< 箴言 8 >

1 智慧岂不呼叫? 聪明岂不发声?
Høyr kor visdomsmøyi ropar, og vitet høgmælt talar!
2 她在道旁高处的顶上, 在十字路口站立,
Uppe på haugar ved vegen, der stigarne møtest, stend ho,
3 在城门旁,在城门口, 在城门洞,大声说:
attmed portarne ut or byen, ved døra-inngangen ropar ho høgt:
4 众人哪,我呼叫你们, 我向世人发声。
«Godtfolk, eg ropar på dykk, og til mannsborni ljomar mi røyst.
5 说:愚蒙人哪,你们要会悟灵明; 愚昧人哪,你们当心里明白。
Fåkunnige, lær dykk klokskap, og de dårar, vinn dykk vit!
6 你们当听,因我要说极美的话; 我张嘴要论正直的事。
Høyr, eg talar gjæve ord, og ærlegt er det som lipporne segjer;
7 我的口要发出真理; 我的嘴憎恶邪恶。
ja, sanning talar min gom, og lipporne styggjest ved gudløysa.
8 我口中的言语都是公义, 并无弯曲乖僻。
Alle ord i min munn er rette, det finst ikkje fult eller falskt i deim.
9 有聪明的,以为明显, 得知识的,以为正直。
Dei er alle sanne for den kloke og rette for deim som fann kunnskap.
10 你们当受我的教训,不受白银; 宁得知识,胜过黄金。
Tak då min age heller enn sylv og kunnskap framfyre utvalt gull!
11 因为智慧比珍珠更美; 一切可喜爱的都不足与比较。
For visdom er betre enn perlor, og av alle skattar er ingen som denne.
12 我—智慧以灵明为居所, 又寻得知识和谋略。
Eg, visdomen, skyner meg på klokskap, og vit på rådleggjing hev eg.
13 敬畏耶和华在乎恨恶邪恶; 那骄傲、狂妄,并恶道, 以及乖谬的口,都为我所恨恶。
Otte for Herren er hat til det vonde; stormod og storlæte, åtferd stygg, og ein munn full av fals eg hatar.
14 我有谋略和真知识; 我乃聪明,我有能力。
Hjå meg er råd og dug, eg er vit, hjå meg er magt.
15 帝王借我坐国位; 君王借我定公平。
Eg gjer at kongar råder, og at hovdingar dømer rett.
16 王子和首领, 世上一切的审判官,都是借我掌权。
Eg gjer at styrarar styrer og fyrstar - alle domarar på jordi.
17 爱我的,我也爱他; 恳切寻求我的,必寻得见。
Eg elskar deim som meg elskar, og dei som leitar meg upp, skal meg finna.
18 丰富尊荣在我; 恒久的财并公义也在我。
Rikdom og æra er hjå meg, gamalt gods og rettferd.
19 我的果实胜过黄金,强如精金; 我的出产超乎高银。
Mi frukt er betre enn gull, ja skiraste gullet, og den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sylv.
20 我在公义的道上走, 在公平的路中行,
Eg gjeng på rettferds veg, midt på rettvise-stigar,
21 使爱我的,承受货财, 并充满他们的府库。
For eg vil gjeva gods åt deim som elskar meg og fylla deira forråd.
22 在耶和华造化的起头, 在太初创造万物之先,就有了我。
Herren skapte meg til fyrste verket sitt, fordom fyrr han gjorde noko anna.
23 从亘古,从太初, 未有世界以前,我已被立。
Alt frå æva er eg innsett, frå upphavet, fyrr jordi vart til.
24 没有深渊, 没有大水的泉源,我已生出。
Fyrr djupi var til, vart eg fødd, då det ei fanst kjeldor fulle med vatn,
25 大山未曾奠定, 小山未有之先,我已生出。
fyrr fjelli var søkkte ned, fyre haugar vart eg fødd,
26 耶和华还没有创造大地和田野, 并世上的土质,我已生出。
fyrr han skapte jord og mark og den fyrste moldklump i verdi.
27 他立高天,我在那里; 他在渊面的周围,划出圆圈。
Då han laga himmelen, var eg der, då han slo kvelv yver djupet.
28 上使穹苍坚硬, 下使渊源稳固,
Då han feste skyerne i det høge, då kjeldorne fossa fram or djupet,
29 为沧海定出界限,使水不越过他的命令, 立定大地的根基。
då han sette grensa for havet, so vatnet ei gjekk lenger enn han baud, då han la grunnvollar for jordi,
30 那时,我在他那里为工师, 日日为他所喜爱, 常常在他面前踊跃,
då var eg verksmeister hjå han og var til hugnad for han dag etter dag, eg leika meg stødt for hans åsyn.
31 踊跃在他为人预备可住之地, 也喜悦住在世人之间。
Eg leika på heile jordkringen hans og hadde min hugnad i manneborni.
32 众子啊,现在要听从我, 因为谨守我道的,便为有福。
Og no, born, høyr på meg! Sæle er dei som held mine vegar.
33 要听教训就得智慧, 不可弃绝。
Høyr på tukt og vert vise, og slepp ho ikkje ifrå dykk!
34 听从我、日日在我门口仰望、 在我门框旁边等候的,那人便为有福。
Sæl den mann som høyrer på meg, so han dagstødt vaker ved dørerne mine og vaktar dørstokkarne mine.
35 因为寻得我的,就寻得生命, 也必蒙耶和华的恩惠。
For den som finn meg, finn livet og fær velsigning frå Herren.
36 得罪我的,却害了自己的性命; 恨恶我的,都喜爱死亡。
Men den som missar meg, skader seg sjølv, og alle som hatar meg, elskar dauden.»

< 箴言 8 >