< Job 19 >

1 Bvt Iob answered, and said,
Då svara Job og sagde:
2 Howe long will yee vexe my soule, and torment me with wordes?
«Kor lenge vil mi sjel de harma og krasa meg med dykkar ord?
3 Ye haue now ten times reproched me, and are not ashamed: ye are impudent toward mee.
Ti gonger hev de no meg spotta; de skjemmest ei å krenkja meg.
4 And though I had in deede erred, mine errour remaineth with me.
Hev eg i røyndi mistak gjort, dei mistak er mi eigi sak.
5 But in deede if ye will aduance your selues against me, and rebuke me for my reproche,
Vil de dykk briska imot meg, som um eg lid mi skam med rette?
6 Know nowe, that God hath ouerthrowen me, and hath compassed me with his net.
Hugs på at Gud hev bøygt meg ned og spana kringum meg sitt garn.
7 Beholde, I crie out of violence, but I haue none answere: I crie, but there is no iudgement.
Eg ropar: «Vald!» - men eg fær’kje svar; eg ropar: «Hjelp!» men fær’kje rett.
8 Hee hath hedged vp my way that I cannot passe, and he hath set darkenesse in my paths.
Han stengjer vegen for min fot, og myrker legg han på min stig.
9 Hee hath spoyled mee of mine honour, and taken the crowne away from mine head.
Min heidersklædnad drog han av; han frå mitt hovud kransen tok.
10 He hath destroyed mee on euery side and I am gone: and he hath remoued mine hope like a tree.
Mi vern han braut, so eg gjekk under, mi von sleit han lik treet upp.
11 And he hath kindled his wrath against me, and counteth mee as one of his enemies.
Hans vreide logar meg imot, og for ein fiend’ held han meg.
12 His armies came together, and made their way vpon me, and camped about my tabernacle.
Hans skarar stemner fram mot meg; dei brøyter seg ein veg mot meg og lægrar seg kring tjeldet mitt.
13 He hath remooued my brethre farre from me, and also mine acquaintance were strangers vnto me.
Han dreiv ifrå meg mine frendar, og kjenningar vart framande.
14 My neighbours haue forsaken me, and my familiars haue forgotten me.
Skyldfolki held seg burte frå meg, husvenerne hev gløymt meg burt.
15 They that dwel in mine house, and my maydes tooke me for a stranger: for I was a stranger in their sight.
For hjon og tenar er eg framand; dei held meg for ein ukjend mann.
16 I called my seruant, but he would not answere, though I prayed him with my mouth.
Ei svarar drengen på mitt rop. Eg må med munnen tigga honom;
17 My breath was strange vnto my wife, though I prayed her for the childrens sake of mine owne body.
min ande byd imot for kona, eg tevjar ilt for mine sambrør.
18 The wicked also despised mee, and when I rose, they spake against me.
Jamvel smågutar spottar meg, når eg stend upp, dei talar mot meg.
19 All my secret friends abhorred me, and they whome I loued, are turned against me.
Dei styggjest for meg mine vener, og dei eg elska, snur seg mot meg.
20 My bone cleaueth to my skinne and to my flesh, and I haue escaped with the skinne of my teeth.
Min kropp er berre skin og bein, snaudt hev eg endå tannkjøt att.
21 Haue pitie vpon me: haue pitie vpon me, (O yee my friendes) for the hande of God hath touched me.
Hav medynk, medynk, mine vener! Gud hev meg råka med si hand.
22 Why do ye persecute me, as God? and are not satisfied with my flesh?
Kvifor skal de som Gud meg jaga, og vert ei mette av mitt kjøt?
23 Oh that my wordes were nowe written! oh that they were written euen in a booke,
Å, gjev at mine ord vart skrivne, og i ei bok vart rita inn,
24 And grauen with an yron pen in lead, or in stone for euer!
ja, vart med jarnmeitel og bly for ævleg tid i berget hogne!
25 For I am sure, that my Redeemer liueth, and he shall stand the last on the earth.
Eg veit at min utløysar liver, til sist han yver moldi kjem.
26 And though after my skin wormes destroy this bodie, yet shall I see God in my flesh.
Og når mi hud er øydelagd, ut frå mitt kjøt då ser eg Gud,
27 Whome I my selfe shall see, and mine eyes shall beholde, and none other for me, though my reynes are consumed within me.
eg honom ser som venen min, mitt auga ser det, ingen framand! Å, nyro lengtar i mitt liv!
28 But yee sayde, Why is hee persecuted? And there was a deepe matter in me.
De segjer: «Me vil jaga honom!» - som um orsaki låg hjå meg!
29 Be ye afraide of the sworde: for the sworde will be auenged of wickednesse, that yee may knowe that there is a iudgement.
Men de lyt agta dykk for sverdet; for vreide vert ved sverdet straffa. Og de skal vita: domen kjem.»

< Job 19 >