< 2 Chronik 18 >

1 So wurde Josaphat Reichtum und Ehre in Menge zu teil, und er verschwägerte sich mit Ahab.
Då Josafat hadde vunne seg rikdom og æra, gjekk han i mågskap med Ahab.
2 Nach Verlauf einiger Jahre nun zog er zu Ahab nach Samaria hinab. Da schlachtete Ahab ihm und den Leuten, die er bei sich hatte, eine Menge Schafe und Rinder und verlockte ihn, mit gegen Ramoth in Gilead zu ziehen.
Etter nokre år var lidne, drog han ned til Ahab i Samaria, og Ahab let slagta ei mengd med småfe og storfe for honom og mannskapet han hadde med seg; so lokka han honom til å draga upp mot Ramot i Gilead.
3 Da sprach Ahab, der König von Israel, zu Josaphat, dem Könige von Juda: Willst du mit mir nach Ramoth in Gilead ziehen? Er erwiderte ihm: Ich will sein wie du; mein Volk sei wie dein Volk, und ich will mit dir in den Krieg!
For Israels-kongen Ahab sagde til Juda-kongen Josafat: «Vil du fara med meg til Ramot i Gilead?» Han svara honom: «Eg som du, og mitt folk som ditt folk, me vil vera med deg i striden.»
4 Und weiter sprach Josaphat zum Könige von Israel: Frage doch erst, was Jahwe dazu sagt!
Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!»
5 Da versammelte der König von Israel die Propheten, vierhundert Mann, und fragte sie: Soll ich gegen Ramoth in Gilead in den Krieg ziehen oder soll ich es unterlassen? Sie antworteten: Ziehe hin, damit es Gott in die Gewalt des Königs gebe!
Då stemde Israels-kongen saman profetarne, fire hundrad mann, og spurde deim: «Skal me draga ut og strida mot Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Gud vil gjeva byen i henderne på kongen.»
6 Josaphat aber sprach: Ist denn hier weiter kein Prophet Jahwes, daß wir ihn befragen könnten?
Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja gjenom honom?»
7 Der König von Israel aber antwortete Josaphat: Noch einer ist da, durch den wir Jahwe befragen könnten; aber ich bin ihm gram, denn er pflegt über mich nicht Gutes zu weissagen, sondern allezeit Schlimmes: das ist Micha, der Sohn Jimlas. Josaphat aber sprach: Der König wolle nicht also reden!
Israels-kongen sagde til Josafat: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved; men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt alle sine dagar; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!»
8 Da rief der König von Israel einen Kämmerer und befahl: Hole schleunigst Micha, den Sohn Jimlas!
Då kalla Israels-kongen på ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!»
9 Während nun der König von Israel und Josaphat, der König von Juda, angethan mit purpurnen Kleidern am Eingange des Thores von Samaria ein jeglicher auf seinem Throne saßen, und alle Propheten vor ihnen weissagten,
Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud kvar på sin kongsstol, dei sat på treskjevollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim.
10 machte sich Zedekia, der Sohn Kenaanas, eiserne Hörner und rief: So spricht Jahwe: Mit solchen wirst du die Aramäer niederstoßen, bis du sie vernichtet hast!
Og Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tyner deim.»»
11 Und sämtliche Propheten weissagten ebenso und sprachen: Ziehe hin nach Ramoth in Gilead, und das Gelingen kann dir nicht fehlen; Jahwe wird es schon in die Gewalt des Königs geben!
Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot i Gilead, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
12 Der Bote aber, der hingegangen war, Micha zu rufen, sprach zu ihm also: Sieh', die Propheten haben dem König einstimmig Gutes verkündigt; so laß doch dein Wort sein wie das Wort eines von ihnen und rede Gutes!
Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavast med deira, og lova lukka du og!»
13 Micha aber sprach: So wahr Jahwe lebt: nur was mein Gott zu mir sagen wird, das will ich reden!
Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som min Gud segjer.»
14 Als er nun zum Könige kam, fragte ihn der König: Micha, sollen wir nach Ramoth in Gilead in den Krieg ziehen oder sollen wir es unterlassen? Da antwortete er: Zieht hin, und das Gelingen kann euch nicht fehlen; sie werden in eure Gewalt gegeben werden!
Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal de få siger, og dei skal verta gjevne i dykkar vald.»
15 Der König aber sprach zu ihm: Wie oft soll ich dich beschwören, daß du mir im Namen Jahwes nichts als die Wahrheit verkündigen sollst?
Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?»
16 Da sprach er: Ich sah ganz Israel zerstreut auf den Bergen, wie Schafe, die keinen Hirten haben. Jahwe aber sprach: Diese haben keinen Herrn; sie mögen unversehrt ein jeglicher nach seinem Hause zurückkehren!
Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt utyver fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»
17 Der König von Israel aber sprach zu Josaphat: Habe ich dir nicht gesagt: Er weissagt nichts Gutes über mich, sondern Böses?
Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?»
18 Da sprach er: Nicht doch! Vernehmt das Wort Jahwes! Ich sah Jahwe auf seinem Throne sitzen und das ganze Himmelsheer zu seiner Rechten und Linken stehen.
Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod på den høgre og den vinstre sida hans.
19 Und Jahwe sprach: Wer will Ahab, den König von Israel, bethören, daß er zu Felde ziehe und zu Ramoth in Gilead falle? Und der eine sagte dies, der andere sagte das.
Og Herren sagde: Kven vil lokka Israels-kongen Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.
20 Da trat der Geist hervor, stellte sich vor Jahwe und sprach: ich will ihn bethören! Jahwe aber fragte ihn: Womit?
Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?»
21 Da antwortete er: Ich will ausgehen und zum Lügengeiste werden in aller seiner Propheten Munde! Er aber sprach: Ja, du wirst die Bethörung vollbringen! Gehe aus und thue also!
Han svara: «Eg vil ganga ut og verta ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad, og gjer so!»
22 So hat nun, wie du siehst, Jahwe in den Mund dieser deiner Propheten einen Lügengeist gelegt, während doch Jahwe Unheil über dich beschlossen hat.
Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg.
23 Da trat Zedekia, der Sohn Kenaanas, herzu, schlug Micha auf den Backen und sprach: Auf welchem Wege wäre denn der Geist Jahwes von mir gewichen, um mit dir zu reden?
Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare ifrå meg for å tala med deg?»
24 Micha aber sprach: Du wirst es erfahren an dem Tag, an welchem du aus einer Kammer in die andere gehen wirst, um dich zu verstecken!
Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen då du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»
25 Der König von Israel aber befahl: Nehmt Micha und bringt ihn zurück zu Amon, dem Befehlshaber über die Stadt, und zum Prinzen Joas
Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,
26 und meldet: So spricht der König: Setzt diesen in den Kerker ein und speiset ihn mit kärglichem Brot und kärglichem Wasser, bis ich wohlbehalten wiederkomme.
og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost, til kongen kjem heim att med heilo!»»
27 Da sprach Micha: Kehrst du wirklich wohlbehalten wieder, so hat Jahwe nicht durch mich geredet! Und er sprach: Höret, ihr Völker, insgesamt!
Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg.» Og so sagde han: «Høyr, de folk, alle saman!»
28 Also zog der König von Israel mit Josaphat, dem Könige von Juda, gegen Ramoth in Gilead.
So drog då Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.
29 Und der König von Israel sprach zu Josaphat: Ich will mich verkleiden und so in den Kampf gehen; du aber behalte deine königlichen Kleider an! Und der König von Israel verkleidete sich, und sie gingen in den Kampf.
Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden, men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut, og so gjekk dei inn i striden.
30 Der König von Aram aber hatte den Obersten seiner Streitwagen befohlen: Ihr sollt mit niemandem kämpfen, er sei gering oder vornehm, außer allein mit dem Könige von Israel!
Men Syria-kongen hadde gjeve det bodet til hovdingarne for stridsvognerne sine at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre på Israels-kongen.
31 Als nun die Obersten der Wagen Josaphat erblickten, dachten sie: das ist der König von Israel! und umringten ihn, um ihn anzugreifen. Aber Josaphat schrie, und Jahwe stand ihm bei und Gott lockte sie von ihm hinweg.
Då no hovdingarne fekk stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei kringsette honom og vilde strida. Men Josafat sette i eit høgt rop, og Herren frelste honom; for Gud vende dei burt ifrå honom.
32 Sobald jedoch die Obersten der Wagen merkten, daß es nicht der König von Israel war, ließen sie von ihm ab und lenkten wieder um.
Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom.
33 Ein Mann aber hatte von ungefähr den Bogen gespannt und traf den König von Israel zwischen Ringelgurt und Panzer. Da gebot er dem Wagenlenker: Lenke um und bringe mich aus dem Kampfgetümmel hinaus, denn ich bin verwundet!
Men ein mann som spente bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren! for eg er såra.»
34 Aber der Kampf entbrannte jenes Tags immer heftiger, und der König von Israel stand aufrecht im Wagen den Aramäern gegenüber bis zum Abend; um die Zeit des Sonnenuntergangs aber starb er.
Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni si imot syrarane like til um kvelden; og ved soleglad døydde han.

< 2 Chronik 18 >