< 马太福音 10 >

1 耶稣叫了十二个门徒来,给他们权柄,能赶逐污鬼,并医治各样的病症。
So kalla han til seg dei tolv læresveinarne sine, og gav deim magt yver ureine ånder, so dei kunde driva deim ut, og kraft til å lækja all sjukdom og vanhelsa.
2 这十二使徒的名:头一个叫西门(又称彼得),还有他兄弟安得烈,西庇太的儿子雅各和雅各的兄弟约翰,
So er namni på dei tolv apostlarne: Fyrst Simon, han som kallast Peter, so Andreas, bror hans, og Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans,
3 腓力和巴多罗买,多马和税吏马太,亚勒腓的儿子雅各,和达太,
Filip og Bartolomæus, Tomas og Mattæus, tollmannen, Jakob, son åt Alfæus, og Lebbæus,
4 奋锐党的西门,还有卖耶稣的加略人犹大。
Simon Kananæus og Judas Iskariot, den same som sveik honom.
5 耶稣差这十二个人去,吩咐他们说:“外邦人的路,你们不要走;撒马利亚人的城,你们不要进;
Desse tolv var det Jesus sende ut, og han rettleidde deim og sagde: «Tak ikkje vegen til heidningarne, og gakk ikkje inn i nokon av samaritan-byarne!
6 宁可往以色列家迷失的羊那里去。
Gakk heller til dei forkomne lambi av Israelshuset!
7 随走随传,说‘天国近了!’
Og kvar de kjem, so gjer kunnigt at himmelriket er nær!
8 医治病人,叫死人复活,叫长大麻风的洁净,把鬼赶出去。你们白白地得来,也要白白地舍去。
Læk helselause, vekk upp daude, gjer spillsjuke reine, driv ut djevlar! For inkje hev de fenge det, for inkje skal de gjeva det.
9 腰袋里不要带金银铜钱;
Tak ikkje med dykk gull eller sylv eller kopar i belti dykkar,
10 行路不要带口袋;不要带两件褂子,也不要带鞋和拐杖。因为工人得饮食是应当的。
ikkje ferdaskreppa, ikkje tvo trøyor, ikkje skor, ikkje stav! For ein arbeidsmann er kosten sin verd.
11 你们无论进哪一城,哪一村,要打听那里谁是好人,就住在他家,直住到走的时候。
Kvar gong de kjem til ein by eller ei grend, so høyr etter kven der er som er verd å taka imot dykk, og hjå honom skal de vera til de tek ut att.
12 进他家里去,要请他的安。
Når de kjem inn i eit hus, so lys velsigning yver det,
13 那家若配得平安,你们所求的平安就必临到那家;若不配得,你们所求的平安仍归你们。
og er huset verdt det, so skal det få den velsigningi de hev lyst, men er det ikkje verdt det, so skal velsigningi koma attende til dykk.
14 凡不接待你们、不听你们话的人,你们离开那家,或是那城的时候,就把脚上的尘土跺下去。
Og er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på ordi dykkar, so gakk ut att or det huset eller den byen, og rist dusti av føterne dykkar!
15 我实在告诉你们,当审判的日子,所多玛和蛾摩拉所受的,比那城还容易受呢!”
det segjer eg dykk for visst: På domedag skal det ganga Sodoma- og Gomorralandet likare enn den byen.
16 “我差你们去,如同羊进入狼群;所以你们要灵巧像蛇,驯良像鸽子。
Sjå no eg sender dykk liksom sauer inn i ulveflokken; ver då kloke som ormen og godtrugne som duva!
17 你们要防备人;因为他们要把你们交给公会,也要在会堂里鞭打你们,
Tak dykk i vare for folk! For dei kjem til å gjeva dykk yver til domstolarne og hudfletta dykk i synagogorne sine,
18 并且你们要为我的缘故被送到诸侯君王面前,对他们和外邦人作见证。
og for kongar og landshovdingar skal dei føra dykk fram for mi skuld, so de skal vitna for deim og for heidningarne.
19 你们被交的时候,不要思虑怎样说话,或说什么话。到那时候,必赐给你们当说的话;
Men når dei dreg dykk for retten, so syt ikkje for korleis eller kva de skal tala! Ordi de skal tala, skal de få i same stundi.
20 因为不是你们自己说的,乃是你们父的灵在你们里头说的。
For det er ikkje de som talar; det er åndi åt far dykkar som talar i dykk.
