< Exodus 23 >

1 “You shall not spread a false report. Don’t join your hand with the wicked to be a malicious witness.
Far ikkje med ljugardrøs! Slå ikkje lag med den som hev ei rang sak, so du vitnar med honom og hjelper uretten.
2 “You shall not follow a crowd to do evil. You shall not testify in court to side with a multitude to pervert justice.
Fylg ikkje flokken i det som vondt er! Tala ikkje soleis på tinget at du hallar etter hopen og rengjer retten!
3 You shall not favor a poor man in his cause.
Um det so er ein arming, so skal du’kje snilda på saki hans.
4 “If you meet your enemy’s ox or his donkey going astray, you shall surely bring it back to him again.
Når du finn ein ukse eller eit asen som hev vildra seg burt, og som uvenen din eig, so skal du hava deim attende til honom!
5 If you see the donkey of him who hates you fallen down under his burden, don’t leave him. You shall surely help him with it.
Når du ser at asnet åt uvenen din hev sige under kløvi, so må du’kje tenkja på å ganga ifrå honom; du lyt hjelpa honom å løysa kløvi!
6 “You shall not deny justice to your poor people in their lawsuits.
Reng ikkje retten for fatigfolk på tinget!
7 “Keep far from a false charge, and don’t kill the innocent and righteous; for I will not justify the wicked.
Haldt deg burte frå alle lygnarsaker, so du ikkje vert skuld i at ein saklaus og rettferdig mann let livet! For den som er skuldig, dømer ikkje eg fri.
8 “You shall take no bribe, for a bribe blinds those who have sight and perverts the words of the righteous.
Tak ikkje mutor! For mutorne synskverver deim som ser klårt, og rengjer saki for dei som hev rett.
9 “You shall not oppress an alien, for you know the heart of an alien, since you were aliens in the land of Egypt.
Far ikkje hardt med dei framande! For de veit korleis det er å kjenna seg framand; de var sjølve framande i Egyptarlandet.
10 “For six years you shall sow your land, and shall gather in its increase,
Seks år skal du så til jordi di, og hausta det ho ber;
11 but the seventh year you shall let it rest and lie fallow, that the poor of your people may eat; and what they leave the animal of the field shall eat. In the same way, you shall deal with your vineyard and with your olive grove.
men det sjuande skal du lata henne liggja og kvila, so dei fatige i landet kann finna noko å liva av, og det som dei leiver, må villdyri eta; sameleis skal du gjera med vingarden din og oljetrei.
12 “Six days you shall do your work, and on the seventh day you shall rest, that your ox and your donkey may have rest, and the son of your servant, and the alien may be refreshed.
Seks dagar lyt du gjera arbeidet ditt; men den sjuande dagen skal du halda heilag, so uksen din og asnet ditt kann hava ro, og tenaren din og den framande mannen fær kvila seg.
13 “Be careful to do all things that I have said to you; and don’t invoke the name of other gods or even let them be heard out of your mouth.
Alt det eg hev sagt ifrå um, lyt de vara dykk for! Nokon annan gud må de ikkje nemna! Slikt må du aldri taka på tunga!
14 “You shall observe a feast to me three times a year.
Tri gonger um året skal du halda høgtid for meg.
15 You shall observe the feast of unleavened bread. Seven days you shall eat unleavened bread, as I commanded you, at the time appointed in the month Abib (for in it you came out of Egypt), and no one shall appear before me empty.
Fyrst er det søtebrødhelgi; då skal du i sju dagar eta søtt brød, soleis som eg hev sagt deg, på den tid eg hev sett, i aksmånaden; for då tok du ut frå Egyptarland. Og ingen må visa seg tomhendt for augo mine.
16 And the feast of harvest, the first fruits of your labors, which you sow in the field; and the feast of ingathering, at the end of the year, when you gather in your labors out of the field.
So er det skurdhelgi, når du skjer fyrstegrøda av det du sådde på åkeren, og so hausthelgi, når året er ute, og du samlar i hus det du hev avla på marki.
17 Three times in the year all your males shall appear before the Lord GOD.
Tri vendor um året skal alle karmennerne dykkar møta for Drotten, for Herren.
