< Romans 14 >

1 Now him that is weak in the faith receive, not to [the] determining of questions of reasoning.
Tak dykk av den som er veik i trui, utan å setja dykk til doms yver tankarne hans!
2 One man is assured that he may eat all things; but the weak eats herbs.
Den eine hev tru til å eta alle slag, men den veike et berre urter.
3 Let not him that eats make little of him that eats not; and let not him that eats not judge him that eats: for God has received him.
Den som et, vanvyrde ikkje den som ikkje et; og den som ikkje et, døme ikkje den som et! For Gud hev teke seg av honom.
4 Who art thou that judgest the servant of another? to his own master he stands or falls. And he shall be made to stand; for the Lord is able to make him stand.
Kven er du som dømer ein framand dreng? Han stend eller fell for sin eigen herre; men han skal verta standande, for Gud hev magt til å halda honom uppe.
5 One man esteems day more than day; another esteems every day [alike]. Let each be fully persuaded in his own mind.
Den eine gjer skil på dagarne, den andre held alle dagar like; kvar vere fullviss i sin eigen hug.
6 He that regards the day, regards it to [the] Lord. And he that eats, eats to [the] Lord, for he gives God thanks; and he that does not eat, [it is] to [the] Lord he does not eat, and gives God thanks.
Den som agtar på dagen, gjer det for Herren, og den som ikkje agtar på dagen, gjer det for Herren. Og den som et, gjer det for Herren, for han takkar Gud; og den som ikkje et, gjer det for Herren og takkar Gud.
7 For none of us lives to himself, and none dies to himself.
For ingen av oss liver for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv;
8 For both if we should live, [it is] to the Lord we live; and if we should die, [it is] to the Lord we die: both if we should live then, and if we should die, we are the Lord's.
for um me liver, so liver me for Herren, og me døyr, so døyr me for Herren, so anten me liver eller døyr, høyrer me Herren til.
9 For to this [end] Christ has died and lived [again], that he might rule over both dead and living.
For Kristus døydde og vart livande att, for di at han skulde vera herre både yver livande og yver daude.
10 But thou, why judgest thou thy brother? or again, thou, why dost thou make little of thy brother? for we shall all be placed before the judgment-seat of God.
Men du, kvi dømer du bror din? eller du, kvi vanvyrder du bror din? me skal då alle fram for Guds domstol.
11 For it is written, I live, saith [the] Lord, that to me shall bow every knee, and every tongue shall confess to God.
For det stend skrive: «So sant eg liver, segjer Herren, for meg skal kvart kne seg bøygja, og kvar tunga skal prisa Gud.»
12 So then each of us shall give an account concerning himself to God.
So skal då kvar og ein av oss gjera Gud rekneskap for seg sjølv.
13 Let us no longer therefore judge one another; but judge ye this rather, not to put a stumbling-block or a fall-trap before his brother.
Lat oss difor ikkje lenger døma kvarandre, men døm heller so, at de ikkje skal leggja støyt eller fella for bror dykkar!
14 I know, and am persuaded in the Lord Jesus, that nothing is unclean of itself; except to him who reckons anything to be unclean, to that man [it is] unclean.
Eg veit og er viss på det i Herren Jesus, at ingen ting er urein i seg sjølv; men dersom nokon held noko for ureint, so er det ureint for honom.
15 For if on account of meat thy brother is grieved, thou walkest no longer according to love. Destroy not him with thy meat for whom Christ has died.
Fær bror din sorg for din mat skuld, so fer du ikkje lenger fram i kjærleik; før ikkje med din mat honom i fortaping som Kristus døydde for!
16 Let not then your good be evil spoken of;
Lat då ikkje det gode de hev, verta til spott!
17 for the kingdom of God is not eating and drinking, but righteousness, and peace, and joy in [the] Holy Spirit.
For Guds rike er ikkje eting og drikking, men rettferd og fred og gleda i den Heilage Ande;
18 For he that in this serves the Christ [is] acceptable to God and approved of men.
for den som tener Kristus i det, han er hugnadleg for Gud og tekkjeleg for menneskje.
19 So then let us pursue the things which tend to peace, and things whereby one shall build up another.
Lat oss difor trå etter det som tener til fred og til uppbyggjing innbyrdes.
20 For the sake of meat do not destroy the work of God. All things indeed [are] pure; but [it is] evil to that man who eats while stumbling [in doing so].
Riv ikkje ned Guds verk for mat skuld! Alt er vel reint, men det er vondt for det menneskje som et med samvitsagg.
21 [It is] right not to eat meat, nor drink wine, nor [do anything] in which thy brother stumbles, or is offended, or is weak.
Det er godt å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko som bror din støyter seg på.
22 Hast thou faith? have [it] to thyself before God. Blessed [is] he who does not judge himself in what he allows.
Du hev tru; hav henne hjå deg sjølv for Gud! Sæl er den som ikkje dømer seg sjølv i det han valet han gjer;
23 But he that doubts, if he eat, is condemned; because [it is] not of faith; but whatever [is] not of faith is sin.
men den som tvilar - et han, so er han dømd, av di det ikkje er gjort av tru; alt som ikkje er av tru, det er synd.

< Romans 14 >