< 1 Mose 43 >

1 Es lastete aber die Hungersnot schwer auf dem Lande.
Men svolten var hard i landet.
2 Als sie nun das Getreide, das sie aus Ägypten geholt, vollständig aufgezehrt hatten, da gebot ihnen ihr Vater: zieht wieder hin, etwas Getreide für uns zu kaufen.
Og då det traut det kornet dei hadde havt heim frå Egyptarland, sagde far deira med deim: «Far i vegen att og kjøp oss noko grjon!»
3 Da antwortete ihm Juda: Jener Mann hat uns nachdrücklich eingeschärft: Ihr dürft mir nicht vor die Augen kommen, wenn ihr nicht euren Bruder mitbringt.
Då sagde Juda med honom: «Denne mannen lyste so strenge ord og sagde: «De skal ikkje koma for augo mine, utan yngste bror dykkar er med.»
4 Willst du uns also unseren Bruder mitgeben, so wollen wir hinreisen und Getreide für dich kaufen.
Vil du no lata bror vår få vera med oss, so skal me fara ned og kjøpa grjon åt deg.
5 Giebst du ihn uns aber nicht mit, so reisen wir nicht. Denn der Mann hat uns erklärt: Ihr dürft mir nicht vor die Augen kommen, wenn ihr nicht euren Bruder mitbringt.
Men sender du honom ikkje med, so vil me ikkje fara. For mannen sagde: «De skal ikkje koma for augo mine, utan bror dykkar er med.»»
6 Israel antwortete: Warum habt ihr mir das zuleide gethan und dem Manne verraten, daß ihr noch einen Bruder habt?
Då sagde Israel: «Kvi gjorde de meg so ille imot og sagde det med mannen at de hadde endå ein bror?»
7 Sie antworteten: Der Mann erkundigte sich genau nach uns und unserer Familie und fragte: Ist euer Vater noch am Leben? Habt ihr noch einen Bruder? Da gaben wir ihm Bescheid, ganz wie es sich verhält. Konnten wir denn wissen, daß er nun sagen würde: Bringt euren Bruder her?
Og dei svara: «Mannen spurde oss ut både um oss og ætti vår, og sagde: «Liver far dykkar endå? Hev de nokon bror?» So svara me, som han spurde til. Kor kunde då me tenkja at han skulde segja: «Kom hit med bror dykkar!»»
8 Juda aber sprach zu seinem Vater Israel: Gieb mir den Knaben mit, so wollen wir aufbrechen und hinziehen, damit wir leben bleiben und nicht sterben, wir und du und unsere Kinder.
Og Juda sagde med Israel, far sin: «Send du sveinen med meg, so vil me oss reiduge og fara, so me kann halda livet og ikkje døy burt, både me og du og småborni våre.
9 Ich will dir für ihn bürgen; mich sollst du für ihn verantwortlich machen. Wenn ich dir ihn nicht wiederbringe und vor Augen stelle, so will ich all meine Lebtage schuldig vor dir dastehen.
Eg skal svara for honom. Av meg kann du krevja honom att. Kjem eg ikkje heim til deg att med honom og set honom framfyre deg, so skal eg bera skuldi for det all min dag.
10 Wenn wir nicht über Gebühr gezaudert hätten, so hätten wir unterdes zweimal hin- und herreisen können.
For hadde me ikkje drygt so lenge, so kunde me no vore heim att tvo vendor.»
11 Da antwortete ihnen ihr Vater Israel: Wenn es denn sein muß, so thut Folgendes: Nehmt in euren Säcken etwas von den Erzeugnissen des Landes mit und bringt dem Manne ein Geschenk: ein wenig Balsam und ein wenig Honig, Spezereien und Ladanum, Pistazien und Mandeln.
Då sagde Israel, far deira, med deim: «Er det ikkje onnor råd, so gjer som eg segjer: Tak med dykk i sekkjerne dykkar av alt det gjævaste som finst i landet, noko balsam og noko honning, kryddor og rosekvåda, pistacie-neter og mandlar! Det skal vera ei gåva til mannen.
12 Sodann nehmt den gleichen Betrag an Geld noch einmal mit: auch das Geld, das sich wiedergefunden hat oben in euren Säcken, nehmt wieder mit - vielleicht liegt ein Irrtum vor.
