< 路加福音 15 >

1 众税吏和罪人都挨近耶稣,要听他讲道。
Alle tollmenner og syndarar heldt seg nær innåt Jesus og lydde på honom.
2 法利赛人和文士私下议论说:“这个人接待罪人,又同他们吃饭。”
Men farisæarane og dei skriftlærde murra og sagde seg imillom: «Den mannen tek imot syndarar, og et i lag med deim!»
3 耶稣就用比喻说:
Då sagde han deim denne likningi:
4 “你们中间谁有一百只羊失去一只,不把这九十九只撇在旷野、去找那失去的羊,直到找着呢?
Um ein av dykk hev hundrad sauer og misser ein av deim, let han’kje då dei ni og nitti vera att i beitemarki, og gjeng av og leitar etter den han hev mist, til han finn honom?
5 找着了,就欢欢喜喜地扛在肩上,回到家里,
Og når han hev funne honom, er han glad og tek honom på herdarne sine;
6 就请朋友邻舍来,对他们说:‘我失去的羊已经找着了,你们和我一同欢喜吧!’
og med same han kjem heim, kallar han i hop vener og grannar, og segjer til deim: «Gled dykk med meg! Eg hev funne sauen eg hadde mist.
7 我告诉你们,一个罪人悔改,在天上也要这样为他欢喜,较比为九十九个不用悔改的义人欢喜更大。”
Eg segjer dykk: Soleis er det gleda i himmelen yver ein syndar som vender um, meir enn yver ni og nitti rettferdige som ikkje treng umvending.
8 “或是一个妇人有十块钱,若失落一块,岂不点上灯,打扫屋子,细细地找,直到找着吗?
Eller um ei kvinna hev ti sylvpeningar, og misser ein av deim, kveikjer ho’kje då ljos og sopar huset og leitar trottugt, til dess ho finn honom?
9 找着了,就请朋友邻舍来,对他们说:‘我失落的那块钱已经找着了,你们和我一同欢喜吧!’
Og når ho hev funne honom, kallar ho i hop vener og grannkonor og segjer: «Gled dykk med meg! Eg hev funne peningen eg hadde mist.»
10 我告诉你们,一个罪人悔改,在 神的使者面前也是这样为他欢喜。”
Soleis, segjer eg dykk, vert det gleda på Guds englar yver ein syndar som vender um.»
11 耶稣又说:“一个人有两个儿子。
So sagde han: «Det var ein gong ein mann som hadde tvo søner.
12 小儿子对父亲说:‘父亲,请你把我应得的家业分给我。’他父亲就把产业分给他们。
Den yngste av deim sagde til faren: «Far, lat meg få den luten av buet som fell på meg!» So skifte han midelen millom deim.
13 过了不多几日,小儿子就把他一切所有的都收拾起来,往远方去了。在那里任意放荡,浪费资财。
Det var’kje mange dagarne lidne, so samla den yngste sonen alt sitt og for langt burt til eit anna land. Der gav han seg i ulivnad, og øydde upp det han åtte.
14 既耗尽了一切所有的,又遇着那地方大遭饥荒,就穷苦起来。
Då han hadde sett til alt, vart det uår og svolt der i landet, og han tok til å lida naud.
15 于是去投靠那地方的一个人;那人打发他到田里去放猪。
So tydde han seg til ein av mennerne i landet, og han sende honom ut på markerne sine; der skulde han gjæta svin.
16 他恨不得拿猪所吃的豆荚充饥,也没有人给他。
Og han var huga til å fylla buken sin med skolmerne som svini åt av, og ingen gav honom noko.
17 他醒悟过来,就说:‘我父亲有多少的雇工,口粮有余,我倒在这里饿死吗?
Då gjekk han i seg sjølv og sagde: «Kor mange leigekarar heime hjå far min hev ikkje fullt upp av mat, med eg held på å svelta i hel her!
18 我要起来,到我父亲那里去,向他说:父亲!我得罪了天,又得罪了你;
Eg vil taka i veg og ganga heim til far min og segja til honom: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg!
19 从今以后,我不配称为你的儿子,把我当作一个雇工吧!’
Eg er’kje verd å kallast son din lenger; lat meg få vera som ein av leigekararne dine!»»
20 于是起来,往他父亲那里去。相离还远,他父亲看见,就动了慈心,跑去抱着他的颈项,连连与他亲嘴。
So tok han i vegen og gjekk heim til far sin. Med han endå var langt burte, vart far hans var honom, og ynkast inderleg; han sprang imot honom og kasta seg um halsen på honom og kysste honom.
21 儿子说:‘父亲!我得罪了天,又得罪了你;从今以后,我不配称为你的儿子。’
Og sonen sagde: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg; eg er ikkje verd å kallast son din lenger!»
22 父亲却吩咐仆人说:‘把那上好的袍子快拿出来给他穿;把戒指戴在他指头上;把鞋穿在他脚上;
Men faren sagde til tenararne sine: «Kom snøgt med ein klædning, den gildaste her er, og hav på honom, og lat han få ring på fingeren og skor på føterne!
23 把那肥牛犊牵来宰了,我们可以吃喝快乐;
Henta so den gjødde kalven, og slagta honom, so vil me halda måltid og vera glade!
24 因为我这个儿子是死而复活,失而又得的。’他们就快乐起来。
For denne sonen min var daud og hev livna upp att, var burtkomen og er attfunnen.» So tok dei til å halda gaman.
25 那时,大儿子正在田里。他回来,离家不远,听见作乐跳舞的声音,
Den eldste sonen var utpå marki. Då han gjekk heimetter og kom burtimot huset, høyrde han spel og dans.
26 便叫过一个仆人来,问是什么事。
Han ropa på ein av drengjerne, og spurde kva det skulde tyda.
27 仆人说:‘你兄弟来了;你父亲因为得他无灾无病地回来,把肥牛犊宰了。’
«Bror din er komen, » svara drengen, «og far din hev slagta den gjødde kalven, for di han fekk honom frisk heim att.
28 大儿子却生气,不肯进去;他父亲就出来劝他。
Då vart han harm og vilde ikkje ganga inn. Far hans kom ut og tala blidt til honom;
29 他对父亲说:‘我服事你这多年,从来没有违背过你的命,你并没有给我一只山羊羔,叫我和朋友一同快乐。
men han svara far sin so: «No hev eg tent deg so mange år og aldri gjort imot ditt ord, og meg hev du aldri gjeve so mykje som eit kid, so eg kunde gleda meg i hop med venerne mine.
30 但你这个儿子和娼妓吞尽了你的产业,他一来了,你倒为他宰了肥牛犊。’
Men når han kjem denne son din, som hev ete upp midelen din i lag med skjøkjor, då slagtar du gjødkalven åt honom.»
31 父亲对他说:‘儿啊!你常和我同在,我一切所有的都是你的;
«Du er allstødt hjå meg, barnet mitt, » svara faren, «og alt som mitt er, er ditt.»
32 只是你这个兄弟是死而复活、失而又得的,所以我们理当欢喜快乐。’”
Men no skulde me vera glade og fegne; for denne bror din var daud og hev livna, var burtkomen og er attfunnen!»»

< 路加福音 15 >