< Psalms 36 >

1 For the Chief Musician. By David, the servant of the LORD. A revelation is within my heart about the disobedience of the wicked: There is no fear of God before his eyes.
Til songmeisteren; av Herrens tenar David. Dei ord som syndi gjev den ugudlege inn, kjenner eg i mitt inste hjarta. Ingen ræddhug for Gud er det for hans augo.
2 For he flatters himself in his own eyes, too much to detect and hate his sin.
For ein høler honom i augo ved å finna hans synd, ved å hata honom.
3 The words of his mouth are iniquity and deceit. He has ceased to be wise and to do good.
Ordi i hans munn er urett og svik; han hev halde upp å fara visleg åt, å gjera godt.
4 He plots iniquity on his bed. He sets himself in a way that is not good. He doesn’t abhor evil.
Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde.
5 Your loving kindness, LORD, is in the heavens. Your faithfulness reaches to the skies.
Herre, til himmelen når di miskunn, din truskap upp til dei høge skyer.
6 Your righteousness is like the mountains of God. Your judgements are like a great deep. LORD, you preserve man and animal.
Di rettferd er som Guds fjellhøgder, dine domar er ei stort havdjup; menneskje og dyr frelser du, Herre!
7 How precious is your loving kindness, God! The children of men take refuge under the shadow of your wings.
Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Og menneskjeborni flyr inn i skuggen av dine vengjer.
8 They shall be abundantly satisfied with the abundance of your house. You will make them drink of the river of your pleasures.
Dei vert mette til fullnad av det feite i ditt hus, og av din yverflødande fagnad gjev du deim å drikka.
9 For with you is the spring of life. In your light we will see light.
For hjå deg er livsens kjelda, i ditt ljos ser me ljos.
10 Oh continue your loving kindness to those who know you, your righteousness to the upright in heart.
Lat di miskunn vara lenge for deim som kjenner deg, og di rettferd for dei trurøkne i hjarta!
11 Don’t let the foot of pride come against me. Don’t let the hand of the wicked drive me away.
Lat ikkje ovmods fot koma yver meg, og hand av ugudlege ikkje jaga meg burt!
12 There the workers of iniquity are fallen. They are thrust down, and shall not be able to rise.
Der fell dei som gjer urett; dei vert støytte ned og kann ikkje standa upp.

< Psalms 36 >