< Ζαχαρίας 6 >

1 καὶ ἐπέστρεψα καὶ ἦρα τοὺς ὀφθαλμούς μου καὶ εἶδον καὶ ἰδοὺ τέσσαρα ἅρματα ἐκπορευόμενα ἐκ μέσου δύο ὀρέων καὶ τὰ ὄρη ἦν ὄρη χαλκᾶ
Då eg atter lyfte upp augo mine, fekk eg sjå fire vogner som kom fram millom tvo fjell, og fjelli var av kopar.
2 ἐν τῷ ἅρματι τῷ πρώτῳ ἵπποι πυρροί καὶ ἐν τῷ ἅρματι τῷ δευτέρῳ ἵπποι μέλανες
For den fyrste vogni var det raude hestar, for den andre vogni svarte hestar,
3 καὶ ἐν τῷ ἅρματι τῷ τρίτῳ ἵπποι λευκοί καὶ ἐν τῷ ἅρματι τῷ τετάρτῳ ἵπποι ποικίλοι ψαροί
for den tridje vogni kvite hestar, og for den fjorde vogni var det flekkute sterke hestar.
4 καὶ ἀπεκρίθην καὶ εἶπα πρὸς τὸν ἄγγελον τὸν λαλοῦντα ἐν ἐμοί τί ἐστιν ταῦτα κύριε
Då tok eg til ords og sagde til engelen som tala med meg: «Kva skal dette tyda, Herre?»
5 καὶ ἀπεκρίθη ὁ ἄγγελος ὁ λαλῶν ἐν ἐμοὶ καὶ εἶπεν ταῦτά ἐστιν οἱ τέσσαρες ἄνεμοι τοῦ οὐρανοῦ ἐκπορεύονται παραστῆναι τῷ κυρίῳ πάσης τῆς γῆς
Og engelen svara og sagde til meg: «Det er dei fire himmelvindarne. Dei hev vore kalla inn for Herren yver all jordi og fer no av stad att.
6 ἐν ᾧ ἦσαν οἱ ἵπποι οἱ μέλανες ἐξεπορεύοντο ἐπὶ γῆν βορρᾶ καὶ οἱ λευκοὶ ἐξεπορεύοντο κατόπισθεν αὐτῶν καὶ οἱ ποικίλοι ἐξεπορεύοντο ἐπὶ γῆν νότου
Vogni med dei svarte hestarne fer ut mot Norderlandet, dei kvite fylgjer etter deim, og dei flekkute fer utimot Sudlandet.»
7 καὶ οἱ ψαροὶ ἐξεπορεύοντο καὶ ἐπέβλεπον τοῦ πορεύεσθαι τοῦ περιοδεῦσαι τὴν γῆν καὶ εἶπεν πορεύεσθε καὶ περιοδεύσατε τὴν γῆν καὶ περιώδευσαν τὴν γῆν
Men då dei sterkaste skulde fara ut, var dei fysne etter å få fara ikring på jordi, og han sagde: «Gakk, far ikring på jordi!» Og dei for ikring på jordi.
8 καὶ ἀνεβόησεν καὶ ἐλάλησεν πρός με λέγων ἰδοὺ οἱ ἐκπορευόμενοι ἐπὶ γῆν βορρᾶ ἀνέπαυσαν τὸν θυμόν μου ἐν γῇ βορρᾶ
So ropa han høgt på meg og sagde til meg: «Sjå, dei som fer ut imot Norderlandet, hev svala min harm på Norderlandet.»
9 καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με λέγων
Og Herrens ord kom til meg soleis:
10 λαβὲ τὰ ἐκ τῆς αἰχμαλωσίας παρὰ τῶν ἀρχόντων καὶ παρὰ τῶν χρησίμων αὐτῆς καὶ παρὰ τῶν ἐπεγνωκότων αὐτὴν καὶ εἰσελεύσῃ σὺ ἐν τῇ ἡμέρᾳ ἐκείνῃ εἰς τὸν οἶκον Ιωσιου τοῦ Σοφονιου τοῦ ἥκοντος ἐκ Βαβυλῶνος
Tak imot av Heldai, Tobia og Jedaja gåvorne frå dei landlyste, ja, gakk sjølv på denne dagen av stad til huset åt Josias Sefanjason; for dit er dei komne frå Babel,
11 καὶ λήψῃ ἀργύριον καὶ χρυσίον καὶ ποιήσεις στεφάνους καὶ ἐπιθήσεις ἐπὶ τὴν κεφαλὴν Ἰησοῦ τοῦ Ιωσεδεκ τοῦ ἱερέως τοῦ μεγάλου
og tak imot sylv og gull! Få so gjort ei kruna og set henne på hovudet åt øvstepresten Josva Jesadaksson!
12 καὶ ἐρεῖς πρὸς αὐτόν τάδε λέγει κύριος παντοκράτωρ ἰδοὺ ἀνήρ Ἀνατολὴ ὄνομα αὐτῷ καὶ ὑποκάτωθεν αὐτοῦ ἀνατελεῖ καὶ οἰκοδομήσει τὸν οἶκον κυρίου
Og seg til honom: «So segjer Herren, allhers drott: Sjå der er ein mann som heiter Renning. Frå roti si skal han renna upp, og han skal byggja Herrens tempel.
13 καὶ αὐτὸς λήμψεται ἀρετὴν καὶ καθίεται καὶ κατάρξει ἐπὶ τοῦ θρόνου αὐτοῦ καὶ ἔσται ὁ ἱερεὺς ἐκ δεξιῶν αὐτοῦ καὶ βουλὴ εἰρηνικὴ ἔσται ἀνὰ μέσον ἀμφοτέρων
Ja, han skal byggja Herrens tempel, og han skal vinna herlegdom og sitja og styra på kongsstolen sin, og han skal vera prest på kongsstolen sin, og freds samråd skal det vera millom deim båe.
14 ὁ δὲ στέφανος ἔσται τοῖς ὑπομένουσιν καὶ τοῖς χρησίμοις αὐτῆς καὶ τοῖς ἐπεγνωκόσιν αὐτὴν καὶ εἰς χάριτα υἱοῦ Σοφονιου καὶ εἰς ψαλμὸν ἐν οἴκῳ κυρίου
Men kruna skal vera i Herrens tempel til minne um Helem, Tobia og Jedaja og Hen Sefanjason.
15 καὶ οἱ μακρὰν ἀπ’ αὐτῶν ἥξουσιν καὶ οἰκοδομήσουσιν ἐν τῷ οἴκῳ κυρίου καὶ γνώσεσθε διότι κύριος παντοκράτωρ ἀπέσταλκέν με πρὸς ὑμᾶς καὶ ἔσται ἐὰν εἰσακούοντες εἰσακούσητε τῆς φωνῆς κυρίου τοῦ θεοῦ ὑμῶν
Og langt burtanfrå skal dei koma og byggja på Herrens tempel, og de skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til dykk. Og dette skal henda dersom de høyrer vel på røysti åt Herren, dykkar Gud.»

< Ζαχαρίας 6 >