< Προς Κορινθιους Α΄ 7 >

1 Περὶ δὲ ὧν ἐγράψατε, καλὸν ἀνθρώπῳ γυναικὸς μὴ ἅπτεσθαι·
Men vedkomande det som de skreiv um, so er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinna.
2 διὰ δὲ τὰς πορνείας ἕκαστος τὴν ἑαυτοῦ γυναῖκα ἐχέτω, καὶ ἑκάστη τὸν ἴδιον ἄνδρα ἐχέτω.
Men for hor skuld skal kvar mann hava si eigi kona, og kvar kvinna sin eigen mann!
3 τῇ γυναικὶ ὁ ἀνὴρ τὴν ὀφειλὴν ἀποδιδότω, ὁμοίως δὲ καὶ ἡ γυνὴ τῷ ἀνδρί.
Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona imot mannen!
4 ἡ γυνὴ τοῦ ἰδίου σώματος οὐκ ἐξουσιάζει ἀλλὰ ὁ ἀνήρ· ὁμοίως δὲ καὶ ὁ ἀνὴρ τοῦ ἰδίου σώματος οὐκ ἐξουσιάζει ἀλλὰ ἡ γυνή.
Kona råder ikkje yver sin eigen likam, men mannen; like eins råder ikkje heller mannen yver sin eigen likam, men kona.
5 μὴ ἀποστερεῖτε ἀλλήλους, εἰ μήτι ἂν ἐκ συμφώνου πρὸς καιρὸν ἵνα σχολάσητε τῇ προσευχῇ καὶ πάλιν ἐπὶ τὸ αὐτὸ ἦτε, ἵνα μὴ πειράζῃ ὑμᾶς ὁ σατανᾶς διὰ τὴν ἀκρασίαν ὑμῶν.
Haldt dykk ikkje frå einannan, utan etter samråd, til ei tid, so de kann liva berre for bøn, og kom so atter saman, so Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kann vera fråhaldande.
6 τοῦτο δὲ λέγω κατὰ συγγνώμην, οὐ κατ’ ἐπιταγήν.
Men dette segjer eg som eit løyve, ikkje til påbod.
7 θέλω δὲ πάντας ἀνθρώπους εἶναι ὡς καὶ ἐμαυτόν· ἀλλὰ ἕκαστος ἴδιον ἔχει χάρισμα ἐκ θεοῦ, ὁ μὲν οὕτως, ὁ δὲ οὕτως.
For eg vilde at alle menneskje var liksom eg; men kvar hev si eigi nådegåva av Gud, den eine so, den andre so.
8 Λέγω δὲ τοῖς ἀγάμοις καὶ ταῖς χήραις, καλὸν αὐτοῖς ἐὰν μείνωσιν ὡς κἀγώ·
Til dei ugifte og til enkjorne segjer eg: Det er godt for deim um dei vert verande som eg.
9 εἰ δὲ οὐκ ἐγκρατεύονται γαμησάτωσαν· κρεῖττον γάρ ἐστιν γαμεῖν ἢ πυροῦσθαι.
Men kann dei ikkje halda seg frå, so fær dei gifta seg, for det er betre å gifta seg enn å lida brune.
10 τοῖς δὲ γεγαμηκόσιν παραγγέλλω, οὐκ ἐγὼ ἀλλὰ ὁ κύριος, γυναῖκα ἀπὸ ἀνδρὸς μὴ χωρισθῆναι,
Men deim som er gifte, byd ikkje eg, men Herren, at kona ikkje må skiljast frå mannen -
11 ἐὰν δὲ καὶ χωρισθῇ, μενέτω ἄγαμος ἢ τῷ ἀνδρὶ καταλλαγήτω, καὶ ἄνδρα γυναῖκα μὴ ἀφιέναι.
men er ho skild frå honom, skal ho verta verande ugift eller semjast med mannen - og at ein mann ikkje må skilja seg frå kona si.
