< Deuteronomy 24 >

1 When a man takes a wife and marries her, then it shall be, if she finds no favor in his eyes because he has found some unseemly thing in her, that he shall write her a certificate of divorce, put it in her hand, and send her out of his house.
Når ein mann hev teke seg ei kona og ført henne heim, hender det at han ikkje kann lika henne, av di han hev funne noko ufyse hjå henne. Då skriv han kann henda eit skilsmålsbrev og gjev henne i hand, og sender henne or huset.
2 When she has departed out of his house, she may go and be another man’s wife.
Dersom no ho, etter ho hev flutt ifrå honom, gjeng stad og gifter seg med ein annan,
3 If the latter husband hates her, and writes her a certificate of divorce, puts it in her hand, and sends her out of his house; or if the latter husband dies, who took her to be his wife;
og denne andre og fær uhug til henne, og gjev henne skilsmålsbrev, og sender henne frå seg, eller dersom den andre mannen hennar døyr,
4 her former husband, who sent her away, may not take her again to be his wife after she is defiled; for that would be an abomination to the LORD. You shall not cause the land to sin, which the LORD your God gives you for an inheritance.
so må ikkje den fyrste mannen, som hadde skilt seg med henne, taka henne til kona att, etter ho hev vorte urein; for slikt er avstyggjelegt i Herrens augo, og du skal ikkje føra synd yver det landet som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga.
5 When a man takes a new wife, he shall not go out in the army, neither shall he be assigned any business. He shall be free at home one year, and shall cheer his wife whom he has taken.
Ein nygift mann skal ikkje fara ut i strid, og det må ikkje leggjast andre tyngslor på honom heller; han skal vera fri eit heilt år, til gagn for heimen sin og til hyggja for kona som han hev fenge.
6 No man shall take the mill or the upper millstone as a pledge, for he takes a life in pledge.
Ingen må taka ei handkvern eller ein kvernstein i vissa; for då tek han livet i vissa.
7 If a man is found stealing any of his brothers of the children of Israel, and he deals with him as a slave, or sells him, then that thief shall die. So you shall remove the evil from among you.
Kjem de yver ein mann som hev rana burt nokon av landsmennerne sine, av Israels-folket, og fer ille med honom eller sel honom, so skal ransmannen døy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
8 Be careful in the plague of leprosy, that you observe diligently and do according to all that the Levitical priests teach you. As I commanded them, so you shall observe to do.
Tak dykk i vare for spillsykja! tak dykk vel i vare, og gjer som Levi-prestarne lærer dykk! Soleis som eg hev sagt deim fyre, lyt de leggja dykk vinn um å gjera.
9 Remember what the LORD your God did to Miriam, by the way as you came out of Egypt.
Kom i hug kva Herren, din Gud, gjorde med Mirjam då de var på vegen frå Egyptarland!
10 When you lend your neighbor any kind of loan, you shall not go into his house to get his pledge.
Når du låner ein noko, må du ikkje ganga inn i huset hans og taka det du skal hava i vissa.
11 You shall stand outside, and the man to whom you lend shall bring the pledge outside to you.
Du skal standa utanfor, og den du gjev lånet, skal sjølv koma ut til deg med vissa.
12 If he is a poor man, you shall not sleep with his pledge.
Er det ein fatigmann, so må du ikkje hava vissa hans hjå deg um natti;
13 You shall surely restore to him the pledge when the sun goes down, that he may sleep in his garment and bless you. It shall be righteousness to you before the LORD your God.
du skal lata honom få henne att når soli glader, so han kann sova i kjolen sin; då vil han takka og velsigna deg, og Herren, din Gud, vil rekna deg det til rettferd.
14 You shall not oppress a hired servant who is poor and needy, whether he is one of your brothers or one of the foreigners who are in your land within your gates.
Du skal ikkje vera hard mot ein arbeidsmann som lid naud og er fatig, anten han høyrer til ditt eige folk, eller det er ein av dei framande som held til hjå dykk, i by eller bygd.
15 In his day you shall give him his wages, neither shall the sun go down on it, for he is poor and sets his heart on it, lest he cry against you to the LORD, and it be sin to you.
Du skal gjeva honom løni si på dagen, og fyrr enn soli glader; for han er fatig, og stundar etter løni. Elles kunde han klaga deg for Herren, og du fekk synd på deg.
16 The fathers shall not be put to death for the children, neither shall the children be put to death for the fathers. Every man shall be put to death for his own sin.
Foreldre skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og born ikkje for det foreldri hev gjort; ingen skal lata livet for anna enn sine eige brot.
17 You shall not deprive the foreigner or the fatherless of justice, nor take a widow’s clothing in pledge;
Du skal ikkje rengja retten for ein framand eller farlaus, og ikkje taka klædi åt ei enkja i vissa.
18 but you shall remember that you were a slave in Egypt, and the LORD your God redeemed you there. Therefore I command you to do this thing.
Kom i hug at du var træl i Egyptarland, men Herren, din Gud, fria deg ut derifrå. Difor forbyd eg deg å gjera sovore.
19 When you reap your harvest in your field, and have forgotten a sheaf in the field, you shall not go again to get it. It shall be for the foreigner, for the fatherless, and for the widow, that the LORD your God may bless you in all the work of your hands.
Når du køyrer inn lodi og gløymer att eit rauk på åkeren, skal du ikkje ganga attende etter det; du skal lata dei framande og farlause og enkjorne hava det; då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du tek deg fyre.
20 When you beat your olive tree, you shall not go over the boughs again. It shall be for the foreigner, for the fatherless, and for the widow.
Når du hev rist oljetrei, skal du ikkje leita etter frukt som kann ha vorte hangande på greinerne; den lyt dei framande og dei farlause og enkjorne få.
21 When you harvest your vineyard, you shall not glean it after yourselves. It shall be for the foreigner, for the fatherless, and for the widow.
Når du hev hausta vinhagen, skal du ikkje henta dei druvorne som att er; dei skal vera åt dei framande og dei farlause og enkjorne.
22 You shall remember that you were a slave in the land of Egypt. Therefore I command you to do this thing.
Kom i hug at du var træl i Egyptarlandet! Difor er det eg segjer deg at du skal fara so.

< Deuteronomy 24 >