< 1 Samuel 24 >

1 When Saul had returned from following the Philistines, he was told, “Behold, David is in the wilderness of En Gedi.”
Då Saul kom heim att frå herferdi mot filistarane, fekk han tiend at David var i øydemarki En-Gedi.
2 Then Saul took three thousand chosen men out of all Israel, and went to seek David and his men on the rocks of the wild goats.
Då tok Saul tri tusund mann, utvalde or heile Israel, og drog av stad på leit etter David og kararne hans austum Steinbukk-hamrarne.
3 He came to the sheep pens by the way, where there was a cave; and Saul went in to relieve himself. Now David and his men were staying in the innermost parts of the cave.
Han kom til sauegardarne attmed vegen; der var det ein heller; og der inn gjekk Saul for seg sjølv. David og kararne hans sat inst i helleren.
4 David’s men said to him, “Behold, the day of which the LORD said to you, ‘Behold, I will deliver your enemy into your hand, and you shall do to him as it shall seem good to you.’” Then David arose and cut off the skirt of Saul’s robe secretly.
Då sagde folki åt David med honom: «No er dagen komen som Herren nemde med deg: «Eg vil gjeva uvenen din i handi di, so du kann gjera med honom etter eige tykkje.»» David reis upp og skar i løyndom ein snipp av kappa åt Saul.
5 Afterward, David’s heart struck him because he had cut off Saul’s skirt.
Men so fekk David samvitsagg, av di han hadde skore av kappesnippen for Saul.
6 He said to his men, “The LORD forbid that I should do this thing to my lord, the LORD’s anointed, to stretch out my hand against him, since he is the LORD’s anointed.”
Og han sagde med kararne sine: «Aldri i verdi vil Herren at eg skal gjera sovore og leggja hand på herren min som Herren hev salva; for han er den som Herren hev salva.»
7 So David checked his men with these words, and didn’t allow them to rise against Saul. Saul rose up out of the cave, and went on his way.
David truga kararne sine med strenge ord og gav deim ikkje lov til å falla yver Saul. Men då Saul reis upp og gjekk ut or helleren og skulde fara lenger,
8 David also arose afterward, and went out of the cave and cried after Saul, saying, “My lord the king!” When Saul looked behind him, David bowed with his face to the earth, and showed respect.
då reis David og upp, gjekk ut or helleren og ropa etter Saul: «Herre konge!» Då Saul såg seg attende, kasta David seg å gruve på jordi. Han bøygde seg,
9 David said to Saul, “Why do you listen to men’s words, saying, ‘Behold, David seeks to harm you’?
og ropa til Saul: «Kvi høyrer du på det folk segjer, at David lurar på eitkvart ilt mot deg?
10 Behold, today your eyes have seen how the LORD had delivered you today into my hand in the cave. Some urged me to kill you, but I spared you. I said, ‘I will not stretch out my hand against my lord, for he is the LORD’s anointed.’
Med eigne augo hev du set i dag kor eg sparde deg, endå Herren hadde gjeve deg i mi hand i helleren, og dei rådde meg til å drepa deg. Men eg sparde deg, med di eg tenkte: «Ikkje vil eg leggja hand på herren min; for han er den Herren salva.»
11 Moreover, my father, behold, yes, see the skirt of your robe in my hand; for in that I cut off the skirt of your robe and didn’t kill you, know and see that there is neither evil nor disobedience in my hand. I have not sinned against you, though you hunt for my life to take it.
Sjå sjølv, far! ja sjå her snippen av kappa di i mi hand! Når eg skar av kappesnippen og ikkje drap deg, so må du då skyna og sjå at eg ikkje etlar deg noko ilt eller noko brot, og at eg ikkje hev gjort synd mot deg, endå du sit etter meg og vil taka livet av meg.
12 May the LORD judge between me and you, and may the LORD avenge me of you; but my hand will not be on you.
Herren skal døma oss imillom, og Herren skal hemna meg på deg. Men mi hand skal ikkje vera lyft mot deg.
13 As the proverb of the ancients says, ‘Out of the wicked comes wickedness;’ but my hand will not be on you.
Det er som det gamle ordtøket segjer: «Frå dei vonde kjem vondskap.» Men mi hand skal ikkje vera lyft mot deg.
14 Against whom has the king of Israel come out? Whom do you pursue? A dead dog? A flea?
Kven er det Israels konge hev drege ut imot? Kven er det du forfylgjer? Ein daud hund! ei einsleg loppa!
15 May the LORD therefore be judge, and give sentence between me and you, and see, and plead my cause, and deliver me out of your hand.”
Herren skal vera domar og døma oss imillom. Han skal sjå til og føra mi sak, ja døma meg fri frå deg.»
16 It came to pass, when David had finished speaking these words to Saul, that Saul said, “Is that your voice, my son David?” Saul lifted up his voice and wept.
Då David hadde tala ut med Saul, ropa Saul til David: «Er det di røyst dette, David, son min?» Og Saul sette i og gret.
17 He said to David, “You are more righteous than I; for you have done good to me, whereas I have done evil to you.
Og han sagde til David: «Retten er på di sida og ikkje på mi. Du hev gjort godt mot meg, medan eg hev gjort ilt mot deg.
18 You have declared today how you have dealt well with me, because when the LORD had delivered me up into your hand, you didn’t kill me.
I dag hev du synt kor god du er mot meg, med di du ikkje drap meg, endå Herren hadde gjeve meg i di hand.
19 For if a man finds his enemy, will he let him go away unharmed? Therefore may the LORD reward you good for that which you have done to me today.
Når ein råkar uvenen sin, plar ein då lata honom fara i fred? Herren gjeva deg lika for det gode du synte meg i dag!
20 Now, behold, I know that you will surely be king, and that the kingdom of Israel will be established in your hand.
Sjå no skynar eg at du skal verta konge, og at kongedømet yver Israel skal vera fast i di hand.
21 Swear now therefore to me by the LORD that you will not cut off my offspring after me, and that you will not destroy my name out of my father’s house.”
Men gjer no eid ved Herren at du ikkje vil rydja ut mi ætt etter meg og ikkje strjuka ut namnet mitt or ætti mi!»
22 David swore to Saul. Saul went home, but David and his men went up to the stronghold.
David gjorde den eiden til Saul. So for Saul heim. David og kararne hans drog upp i fjellborgi.

< 1 Samuel 24 >