18 “You shall not offer the blood of my sacrifice with leavened bread. The fat of my feast shall not remain all night until the morning.
Du skal ikkje bera fram blodet av offerdyri mine i hop med brød som er syrt, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje verta liggjande natti yver, til morgons.
19 You shall bring the first of the first fruits of your ground into the house of the LORD your God. “You shall not boil a young goat in its mother’s milk.
Det aller fyrste av grøda på marki di skal du bera til huset åt Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda kidet i mjølka åt mor si.
20 “Behold, I send an angel before you, to keep you by the way, and to bring you into the place which I have prepared.
Sjå no sender eg ein engel framfyre deg; han skal vara deg på vegen, og fylgja deg fram til den staden som eg hev etla deg.
21 Pay attention to him, and listen to his voice. Don’t provoke him, for he will not pardon your disobedience, for my name is in him.
Tak deg i vare for honom, og lyd etter ordi hans! Set dykk ikkje upp imot honom! For han vil ikkje tola broti dykkar; i honom er eg sjølv.
22 But if you indeed listen to his voice, and do all that I speak, then I will be an enemy to your enemies, and an adversary to your adversaries.
Men lyder du so sant etter ordi hans og gjer alt det eg segjer, so skal eg hata deim som hatar deg, og trengja deim som trengjer deg.
23 For my angel shall go before you, and bring you in to the Amorite, the Hittite, the Perizzite, the Canaanite, the Hivite, and the Jebusite; and I will cut them off.
For min engel min skal ganga fyre deg, og fylgja deg fram til amoritarne og hetitarne og perizitarne og kananitarne og hevitarne og jebusitarne, og eg vil øyda deim ut.
24 You shall not bow down to their gods, nor serve them, nor follow their practices, but you shall utterly overthrow them and demolish their pillars.
Du skal ikkje tena og ikkje tilbeda gudarne deira! Du skal ikkje gjera som dei gjer, men du skal riva ned avgudarne og slå sund minnesteinarne deira.
25 You shall serve the LORD your God, and he will bless your bread and your water, and I will take sickness away from among you.
De skal tena Herren, dykkar Gud! Då skal han signa både brødet og vatnet for deg, og sott og sykja skal eg venda frå deg.
26 No one will miscarry or be barren in your land. I will fulfill the number of your days.
Det skal ikkje finnast kvende i landet ditt som fer ille eller ikkje er barnkjømd. Du skal få liva alderen ut.
27 I will send my terror before you, and will confuse all the people to whom you come, and I will make all your enemies turn their backs to you.
Fælska for meg skal eg senda fyre deg; alle dei folki du kjem til, skal eg forvilla; eg skal laga det so at alle fiendarne dine syner deg ryggen.
28 I will send the hornet before you, which will drive out the Hivite, the Canaanite, and the Hittite, from before you.
Ein kvefsesvarm vil eg senda fyre deg; den skal støkkja burt både hevitar og kananitar og hetitar.
29 I will not drive them out from before you in one year, lest the land become desolate, and the animals of the field multiply against you.
Eg vil ikkje driva deim ut på eitt år; for då kunde landet øydast, og villdyri verta for mange for deg.
30 Little by little I will drive them out from before you, until you have increased and inherit the land.
Smått um senn vil eg jaga deim ut for deg, til dess du veks til, og tek landet i eige.
31 I will set your border from the Sea of Suf even to the sea of the Philistines, and from the wilderness to the River; for I will deliver the inhabitants of the land into your hand, and you shall drive them out before you.
Og riket ditt det skal rekka frå Sevsjøen til Filistarhavet, og frå Øydemarki til Storelvi. So gjev eg no i henderne dykkar deim som bur og byggjer i landet, og du skal driva dei ut.
32 You shall make no covenant with them, nor with their gods.
Aldri må du gjera noko samband med deim eller gudarne deira.
33 They shall not dwell in your land, lest they make you sin against me, for if you serve their gods, it will surely be a snare to you.”
Dei må ikkje bu i landet ditt; for då kunde dei lokka deg til å synda mot meg, og tenar du gudarne deira, so vert det deg til ei snara.»»

< Exodus 23 >