< 马太福音 21 >

1 耶稣和门徒将近耶路撒冷,到了伯法其,在橄榄山那里。
Då dei var komne til Betfage, til Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, då sende Jesus tvo læresveinar i veg og sagde til deim:
2 耶稣就打发两个门徒,对他们说:“你们往对面村子里去,必看见一匹驴拴在那里,还有驴驹同在一处;你们解开,牵到我这里来。
«Gakk inn i den grendi som ligg beint framfor dykk! Der finn de straks ei asna som stend bundi, og ein fole attmed henne; dei skal de løysa og leida hit til meg.
3 若有人对你们说什么,你们就说:‘主要用它。’那人必立时让你们牵来。
Og er det nokon som talar til dykk, so seg: «Herren treng um deim; » då sender han deim hit med ein gong.»
4 这事成就是要应验先知的话,说:
Dette hende av di det laut sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer:
5 要对锡安的居民说: 看哪,你的王来到你这里, 是温柔的,又骑着驴, 就是骑着驴驹子。”
«Seg til Sions dotter: Sjå, her kjem din konge til deg. Mjuk i åndi rid han på eit asen, folen åt eit klyvdyr.»
6 门徒就照耶稣所吩咐的去行,
Læresveinarne gjekk og gjorde som Jesus hadde sagt.
7 牵了驴和驴驹来,把自己的衣服搭在上面,耶稣就骑上。
Dei henta asna og folen, og lagde kjolarne sine på deim, og so sette han seg uppå.
8 众人多半把衣服铺在路上;还有人砍下树枝来铺在路上。
Og størsteparten av folket breidde klædi sine på vegen; andre braut kvister av trei og strådde på vegen.
9 前行后随的众人喊着说: 和散那归于大卫的子孙! 奉主名来的是应当称颂的! 高高在上和散那!
Og folkehoparne som gjekk fyre og fylgde etter, ropa: «Hosianna Davids son! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!»
10 耶稣既进了耶路撒冷,合城都惊动了,说:“这是谁?”
Då han so drog inn i Jerusalem, vart det eit heilt oppstyr i byen; dei spurde: «Kven er dette?»
11 众人说:“这是加利利拿撒勒的先知耶稣。”
Og folkehoparne svara: «Det er profeten, Jesus frå Nasaret i Galilæa.»
12 耶稣进了 神的殿,赶出殿里一切做买卖的人,推倒兑换银钱之人的桌子,和卖鸽子之人的凳子,
So gjekk Jesus inn i Guds tempel og dreiv ut alle som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor,
13 对他们说:“经上记着说: 我的殿必称为祷告的殿, 你们倒使它成为贼窝了。”
og sagde til deim: «Det stend skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus, » men de gjer det til eit røvarbol.»
14 在殿里有瞎子、瘸子到耶稣跟前,他就治好了他们。
I templet kom det blinde og halte til honom, og han gjorde deim gode att.
15 祭司长和文士看见耶稣所行的奇事,又见小孩子在殿里喊着说:“和散那归于大卫的子孙!”就甚恼怒,
Men då dei øvste prestarne og dei skriftlærde såg underi han gjorde, og høyrde borni som ropa i templet: «Hosianna Davids son!» so vart dei arge og sagde til honom:
16 对他说:“这些人所说的,你听见了吗?”耶稣说:“是的。经上说‘你从婴孩和吃奶的口中完全了赞美’的话,你们没有念过吗?”
«Høyrer du kva desse segjer?» «Ja!» svara han. «Hev de aldri lese: «Av småsveins mål og sogbarns låt hev du ein lovsong laga deg?»»
17 于是离开他们,出城到伯大尼去,在那里住宿。
So gjekk han frå deim og ut or byen, til Betania, og var der med natti.
18 早晨回城的时候,他饿了,
Då han gjekk inn til byen att um morgonen, vart han svolten.
19 看见路旁有一棵无花果树,就走到跟前,在树上找不着什么,不过有叶子,就对树说:“从今以后,你永不结果子。”那无花果树就立刻枯干了。 (aiōn g165)
Då fekk han sjå eit einsleg fiketre attmed vegen. Han gjekk der burt, men fann’kje anna på treet enn lauv. Då sagde han til det: «Aldri i verdi skal det koma frukt på deg meir.» Og straks turka fiketreet. (aiōn g165)
20 门徒看见了,便希奇说:“无花果树怎么立刻枯干了呢?”
Då læresveinarne såg det, undra dei seg og sagde: «Korleis kunde det hava seg at fiketreet turka so brått?»
21 耶稣回答说:“我实在告诉你们,你们若有信心,不疑惑,不但能行无花果树上所行的事,就是对这座山说:‘你挪开此地,投在海里!’也必成就。
Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Dersom de trur og ikkje tvilar, so skal de gjera større ting enn det med fiketreet, ja, um de so segjer til dette fjellet: «Lyft deg upp og kasta deg ut i havet!» so skal det verta so.
22 你们祷告,无论求什么,只要信,就必得着。”
Og alt de bed um, skal de få, so sant de trur.»
23 耶稣进了殿,正教训人的时候,祭司长和民间的长老来问他说:“你仗着什么权柄做这些事?给你这权柄的是谁呢?”
So gjekk han inn i templet, og med han lærde folket, kom dei øvste prestarne og styresmennerne for lyden burt til honom og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, og kven gav deg den retten?»