Og tak ein gong til so mange pengar med dykk! For dei pengarne som kom att og låg ovanpå i sekkjerne dykkar, fær de hava med attende; kann henda det berre var eit mistak.
13 Dazu nehmt auch euren Bruder hin, brecht auf und zieht wieder hin zu dem Manne.
Tak so bror dykkar med, og gjer dykk reiduge, og far attende til mannen!
14 Und Gott, der Allmächtige, verleihe, daß sich der Mann barmherzig gegen euch erzeigt, daß er euren anderen Bruder wieder mit euch ziehen läßt, dazu auch Benjamin; ich aber - wenn es denn sein muß, nun so bin ich eben verwaist.
Og Gud den Allvelduge late dykk møta godvilje hjå mannen, so han sender Benjamin og den andre bror dykkar med dykk heim att. Og eg - skal eg vera barnlaus, so fær eg vera barnlaus!»
15 Da nahmen die Männer das erwähnte Geschenk, nahmen auch anderes Geld mit sich, dazu Benjamin, brachen auf, zogen nach Ägypten und traten vor Joseph.
So tok dei gåva, og ein gong til so mange pengar tok dei med seg, og so Benjamin. Og dei gav seg på vegen, og for ned til Egyptarland, og gjekk fram for Josef.
16 Als nun Joseph wahrnahm, daß Benjamin unter ihnen sei, gebot er seinem Hausmeister: Führe diese Männer hinein ins Haus, schlachte ein Stück Vieh und richte zu; denn diese Männer sollen mittags mit mir essen.
Då Josef såg at Benjamin var med deim, sagde han med den som stod fyre huset hans: «Bed desse mennerne inn, og slagta eit naut og laga det til; for dei skal eta til middags med meg.»
17 Der Mann that, wie Joseph befohlen hatte, und der Mann führte die Männer hinein in das Haus Josephs.
Og mannen gjorde som Josef sagde, og bad deim inn i huset åt Josef.
18 Da fürchteten sich die Männer, daß sie ins Haus Josephs geführt wurden, und sprachen: Wegen des Geldes, das sich bei unserer ersten Anwesenheit wieder in unsere Säcke verirrte, werden wir hineingeführt: man will sich auf uns werfen, uns überfallen und uns zu Sklaven machen, samt unseren Eseln.
Men då dei skulde inn i huset åt Josef, vart dei rædde, og sagde: «Det er nok for dei pengarne skuld som låg att i sekkjerne våre fyrre gongen, at me skal her inn. Dei kjem til å velta seg inn på oss, og kasta seg yver oss, og taka oss til trælar, med asni våre.»
19 Da traten sie an den Hausmeister Josephs heran und redeten ihn am Eingange des Hauses
So gjekk dei burt til mannen som stod fyre huset hans Josef, og tala til honom i husdøri,
20 also an: Bitte, mein Herr! Wir sind das erste Mal hierher gereist, nur um Getreide zu kaufen.
og sagde: «Høyr her, gode herre! Du veit me hev vore her ein gong fyrr og kjøpt grjon.
21 Als wir aber ins Nachtquartier gelangt waren und unsere Getreidesäcke aufbanden, da fand sich das Geld eines jeden oben in seinem Getreidesack - unser Geld nach seinem vollen Gewicht; wir haben es jetzt wieder mitgebracht.
Men då me kom til kvilestaden, og løyste upp klyvjarne våre, då fann kvar sine pengar ovanpå i sekken sin; det var våre eigne pengar, med si fulle vegt, og no hev me deim med oss hit att.
22 Aber auch anderes Geld haben wir mitgebracht, um Getreide zu kaufen. Wir begreifen nicht, wer uns das Geld in die Getreidesäcke gelegt hat.
Og andre pengar hev me og med oss, til å kjøpa grjon for. Me veit ikkje kven som hev lagt pengarne i sekkjerne våre.»
23 Da antwortete er: Beruhigt euch; seid ohne Sorge! Euer und eures Vaters Gott hat euch heimlich einen Schatz in eure Getreidesäcke gelegt. Euer Geld ist mir zugekommen. Hierauf führte er Simeon zu ihnen heraus.
