< 4 Mose 16 >

1 Es empörte sich aber Korah, der Sohn Jizhars, des Sohnes Kahaths, des Sohnes Levis, und mit ihm Dathan und Abiram, die Söhne Eliabs, des Sohnes Pallus, des Sohnes Rubens.
Korah, son åt Jishar Kahatsson av Levi-ætti, og Datan og Abiram, sønerne hans Eliab, og On Peletsson av Rubens-ætti tok til å yppa seg mot Moses,
2 Diese empörten sich gegen Mose und mit ihnen zweihundertundfünfzig Israeliten, welche Vorsteher der Gemeinde, aus der Gemeindeversammlung berufene und hochangesehene Männer waren.
og saman med dei tvo hundrad og femti av dei øvste i Israels-lyden, som var kåra til tingmenner, og hadde eit godt namn.
3 Sie rotteten sich also gegen Mose und Aaron zusammen und sagten zu ihnen: »Ihr beansprucht für euch zu viel; denn die ganze Gemeinde, alle ohne Ausnahme sind heilig, weil der HERR in ihrer Mitte weilt: warum erhebt ihr euch da über die Gemeinde des HERRN?«
Dei slo seg i hop mot Moses og Aron, og sagde til deim: «No lyt det vera nok! Heile lyden er heilag, alle saman, og Herren er midt imillom deim; kvi vil då de all tid halda dykk gildare enn Herrens lyd?»
4 Als Mose das hörte, warf er sich auf sein Angesicht nieder;
Då Moses høyrde det, kasta han seg ned på jordi.
5 dann sagte er zu Korah und seinem ganzen Anhang: »Morgen, da wird der HERR kundtun, wer ihm angehört und wer geweiht ist, so daß er ihn zu sich nahen läßt; wen er sich dann erwählt, den wird er zu sich nahen lassen.
Og han tala til Korah og heile flokken hans, og sagde: «I morgon vil Herren syna kven som er hans folk, og kven som er heilag og kann koma inn til honom, og dei som han då vel, skal få koma inn til honom.
6 Tut folgendes: Nehmt euch Räucherpfannen, du, Korah, und ihr, sein ganzer Anhang,
Gjer no so, du Korah og heile flokken din: Tak i morgon med dykk glodfat,
7 tut morgen Feuer hinein und legt vor dem HERRN Räucherwerk darauf; wen dann der HERR erwählt, der soll als geweiht gelten! Damit gebt euch zufrieden, ihr Söhne Levis!«
og hav eld i deim, og legg røykjelse på elden for Herrens åsyn, og den som Herren vel, han skal vera heilag. Lat so det vera nok, de Levi-søner!»
8 Mose sagte dann weiter zu Korah: »Hört doch, ihr Söhne Levis!
Og endå sagde Moses til Korah: «Høyr no, de Levi-søner!
9 Genügt es euch nicht, daß der Gott Israels euch aus der Gemeinde der Israeliten ausgesondert hat, um euch zu sich nahen zu lassen, damit ihr den Dienst an der Wohnung des HERRN verrichtet und im Dienst der Gemeinde dieses Amt verwaltet?
Er de ikkje nøgde med at Israels Gud hev skilt dykk ut frå Israels-lyden, so de skulde vera næmare honom og greida arbeidet i Herrens hus, og ganga lyden til handa?
10 Dich und alle deine Brüder mit dir, die Leviten, hat er zu sich nahen lassen, und nun verlangt ihr auch noch die Priesterwürde?
Han hev teke deg og alle brørne dine, Levi-sønerne, innåt seg, og no trår de etter preste-embættet og?
11 Somit rottet ihr euch gegen den HERRN zusammen, du und dein ganzer Anhang; denn was ist Aaron, daß ihr gegen ihn murrt?«
Det er mot Herren de hev slege dykk i hop, du og heile flokken din; for kva er Aron? Kann det vera verdt å setja seg upp i mot honom?»
12 Hierauf ließ Mose Dathan und Abiram, die Söhne Eliabs, durch Boten rufen; aber sie ließen sagen: »Wir kommen nicht zu dir hinauf!
So sende Moses bod etter Datan og Abiram, sønerne hans Eliab; men dei svara: «Me kjem ikkje!
13 Ist es nicht genug, daß du uns aus einem Lande, das von Milch und Honig überfließt, hierher geführt hast, um uns in der Wüste sterben zu lassen? Willst du dich gar noch zum Herrscher über uns aufwerfen?
