< 1 Mose 23 >

1 Die Lebensjahre Saras betrugen 127 Jahre; das sind die Lebensjahre Saras.
Alderen hennar Sara vart hundrad og sju og tjuge år; det var liveåri hennar Sara.
2 Und Sara starb zu Kirjat Arba, das ist Hebron, im Lande Kanaan. Und Abraham kam, Sara zu beklagen und zu beweinen.
Og Sara døydde i Arbabyen, som no heiter Hebron, i Kana’ans-land. Og Abraham gjekk heim og øya og gret yver Sara.
3 Dann erhob sich Abraham von dem Leichnam weg und sprach zu den Söhnen Chets also:
Sidan reis Abraham upp, og gjekk burt ifrå liket, og han tala til Hets-sønerne og sagde:
4 "Als Gast und Beisaß bin ich bei euch. Gebt mir bei euch doch ein Erbgrab, daß ich meine Tote aus dem Hause bringe und begrabe!"
«Ein framand er eg imillom dykk, ein utlending. Lat meg få ein gravstad til eiga hjå dykk, so eg kann få gøyma henne som eg hev mist.»
5 Und die Söhne Chets antworteten Abraham also:
Då svara Hets-sønerne Abraham og sagde med honom:
6 "Nein! Hör uns an, Herr! Ein Gottesfürst bist du in unserer Mitte. Begrabe deine Tote im besten unserer Gräber. Keiner von uns wird dir sein Grab verweigern, deine Tote darin zu bestatten."
«Høyr her, gode herre! Ein gjæv hovding er du imillom oss. I den beste av graverne våre kann du jorda henne som du hev mist. Ingen av oss skal meinka deg gravi si til å jorda henne i.»
7 Da erhob sich Abraham, neigte sich vor den Landeskindern, den Söhnen Chets
Då reiste Abraham seg, og bøygde seg for landslyden, for Hets-sønerne,
8 und redete also mit ihnen: "Ist es euch genehm, daß ich meine Tote aus dem Hause bringe und begrabe, so hört mich an! Legt Fürsprache für mich ein bei Ephron, Sochars Sohn,
og so tala han til deim og sagde: «Samtykkjer de det, at eg gøymer henne som eg hev mist, so gjer vel og tel for Efron, son åt Sohar,
9 daß er mir die Höhle der Makpela lasse, die ihm gehört und am Rande seines Feldes liegt! Um vollen Preis lasse er sie mir in eurer Mitte zum Erbbegräbnis!"
at han let meg få Makpelahelleren, som han eig, og som ligg i utkanten av gjordet hans. Han skal få gode pengar for honom, er so han vil selja meg honom, her midt imillom dykk, til eigande gravstad.»
10 Ephron aber hatte einen Sitz unter den Söhnen Chets. So antwortete der Chittiter Ephron dem Abraham laut vor den Söhnen Chets, vor allen, die Zutritt zum Tore seiner Stadt hatten, also:
Men Efron sat midt imillom Hets-sønerne, og Efron, hetiten, svara Abraham, so dei høyrde på det, Hets-sønerne, alle dei som sokna til tingstaden hans, og sagde:
11 "Nicht so, Herr! Hör mich an: Dieses Feld schenke ich dir; ich schenke dir auch die Höhle, die darauf ist. Vor meiner Volksgenossen Augen schenke ich sie dir. Begrabe deine Tote!"
«Nei, høyr her, gode herre! Det gjordet gjev eg deg, og helleren som er der, den gjev eg deg og, for augo åt landsmennerne mine gjev eg deg honom. Jorda du henne som du hev mist!»
12 Da neigte sich Abraham vor den Landeskindern
Då bøygde Abraham seg for landslyden,
13 und sprach zu Ephron laut vor den Landeskindern also: "Ach, möchtest du mir Gehör schenken! Ich zahle den Preis des Feldes. Nimm ihn von mir an, daß ich dort meine Tote begraben kann!"
og han tala til Efron, so landslyden høyrde på det, og sagde: «Gjev du vilde høyra på meg! Eg legg det som gjordet er verdt. Tak imot det av meg, so eg der kann få jorda henne som eg hev mist!»
14 Da antwortete Ephron dem Abraham also:
Og Efron svara Abraham og sagde med honom:
15 "Nicht doch, mein Herr! Hör mich an! Ein Feld! Vierhundert Silberringe, was hat dies unter uns zu sagen? Begrabe nur deine Tote!"
«Høyr her, gode herre! Eit jordstykke, som er verdt fire hundrad sylvdalar, kva er det millom meg og deg? Jorda du henne som du hev mist!»
16 Und Abraham hörte auf Ephron. So wog Abraham dem Ephron den Preis dar, von dem er im Beisein der Söhne Chets gesprochen: vierhundert Silberringe Kaufsilber.
Og Abraham merkte seg ordi hans Efron, og Abraham vog upp åt Efron det sylvet han hadde tala um medan Hets-sønerne høyrde på det, fire hundrad sylvdalar, av deim som gjekk og galdt millom kjøpmennerne.
17 So ward Ephrons Feld, das in der Makpela gegenüber Mamre lag, das Feld samt der Höhle darin und allen Bäumen auf dem Feld und in seinem ganzen Umkreise
Og gjordet hans Efron i Makpela, som ligg austanfor Mamre, både gjordet og helleren som der var, og alle dei tre som på gjordet voks, so vidt det rokk rundt ikring, vart skøytt
18 rechtskräftig Abrahams Eigentum im Beisein der Söhne Chets, all derer, die Zutritt zum Tore seiner Stadt hatten.
til Abraham, so dei såg på det, Hets-sønerne, alle dei som sokna til tingstaden hans.
19 Danach begrub Abraham sein Weib Sara in der Höhle des Feldes der Makpela gegenüber Mamre, das ist Hebron, im Lande Kanaan.
Sidan jorda Abraham Sara, kona si, i helleren på Makpelagjordet, austanfor Mamre, der Hebron no ligg, i Kana’ans-land.
20 So ward das Feld mit der Höhle darin rechtskräftig des Abraham Erbbegräbnis unter Zustimmung der Söhne Chets.
Og gjordet med helleren som var der, kom frå Hets-sønerne yver på Abrahams hender, so han fekk det til eigande gravstad.

< 1 Mose 23 >