< Psalms 70 >

1 For the Leader. A Psalm of David; to make memorial. O God, to deliver me, O LORD, to help me, make haste.
Til songmeisteren; av David; til minnesofferet. Gud, ver meg til berging! Herre, kom meg snart til hjelp!
2 Let them be ashamed and abashed that seek after my soul; let them be turned backward and brought to confusion that delight in my hurt.
Lat deim verta til skam og spott, dei som stend etter mitt liv! Lat deim vika attende og skjemmast, som hev hugnad i mi ulukka!
3 Let them be turned back by reason of their shame that say: 'Aha, aha.'
Lat deim snu for si skjemd dei som segjer: «Ha, ha!»
4 Let all those that seek Thee rejoice and be glad in Thee; and let such as love Thy salvation say continually: 'Let God be magnified.'
Lat deim fegnast og gleda seg i deg, alle dei som søkjer deg! Lat deim som elskar di frelsa, alltid segja: «Høglova vere Gud!»
5 But I am poor and needy; O God, make haste unto me; Thou art my help and my deliverer; O LORD, tarry not.
For eg er arm og fatig; Gud, kom snart til meg! Du er mi hjelp og min frelsar; Herre, dryg ikkje!

< Psalms 70 >