< 罗马书 8 >

1 如今,那些在基督耶稣里的就不定罪了。
So er det då ingi fordøming for deim som er i Kristus Jesus.
2 因为赐生命圣灵的律,在基督耶稣里释放了我,使我脱离罪和死的律了。
For i Kristus Jesus hev livsens ånds-lov gjort meg fri frå synde- og daude-lovi.
3 律法既因肉体软弱,有所不能行的, 神就差遣自己的儿子,成为罪身的形状,作了赎罪祭,在肉体中定了罪案,
For det som var umogelegt for lovi, av di ho var magtlaus ved kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen son i syndigt kjøts likning og for syndi skuld og fordømde syndi i kjøtet.
4 使律法的义成就在我们这不随从肉体、只随从圣灵的人身上。
So skulde lovkravet verta fullnøgt i oss som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden.
5 因为,随从肉体的人体贴肉体的事;随从圣灵的人体贴圣灵的事。
For dei som er etter kjøtet, trår etter det som høyrer kjøtet til, men dei som er etter Anden, trår etter det som høyrer Anden til.
6 体贴肉体的,就是死;体贴圣灵的,乃是生命、平安。
For kjøtsens trå er daude, men Andens trå er liv og fred,
7 原来体贴肉体的,就是与 神为仇;因为不服 神的律法,也是不能服,
etter di kjøtsens trå er fiendskap mot Gud - for det er ikkje Guds lov lydugt, ja, kann ikkje vera det heller -
8 而且属肉体的人不能得 神的喜欢。
og dei som er i kjøtet, kann ikkje tekkjast Gud.
9 如果 神的灵住在你们心里,你们就不属肉体,乃属圣灵了。人若没有基督的灵,就不是属基督的。
Men de er ikkje i kjøtet, men i Anden, so framt Guds Ande bur i dykk; men hev ein ikkje hev Kristi Ande, so høyrer han ikkje honom til.
10 基督若在你们心里,身体就因罪而死,心灵却因义而活。
Men er Kristus i dykk, so er vel likamen daud for synd skuld, men åndi er liv for rettferd skuld.
11 然而,叫耶稣从死里复活者的灵若住在你们心里,那叫基督耶稣从死里复活的,也必借着住在你们心里的圣灵,使你们必死的身体又活过来。
Men dersom Anden hans som vekte Jesus upp frå dei daude, bur i dykk, so skal han som vekte Kristus upp frå dei daude, ogso gjera dykkar døyelege likamar livande for sin Ande skuld, som bur i dykk.
12 弟兄们,这样看来,我们并不是欠肉体的债去顺从肉体活着。
So stend me då, brør, ikkje i skuld til kjøtet, so me skulde liva etter kjøtet.
13 你们若顺从肉体活着,必要死;若靠着圣灵治死身体的恶行,必要活着。
For liver de etter kjøtet, skal de døy; men døyder de likamens gjerningar ved Anden, då skal de liva.
14 因为凡被 神的灵引导的,都是 神的儿子。
For so mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born.
15 你们所受的,不是奴仆的心,仍旧害怕;所受的,乃是儿子的心,因此我们呼叫:“阿爸!父!”
For de fekk ikkje ein trældoms-ande, so de atter skulde ræddast, men de fekk ei barnekårs-ande, som gjer at me ropar: «Abba, Fader!»
16 圣灵与我们的心同证我们是 神的儿女;
Anden sjølv vitnar med vår ånd at me er Guds born.
17 既是儿女,便是后嗣,就是 神的后嗣,和基督同作后嗣。如果我们和他一同受苦,也必和他一同得荣耀。
Men er me born, so er me ervingar og, det er Guds ervingar, og Kristi medervingar, so framt me lid med honom, for at me skal verta herleggjorde med honom.
18 我想,现在的苦楚若比起将来要显于我们的荣耀就不足介意了。
For eg held so fyre, at lidingarne i den nærverande tidi er ikkje vyrdande mot den herlegdomen som skal openberrast på oss.
19 受造之物切望等候 神的众子显出来。
For skapningen lengtar og stundar etter Guds borns openberring;
20 因为受造之物服在虚空之下,不是自己愿意,乃是因那叫他如此的。
for skapningen vart lagd under vesaldomen - ikkje godviljugt, men etter hans vilje som lagde honom derunder -
21 但受造之物仍然指望脱离败坏的辖制,得享 神儿女自由的荣耀。
i von um at skapningen og skal verta frigjord frå trældomen under forgjengelegdom til fridomen i Guds borns herlegdom.