Er det ikkje nok at du lokka oss burt frå eit land som fløymer med mjølk og honning, so me skulde døy i øydemarki? Vil du no attpå råda og rikja yver oss?
14 Du hast uns wahrlich nicht in ein Land gebracht, das von Milch und Honig überfließt, und uns keine Äcker und Weinberge zum Erbbesitz gegeben! Willst du etwa den Leuten hier Sand in die Augen streuen? Wir kommen nicht zu dir hinauf!«
Ikkje heller hev du ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, og gjeve oss åkrar og aldehagar til eiga! Trur du då du kann synkverva desse mennerne? Me kjem ikkje!»
15 Darüber geriet Mose in heftigen Zorn und betete zum HERRN: »Wende dich nicht zu ihrer Opfergabe! Keinem von ihnen habe ich auch nur einen Esel genommen und keinem von ihnen etwas zuleide getan!«
Då vart Moses brennande harm, og han sagde til Herren: «Ansa ikkje offeret deira! Ikkje so mykje som eit asen hev eg teke frå deim, og ingen av deim hev eg gjort noko til meins.»
16 Hierauf sagte Mose zu Korah: »Du und dein ganzer Anhang, ihr mögt morgen vor dem HERRN erscheinen, du und sie und auch Aaron.
So sagde han til Korah: «Møt no fram for Herrens åsyn i morgon, du og heile flokken din! Aron skal og møta fram,
17 Nehmt dann ein jeder seine Räucherpfanne und legt Räucherwerk darauf; dann bringe ein jeder seine Räucherpfanne vor den HERRN, zweihundertundfünfzig Räucherpfannen, auch du und Aaron, ein jeder seine Räucherpfanne!«
og de skal taka kvar sitt glodfat og leggja røykjelse på deim, og bera deim fram for Herrens åsyn, tvo hundrad og femti glodfat, og du og Aron skal og taka kvar sitt glodfat.»
18 So nahmen sie denn ein jeder seine Räucherpfanne, taten feurige Kohlen hinein und legten Räucherwerk darauf; dann traten sie an den Eingang des Offenbarungszeltes, auch Mose und Aaron.
So tok dei kvar sitt glodfat, og hadde eld i deim, og lagde røykjelse på og stod i møtetjelddøri, og det same gjorde Moses og Aron;
19 Korah hatte aber die ganze Gemeinde am Eingang des Offenbarungszeltes gegen sie versammelt. Da erschien der ganzen Gemeinde die Herrlichkeit des HERRN;
og Korah samla heile lyden imot dei framanfor møtetjelddøri. Då synte Herrens herlegdom seg for heile lyden.
20 und der HERR gab dem Mose und Aaron folgende Weisung:
Og Herren tala til Moses og Aron, og sagde:
21 »Sondert euch von dieser Gemeinde ab: ich will sie in einem Augenblick vertilgen!«
«Skil dykk frå denne lyden, so skal eg gjera ende på deim, so fort som ein blunkar med auga.»
22 Da warfen sie sich (beide) auf ihr Angesicht nieder und beteten: »O Gott, du Herr über Leben und Tod alles Fleisches! Willst du denn, wenn ein einzelner Mann gesündigt hat, der ganzen Gemeinde zürnen?«
Men dei kasta seg på kne, og sagde: «Allvelduge Gud, du som råder yver alle manneliv, vert du vill på heile lyden, for di ein mann syndar?»
23 Da gebot der HERR dem Mose:
Og Herren svara Moses:
24 »Befiehl der Gemeinde, sich aus der Umgebung der Wohnung Korahs, Dathans und Abirams zu entfernen!«
«Seg til folket at dei skal hava seg burt frå bustaden åt Korah og Datan og Abiram og frå alt som derikring er!»
25 Nun erhob sich Mose und begab sich zu Dathan und Abiram, und es folgten ihm die Ältesten der Israeliten.
So reiste Moses seg upp og gjekk burt til Datan og Abiram, og Israels hovdingar fylgde honom.
26 Dann gab er der Gemeinde die Weisung: »Entfernt euch ja von den Zelten dieser gottlosen Männer und rührt nichts von dem an, was ihnen gehört, damit ihr nicht auch hinweggerafft werdet um all ihrer Sünden willen!«
Og han tala til folket, og sagde: «Gakk burt frå husi åt desse gudlause mennerne, og kom ikkje innåt noko som høyrer deim til; elles kjem de og til å lida for alle synderne deira!»