12 τοῖς δὲ λοιποῖς λέγω ἐγώ, οὐχ ὁ κύριος· εἴ τις ἀδελφὸς γυναῖκα ἔχει ἄπιστον, καὶ αὕτη συνευδοκεῖ οἰκεῖν μετ’ αὐτοῦ, μὴ ἀφιέτω αὐτήν·
Til dei andre segjer eg, ikkje Herren: Um ein bror hev ei vantruande kona, og ho samtykkjer i å bu hjå honom, so skal han ikkje skilja seg frå henne;
13 καὶ γυνὴ εἴ τις ἔχει ἄνδρα ἄπιστον καὶ οὗτος συνευδοκεῖ οἰκεῖν μετ’ αὐτῆς, μὴ ἀφιέτω τὸν ἄνδρα.
og ei kona som hev ein vantruande mann, og han samtykkjer å bu hjå henne, ho skal ikkje skilja seg frå mannen!
14 ἡγίασται γὰρ ὁ ἀνὴρ ὁ ἄπιστος ἐν τῇ γυναικί, καὶ ἡγίασται ἡ γυνὴ ἡ ἄπιστος ἐν τῷ ἀδελφῷ· ἐπεὶ ἄρα τὰ τέκνα ὑμῶν ἀκάθαρτά ἐστιν, νῦν δὲ ἅγιά ἐστιν.
For den vantruande mannen er helga ved kona, og den vantruande kona er helga ved broren; for elles var borni dykkar ureine, men no er dei heilage.
15 εἰ δὲ ὁ ἄπιστος χωρίζεται, χωριζέσθω· οὐ δεδούλωται ὁ ἀδελφὸς ἢ ἡ ἀδελφὴ ἐν τοῖς τοιούτοις· ἐν δὲ εἰρήνῃ κέκληκεν ὑμᾶς ὁ θεός.
Men skil den vantruande seg ifrå, so lat honom skilja seg; for broren eller systeri er ikkje trælbundne i slike ting, men Gud hev kalla oss til fred.
16 τί γὰρ οἶδας, γύναι, εἰ τὸν ἄνδρα σώσεις; ἢ τί οἶδας, ἄνερ, εἰ τὴν γυναῖκα σώσεις;
For kva veit du, kona, um du kann frelsa mannen? Eller kva veit du, mann, um du kann frelsa kona?
17 εἰ μὴ ἑκάστῳ ὡς μεμέρικεν ὁ κύριος, ἕκαστον ὡς κέκληκεν ὁ θεός, οὕτως περιπατείτω· καὶ οὕτως ἐν ταῖς ἐκκλησίαις πάσαις διατάσσομαι.
Berre at kvar må ferdast so som Herren hev gjeva honom, som Gud hev kalla honom. Og soleis segjer eg fyre i alle kyrkjelydarne.
18 περιτετμημένος τις ἐκλήθη; μὴ ἐπισπάσθω. ἐν ἀκροβυστίᾳ κέκληταί τις; μὴ περιτεμνέσθω.
Er nokon kalla då han var nokon umskoren, so drage han ikkje fyrehud yver; er nokon kalla då han var u-umskoren, so late han seg ikkje umskjera!
19 ἡ περιτομὴ οὐδέν ἐστιν, καὶ ἡ ἀκροβυστία οὐδέν ἐστιν, ἀλλὰ τήρησις ἐντολῶν θεοῦ.
Umskjering er ingen ting, og fyrehud er ingen ting, men det å halda Guds bod.
20 ἕκαστος ἐν τῇ κλήσει ᾗ ἐκλήθη ἐν ταύτῃ μενέτω.
Kvar og ein verte verande i det kall som han er kalla i!
21 δοῦλος ἐκλήθης; μή σοι μελέτω· ἀλλ’ εἰ καὶ δύνασαι ἐλεύθερος γενέσθαι, μᾶλλον χρῆσαι.
Er du kalla som træl, so syt ikkje for det! Men kann du og verta fri, so gjer heller bruk av det!
