< Ezekiel 32 >

1 And it came to pass, in the twelfth year, in the twelfth month on the first of the month, that the word of Yahweh came unto me, saying:
So hende i det tolvte året, den fyrste dagen i tolvte månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 Son of man Take up a dirge over Pharaoh king of Egypt, and thou shalt say unto him. The young lion of the nations, thou didst deem thyself, - Whereas thou, wast like the crocodile in the seas, And didst cause thy streams to burst forth And didst trouble the waters with thy feet, And foul their rivers.
Menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Farao, egyptarkongen, og seg til honom: Ei ungløva millom folki vilde du vera lik, og so var du som draken i havet, og du for fram i elvarne dine, og grugga upp vatnet med føterne dine og rota upp straumarne.
3 Thus saith My Lord, Yahweh, Therefore will I spread over thee my net, With a gathered host of many peoples, -And they shall bring thee up in my net;
So segjer Herren, Herren: Eg vil då breida ut garnet mitt yver deg i ei samling av mange folkeslag, og dei skal draga deg upp med noti mi.
4 And I will stretch thee out on the land, Over the face of the field, will I fling thee, - And will cause to settle upon thee all the birds of the heavens, And will satiate with thee the wild beasts of all the earth;
Eg vil kasta deg upp på land og burt på marki vil eg slengja deg, og eg vil gjeva alle himmelens fuglar tilhelde på deg og lata dyri på heile jordi metta seg med deg.
5 And I will lay thy flesh on the mountains, — And fill the valleys, with thy blood;
Eg vil kasta kjøtet ditt upp på fjelli og fylla dalarne med den store skrotten din.
6 And will soak the earth with thy blood, amongst the mountains, - And the channels shall be filled with thee.
Og eg vil vatna landet som du sym i med blodet ditt, heilt upp til fjelli, og bekkjefari skal verta fulle av deg.
7 And when I quench thee, I will cover the heavens, And obscure their stars, — The sun—with a cloud, will I cover, And the moon shall not shed her light;
Og når let deg slokna, vil eg breida yver himmelen og klæda hans stjernor i svart, yver soli vil eg breida skyer, og månen skal ikkje skina med sitt skin.
8 As for all the light-bearers in the heavens, I will obscure them over thee— And will stretch out darkness over thy land, Declareth My Lord Yahweh.
Alle skinande himmelljos vil eg klæda i svart for di skuld, og eg vil leggja myrker på landet ditt, segjer Herren, Herren.
9 And I will aggrieve the heart of many peoples, - when I bring them who are broken off from thee among the nations, unto lands which thou hast not known.
Og eg vil lata mange folkeslag gremmast i hjarta, når eg gjer tjonet på deg kunnigt millom folki i land som du ikkje kjenner.
10 Yea I will cause amazement over thee unto many peoples And the hair of their kings shall stand on end over thee, when I brandish my sword over their faces, - And they shall tremble every moment every man for his own life, In the day of thy fall.
Eg vil gjera mange folkeslag forfærde yver deg, og deira kongar skal rysja i holdet yver deg, når eg svingar mitt sverd framfor augo deira, og dei skal bivra kvar augneblink, kvar og ein for sitt liv, den dagen du fell.
11 For thus saith My Lord, Yahweh: -the sword of the king of Babylon shall reach thee.
For so segjer Herren, Herren: Sverdet åt Babel-kongen skal koma yver deg.
12 With the swords of mighty men, will I cause thy multitude to fall, Terrible ones of the nations all of them!-And they shall spoil the pride of Egypt, And all her multitude shall be destroyed,
Di ståkande hop vil eg lata falla for sverdi at kjempor, valdsmenner millom folki alle saman. Og dei skal tyna Egyptarlands ovmod, og all den ståkande hopen skal verta øydd.
13 And I will cause to perish all her beasts, from beside the many waters, — And the foot of man shall not trouble them any more, Nor shall hoof of beast, trouble them.
Og eg vil rydja ut alt feet frå dei mange vatni, og ingen manns fot skal heretter grugga deim, og ingi ku-klauv skal grugga deim.
14 Then, will I make their waters subside, And, their streams—like oil, will I cause to flow, — Declareth My Lord, Yahweh.
Då vil eg lata vatni deira minka og løkjerne deira renna som olje, segjer Herren, Herren,
15 When I make the land of Egypt an astonishment A land laid bare of its fulness, When I cut off all that dwell therein, Then shall they know that, I am Yahweh.
når eg legg Egyptarlandet i øyde og audn - eit tomt land, av di eg slær ned alle som i det bur. Og dei skal sanna at eg er Herren.
16 A dirge, it is And they shall chant it, The daughters of the nations Shall chant it: Over Egypt and over all her multitude, Shall they chant it, Declareth My Lord, Yahweh.
Ein syrgjesong er dette, og syngja honom skal dei, folke-døtterne skal syngja honom; um Egyptarland med si ståkande mengd skal dei kveda det, segjer Herren, Herren.
17 And it came to pass in the twelfth year on the fifteenth of the month, that the word of Yahweh came unto me saying:
So hende det i det tolvte året, den femtande dagen i månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:
18 Son of man Wail thou over the multitude of Egypt and cause it to descend—her and the daughters of the famous nations—into the earth below with them who descend into the pit.
Menneskjeson! Barma deg yver Egyptarlands ståkande mengd og send henne ned, henne og døtterne åt herlege folkeslag, til nedheimen med deim som fer i gravi.