24 耶稣回答说:“我也要问你们一句话,你们若告诉我,我就告诉你们我仗着什么权柄做这些事。
«No vil eg og spyrja dykk um ein ting, » sagde Jesus; «svarar de meg på det, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette:
25 约翰的洗礼是从哪里来的?是从天上来的?是从人间来的呢?”他们彼此商议说:“我们若说‘从天上来’,他必对我们说:‘这样,你们为什么不信他呢?’
Kvar var dåpen åt Johannes ifrå - frå himmelen eller frå menneskje?» Då sagde dei seg imillom: «Svarar me: «Frå himmelen, » so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?»
26 若说‘从人间来’,我们又怕百姓,因为他们都以约翰为先知。”
Og svarar me: «Frå menneskje, » då må me ræddast folket; for alle held Johannes for ein profet.»
27 于是回答耶稣说:“我们不知道。”耶稣说:“我也不告诉你们我仗着什么权柄做这些事。”
So svara dei: «Det veit me ikkje.» «Då vil ikkje eg heller segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette, » svara Jesus.
28 又说:“一个人有两个儿子。他来对大儿子说:‘我儿,你今天到葡萄园里去做工。’
«Men kva meiner de um det: Det var ein mann som hadde tvo søner. Han kom til den eine og sagde: «Gakk burt i vingarden, og arbeid der i dag, son min!»
29 他回答说:‘我不去’,以后自己懊悔,就去了。
«Nei, eg vil ikkje, » svara han, men sidan angra han på det og gjekk.
30 又来对小儿子也是这样说。他回答说:‘父啊,我去’,他却不去。
So kom faren til den andre, og sagde det same med honom. «Ja, herre, det skal eg, » svara han, men han gjekk ikkje.
31 你们想,这两个儿子是哪一个遵行父命呢?”他们说:“大儿子。”耶稣说:“我实在告诉你们,税吏和娼妓倒比你们先进 神的国。
Kven av dei tvo gjorde no det faren vilde?» «Den fyrste, » svara dei. Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Tollmenner og skjøkjor kjem fyrr inn i Gudsrike enn de.
32 因为约翰遵着义路到你们这里来,你们却不信他;税吏和娼妓倒信他。你们看见了,后来还是不懊悔去信他。”
For Johannes kom til dykk på rettferdsvegen, men de trudde honom ikkje. Tollmennerne og skjøkjorne dei trudde honom; men endå de såg det, kom de ikkje på andre tankar, og trudde honom ikkje då heller.
33 “你们再听一个比喻:有个家主栽了一个葡萄园,周围圈上篱笆,里面挖了一个压酒池,盖了一座楼,租给园户,就往外国去了。
Høyr no ei onnor likning: Det var ein gong ein husbonde, som laga ein vingard, og sette gjerde kringum, og stelte til ei vinpersa, og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for ut or landet.
34 收果子的时候近了,就打发仆人到园户那里去收果子。
Då det no leid til at dei skulde hausta av hagen, sende han sveinarne sine til brukarane etter avlingi han skulde hava.
35 园户拿住仆人,打了一个,杀了一个,用石头打死一个。
Men brukarane greip sveinarne hans: ein skamslo dei, og ein drap dei, og ein steina dei.
36 主人又打发别的仆人去,比先前更多;园户还是照样待他们。
So sende han andre sveinar, fleire enn fyrste gongen; men dei gjorde like eins med deim.
37 后来打发他的儿子到他们那里去,意思说:‘他们必尊敬我的儿子。’
Sist so sende han son sin til deim og sagde: «Dei hev no vel age for son min!»
38 不料,园户看见他儿子,就彼此说:‘这是承受产业的。来吧,我们杀他,占他的产业!’
Men då brukarane såg sonen, sagde dei seg imillom: «Sjå der er ervingen! Kom, lat oss slå honom i hel og eigna til oss arven hans!»
39 他们就拿住他,推出葡萄园外,杀了。
So tok dei honom og støytte honom ut or vingarden og slo honom i hel.
40 园主来的时候要怎样处治这些园户呢?”
Når no vingardseigaren kjem, kva skal han då gjera med desse brukarane?»
41 他们说:“要下毒手除灭那些恶人,将葡萄园另租给那按着时候交果子的园户。”
«Med vondt skal han løna desse vonde mennerne, » svara dei; «han skal gjera ende på deim, og vingarden skal han leiga burt til andre brukarar, som gjev han avlingi i rette tid.»
42 耶稣说:“经上写着: 匠人所弃的石头 已作了房角的头块石头。 这是主所做的, 在我们眼中看为希奇。 这经你们没有念过吗?
Då sagde Jesus til dei: «Hev de aldri lese i skrifterne: «Den steinen som byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein; D’er Herren sjølv som so hev gjort det; for oss er det eit under stort?»
43 所以我告诉你们, 神的国必从你们夺去,赐给那能结果子的百姓。
Difor segjer eg dykk at Gudsriket skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei frukterne som høyrer til der.
44 谁掉在这石头上,必要跌碎;这石头掉在谁的身上,就要把谁砸得稀烂。”
Og den som fell på steinen, han skal slå seg sund, men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.»
45 祭司长和法利赛人听见他的比喻,就看出他是指着他们说的。
Då dei øvste prestarne og farisæarane høyrde likningarne hans, skyna dei at det var deim han tala um.
46 他们想要捉拿他,只是怕众人,因为众人以他为先知。
Og dei tenkte på å gripa honom, men torde ikkje for folket; for dei heldt honom for ein profet.

< 马太福音 21 >