< Psalms 22 >

1 For the Chief Musician; set to “The Doe of the Morning.” A Psalm by David. My God, my God, why have you forsaken me? Why are you so far from helping me, and from the words of my groaning?
Til songmeisteren etter «Morgonraudens hind»; ein salme av David. Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa.
2 My God, I cry in the daytime, but you don’t answer; in the night season, and am not silent.
Min Gud! eg ropar um dagen, og du svarar meg ikkje, og um natti, og eg fær ikkje tegja.
3 But you are holy, you who inhabit the praises of Israel.
Og du er då heilag, du som bur yver Israels lovsongar.
4 Our fathers trusted in you. They trusted, and you delivered them.
På deg leit våre feder; dei leit på deg, og du frelste deim.
5 They cried to you, and were delivered. They trusted in you, and were not disappointed.
Til deg ropa dei og slapp undan; på deg leit dei og vart ikkje til skammar.
6 But I am a worm, and no man; a reproach of men, and despised by the people.
Men eg er ein makk og ikkje ein mann, ei spott for menneskje og vanvyrd av folk.
7 All those who see me mock me. They insult me with their lips. They shake their heads, saying,
Alle som ser meg, spottar meg, rengjer munnen og rister på hovudet og segjer:
8 “He trusts in the LORD. Let him deliver him. Let him rescue him, since he delights in him.”
«Legg det på Herren! han frelse honom, han berge honom, sidan han hev hugnad i honom!»
9 But you brought me out of the womb. You made me trust while at my mother’s breasts.
Ja, du er den som drog meg fram frå morslivet, som let meg kvila trygt ved morsbrjostet.
10 I was thrown on you from my mother’s womb. You are my God since my mother bore me.
På deg er eg kasta frå morslivet, frå morsfanget er du min Gud.
11 Don’t be far from me, for trouble is near. For there is no one to help.
Ver ikkje langt burte frå meg! for trengsla er nær, for det finst ingen hjelpar.
12 Many bulls have surrounded me. Strong bulls of Bashan have encircled me.
Sterke uksar ringar meg inne, Basans stutar kringset meg.
13 They open their mouths wide against me, lions tearing prey and roaring.
Dei spilar upp sitt gap imot meg, som ei flengjande og burande løva.
14 I am poured out like water. All my bones are out of joint. My heart is like wax. It is melted within me.
Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta hev vorte voks, smolte inst i mitt liv.
15 My strength is dried up like a potsherd. My tongue sticks to the roof of my mouth. You have brought me into the dust of death.
Mi kraft er uppturka som eit krusbrot, mi tunga kleimer seg til min gom, og du legg meg ned i daudens dust.
16 For dogs have surrounded me. A company of evildoers have enclosed me. They have pierced my hands and feet.
For hundar hev sanka seg um meg, ein hop av illmenne kringsett meg; dei hev gjenombora mine hender og mine føter.
17 I can count all of my bones. They look and stare at me.
Eg kann telja alle mine bein; dei skodar til, dei ser på meg med lyst.
18 They divide my garments amongst them. They cast lots for my clothing.
Dei skifte mine klæde millom seg og kasta lut um min kjole.
19 But don’t be far off, LORD. You are my help. Hurry to help me!
Men du, Herre, ver ikkje langt burte, du min styrke, skunda deg å hjelpa meg!
20 Deliver my soul from the sword, my precious life from the power of the dog.
Fria mi sjæl frå sverdet, mi einaste frå hundevald!
21 Save me from the lion’s mouth! Yes, you have rescued me from the horns of the wild oxen.
Frels meg frå løvegap, og frå villukse-horn - du bønhøyrer meg!
22 I will declare your name to my brothers. Amongst the assembly, I will praise you.
Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i ålmugen vil eg lova deg.
23 You who fear the LORD, praise him! All you descendants of Jacob, glorify him! Stand in awe of him, all you descendants of Israel!
De som ottast Herren, lova honom, all Jakobs ætt, æra honom, og hav age for honom, all Israels ætt!
24 For he has not despised nor abhorred the affliction of the afflicted, neither has he hidden his face from him; but when he cried to him, he heard.
For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom, og ikkje løynt si åsyn for honom; men då han ropa til honom, høyrde han.
25 My praise of you comes in the great assembly. I will pay my vows before those who fear him.
Frå deg kjem min lovsong i ein stor ålmuge; eg vil avgjera mine lovnader for deira augo som ottast honom.
26 The humble shall eat and be satisfied. They shall praise the LORD who seek after him. Let your hearts live forever.
Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!
27 All the ends of the earth shall remember and turn to the LORD. All the relatives of the nations shall worship before you.
Alle endarne av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle heidninge-ætter skal tilbeda for di åsyn.
28 For the kingdom is the LORD’s. He is the ruler over the nations.
For riket høyrer Herren til, og han råder yver alle hedningarne.
29 All the rich ones of the earth shall eat and worship. All those who go down to the dust shall bow before him, even he who can’t keep his soul alive.
Alle rikmenner på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne, alle dei som stig ned i dusti, og den som ikkje kann halda si sjæl i live.
30 Posterity shall serve him. Future generations shall be told about the Lord.
Etterkomarar skal tena honom; det skal verta fortalt um Herren til den komande ætt.
31 They shall come and shall declare his righteousness to a people that shall be born, for he has done it.
Dei skal koma og forkynna hans rettferd for det folk som vert født, at han hev gjort det.

< Psalms 22 >