22 ὁ γὰρ ἐν κυρίῳ κληθεὶς δοῦλος ἀπελεύθερος κυρίου ἐστίν· ὁμοίως ὁ ἐλεύθερος κληθεὶς δοῦλός ἐστιν Χριστοῦ.
For den træl som er kalla i Herren, han er Herrens frigjevne; like eins og den frie som er kalla, han er Kristi træl.
23 τιμῆς ἠγοράσθητε· μὴ γίνεσθε δοῦλοι ἀνθρώπων.
De er dyrt kjøpte; vert ikkje trælar for menneskje!
24 ἕκαστος ἐν ᾧ ἐκλήθη, ἀδελφοί, ἐν τούτῳ μενέτω παρὰ θεῷ.
I det stand som kvar er kalla i, brør, i det verte han verande hjå Gud!
25 Περὶ δὲ τῶν παρθένων ἐπιταγὴν κυρίου οὐκ ἔχω, γνώμην δὲ δίδωμι ὡς ἠλεημένος ὑπὸ κυρίου πιστὸς εἶναι.
Men um møyarne hev eg ikkje noko bod frå Herren, men eg segjer mi meining, sidan eg av Herren hev fenge miskunn til å vera truverdig.
26 νομίζω οὖν τοῦτο καλὸν ὑπάρχειν διὰ τὴν ἐνεστῶσαν ἀνάγκην, ὅτι καλὸν ἀνθρώπῳ τὸ οὕτως εἶναι.
Eg meiner då det, at det for den noverande naud skuld er godt for eit menneskje å vera soleis.
27 δέδεσαι γυναικί; μὴ ζήτει λύσιν· λέλυσαι ἀπὸ γυναικός; μὴ ζήτει γυναῖκα.
Er du bunden til ei kona, so søk ikkje skilsmål! Er du ubunden av ei kona, so søk ikkje ei kona!
28 ἐὰν δὲ καὶ γαμήσῃς, οὐχ ἥμαρτες· καὶ ἐὰν γήμῃ ἡ παρθένος, οὐχ ἥμαρτεν. θλῖψιν δὲ τῇ σαρκὶ ἕξουσιν οἱ τοιοῦτοι, ἐγὼ δὲ ὑμῶν φείδομαι.
Men um du og gifter deg, syndar du ikkje; og um ei møy gifter seg, syndar ho ikkje; men slike kjem til å få trengsla for kjøtet, men eg vilde gjerne spara dykk.
29 τοῦτο δέ φημι, ἀδελφοί, ὁ καιρὸς συνεσταλμένος ἐστίν· τὸ λοιπὸν ἵνα καὶ οἱ ἔχοντες γυναῖκας ὡς μὴ ἔχοντες ὦσιν,
Men det segjer eg, brør: Tidi er stutt, so at dei som hev konor, skal heretter vera som dei som ikkje hev,
30 καὶ οἱ κλαίοντες ὡς μὴ κλαίοντες, καὶ οἱ χαίροντες ὡς μὴ χαίροντες, καὶ οἱ ἀγοράζοντες ὡς μὴ κατέχοντες,
og dei gråtande som ikkje gråtande, og dei glade som ikkje glade, og dei kjøpande som ikkje eigande,
31 καὶ οἱ χρώμενοι τὸν κόσμον ὡς μὴ καταχρώμενοι· παράγει γὰρ τὸ σχῆμα τοῦ κόσμου τούτου.
og dei som brukar denne verdi, som dei som ikkje brukar henne; for skapnaden åt denne verdi forgjengst.
32 θέλω δὲ ὑμᾶς ἀμερίμνους εἶναι. ὁ ἄγαμος μεριμνᾷ τὰ τοῦ κυρίου, πῶς ἀρέσῃ τῷ κυρίῳ·
Eg vil helst at de skal vera utan umsut. Den ugifte hev umsut for det som høyrer Herren til, korleis han kann vera Herren til hugnad.