27 Da entfernten sie sich aus der Umgebung der Wohnung Korahs, Dathans und Abirams. Dathan und Abiram aber waren herausgetreten und standen mit ihren Frauen und ihren großen und kleinen Kindern im Eingang ihrer Zelte.
Då flutte dei seg burt frå buderne åt Korah og Datan og Abiram og alt som var ikring um. Men Datan og Abiram kom ut og stod i buddøri med konorne sine og borni, både store og små.
28 Da sagte Mose: »Daran sollt ihr erkennen, daß der HERR es ist, der mich gesandt hat, um alle diese Taten zu vollbringen, und daß ich nicht nach eigenem Ermessen gehandelt habe:
Og Moses sagde: «Dette skal de hava til merke på at Herren hev sendt meg til å gjera alle desse verki, og at det ikkje er av meg sjølv eg gjer det:
29 wenn diese hier so sterben, wie alle anderen Menschen sterben, und von dem gewöhnlichen Schicksal der Menschen betroffen werden, dann hat der HERR mich nicht gesandt;
dersom desse døyr på same vis som anna folk, og møter lagnaden som alle andre menneskje, so hev Herren ikkje sendt meg;
30 wenn aber der HERR etwas noch nie Vorgekommenes geschehen läßt und der Erdboden seinen Mund auftut und sie mit allem, was ihnen gehört, verschlingt, so daß sie lebendig in das Totenreich hinabfahren, so werdet ihr daran erkennen, daß diese Männer Verächter des HERRN gewesen sind!« (Sheol h7585)
men dersom Herren let henda noko som aldri fyrr hev hendt, dersom jordi let upp gapet sitt, og gløyper deim og alt som deira er, so dei fer livande ned i helheimen, so veit de at desse mennerne hev spotta Herren.» (Sheol h7585)
31 Kaum hatte er diese Worte zu Ende gesprochen, da spaltete sich der Erdboden unter ihren Füßen,
Ikkje fyrr hadde han sagt dei ordi, so rivna grunnen under føterne deira;
32 und die Erde tat ihren Mund auf und verschlang sie samt ihren Familien sowie alle Anhänger Korahs mit ihrer gesamten Habe:
jordi let upp gapet sitt, og gløypte deim og husi deira og alt folket hans Korah og alt det dei åtte.
33 lebend fuhren sie mit allem, was sie besaßen, in das Totenreich hinab, die Erde schloß sich über ihnen, und sie waren aus der Mitte der Gemeinde verschwunden. (Sheol h7585)
Dei for livande ned i helheimen med alt som deira var, jordi gøymde deim, og dei kvarv burt or lyden. (Sheol h7585)
34 Alle Israeliten aber, die rings um sie her standen, flohen bei ihrem Geschrei; denn sie dachten, die Erde würde auch sie verschlingen.
Og heile Israel, som stod rundt ikring, rømde då dei høyrde skriket deira; dei var rædde jordi skulde gløypa deim med.
35 Und es ging Feuer vom HERRN aus und verzehrte die zweihundertundfünfzig Männer, die das Räucherwerk dargebracht hatten.
So for det eld ut frå Herren, og brende upp dei tvo hundrad og femti mennerne som hadde bore fram røykjelse.
36 Hierauf gebot der HERR dem Mose folgendes:
Då tala Herren til Moses, og sagde:
37 »Befiehl Eleasar, dem Sohne des Priesters Aaron, er solle die Räucherpfannen von der Brandstätte aufheben und die feurigen Kohlen in einiger Entfernung von hier umherstreuen;
«Seg til Eleazar, son åt Aron, øvstepresten, at han skal taka upp glodfati som ligg att der elden hev fare, og strå glørne vidt utyver! For heilage er dei,
38 denn dem Heiligtum sind die Räucherpfannen dieser Männer verfallen, die durch ihre Sünde ihr Leben verwirkt haben. Man mache daraus breitgehämmerte Bleche zu einem Überzug für den Altar; denn da sie die Pfannen vor den HERRN gebracht haben, sind sie dem Heiligtum verfallen und sollen nun ein Wahrzeichen für die Israeliten bleiben.«
glodfati åt desse mennerne som laut lata livet for syndi si; de skal hamra dei ut til plator, og klæda altaret med deim. Dei hev vorte framborne for Herrens åsyn; difor er dei heilage, og skal vera eit varsl for Israels-borni.»