Då sagde han: «Ver de hugheile! Hav ingen otte på dykk! Dykkar Gud og Gud åt far dykkar hev lagt ei gåva til dykk i sekkjerne. Pengarne dykkar hev eg fenge.» So henta han Simeon ut til deim.
24 Sodann brachte er die Männer ins Haus Josephs. Er gab ihnen Wasser, und sie wuschen ihre Füße, und ihren Eseln reichte er Futter.
Sidan fylgde mannen deim inn i huset hans Josef, og gav deim vatn, so dei fekk två føterne sine, og gav deim for til asni.
25 Sodann legten sie das Geschenk zurecht und warteten, bis Joseph mittags käme; denn sie hatten vernommen, daß sie dort das Mahl einnehmen sollten.
So lagde dei gåvorne til reide, til Josef skulde koma heim til middags; for dei hadde høyrt at dei skulde eta der.
26 Als nun Joseph ins Haus eingetreten war, brachten sie ihm das Geschenk, das sie mit sich führten, hinein und verneigten sich vor ihm bis auf den Boden.
Då so Josef kom heim, bar dei inn til honom gåvorne som dei hadde med seg, og lagde seg å gruve for honom.
27 Er aber erkundigte sich nach ihrem Befinden und fragte: Geht es eurem alten Vater, von dem ihr spracht, wohl? Ist er noch am Leben?
Og han spurde korleis dei livde, og sagde: «Stend det vel til med den gamle far dykkar, som de tala um? Liver han endå?»
28 Sie antworteten: Es geht deinem Diener, unserem Vater, wohl; er ist noch am Leben. Dabei bückten sie sich und verneigten sich.
«Ja, » svara dei, «det stend vel til med far vår, tenaren din. Han liver endå.» Og dei bøygde seg og kasta seg å gruve for honom.
29 Da gewahrte er Benjamin, seinen leiblichen Bruder, und fragte: ist das euer jüngster Bruder, von dem ihr mir sagtet? und sprach: Gott gebe dir Gnade, mein Sohn!
Då han fekk auga på Benjamin, bror sin, son åt hans eigi mor, sagde han: «Er dette den yngste bror dykkar, som de tala til meg um? - Gud signe deg, guten min!» sagde han.
30 Dann aber brach Joseph schnell ab, denn er wurde von tiefer Rührung ergriffen, als er so seinem Bruder gegenüberstand, und suchte, wie er seinen Thränen freien Lauf lassen könne. Daher ging er hinein in das innere Gemach und weinte sich dort aus.
Og Josef skunda seg burt. For hjarta hans kløktest, då han såg bror sin, so han laut få gråta. Og han gjekk inn i koven og gret.
31 Dann wusch er sich das Gesicht und kam wieder heraus, that sich Gewalt an und befahl: Tragt auf!
So tvo han seg i andlitet, og gjekk ut att, og han gjorde seg hard, og sagde: «Set maten fram!»
32 Da trug man ihm besonders auf und ihnen besonders und ebenso den Ägyptern, die mit ihm speisten. Die Ägypter dürfen nämlich nicht mit den Hebräern zusammen speisen, denn das gilt den Ägyptern als eine Verunreinigung.
Då sette dei fram, for honom i ser, og for deim i ser, og for egyptarane i ser, deim som åt hjå honom; for egyptarane torer ikkje eta i lag med hebræarane; dei held det for å vare ufjelgt.
33 Sie kamen aber vor ihn zu sitzen, vom Ältesten bis zum Jüngsten genau nach dem Alter geordnet; staunend sahen die Männer einander an.
Dei vart sessa midt fyre honom etter alderen, frå den eldste til den yngste, og dei såg på kvarandre og undrast.
34 Hierauf ließ er ihnen von den Gerichten vorlegen, die vor ihm standen; es war aber dessen, was man Benjamin vorlegte, fünfmal so viel, als was man allen anderen vorlegte. Sodann tranken sie mit ihm und wurden guter Dinge.
Og det vart sendt um til deim av dei retterne som han sjølv åt av, og Benjamin fekk fem gonger so mykje som dei andre. Og dei drakk med honom, og vart fjåge.

< 1 Mose 43 >