< Isaiah 63 >

1 Who is this who comes from Edom, with dyed garments from Bozrah? Who is this who is glorious in his clothing, marching in the greatness of his strength? “It is I who speak in righteousness, mighty to save.”
Kven er dette som kjem frå Edom, frå Bosra i raude klæde, so brikjen i bunaden sin, so staut i si store kraft? «Det er eg, eg som talar rettferd, som er megtig til å frelsa.»
2 Why is your clothing red, and your garments like him who treads in the wine vat?
Kvifor er bunaden din so raud, og klædi som trødde du vinpersa?
3 “I have trodden the wine press alone. Of the peoples, no one was with me. Yes, I trod them in my anger and trampled them in my wrath. Their lifeblood is sprinkled on my garments, and I have stained all my clothing.
«Eg trødde persa åleine, og ingen av folki var med meg. So trødde eg på deim i vreide og trakka deim sund i min harm. Då skvatt deira blod på klædi mine, og eg sulka heile min klædnad.
4 For the day of vengeance was in my heart, and the year of my redeemed has come.
For ein hemnedag var i min hug, og mitt utløysingsår var kome.
5 I looked, and there was no one to help; and I wondered that there was no one to uphold. Therefore my own arm brought salvation to me. My own wrath upheld me.
Eg såg meg um, det var ingen som hjelpte, og eg undrast på at ingen meg studde, då hjelpte meg min arm, og min harm var meg til studnad,
6 I trod down the peoples in my anger and made them drunk in my wrath. I poured their lifeblood out on the earth.”
og eg trakka ned folkeslag i min vreide og gjorde deim drukne i min harm, deira blod let eg renna på jordi.»
7 I will tell of the loving kindnesses of the LORD and the praises of the LORD, according to all that the LORD has given to us, and the great goodness towards the house of Israel, which he has given to them according to his mercies, and according to the multitude of his loving kindnesses.
Herrens miskunn vil eg prisa, Herrens storverk, etter alt det Herren hev gjort oss og hans store godleik mot Israels hus, som han viste deim i si miskunn og sin store nåde.
8 For he said, “Surely, they are my people, children who will not deal falsely;” so he became their Saviour.
Han sagde: «Dei er mitt folk, trufaste borni.» Og han vart deira frelsar.
9 In all their affliction he was afflicted, and the angel of his presence saved them. In his love and in his pity he redeemed them. He bore them, and carried them all the days of old.
I all deira trengsla var ingi trengsla, hans åsyns engel frelste deim; i sin kjærleik og si milda han løyste deim ut, han tok deim upp, og han bar deim alle fordoms dagar.
10 But they rebelled and grieved his Holy Spirit. Therefore he turned and became their enemy, and he himself fought against them.
Men dei var stride og harma hans heilage ande, då gjordest han um til fiend’, sjølv stridde han mot deim.
11 Then he remembered the days of old, Moses and his people, saying, “Where is he who brought them up out of the sea with the shepherds of his flock? Where is he who put his Holy Spirit amongst them?”
Då fordoms dagar då tenkte hans folk på Moses: Kvar er han som deim førde or havet med sin buskaps hyrding? Kvar er han som gav deim i barmen sin heilage ande,
12 Who caused his glorious arm to be at Moses’ right hand? Who divided the waters before them, to make himself an everlasting name?
som let fara ved Mose sida sin herlege arm, som kløyvde vatnet framfor deim, so han skapte seg eit æveleg namn,
13 Who led them through the depths, like a horse in the wilderness, so that they didn’t stumble?
han som førde deim gjenom djupet som ein hest yver heidi, so ikkje dei snåva?
14 As the livestock that go down into the valley, the LORD’s Spirit caused them to rest. So you led your people to make yourself a glorious name.
Liksom buskapen gjeng ned i dalen, førde Herrens ande deim til ro; ja, so hev du ført ditt folk og skapt deg eit herleg namn.
15 Look down from heaven, and see from the habitation of your holiness and of your glory. Where are your zeal and your mighty acts? The yearning of your heart and your compassion is restrained towards me.
Skoda ned frå himmelen, sjå, frå din heilage, herlege bustad! Kvar er din brennhug, di kraft? Di rørsla i barmen, di miskunn held seg att imot meg.
16 For you are our Father, though Abraham doesn’t know us, and Israel does not acknowledge us. You, LORD, are our Father. Our Redeemer from everlasting is your name.
For du er vår fader, for Abraham veit ikkje um oss, og Israel kjenner oss ikkje. Men du, Herre, er vår fader, «Vår utløysar» du heiter frå gamalt.
17 O LORD, why do you make us wander from your ways, and harden our heart from your fear? Return for your servants’ sake, the tribes of your inheritance.
Kvi let du oss vildra, Herre, frå dine vegar? Kvi gjer du vårt hjarta hardt, so me ikkje ottast deg? Vend att for dine tenarar skuld, for ætterne i din arvlut!
18 Your holy people possessed it but a little while. Our adversaries have trodden down your sanctuary.
Eit lite bil hev ditt heilage folk havt si eiga, so trakka våre uvener ned din heilagdom.
19 We have become like those over whom you never ruled, like those who were not called by your name.
Det hev vorte med oss som du aldri hadde rådt yver oss, som ditt namn hadde ei vore nemnt yver oss.

< Isaiah 63 >