντο.
Men Krispus, synagoge-forstandaren, kom til tru på Herren med heile sitt hus; og mange av folket i Korint kom til tru då dei høyrde honom, og let seg døypa.
9 εἶπεν δὲ ὁ κύριος ἐν νυκτὶ δι’ ὁράματος τῷ Παύλῳ, μὴ φοβοῦ, ἀλλὰ λάλει καὶ μὴ σιωπήσῃς,
Og Herren sagde til Paulus i ei syn um natti: «Ottast ikkje, men tala, og teg ikkje!
10 διότι ἐγώ εἰμι μετὰ σοῦ καὶ οὐδεὶς ἐπιθήσεταί σοι τοῦ κακῶσαί σε, διότι λαός ἐστίν μοι πολὺς ἐν τῇ πόλει ταύτῃ.
For eg er med deg, og ingen skal leggja hand på deg og gjera deg vondt; for eg hev mykje folk i denne byen.»
11 ἐκάθισεν δὲ ἐνιαυτὸν καὶ μῆνας ἓξ διδάσκων ἐν αὐτοῖς τὸν λόγον τοῦ θεοῦ.
Og han vart buande der eit år og seks månader, og lærde Guds ord millom deim.
12 Γαλλίωνος δὲ ἀνθυπάτου ὄντος τῆς Ἀχαΐας κατεπέστησαν ὁμοθυμαδὸν οἱ Ἰουδαῖοι τῷ Παύλῳ καὶ ἤγαγον αὐτὸν ἐπὶ τὸ βῆμα,
Men då Gallio var landshovding yver Akaia, reiste jødarne seg alle som ein mot Paulus og førde ham fram for domstolen og sagde.
13 λέγοντες ὅτι παρὰ τὸν νόμον ἀναπείθει οὗτος τοὺς ἀνθρώπους σέβεσθαι τὸν θεόν.
«Denne set folk upp til å dyrka Gud imot lovi.»
14 μέλλοντος δὲ τοῦ Παύλου ἀνοίγειν τὸ στόμα εἶπεν ὁ Γαλλίων πρὸς τοὺς Ἰουδαίους, εἰ μὲν ἦν ἀδίκημά τι ἢ ῥᾳδιούργημα πονηρόν, ὦ Ἰουδαῖοι, κατὰ λόγον ἂν ἀνεσχόμην ὑμῶν·
Då Paulus vilde opna munnen, sagde Gallio til jødarne: «Var det nokor illgjerning eller noko vondt ustykke, de jødar, då hadde eg med god grunn høyrt på dykk med tolmod.
15 εἰ δὲ ζητήματά ἐστιν περὶ λόγου καὶ ὀνομάτων καὶ νόμου τοῦ καθ’ ὑμᾶς, ὄψεσθε αὐτοί· κριτὴς ἐγὼ τούτων οὐ βούλομαι εἶναι.
Men er det stridsspursmål um ei læra og um namn og um dykkar lov, so stell med det sjølve! for i dei ting vil ikkje eg vera domar.»
16 καὶ ἀπήλασεν αὐτοὺς ἀπὸ τοῦ βήματος.
Og so dreiv han deim burt frå domstolen.
17 ἐπιλαβόμενοι δὲ πάντες Σωσθένην τὸν ἀρχισυνάγωγον ἔτυπτον ἔμπροσθεν τοῦ βήματος· καὶ οὐδὲν τούτων τῷ Γαλλίωνι ἔμελεν.
Men då tok dei alle fat på Sostenes, synagoge-forstandaren, og slo honom midt for domstolen. Og Gallio brydde seg ikkje noko um alt dette.
18 Ὁ δὲ Παῦλος ἔτι προσμείνας ἡμέρας ἱκανὰς τοῖς ἀδελφοῖς ἀποταξάμενος ἐξέπλει εἰς τὴν Συρίαν, καὶ σὺν αὐτῷ Πρίσκιλλα καὶ Ἀκύλας, κειράμενος ἐν Κενχρεαῖς τὴν κεφαλήν, εἶχεν γὰρ εὐχήν.
Paulus vart der endå ei lang tid; so bad han velfar med brørne og siglde burt til Syria, og Priskilla og Akvilas i fylgje med honom, etter at han fyrst i Kenkreæ hadde klypt håret sitt, for han hadde ein lovnad på seg.