33 ὁ δὲ γαμήσας μεριμνᾷ τὰ τοῦ κόσμου, πῶς ἀρέσῃ τῇ γυναικί,
Men den gifte hev umsut for det som høyrer verdi til, korleis han skal vera kona til hugnad.
34 καὶ μεμέρισται. καὶ ἡ γυνὴ καὶ ἡ παρθένος ἡ ἄγαμος μεριμνᾷ τὰ τοῦ κυρίου, ἵνα ᾖ ἁγία καὶ τῷ σώματι καὶ τῷ πνεύματι· ἡ δὲ γαμήσασα μεριμνᾷ τὰ τοῦ κόσμου, πῶς ἀρέσῃ τῷ ἀνδρί.
Det er skilnad på kona og møy. Den ugifte kvinna hev umsut for det som høyrer Herren til, at ho kann vera heilag både på likam og ånd; men den gifte hev umsut for det som høyrer verdi til, korleis ho kann vera mannen til hugnad.
35 τοῦτο δὲ πρὸς τὸ ὑμῶν αὐτῶν σύμφορον λέγω, οὐχ ἵνα βρόχον ὑμῖν ἐπιβάλω, ἀλλὰ πρὸς τὸ εὔσχημον καὶ εὐπάρεδρον τῷ κυρίῳ ἀπερισπάστως.
Dette segjer eg til dykkar eige gagn, ikkje til å setja ei snara for dykk, men til å fremja sømd og stødt vedhald for Herren.
36 εἰ δέ τις ἀσχημονεῖν ἐπὶ τὴν παρθένον αὐτοῦ νομίζει ἐὰν ᾖ ὑπέρακμος, καὶ οὕτως ὀφείλει γίνεσθαι, ὃ θέλει ποιείτω· οὐχ ἁμαρτάνει· γαμείτωσαν.
Men um nokon trur at det er urett for hans ugifte dotter, når ho er utyver ungdomsalderen, og det må so vera, han gjere då som han vill, han syndar ikkje; lat deim gifta seg!
37 ὃς δὲ ἕστηκεν ἐν τῇ καρδίᾳ αὐτοῦ ἑδραῖος, μὴ ἔχων ἀνάγκην, ἐξουσίαν δὲ ἔχει περὶ τοῦ ἰδίου θελήματος, καὶ τοῦτο κέκρικεν ἐν τῇ ἰδίᾳ καρδίᾳ, τηρεῖν τὴν ἑαυτοῦ παρθένον, καλῶς ποιήσει·
Men den som stend fast i hjarta og ikkje er nøydd, men hev vald yver sin eigen vilja og hev sett seg det fyre i sitt hjarta at han vil halda dotter si ugift, han gjer vel;
38 ὥστε καὶ ὁ γαμίζων τὴν ἑαυτοῦ παρθένον καλῶς ποιεῖ, καὶ ὁ μὴ γαμίζων κρεῖσσον ποιήσει.
so at både den som gifter burt, gjer vel, og den som ikkje gifter burt, gjer betre.
39 γυνὴ δέδεται ἐφ’ ὅσον χρόνον ζῇ ὁ ἀνὴρ αὐτῆς· ἐὰν δὲ κοιμηθῇ ὁ ἀνήρ, ἐλευθέρα ἐστὶν ᾧ θέλει γαμηθῆναι, μόνον ἐν κυρίῳ.
Ei kona er bundi so lenge mannen hennar liver; men når mannen hennar er avsovna, er ho fri, so ho kann gifta seg med kven ho vil, berre det vert gjort i Herren.
40 μακαριωτέρα δέ ἐστιν ἐὰν οὕτως μείνῃ, κατὰ τὴν ἐμὴν γνώμην, δοκῶ δὲ κἀγὼ πνεῦμα θεοῦ ἔχειν.
Men sælare er ho, um ho vert verande som ho er, etter mi meining. Men eg trur og at eg hev Guds Ande.

< Προς Κορινθιους Α΄ 7 >