< 民数记 9 >

1 以色列人出埃及地以后,第二年正月,耶和华在西奈的旷野吩咐摩西说:
Året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, i den fyrste månaden, tala Herren til Moses på Sinaiheidi, og sagde:
2 “以色列人应当在所定的日期守逾越节,
«Israels-folket skal halda påskehelg på den tid som er sett:
3 就是本月十四日黄昏的时候,你们要在所定的日期守这节,要按这节的律例典章而守。”
frå den fjortande dagen i denne månaden, solegladsbil, skal de høgtida påskehelgi si visse tid; alle dei lover og fyresegner som gjeld for påskehelgi, skal de fylgja.»
4 于是摩西吩咐以色列人守逾越节。
Då tala Moses til Israels-sønerne, og sagde dei skulde høgtida påskehelgi,
5 他们就在西奈的旷野,正月十四日黄昏的时候,守逾越节。凡耶和华所吩咐摩西的,以色列人都照样行了。
og so heldt dei påskehelg på Sinaiheidi den fjortande dagen i den fyrste månaden, solegladsbil; Israels-borni gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt med Moses.
6 有几个人因死尸而不洁净,不能在那日守逾越节。当日他们到摩西、亚伦面前,
Det var nokre menner som hadde vorte ureine av eit lik, og ikkje kunde halda høgtid den dagen; dei gjekk same dagen fram for Moses og Aron
7 说:“我们虽因死尸而不洁净,为何被阻止、不得同以色列人在所定的日期献耶和华的供物呢?”
og sagde til honom: «Me hev vorte ureine av eit lik. Skal me for den skuld verta attsette, og ikkje få bera fram gåvorne våre for Herren i rett tid saman med hitt Israels-folket?»
8 摩西对他们说:“你们暂且等候,我可以去听耶和华指着你们是怎样吩咐的。”
Då sagde Moses til deim: «Venta eit bil, so eg fer høyra kva Herren segjer um dette!»
9 耶和华对摩西说:
Og Herren tala til Moses, og sagde:
10 “你晓谕以色列人说:你们和你们后代中,若有人因死尸而不洁净,或在远方行路,还要向耶和华守逾越节。
«Tala til Israels-sønerne, og seg: «Um nokon av dykk eller etterkomarane dykkar hev vorte ureine av lik, eller er på langferd, so skal dei like fullt halda påskehelg for Herren.
11 他们要在二月十四日黄昏的时候,守逾越节。要用无酵饼与苦菜,和逾越节的羊羔同吃。
Den fjortande dagen i den andre månaden, solegladsbil, skal dei eta påskelambet; attåt søtt brød og bitre urter skal dei eta det.
12 一点不可留到早晨;羊羔的骨头一根也不可折断。他们要照逾越节的一切律例而守。
Dei må ikkje leiva noko av det til morgonen, og ikkje brjota noko bein i det. Alle dei fyresegnerne som gjeld for påskehelgi, skal dei fylgja.
13 那洁净而不行路的人若推辞不守逾越节,那人要从民中剪除;因为他在所定的日期不献耶和华的供物,应该担当他的罪。
Men den som er rein, og ikkje er ute og ferdast, og som endå let vera å halda påskehelg, han skal rydjast ut or ætti si, for di han ikkje hev bore fram gåvorne til Herren i rette tid; den mannen skal lida for syndi si.
14 若有外人寄居在你们中间,愿意向耶和华守逾越节,他要照逾越节的律例典章行,不管是寄居的是本地人,同归一例。”
Og når ein framand som held til hjå dykk, vil halda påskehelg for Herren, so skal han og fylgja dei fyresegnerne og loverne som gjeld for påskehelgi. Det skal gjelda ei lov for dykk alle, for den framande so vel som den som den som er fødd og alen i landet.»»
15 立起帐幕的那日,有云彩遮盖帐幕,就是法柜的帐幕;从晚上到早晨,云彩在其上,形状如火。
Den dagen gudshuset vart reist, sveipte skyi seg kringum huset, um tjeldet som gøymde Guds lov; men um kvelden var det som ein eld å sjå yver huset, og den heldt seg der alt til morgonen.
16 常是这样,云彩遮盖帐幕,夜间形状如火。
Og soleis var det stødt: um dagen låg det ei sky yver gudshuset, og um natti ein eldsljoske.
17 云彩几时从帐幕收上去,以色列人就几时起行;云彩在哪里停住,以色列人就在那里安营。
Og kvar gong skyi letta seg upp ifrå tjeldet, tok Israels-sønerne ut, og der som skyi let seg ned, der lægra dei seg;
18 以色列人遵耶和华的吩咐起行,也遵耶和华的吩咐安营。云彩在帐幕上停住几时,他们就住营几时。
etter Herrens ord tok dei ut, og etter Herrens ord slo dei læger; men so lenge skyi låg yver gudshuset, heldt dei seg i lægret.
19 云彩在帐幕上停留许多日子,以色列人就守耶和华所吩咐的不起行。
Låg skyi lenge yver gudshuset, so retta Israels-borni seg etter det som Herren hadde sagt, og tok ikkje ut.
20 有时云彩在帐幕上几天,他们就照耶和华的吩咐住营,也照耶和华的吩咐起行。
Stundom låg skyi berre nokre få dagar yver gudshuset; då heldt dei seg i ro so lenge Herren vilde, og tok ut når han vilde.
21 有时从晚上到早晨,有这云彩在帐幕上;早晨云彩收上去,他们就起行。有时昼夜云彩停在帐幕上,收上去的时候,他们就起行。
Stundom låg skyi der berre frå kveld til morgon; då tok dei ut um morgonen, med same skyi lyfte seg. Eller ho låg der ein dag og ei natt; når ho då hov seg upp, tok dei ut.
22 云彩停留在帐幕上,无论是两天,是一月,是一年,以色列人就住营不起行;但云彩收上去,他们就起行。
Eller ho låg der eit par dagar, eller ein månad, eller endå lenger. Når skyi drygde so lenge, og vart liggjande yver gudshuset, heldt Israels-folket seg i lægret og tok ikkje ut; men so snart ho steig til vers, tok dei ut.
23 他们遵耶和华的吩咐安营,也遵耶和华的吩咐起行。他们守耶和华所吩咐的,都是凭耶和华吩咐摩西的。
Etter Herrens ord lægra dei seg, og etter Herrens ord tok dei ut. Dei retta seg etter Herrens vilje, soleis som Moses hadde sagt deim frå Herren.

< 民数记 9 >