21 弟兄要把弟兄,父亲要把儿子,送到死地;儿女要与父母为敌,害死他们;
Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine, og valda at dei lyt døy.
22 并且你们要为我的名被众人恨恶。惟有忍耐到底的必然得救。
Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld: men den som held ut til endes, han skal verta frelst.
23 有人在这城里逼迫你们,就逃到那城里去。我实在告诉你们,以色列的城邑,你们还没有走遍,人子就到了。
Når dei då søkjer etter dykk i ein by, so røm til ein annan! For det segjer eg dykk for visst: De vinn ikkje vitja alle byarne i Israel fyrr Menneskjesonen kjem.
24 学生不能高过先生;仆人不能高过主人。
Læresveinen er ikkje yver meisteren, og tenaren er ikkje yver husbonden sin.
25 学生和先生一样,仆人和主人一样,也就罢了。人既骂家主是别西卜,何况他的家人呢?”
Det lyt vera nok for læresveinen at han vert som meisteren sin, og for tenaren at han vert som husbonden. Hev dei kalla husbonden Be’elsebul, kann so husfolket venta det betre?
26 “所以,不要怕他们;因为掩盖的事没有不露出来的,隐藏的事没有不被人知道的。
Ver då ikkje rædde deim! For ingen ting er løynt anna det ein gong kjem upp, og ingen ting dult anna det ein gong vert kjent.
27 我在暗中告诉你们的,你们要在明处说出来;你们耳中所听的,要在房上宣扬出来。
Det som eg segjer dykk i myrkret, skal de tala i ljoset, og det som vert kviskra i øyra på dykk, skal de ropa ut på taki.
28 那杀身体、不能杀灵魂的,不要怕他们;惟有能把身体和灵魂都灭在地狱里的,正要怕他。 (Geenna g1067)
Ottast ikkje dei som drep likamen, men ikkje kann drepa sjæli! Ottast heller honom som kann tyna både sjæl og likam i helvite! (Geenna g1067)
29 两个麻雀不是卖一分银子吗?若是你们的父不许,一个也不能掉在地上;
Sel dei ikkje tvo sporvar for ein skilling? Og ikkje ein av deim fell ned på jordi utan Far dykkar vil.
30 就是你们的头发也都被数过了。
Og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde.
31 所以,不要惧怕,你们比许多麻雀还贵重!”
So ver ikkje rædde! De er meir enn mange sporvar.
32 “凡在人面前认我的,我在我天上的父面前也必认他;
Den som då kjennest ved meg for folk, honom skal eg og kjennast ved for far min i himmelen;
33 凡在人面前不认我的,我在我天上的父面前也必不认他。”
Men den som avneittar meg for folk, honom skal eg og avneitta for far min i himmelen.
34 “你们不要想我来是叫地上太平;我来并不是叫地上太平,乃是叫地上动刀兵。
De må’kje tru eg er komen for å føra fred ned på jordi! Eg er’kje komen med fred, men med sverd.
35 因为我来是叫 人与父亲生疏, 女儿与母亲生疏, 媳妇与婆婆生疏。
Eg er komen for å setja ufred millom far og son, og millom mor og dotter, og millom vermor og sonekona,
36 人的仇敌就是自己家里的人。
og mannen skal få sin eigen huslyd til uven.
37 “爱父母过于爱我的,不配作我的门徒;爱儿女过于爱我的,不配作我的门徒;
Den som hev far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg, og den som hev son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg,
38 不背着他的十字架跟从我的,也不配作我的门徒。
og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg.
39 得着生命的,将要失丧生命;为我失丧生命的,将要得着生命。”
Den som vinn livet sitt, skal missa det, og den som misser livet for mi skuld, skal vinna det.
40 “人接待你们就是接待我;接待我就是接待那差我来的。
Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot honom som sende meg.
41 人因为先知的名接待先知,必得先知所得的赏赐;人因为义人的名接待义人,必得义人所得的赏赐。
Den som tek imot ein profet for di han er ein profet, skal få same løni som ein profet, og den som tek imot ein rettferdig for di han er rettferdig, skal få same løni som ein rettferdig.
42 无论何人,因为门徒的名,只把一杯凉水给这小子里的一个喝,我实在告诉你们,这人不能不得赏赐。”
Og den som gjev ein av desse små um det er’kje anna enn ei skål med kaldt vatn, for di han er min læresvein, han skal på ingen måte missa løna si, det segjer eg dykk for visst.»

< 马太福音 10 >