39 Da nahm der Priester Eleasar die kupfernen Räucherpfannen, welche die vom Feuer Getöteten vor den HERRN gebracht hatten, und man hämmerte sie breit zu einem Überzug für den Altar.
Og Eleazar, presten, gjorde som Moses hadde sagt honom frå Herren: han tok koparfati som dei hadde bore fram dei mennerne som brann upp, og smedarne hamra plator av deim til å klæda altaret med,
40 So bildeten sie denn ein Erinnerungszeichen für die Israeliten, damit kein Unbefugter, der nicht zu den Nachkommen Aarons gehört, herantrete, um Räucherwerk vor dem HERRN zu verbrennen, und damit es ihm nicht ergehe wie Korah und seiner Rotte, wie der HERR es ihm durch Mose hatte ankündigen lassen.
so Israels-borni skulde koma i hug at ingen framand, ingen som ikkje er av Arons ætt, må ganga fram og brenna røykjelse for Herrens åsyn; elles kjem han til å fara same ferdi som Korah og hans flokk.
41 Am folgenden Tage aber murrte die ganze Gemeinde der Israeliten gegen Mose und Aaron; sie riefen: »Ihr habt das Volk des HERRN umgebracht!«
Dagen etter mukka heile Israels-lyden mot Moses og Aron, og sagde: «Det er de som hev drepe Herrens folk!»
42 Als sich nun die Gemeinde gegen Mose und Aaron zusammenrottete, wandten (diese) sich dem Offenbarungszelt zu, und siehe: die Wolke bedeckte es, und die Herrlichkeit des HERRN wurde sichtbar.
og ålmugen tok til å samla seg mot deim. Moses og Aron vende seg mot møtetjeldet; då såg dei at skyi låg yver tjeldet, og herlegdomen åt Herren skein fram.
43 Als dann Mose und Aaron vor das Offenbarungszelt getreten waren,
So gjekk dei fram for møtetjeldet,
44 gebot der HERR dem Mose:
Og Herren tala til Moses, og sagde:
45 »Entfernt euch aus der Mitte dieser Gemeinde: ich will sie in einem Augenblick vernichten!« Da warfen sie sich auf ihr Angesicht nieder,
«Sjå til å koma dykk burt frå denne hopen, so skal eg tyna dei i ein augneblink!» Då kasta dei seg på kne,
46 und Mose rief dem Aaron zu: »Nimm die Räucherpfanne, tu feurige Kohlen vom Altar hinein und leg Räucherwerk darauf! trage es dann eilends unter die Gemeinde und erwirke ihnen dadurch Sühne! Denn das Zorngericht ist bereits vom HERRN ausgegangen, und das Sterben hat schon begonnen!«
og Moses sagde til Aron: «Tak glodfatet; legg i gløder frå altaret, og hav røykjelse uppå, og skunda deg so burt til lyden med det, og gjer soning for deim! For Herren hev slept harmen sin laus - sotti er komi!»
47 Da nahm Aaron (die Räucherpfanne), wie Mose ihm befohlen hatte, und lief mitten in die Volksmenge hinein, wo das Sterben beim Volk wirklich schon begonnen hatte. Dann legte er Räucherwerk auf und erwirkte dem Volk dadurch Sühne;
Aron gjorde som Moses sagde, og tok glodfatet og sprang midt inn i flokken; sotti hadde då alt teke til å herja millom folket. So lagde han røykjelsen på gløderne, og bad ei soningsbøn for folket,
48 denn als er mitten zwischen den Toten und den Lebenden dastand, wurde dem Sterben Einhalt getan.
med han stod der millom daude og livande. Då stana sotti;
49 Es belief sich aber die Zahl derer, die durch das Sterben ums Leben gekommen waren, auf 14700, abgesehen von denen, die um Korahs willen ihr Leben verloren hatten.
men det var fjortan tusund og sju hundrad som døydde i den sotti, umfram deim som miste livet for Korahs skuld.
50 Hierauf kehrte Aaron zu Mose an den Eingang des Offenbarungszeltes zurück, als das Sterben ein Ende genommen hatte.
Då sotti hadde gjeve seg, gjekk Aron attende til Moses, til møtetjelddøri.

< 4 Mose 16 >