22 我们知道,一切受造之物一同叹息,劳苦,直到如今。
For me veit at all skapningen sukkar saman og lid sår verk saman alt til no;
23 不但如此,就是我们这有圣灵初结果子的,也是自己心里叹息,等候得着儿子的名分,乃是我们的身体得赎。
ja, ikkje berre det, men me og, som hev Anden til fyrstegrøda, jamvel me sukkar med oss sjølve, med di me stundar etter barnekåret, vår likams utløysing.
24 我们得救是在乎盼望;只是所见的盼望不是盼望,谁还盼望他所见的呢?
For i voni er me frelste; men ei von som ein ser, er ingi von; kvifor skulde ein vona det ein ser?
25 但我们若盼望那所不见的,就必忍耐等候。
Men vonar me det me ikkje ser, so stundar me etter det med tolmod.
26 况且,我们的软弱有圣灵帮助;我们本不晓得当怎样祷告,只是圣灵亲自用说不出来的叹息替我们祷告。
Men like eins kjem Anden og vår vanmagt til hjelp; for me veit ikkje kva me skal beda um, so som me treng det, men Anden sjølv gjeng i bøn for oss med usegjelege sukkar,
27 鉴察人心的,晓得圣灵的意思,因为圣灵照着 神的旨意替圣徒祈求。
og han som ransakar hjarto, veit kva Anden trår etter; for etter Guds vilje gjeng han i bøn for dei heilage.
28 我们晓得万事都互相效力,叫爱 神的人得益处,就是按他旨意被召的人。
Og me veit at alle ting tener deim til gode som elskar Gud, dei som er kalla etter hans rådgjerd.
29 因为他预先所知道的人,就预先定下效法他儿子的模样,使他儿子在许多弟兄中作长子。
For dei som han kjende fyreåt, dei hev han og kåra fyreåt til å likjast bilætet av Son hans, so han skulde vera den fyrstefødde millom mange brør;
30 预先所定下的人又召他们来;所召来的人又称他们为义;所称为义的人又叫他们得荣耀。
og dei som han kåra fyreåt, deim hev han og kalla, og dei som han kalla, deim hev han og rettferdiggjort, og dei som han rettferdiggjorde, deim hev han og herleggjort.
31 既是这样,还有什么说的呢? 神若帮助我们,谁能敌挡我们呢?
Kva skal me då segja um dette? Er Gud med oss, kven er då imot oss?
32 神既不爱惜自己的儿子,为我们众人舍了,岂不也把万物和他一同白白地赐给我们吗?
Han som ikkje sparde sin eigen son, men gav honom for oss alle, kor skulde han ikkje og gjeva oss alle ting med honom?
33 谁能控告 神所拣选的人呢?有 神称他们为义了。
Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som rettferdiggjer.
34 谁能定他们的罪呢?有基督耶稣已经死了,而且从死里复活,现今在 神的右边,也替我们祈求。
Kven er den som fordømer? Kristus er den som hev døytt, ja, endå meir, som er uppvekt, som og er ved Guds høgre hand, som og gjeng i bøn for oss.
35 谁能使我们与基督的爱隔绝呢?难道是患难吗?是困苦吗?是逼迫吗?是饥饿吗?是赤身露体吗?是危险吗?是刀剑吗?
Kven skal skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsla eller hugverk eller forfylgjing eller hunger eller klædeløysa eller fåre eller sverd?
36 如经上所记: 我们为你的缘故终日被杀; 人看我们如将宰的羊。
som skrive stend: «For di skuld vert me drepne all dagen; me er rekna som slagtesauer.»
37 然而,靠着爱我们的主,在这一切的事上已经得胜有余了。
Men i alt dette vinn me meir enn siger ved honom som elska oss.
38 因为我深信无论是死,是生,是天使,是掌权的,是有能的,是现在的事,是将来的事,
For eg er viss på at korkje daude eller liv, korkje englar eller herrar, korkje det som no er eller det som koma skal eller nokor magt,
39 是高处的,是低处的,是别的受造之物,都不能叫我们与 神的爱隔绝;这爱是在我们的主基督耶稣里的。
korkje høgd eller dypt eller noko annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

< 罗马书 8 >