19 Than whom, art thou more precious? Descend and be laid low with the uncircumcised:
Kven gjeng du no framum i vænleik? Far ned og få deg læger millom u-umskorne.
20 Into the midst of them who were thrust through by the sword, let them fall, -To the sword, hath she been delivered up, Lay ye hold of her and all her multitudes.
Ibland sverdslegne menner skal dei falla. Sverdet er gjeve; drag henne burt og heile hennar ståkande mengd!
21 The chiefs of the mighty shall speak to him out of the midst of hades, with his helpers, - They have descended They have lain down. The uncircumcised! Thrust through by the sword. (Sheol h7585)
Velduge millom kjempor skal tala um honom og hans hjelpesmenner midt utor helheimen: «Ned er dei farne, der ligg dei, dei u-umskorne, slegne i hel med sverd.» (Sheol h7585)
22 There, is Assyria with all her gathered host, Round about him, are his graves, All of them thrust through, The fallen by the sword:
Der er Assur og heile hans lyd, rundt kringum honom er hans graver; alle er dei slegne i hel, falne for sverd.
23 Whose graves have been set In the recesses of the pit, And so her gathered host is round about her grave, All of them thrust through. Fallen by the sword, Who caused terror in the land of the living.
Han fekk sine graver inst inni hola, og hans lyd er rundt kringum hans graver; alle er dei slegne i hel, falne for sverd, dei som breidde ut skræmsla i landet åt dei livande.
24 There, is Persia with all her multitude, round about her grave, — All of them, thrust through The fallen by the sword Who have descended, uncircumcised into the earth below Who made themselves a terror in the land of the living, And so they have borne their confusion with them who descend into the pit:
Der er Elam og heile hans ståkande mengd, rundt kringum hans graver; alle er dei slegne i hel, falne for sverd, dei som u-umskorne for ned til nedheimen, dei som breidde ut skræmsla i landet åt dei livande, og bar si skam med deim som fer ned i gravi.
25 In the midst of them who were thrust through, have they have placed a couch for her with all her multitude, Round about it, are her graves, -All of them, uncircumcised. Thrust through with the sword. For that their terror was caused in the land of the living. And so they have borne their confusion, with them who descend into the pit, In the midst of them who were thrust through, hath it been placed.
Midt imillom drepne menner gav dei honom læger med heile hans ståkande mengd, rundt ikringum honom er hans graver. Alle er dei u-umskorne, slegne i hel med sverd, di at dei breidde ut skræmsla i landet åt dei livande, og dei bar si skam med deim som for ned i gravi; midt imillom drepne menner vart han lagd.
26 There, are Meshech-Tuba and all her multitude, Round about it, are her graves, — All of them uncircumcised, Who were thrust through with the sword, For that they made themselves a terror in the land of the living;
Der er Mesek-Tubal og heile hans ståkande mengd, rundt kringum honom er hans graver. Alle er dei u-umskorne, slegne i hel med sverd, di at dei breidde ut skræmsla i landet åt dei livande.
27 Therefore shall they not lie with the mighty men The fallen ones from age-past times, Who descended into hades with their weapons of war And their swords were placed under their heads. But their iniquities have come upon their bones Because of the terror of the mighty in the land of the living. (Sheol h7585)
Skulde dei då ikkje liggja hjå kjempor, hjå dei falne av dei u-umskorne, som for ned i helheimen med sin stridsbunad og fekk sverdi sine lagde under sine hovud, og misgjerningarne sine yver sine bein, for dei hadde vore ei skræmsla for kjempor i landet åt dei livande? (Sheol h7585)
28 Thou, therefore in the midst of the uncircumcised, shalt be overthrown. And shalt lie low with them who were thrust through by the sword.
Og du, midt ibland u-umskorne skal du verta krasa, og du skal liggja hjå deim som er slegne i hel med sverd.
29 There, are Edom her kings and all her princes, Who have been delivered up in their might. With them who were thrust through by he sword, — They with the uncircumcised, shall lie low. Even with them who descend into the pit.
Der er Edom med sine kongar og alle sine fyrstar, som, med alt sitt velde, er lagde hjå deim som er slegne i hel med sverd. Dei skal liggja hjå dei u-umskorne, og hjå deim som fer ned i gravi.
30 There, are the princes of the North, all of them, and all the Zidonians, Who have descended with them who were thrust through. By reason of the terror they caused, of their might, are they ashamed, So they have lain down uncircumcised. With them who were thrust through by the sword, And they have bowed their confusion with them who descend into the pit.
Der er fyrstarne frå Norderland alle saman, og alle Sidon-buarne som for ned med drepne menner og vart til skammar, endå dei i sitt velde hadde vore til skræmsla, og u-umskorne fekk dei læger hjå dei som var slegne i hel med sverd. Og dei bar si skam med deim som fer ned i gravi.
31 Them, shall Pharaoh see, and be grieved over all his multitude, — Thrust through with the sword, shall be Pharaoh and all his army! Declareth My Lord, Yahweh.
Deim skal Farao sjå, og huggast yver all si ståkande mengd. Slegne i hel med sverd er Farao og heile hans her, segjer Herren, Herren.
32 For I have suffered his terror to be in the land of the living, Therefore shall be laid low In the midst of the uncircumcised With them who were thrust through by the sword, Pharaoh and all his multitude! Declareth My Lord, Yahweh.
For eg breidde ut rædsla for honom i landet åt dei livande. Og han skal verta lagd hjå dei u-umskorne, med deim som er slegne i hel med sverd, Farao og all hans ståkande mengd, segjer Herren, Herren.

< Ezekiel 32 >