19 κατήντησαν δὲ εἰς Ἔφεσον, κἀκείνους κατέλιπεν αὐτοῦ, αὐτὸς δὲ εἰσελθὼν εἰς τὴν συναγωγὴν διελέξατο τοῖς Ἰουδαίοις.
So kom dei til Efesus; der let han dei andre vera att, og sjølv gjekk han inn i synagoga og gav seg i samtale med jødarne.
20 ἐρωτώντων δὲ αὐτῶν ἐπὶ πλείονα χρόνον μεῖναι οὐκ ἐπένευσεν,
Då dei bad honom vera der lenger, samtykte han ikkje,
21 ἀλλὰ ἀποταξάμενος καὶ εἰπών· πάλιν ἀνακάμψω πρὸς ὑμᾶς τοῦ θεοῦ θέλοντος, ἀνήχθη ἀπὸ τῆς Ἐφέσου·
men baud deim velfar og sagde: «Eg skal koma til dykk att, um Gud so vil.» So siglde han frå Efesus,
22 καὶ κατελθὼν εἰς Καισάριαν, ἀναβὰς καὶ ἀσπασάμενος τὴν ἐκκλησίαν, κατέβη εἰς Ἀντιόχειαν,
og han kom til Cæsarea, og han drog upp og helsa på kyrkjelyden og drog so ned til Antiokia.
23 καὶ ποιήσας χρόνον τινὰ ἐξῆλθεν, διερχόμενος καθεξῆς τὴν Γαλατικὴν χώραν καὶ Φρυγίαν, στηρίζων πάντας τοὺς μαθητάς.
Då han hadde vore der ei tid, drog han ut og for gjenom Galatarlandet og Frygia frå ende til ende og styrkte alle læresveinarne.
24 Ἰουδαῖος δέ τις Ἀπολλῶς ὀνόματι, Ἀλεξανδρεὺς τῷ γένει, ἀνὴρ λόγιος, κατήντησεν εἰς Ἔφεσον, δυνατὸς ὢν ἐν ταῖς γραφαῖς.
Men ein jøde med namnet Apollos, fødd i Aleksandria, ein ordhag mann, kom til Efesus; han var sterk i skrifterne.
25 οὗτος ἦν κατηχημένος τὴν ὁδὸν τοῦ κυρίου, καὶ ζέων τῷ πνεύματι ἐλάλει καὶ ἐδίδασκεν ἀκριβῶς τὰ περὶ τοῦ Ἰησοῦ, ἐπιστάμενος μόνον τὸ βάπτισμα Ἰωάννου.
Han var upplærd um Herrens veg, og brennande i åndi tala og lærde han grannleg um Herren, endå han kjende berre Johannes-dåpen.
26 οὗτός τε ἤρξατο παρρησιάζεσθαι ἐν τῇ συναγωγῇ· ἀκούσαντες δὲ αὐτοῦ Πρίσκιλλα καὶ Ἀκύλας προσελάβοντο αὐτὸν καὶ ἀκριβέστερον αὐτῷ ἐξέθεντο τὴν ὁδὸν τοῦ θεοῦ.
Og han tok til å tala frimodigt i synagoga. Då Priskilla og Akvilas høyrde honom, tok dei honom til seg og greidde Guds veg grannare ut for honom.
27 βουλομένου δὲ αὐτοῦ διελθεῖν εἰς τὴν Ἀχαΐαν, προτρεψάμενοι οἱ ἀδελφοὶ ἔγραψαν τοῖς μαθηταῖς ἀποδέξασθαι αὐτόν. ὃς παραγενόμενος συνεβάλετο πολὺ τοῖς πεπιστευκόσιν διὰ τῆς χάριτος.
Då han so vilde draga derifrå til Akaia, talde brørne honom til og skreiv til læresveinarne um å taka imot honom. Og då han kom dit, var han ved Guds nåde til stor hjelp for dei truande.
28 εὐτόνως γὰρ τοῖς Ἰουδαίοις διακατηλέγχετο δημοσίᾳ ἐπιδεικνὺς διὰ τῶν γραφῶν εἶναι τὸν Χριστὸν Ἰησοῦν.
For med kraft målbatt han jødarne openberrleg for alle, med di han synte ut or skrifterne at Jesus er Messias.

< Πραξεις 18 >